Jump to content

cortinaman

Members
  • Posts

    67
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by cortinaman

  1. Takk, men Magasinet blir upraktisk sidan dei ikkje har butikk nær Bergen. Kjøper ikkje klær uten å ta og kjenne på dei først, og ikkje minst prøve passform.
  2. Kva med lodding i staden for boring og skruing? Begge løysingar krever vel fagkunnskap og erfaring? Ikkje noko eg ville gjort sjølv, særleg ikkje på eit bra eller kostbart våpen. Uansett, dette ville eg forventa ferdig montert av leverandør.
  3. Ebay.no skal søke på diverse nasjonale ebay rundt om i verden, men har prøvd nokre kryssøk og opplever at ebay.no ikkje får med seg alt. Bruker sjølv ebay.co.uk som også søker andre ebay lokasjoner, opplever at denne får med seg meir. Som sagt av andre, paypal er enklast. Har registrert kredittkort på paypal og bruker paypal så ofte som mogleg, også på løpande abonnementtjenester som spotify og skype. Då blir det kun ein plass å oppdatere kredittkortinformasjon.
  4. Nei, + frakt Alltid vært varen + frakt sålenge jeg har handla fra ebay Her blander dere sammen med momsgrunnlag som er vare+frakt, men tollgrensa er 200 for vare.
  5. Elimineringsmetoden! Hvis du har eliminert skytter, pipe, pussing og ammunisjon står du igjen med stokk/mekanikk og optikk. Eg ville prøvd å undersøke ein og ein faktor i følgande rekkefølge: 1. Forhold knytta til ombygginga, innfesting av stokk etc. Våpenet har vore demontert, gå over alle deler som var demonterte på nytt. 2. Sjekk også montasje på nytt, den kan vera skada sjølv om skruer sit fast. 3. Kikkerten kan ha fått seg ein smell uten at du er klar over det, prøv ein annan kikkert. 4. Beddinga kan vera feil utført, sjølv av fagfolk har gjort jobben. Om du er usikker sjølv, få andre til å sjå på det. Kanskje eg ville ha prøvd ein annan kikkert først, den har størst potensial for å kuka til resultatet. Går du systematisk til verks og sjekkar/prøveskyt ein og ein ting vil du før eller seinare finna syndaren, forutsatt at pipa er så bra som du seier.
  6. Hehe, knallbra! Det einaste eg kan tenke meg i farten som kan overgå dette måtte vera om du kunne få det til i ein våpenbutikk under bevitning av betjening og kunder. Det hadde vært noe!
  7. Trenger ny lydlaus dress. Har sett på Chevalier og Bergans hos XXL. Bukse og jakke trenger ikkje vera av samme produsent. Pasvik buksa var eit av alternativa, men fant ut den var for tung og dessuten har ikkje XXL den i brunt. Det beste på buksa var den gummierte tettinga mot støvel og reim i staden for borrelås, er det andre produsenter som har denne løysinga? Chevalier har to aktuelle modeller. Outland Pro har fine detaljer med tette glidlåser og doble lommer med patronhaldar, men litt tung og tjukk. Samme med buksa, har reimsnøring mot sko, men manglar gummiering som Bergans. Paclite er lett og fin både jakke og bukse, men mangler både tette glidlåser og lommedetaljane fra storebroren samt at den har borrelås mot støvel.. Men vil sjå på Härkila også før eg bestemmer meg. Har dei bukser med gummiering mot støvel? Hvilken butikk i Bergen har størst utvalg av Härkila?
  8. Flott initiativ, slikt skulle vi sett meir av! Men eg lurer litt på eit av tiltaka: hogge skog. Hjortejakta kan nok dra nytte av det med fleire skytefelt. Men eg er usikker på om det har positiv innvirkning på skogsfuglen. Økt tilgang på bær høyrest bra ut, men eg har ikkje høyrt at dette er bestandsregulerande. Dei mest kritiske periodane er vel etter klekking og om vinteren, ikkje bærsesongen. Etter min oppfatning trenger fuglen tilgang på tett skog med fuktige innslag. For tynn og åpen skog blir lite brukt av skogsfugl så vidt eg veit. Men eg er ingen ekspert på området, det er heilt sikkert andre på kammeret som har mykje bedre kunnskap på området.
  9. Skulle til å spørje om dette, men ser at det kan eg spare meg Nokon som har erfaring med jaktapparatet ? http://www.horselslaben.no/index.php/produkter/jaktapparat Forsterkar dei vanlige lyder rundt deg? Kan alle radioer koblast til teleslynga? Finst det alternativer, evt. som går på bluetooth i staden for teleslynge?
  10. TS gir ingen opplysninger som skulle tilsei at grunneigaren er med i eit grunneigarlag eller har gitt jaktretten til eit slikt. For øvrig einig i din analyse, det springande punkt er hvilke avtaler grunneigar har inngått.
  11. Med forbehold om at det er noko eg har misforstått, eg ser ikkje heilt problemet her. Forstår det slik at han ikkje jakter på beitelaget sine områder, da er det vel ingen konflikt? Allemannsretten gir han adgang til å krysse utmark på vei til der han skal jakte. Eg kan ikkje sjå at denne "tjuvjegeren" har gjort noko galt. Eller legger beitelaget seg opp i korleis andre grunneigarar driver sine områder. Det vil vel i såfall være jamgodt med å stikke nasa si i andre sine saker.
  12. Så bra! Det blir som regel fleire av den type situasjoner enn det blir tiurfall Eg ville valgt bjelle framfor GPS om eg skulle velge. Som du er inne på fortel lyden deg veldig mykje meir enn det GPS'en kan, GPS får heller bli eit supplement under spesielle forhold. Hvis bjella er utenfor høyrevidde går bikkja vel stort i skog, men de fleste blodlinjer er jo avla til høgfjellsracere. Også raser som i utgangspunktet var avla for skog blir jo dreia over på høgfjell med søk på fleire hundre meter! Og det lønner seg å stole på bikkja ja, alltid! Bedre med ein blindsituasjon enn ein tapt situasjon. Så får idioten av ein eigar heller ta dei ekstra løpeturene som trening. Men vær forsiktig med å følge etter bikkja over alt, det er den som skal søke kontakt med deg og ikkje omvendt.
  13. Skogsfugl/hønsefugl tåler godt å henge med innvoller, konserveringsmiddel (ascorbinsyre?) i kosten hindrer at kjøttet blir skjemt. Sjøfugl liker ikkje å henge, der er det bedre å skjære ut filetene. Fjern fett, dette gir transmak. Tommelfingerregel er 40 døgngrader, men hvis det er for varmt (over 10 grader) bør ein være forsiktig pga at bakterieveksten tiltar. Temperaturen bør ikkje komme under 4 grader da modningsprosessen (autolyse) avtar, og stanser opp ved ca. 2 grader. Eg meiner å ha høyrt eller lest at modningsprosessen ikkje vil starte opp igjen hvis den har stansa sjølv om temperaturen kjem opp på normalt nivå igjen, men har ikkje testa dette sjølv. Det viktigaste verktøyet for å vurdere om kjøtt er skjemt er luktesansen. Skitt jakt, du finner ut av dette etter kvart
  14. Flotte alle sammen, imponert! Sitter her og lurer på kvifor eg ikkje greier å ta øynene fra den grønne, den er som ein magnet!
  15. Det er mogleg ja. I så fall og hvis det ikkje er meir å hente på den nåverande montasjen ville eg undersøkt om den kan bytast ut i ein montasje som plasserer siktet lenger fram. Om det for eksempel er ein EAW montasje har dei jo fleire føtter som passar til samme baser. http://www.eaw.de/en/products/pivot-mounts/complete-mounts-pivot.html
  16. Kort okkular hjelper ingenting hvis du må montere den langt bak for å få riktig øyeavstand. Husk at øyeavstand ikkje blir definert av lengden på okkularet, det er heller ikkje noko du kan velge fritt ved å flytte montasjepunkt. Øyeavstand er ein del av spesifikasjonen på kikkerten. Er den oppgitt til 90 mm bør du ha denne avstanden for at siktet skal yte sitt beste. Er den oppgitt til (urealistisk ja, men som eksempel) til 20 mm, ja så bør du montere den til 20 mm. Hvis du vil ha kikkerten lenger fra deg må du finne ein som er designa for lenger øyeavstand. Men som nevt kan andre ting hjelpe på problemstillinga, demper, skytestilling/grep, rekylkappe og så vidare.
  17. Ein fordel med bjelle er at du kan høyre forskjell på korleis bikkja oppfører seg, frekvensen og intensiteten fortel noko om hastigheita på bikkja. Om den er på generelt søk har den gjerne ein hurtig klang, når den er på sporet av noko går takten gjerne ned og du bør følge ekstra godt med. Eller den kan bli ekstra intensiv om bikkja er på foting og fuglen er lett til beins. Det kjem mykje an på bikkja, alle oppfører seg forskjellig og det tar gjerne litt tid før du lærer å tolke signalene. Astro kan vera fint det, men det den kan også flytte fokus bort fra det som skjer rundt deg.
  18. Då har eg fått positivt svar frå EAW, og dei betegner den som 16mm dovetail og ikkje 14mm som eg har sett ellers på internet. Må legge til at eg ikkje sa noko om størrelse på skinna i min forespørsel, kun våpentype. Eg er stadig like klok på dette med måling av skinne, skulle ønske det var klare metoder for dette. Ut frå svaret deira forstår eg det slik at slide-on roll-off ikkje er hurtigmontasje, men til alt hell har dei pivot som passer
  19. vingemutteren: Eg har gjort meg ein del tankar som sammenfell med mykje av det du skriv. Har lyst å behalde våpenet, og det blir vel kanskje eit ekstra våpen etter ei stund når eg får tenkt meg om eit par år til Men dempar og sikte må gjerast noko med. Kanskje avtrekk også. Eg greier godt å leve med avtrekket, men det kunne vore betre. Dempar: Har heller ikkje spesielt lyst å kappe pipa, så det går mot frontmontert pga. dei åpne siktene. Då er vel Hausken Superkompakt eit godt alternativ. Andre alternativ? Eksisterande gjenger: Må identifiserast hvis der er slik at ALM 1222 blei levert med fleire typer gjenger? Sikte: Vil helst behalde det åpne siktet sjølv om det ikkje blir brukt. Som nevnt har det gamle siktet gått heden, men eg har kjøpt eit nytt billegsikte fram til eg får orden på montasjen. Treng ikkje superforstørring, kaliberet strekker seg ikkje stort lenger enn 100 meter. Det eg hadde var 3-9x32 og eg sakna ikkje stort meir forstørring. Leopold Euro-30 4-12x40 er eit aktuelt alternativ, held det då med lave ringer eller må eg opp i medium? Nokon som har erfaring med varmint-retikkelet til Leopold? Montasje: Eg vil ha hurtigmontasje for å få den meir kompakt under transport, i sekken blir den ståande å kvile på siktet og det likar eg ikkje. Men for å komme i mål med dette må eg ENTEN finne montasje eller konverteringsskinne der det står spesifikt at den går på dette våpenet, eller så må eg med sikkerheit kunne identifisere den integrerte skinna. Som sagt måler den ca. 16mm på det breidaste, men har sett "BRNO ZKM 611" og "BRNO Early Model 1" omtalt som 14mm dovetail. Dette kan stemme med den smalaste breidda, altså i innfresinga. Korleis måler ein for å identifisere riktig? Har sendt mail til EAW om deira "Slide on, roll-off" montasje går på dette våpenet, skal bli spennande å få svar. Ikkje nødvendigvis. Eg har vore ute for liknande situasjon. Kom over ein gjeng med orrhaner i ei bjørk på ca. 60m hald. Var ikkje klar over at siktet var gått fyken og la meg til å sikte. Det blei sjølvsagt bom, men alle sat igjen som om ingenting var skjedd. Prøv det uten dempar... Uansett, eg kunne ikkje forstå at det skulle vera bom, det var heilt vindstille. Så eg prøvde igjen med samme resultat. Då forstod eg at siktet måtte vera feil så eg prøvde å komma på haglehald, men lukkast ikkje.
  20. Bruker ikkje dei åpne siktene nei, men ønsker å behalde dei uten at det har så mykje å sei for kikkertmontasjen. Weaverskinne på dovetail kan væra ei løysing, men er ikkje det ein unødvendig komponent hvis det finst (quick release) ringer som kan festast rett på den eksisterande skinna? Gir ei ekstra skinne meir nøyaktig/konsistent treffpunkt etter av- og påmontering? Har sett enkelte på internet, men er usikker på om det er quick release: http://www.opticswarehouse.co.uk/products.asp?cat=Hillver+B+Square+Steel+Fullbore%2FDovetail+Systems Der står det at det er til 14mm dovetail for BRNO ZKM 611 og BRNO tidleg modell 1. Korleis måler ein dovetail, på det breidaste eller i innfresinga? Er det nokon som kjenner dette våpenet som med sikkerheit kan sei kva type skinne det er?
  21. Det går mot at eg beheld BRNO'en, men det avhenger av at eg får tak i hurtigmontasje til dette våpenet. Min lokale våpenhandlar hevda det ikkje fanst, men det kan jo hende at han ikkje har oversikt over alle montasjefabrikanter. Er det nokon som kjenner til om det eksisterer hurtigmontasje til BRNO skinne? Den er ca. 16mm breid og har ingen tversgåande spor, sjå bilete: Må og finne ut hvilke gjenger eg har til lyddemparen då eg vil bytta ut til ein nyare og lettare, den eg har veg 780g! Det er ein ALM model 1222 i stål til kaliber 222, knapt 10 år gammal. Er den nokon som veit om ALM brukte standardgjenger på desse, eller kan det vera variabelt? Gjengene er ca. 13mm, men det kan jo og vera halvtoms. Løpet er gjenga framfor det faste siktet (siktet blei flytta bak når demparen blei montert), så ein frontmontert vil verta enklast. Vurderer Hausken Superkompakt, men vil gjerne motta tips om andre gode alternativ.
  22. Hei Ny på forumet. Eg har ei delbar halvauto i .22 WMR, ein BRNO ZKM 611, den ser slik ut: bortsett fra at mi har kikkert og .222 lyddemper. Eg likar at det seier PFTT! Eg kjøpte rifla til småviltjakt, valgte ei delbar for også å kunne ha ho i sekken på vinterjakt. Den går bra, men avtrekket skal vi ikkje snakke så høgt om. Har i grunnen vore bra fornøgd og den har felt and, rype, due, orrfugl og røy. Men det er eit par ting eg ikkje er fornøygd med også, og nå har kikkerten gått heden også. Dette er visstnok sett på som noko av den grommaste halvauto i dette kaliberet, og eg kan forstå kvifor. Som sagt går den bra, den er delbar og den er lett. Dessutan er det aldri noko tull, ho berre virkar og virkar. Så då har eg begynt å lure, skal eg ta tak i dei tinga eg er misfornøygd med og forsøke å løyse problema eller skal eg bytte til eit anna våpen? I så fall blir det .22 Hornet, evt. K Hornet. Meir om det seinare. Men først dei tinga eg ikkje er fornøygd med og kva som kan gjerast: 1. BALANSE Med den tunge 222 demparen blir den svært framtung. Dette kan kan forbedrast med å sette på ein tofot og velge ein annan lettare dempar som kanskje går bakover løpet. I tillegg kan eg kanskje korte løpet også, det ville vore ein stor fordel med tanke på totallengde. Men eg er usikker på om dette vil slå mykje ut på presisjonen. 2. LENGDE Som sagt er den svært lang med dempar. I tillegg stikk kikkerten langt bak delinga, så den blir ikkje så lett å pakke i sekken som eg i utgangspunktet såg for meg. Dette kan løysast med hurtigmontasje, men sammen med deling og lyddempar blir det mykje å montere i felt. 3. KALIBER Skulle helst ha hatt ei Hornet for å få litt lenger rekkevidde og tryggleik på større vilt som tiur. Eg går KUN på matjakt, så kjøtskade er eit tema. Men hvis eg skal bytte, finst det gode alternativ? Det viktigaste er at den er delbar, eller svært kort så den går i ein liten jaktsekk. Må heller ikkje koste for mykje, det er vel ein av grunnane til at eg vurderer å behalde den eg har. Er fasinert av TC Contender. Med kort rifleløp, tofot, dempar, kikkert og pistolskjefte hadde det vore eit fint sekkevåpen. Men har sett her på forumet at nye G2 er dårlegare på avtrekket. Er det mogleg å få tak i gamle Contender? Andre alternativ? I skogen går eg stort sett med drilling eller hagle, hadde eg hatt eit kortare sekkevåpen kunne det vore aktuelt og ha det med seg i tillegg. Og så til kikkert, den må jo ny uansett om eg bytter våpen eller ikkje: Er det nokon som kan anbefale ein robust kikkert med bra forstørring til ein rimeleg penge? Den trenger ikkje vera spesielt lyssterk, dette er eit dagvåpen sjølv om grusande skogsfugl på morgonkvisten står på menyen. Kva ville andre gjort med tilsvarande dilemma? Og nei, begge deler er neppe eit alternativ... Og til slutt, sidan eg er ny her vil eg gjerne nytte meg av høvet til å poste eit delvis off-topic bilete før eg blir sabla ned
  23. cortinaman

    Våpenhylster på fly

    From the album: Friluftsliv

    Frakting av våpen
  24. cortinaman

    Våpenkoffert

    From the album: Friluftsliv

×
×
  • Create New...