Jump to content

cortinaman

Members
  • Posts

    67
  • Joined

  • Last visited

cortinaman's Achievements

Contributor

Contributor (5/17)

  • First Post
  • Collaborator
  • Conversation Starter
  • Week One Done
  • One Month Later

Recent Badges

0

Reputation

  1. Om ikkje du finn adressa kunne det i alle fall vera interessant å få vite merke/modell. Har du bilder av oppsettet ditt?
  2. Om vi ser bort frå at premissa for diskusjonen er feil (hensikta med storviltprøven) innrømmer du her eit viktig moment for at ei skyteprøve for småvilt blir vanskeleg å gjennomføra. Først ville du at skyteprøve kun skulle gjelda for eit lite mindretal som brukar rifle. Nå ser du at det ikkje er praktisk for alle rifler heller så kanskje det må enno meir diffrensiering til. Skyteprøve for småviltrifler med praktisk rekkevidde over 100 meter? Korleis definerer ein praktisk rekkevidde? Kva med dei som ladar ned ammunisjon? Eller vil du skilje på kaliber? Kor mange jegarar står du att med når du har fått snevra inn utvalget til å passe? Kor liten del av småviltjegrane er dette? Du ser vel sjølv at dette blir heilt meiningslaust? Den viktigaste grunnen til at der er eit dårleg forslag synest eg likevel er dette: Forslaget hadde hatt forsvinnande liten innvirknad på omfanget av skadeskyting av småvilt. Dermed er snakk om ein ny papirregel uten praktisk betydning, kun irritasjon og ulemper. Bakgrunnen for at du åpna emnet er etter det eg forstår at du meiner småvilt er like etisk verdifullt som storvilt. Det er ein interessant diskusjon. Dessverre var det ikkje den diskusjonen du la opp til. Du poengterte til og med at du kun var opptatt av skadeskyting med rifle. Kvifor det? Spesielt når rifle i liten grad blir brukt til småvilt? Er det ikkje småviltet du er opptatt av likevel? Om så var burde du heller føreslått obligatorisk TRENING både for rifle og hagle, ikkje obligatorisk prøve.
  3. Det er vel ikke skummelt å trene? Samme om det gjelder rifle eller hagle, i det ene eller andre kaliberet. Eg kan ikkje sjå at eg har hevda det er skummelt å trene, viss du greier å lese det ut fra innlegget mitt er du i overkant ivrig på å skape konflikt. Det eg derimot har hevda er at storviltprøva primært var tiltrnkt somer kontroll av utstyr då den blei innført. At det seinare har spredd seg ei misoppfatning av at det er kontroll av skytter fører til slike debattar som vi ser i denne tråden. Storviltprøven er ikkje spesielt vanskeleg, men ja: den vil so bi-effekt luke ut dei som er heilt håplause. Den er heller ikkje særleg realistisk med tanke på jaktsituasjon. Trening er bra, la det ikkje vera nokon tvil om det! Småvilt skal også ha respekt, ingen tvil om det heller. Men det hjelper ikkje å blande korta og innføre fleire reglar, vi har alt for mange reglar i landet slik det er. Eg trur vi er langt betre tjent med ei nøktern vurdering av årsaker til skadeskyting framfor å ha blind tiltru til at byråkratiet skal redde oss. Eg vil tru at dei fleste skadeskytingar med rifle skuldast feil virdering, ikkje mangel på skyteferdigheiter. Skal vi innføra ein paragraf om vurdering i felt?
  4. Så det eigentlege motivet er altså at du øsker bedre skyttarar. Eit nobelt ønske, men då er samanlikning med storviltprøven ikkje relevant. Den er så vidt meg bekjent tiltenkt å kontrollere våpen/siktemiddel, ikkje skyttar.
  5. @flanged Eg forstår deg slik at du ønsker obligatorisk kontroll av siktemiddel på våpen brukt til småviltjakt. Korleis vil du gjennomføre dette på hagle? Eller er det kun riflene du vil kontrollere?
  6. Strengt tatt er det vel ingen av delene, det er ein kontroll av at siktemiddel fungerer og er innskoten med jaktammunisjon på det våpenindividet ein har til hensikt å bruke på jakt. Kvifor ellers skulle våpennummer bli oppført på jegerbeviset? Dei 30 prøveskota derimot, ja dei er for å tvinge folk til å kjæle litt med muskedunderen før jakta. TS sitt spørsmål er vel såleis knytta til det etiske i at siktemiddel ikkje treng kontrollerast for småviltjakt. Er skadeskyting av småvilt etisk sett mindre problematisk? Den enkle forklaringa er nok at ein ikkje var så opptatt av slike spørsmål når ordninga blei innført. Om det er hensiksmessig å innføre ordninga for småvilt også? Eg trur ikkje det. Det meste av småviltjakta blir utført med hagle uten justerbare siktemiddel. La oss ikkje blåse dette opp, det er ingen tjent med. End of discussion!
  7. Gryte med hjortelever, hjortekjøt, bacon og diverse grønnsaker står alltid på menyen, den pleier vare i to dager. Røykt middagspølse av hjort er som oftast også planlagt for to dagar. Uten kjøleskap torer eg ikkje ha med meir ferskvarer, så da er det på tide å dra til bygdars for å handle inn til resten av jakta. Fårikål varer også to-tre dager, den er best andre og tredje dagen. I tillegg blir det spedd på med fisk og diverse anna.
  8. Av typen vanleg kniv med ca centimeterstor fordjupning på ryggen. Noko liknande som denne: Ser for meg eit rundt bryne og har funne nokre alternativ, bl. a. Spyderco. Men kjekt å høre hvilke erfaringer andre har. Likte den fra Biltema ut fra bildet, må sjå nermare på den. Som julegave blir den nok litt billeg, men kan jo alltids finna ei anna gave i tillegg.
  9. Ja, men dette var tenkt som ei gave Ser at spyderco har eit sett med keramiske stavar i lærtaske http://m.spyderco.com/catalog/details.php?product=88
  10. Har forsøkt å leite etter eit rundt bryne/stav til å skjerpe bukspretter, helst i lommeformat, men uten hell. Nokon som veit om produkt som passer formålet?
  11. Har sett grafittpulver hos låsesmeder, men då i små kvanta (tube/boks). Usikker på pris.
  12. Eller på nettet, f.eks. www.scanholm.no
  13. Nokon som har prøvd med asiatisk vri? Har sett at koriander ofte blir brukt for dette føremålet, men har ikkje særleg til overs for koriander sjølv. Andre forslag eller erfaring? Chili, ingefærpulver, sitrongraspasta, kaffer lime blad?
  14. Ja det kan sjå slik ut.... Men sant å sei hadde eg også tenkt å moderere forslaget etter at kammerfolket fekk tygd litt på det. Av og til kan det vera ganske nyttig å setje ting på spissen, ja endå til framføre meiningar som ligg utanfor det ein strengt tatt står for. Sånn for å få andre til å tenke gjennom sakea frå fleire innfallsvinklar og såleis trekke opp sine eigne grenser. Den andre ekstremiteten var jo allereie presentert, nemleg å trekke på skuldrene.
  15. Hehe, litt humor må man jo kunne unne seg ein onsdags kveld. Sjølv hadde eg nok ikkje fulgt sporet heilt ut, men eg hadde nok tatt kontakt med selgar å mint han på at avtalen er rettsleg bindande. Vidare hadde eg truleg gitt referanse til lovverket og KANSKJE påpeikt hvilke rettsinstansar som handterer slike saker. Viss det ikkje hadde ført fram hadde eg nok latt det ligge. TS har uansett nytte av å kjenne lovverket.
×
×
  • Create New...