Jump to content

Nooby

Members
  • Posts

    346
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Nooby

  1. Regime A: Premiss 1: Du må søka for å få våpen Premiss 2: Du må underteikna ein ulovleg/ugyldig tekst for å få innvilga søknaden. Ingen veg utanom. Konklusjon:? Regime B: Premiss 1: Du må søka for å få våpen Premiss 2: Du må betala korrupsjonspengar for å få innvilga søknaden. Ingen veg utanom. Konklusjon:? Kva er skilnaden på desse to regimene? Kven gjer ei straffbar handling i søkeprosessen? Skal søkar i Regime A straffast for å ha underteikna ein ulovleg avtale? Skal søkar i Regime B straffast for å ha betalt korrupsjonspengar? Nei, sameleis som ein straffer ein korrupt tenestemann, men ikkje dei han har pressa penger av, så kan ein ikkje straffa nokon for å ha vorte pressa til å underteikna ein ulovleg tekst.
  2. Men avtalen i skjemaet (som POD fortsatt ikke har noe med) er en utledet av våpenloven, hvor man får innvilget et våpen etter behov som er grunngitt i våpenloven som en av 9 forskjellige behovs/bruksområder. Hvis du gad lesa det som stod over konklusjonen min (den du siterte), ser du at eg argumenterer for at skjemaet avgrenser lova. Denne argumentasjonen går du ikkje inn i. Eg ser ikkje kor i våpenlova erverv vert avgrensa til 9 ulike grunnar for å eige. Den avgrensninga finst rett og slett ikkje. Lova rekner berre med "behov" som éin, av fleire (ikkje avgrensa i namn eller tal), rimelege grunnar for eige av våpen. Ingen del av forvaltninga, korkje regjering (nei, for n'te gong: Eg anerkjenner IKKJE forskrifter for å vera norsk lov ), eller departement eller eit skarve utdatert skjema, som til sjuande og sist er blitt til politimeistaren, kan innrømmast nokon rett til å avgrensa lova. Avtalen i søknaden er IKKJE utleda av våpenlova, slik du påstår, men går tvert om imot våpenlova, sidan lova på ingen måte heimlar tillating i bruk. Kort sagt: Politiet går ut over sitt mandat når dei legg til krav i søknaden som ikkje er heimla i lova. Difor er ikkje eit slikt krav gyldig. Teksta i skjemaet er like arbitrær i høve lova som dømet til Stu synte oss. At du insisterer på at eit skjema har rett til å herska over lova, fordi det har vore der lenge før POD, er underleg all den tid du klager den andre leiren i diskusjonen for å villa påberopa seg hevd gjennom "Me har alltid gjort det sånn, og POD synst det er greitt - då kan det vel ikkje vera gale".
  3. Men kravet for å inneha er festet i et behov (og når behovet faller bort, skal faktisk våpenkortet inndras. Så bruk og besittelse er sterkt knyttet sammen i lovverket.) Eksemplet ditt er heller ikke helt godt. For du må ha et behov for å få erveve den pistolen du finner. Og behovet er en eller annen form for bruk. Tvert om er eksempelet mitt godt det, fordi du faktisk innehar våpenet heile tida, også før du fant det i hagen din. Denne formuleringa gjer det ulovleg å ha også eit våpen du ikkje visste om at du hadde. Du seier at behovet må vera ein eller annan form for bruk. Feil: Behovet må vera eit eller anna behov, men somme gyldige behov utelukker bruk. Td. samling. Edit: Eg ser at eg både har bruka "du" om han som finn våpen i hagen og som tiltaleforma til deg. Det er ikkje meininga å blanda dei to figurane, men det forstod du (=Hassel) sikkert.
  4. Jeg ble påståelig over evne her. Men at det ikke er en FN-kasse, er på det rene. 264WM kom i 1959. To år etter FN-kassene var ute av bruk. Da er L61R-kassen mest sannsynlig kassen som er brukt her. Det blir mye nytt å sette seg inn i - handle fra Danmark har jeg aldri gjort før. Det enkleste er vel å ta med søknad, reise til Danmark, kjøpe rifla og fortolle på kaia. Noe sier meg at det ikke er fullt så enkelt
  5. For meg ser det ut som at denne Reductio ad Absurdum-argumentasjonen ikkje berre er snedig, men også gyldig. Dømet til Stu er heilt samanlignbart, det avgrensar bruken, slik som den bokstavelege tydinga av skjemaet gjer det. Berre mykje, mykje meir. Kort sagt: Politiet går ut over sitt mandat om dei legg til krav i søknaden som ikkje er heimla i lova. Difor kan ikkje eit slikt krav vera gyldig.
  6. Det er ikkje greitt å anta at innehav har med bruk å gjera. Å inneha tyder å besitta. Det er nemleg mogleg å ha noko utan å ha erverva seg det. Tenk deg at du luker i hagen din, og så finn du ein pistol som nokon har kasta frå seg. Du har ikkje søkt om den. Du har ikkje erverva den. Du har heilt ærleg funne den. Den låg på din eigedom. Den er din hvis du vil ha den. Problemet er bare at våpenlova regulerer innehav. Du må søkja om å få eiga pistolen du fann hvis du skal ha håp om å eiga den lovleg. Dette er altså ein av dei få detaljane i våpenlova som faktisk regulerer ulovlege våpen.
  7. Ingen Finnbear var laget på FN-kasser. Finnbear var en modellbetegnelse synonymt for L61R Ref: http://www.sako.fi/pdf/manuals/Finnbear.pdf"
  8. Det er en god tanke, Torf, og jeg takker for tipset. Jeg ser likevel tre ulemper med disse: 1: Original riflestigning for 264WM er i slakeste laget, tror det var 1/10". Disse Sako'ene vil være velegnede småvilt/rådyr-rifler, ikke storvilt/langholdsrifler. 2: Originale 264WM er sjeldne, og en slik rifle ville jeg beholdt mest mulig original. Har ellers ingen problemer med å "ødelegge" en Tikka eller en banemauser. 3: Rafdal skriver på nettsiden sin at Sako er blant verstingene når det kommer til skjeve låskasser. Jeg risikerer altså en tur til smeden for å få rettet opp kassa.
  9. Du har nok rett i det, en 56-kikkert vil uvegerlig bygge litt i høyden Edit: Da er prosjektet nede på fra kr. 4720, avhengig av pris på rifle. Dette smaker det fugl av!
  10. @Nyati Jeg satte meg ned og regnet litt nøyere over dette. Det er Rafdal som er aktuell børsemaker for mitt vedkommende, og jeg bruker hans nettside som utgangspunkt. Han har løpspriser rustfritt fra kr. 5400 - kr. 6400 all inclusive. Walther SS ferdig montert i boltrifle kr.5400,- VS Montere pipe i bolt action kasse (gjenge, profildreie, kamre osv) kr. 2100 Montere 1/4-sikring på M98 og M96 kr. 790 Borre og gjenge låskasse for kikkert Frå kr. 580 Sveise på ny hevarm Kr. 890,- Montere kikkertmontasjer og kikkert på våpen frå kr. 250 Totalt for ombygging: kr. 4610 På Finn.no later det til å råde en konsensus om at kr. 3000 er ålreit utropspris for en skikkelig banemauser. Det gir følgende totaler: Tikka M695: kr. 9900 Ombygd M67: kr. 7610 Forskjellen er, til min store overraskelse, i Mauserens favør. Neste steg i prosjektet er å skaffe seg et par M67 Mausere. (Skal ha en til DFS-trening også). Tusen takk at du satte meg tilbake på rett spor, Nyati!
  11. Bravo, Scarrings, du skar over den gordiske knuten. Me har satt oss fast i tenkeboksen vår. Ei regelendring som du skisserer, betyr at folk som er godkjende til å eiga jaktvåpen, utan tvil kan bruka sine konkurransevåpen til jakt. Godkjenningsregimet for konkurransevåpen vil jo vera like strengt som før, som i praksis vert strengare enn for jaktvåpen. Denne skilnaden mellom jaktvåpen (=arbeidsverktøy=lett tilgang) og konkurransevåpen (=sportsutstyr=behovsprøvd tilgang) vil alle borgarar forstå og kunna akseptera.
  12. Objektivstørrelsen er ikke det som betyr mest for lysstyrken, men, som djlia påpeker, kvaliteten på optikken. Hjelper lite med et svært bilde som er mørkt, kontrastløst, fargeløst og fortegnet. Og apropos pupillene på 7mm: De blir mindre med åra.
  13. Det var dette som var min opprinnelige plan. Særlig fordi jeg da ville få den mest egnede riflestiningen. Men det høres så mye børsemakerarbeid/dyrt ut i forhold til å få en børsemaker til å bare skru i et nytt løp. Hvor langt ut på viddene er jeg egentlig?
  14. Nå har jeg skrinlagt tanken om å bygge om en 6,5x55-Mauser, men 264WM-planene lever videre. Det er om å gjøre å holde besøkene hos børsisen nede på et akseptabelt nivå. Derfor har jeg bestemt meg for et bruktvåpen med kasse og støtbunn klar for kaliberet. 7mmRM, 300WM og 338WM er vel de mest aktuelle bruktriflene der. Aller helst med utskutte løp. (Blir billigere da.) Våpenet blir altså brukt som jaktvåpen mens jeg bygger riggen, og 264WM-løpet blir satt på til slutt. Har funnet to aktuelle kandidater til nå: 1:http://www.finn.no/finn/torget/annonse?finnkode=42208414&searchQuery=300+win+mag 2:http://www.finn.no/finn/torget/annonse?finnkode=42043572&searchQuery=brno Rifla er tiltenkt jakt på bl.a. sel og gås. Hvor viktig er det at kassa er rustfri da? Selv har jeg bare erfaring fra beltepatroner i mauserkasse. Hvordan oppfører de seg i kasser med fri mating? På optikksiden har jeg bestemt meg for å veksle mellom jaktkikkert og langholdkikkert. Har sett meg ut en IOR 10x56 til langhold. Noe jeg må tenke på av montasjebegrensninger før jeg velger rifle? Er svingmontasje eller tilsvarende mulig? Har en sivil jaktmauser fra før av. Hadde vært greitt å ha færre kikkerter enn rifler
  15. Du reagerer med rette. Eg ville påtala DFS sine utfordringar i møte med jegerane, og hadde såleis ikkje som mål å gjera eit personåtak på deg. Likevel ser eg at særleg andre bolken må lesast slik. Innlegget ditt var ein naturleg inspirasjon for innlegget mitt, men direkte henvisningar var ikkje naudsynt for meininga eg ville ha fram. Eg har gjort ein for dårleg redigeringsjobb. Eg ber deg difor om orsaking.
  16. Eg har presisert at jaktvåpengarderoba har heimel i lova, og at det ikkje er der problemet ligg. Det er det forsterka behovskravet som ligg i §12 som lova ikkje gjer heimel for. Å flytta jaktvåpengarderoba frå forskrift til lov er ikkje problematisk, så lenge det ikkje fører til at den avgrensande formuleringa "meget kvalifisert" flytter med på lasset og at den vert omdøyp til våpengarderoba. Det er nemleg snart gjort. Problemet ligg i at heile ramma, heile jaktvåpengarderoba er lovleg, berre ikkje avgrensninga som ligg gøymt i ein relativ leddsetning. Denne liknar opphavet i §7, men innskrenkningane og omgrepsfjerningane amputerer politimeistaren sin lovgjevne myndighet til å tillata. Så våpenlova er ei tillatingslov, vel og bra. Men forskrifta har innskrenka verkeområdet for lova. Dette har Kongen ikkje myndighet til utan at lova sjølv gjer eksplisitt lov til det (jfr. aldersregelen). Men sidan våpenfolket er effektivt splitta og samla sett ser nada problem i at Kongen avgrensar folket deira lovgjevne rett til tillatingar , må me venta med omkampen til ny våpenlov. Hvis då ikkje dét toget alt er kjørt. Kva tekst vil de helst ha inn i ny våpenlov? Begge inkluderer jaktvåpengarderoba. Mitt forslag: "Tillatelse kan bare gis edruelige og pålitelige personer som har behov eller annen rimelig grunn for å ha skytevåpen, og som ikke av særlige grunner kan ansees som uskikket til det. Jegere innført i jegerregisteret, og som ellers oppfyller de ovenstående krav, skal innvilges de første 6 komplette jaktvåpen under forenklet behandling " Truleg lovgjeving: "Tillatelse til å erverve og inneha inntil 6 komplette [jakt]våpen kan bare gis til edruelige og pålitelige personer som kan dokumentere et meget kvalifisert behov, og som ikke av særlige grunner kan ansees som uskikket til det." Sitat §12 "Tillatelse til å erverve og inneha mer enn 6 jaktvåpen kan bare gis til søker som kan dokumentere et meget kvalifisert behov." Eit jaktvåpen (td. hagle) som er søkt til konkurranse, er søkt på grunnlag av eit "meget kvalifisert behov". Den skeive tilgangen du frykter for er altså knesett i forskrift. Det burde bekymra meir at samfunnet aksepterer ei de-facto begrensning som ikkje har heimel i lov?
  17. Tvert om, Hassel, eg skreiv om korleis forskrifta innskrenker behovskravet utover kva lova tillet forskrifta å gjera. For å gjenta meg sjølv, det er så populært her i tråden : Grunngjevinga som du etterlyser er: Våpenlova §7 åpnar ikkje for Kongen å laga strengare restriksjonar enn lova på anna enn alder. Likevel ikkje meir enn 21 års grense. Så forskrifta kan setja ein jaktvåpengarderobe på 6 våpen for å avhjelpa byråkratiet, men ho kan ikkje kreva strengare grunngjeving frå og med våpen nr. 7 enn for dei 6 første. Teksta i forskrifta er ei tydeleg innskjerping i kravet til søkjar i høve kva krav lova sjølv fastset. Lova gjev inga opning for at Kongen kan gjera kravet til erverv strengare dess fleire våpen du har. Difor er forskrifta mest truleg ulovleg i nåverande form. Til spørsmålet ditt om effekt over tid ved å omgå jaktvåpengarderoba: (Eg går ut ifrå at du meiner at å bruka ein bane-Sauer på jakt er døme på å omgå jaktvåpengarderoba. Eg er ikkje samd, men eg lar dét ligga.) Scenario 1: Hvis våpeneigarane let myndighetene halda fram med den gale forståinga av garederoba som 6 endelege jaktvåpen. Eller at den famøse formuleringa finn vegen inn i lova: Då kan ein risikera å få nekta innvilging på til dømes jaktvåpen nr. 6 med grunngjevinga "Du har ein bane-Sauer". Men ein vil ikkje risikera å nekta å få kjøpa jaktvåpen nr. 6 med grunngjevinga "Du har ein pistol". Denne praksisen vil likevel ikkje stå seg for retten, det er bare det at me torer ikkje føra slikt for retten, fordi me er redd for eit "takk-for-sist" neste gong me skal ha eit våpen. Scenario 2: Hvis ein reviderer forskrifta så ho passer med lova, subsidiært implementerer forskrifta i lova, med dei naudsynte endringane: Då risikerer ein ingen verdens ting, for det er ikkje noko tak på kor mange jaktvåpen ein kan eiga, berre behovsprøving. Garderoba fungerer då som ei forenkling for myndighetene, ikkje som avgrensing for jegerane. Bruken av våpen vert regulert som før den absolutte jaktvåpengrensa på 6 våpen kom. Om ein vil bruka ein bane-Sauer på jakt, vil myndighetene berre spørja etter dokumentasjon på om våpenet har hovudbruk i DFS, og om det er egna for jakt. Eg går inn for at me søkjer å revidera forskrifta så ho ikkje lenger innskrenker lova. Kort sagt fjerna det avgrensande leddet "meget kvalifisert" og setja inn det manglande "annen rimelig grunn" i forskrifta §12, slik at ein står att med eit likelydande dokumentasjonskrav som §7 i våpenlova har.
  18. Dagl: Når dei som skyt i DFS stort sett ser åpne baner. Og dei som ikkje skyt i DFS møter ei ekskluderande haldning. Kven er det då som eig og beskriver eit problem? Og kven er det som står for problemet? Det er arrogant å gje alle dei som finn seg ekskludert skulda for deira oppleving av DFS. Eller for å klaga dei for å ikkje ha prøvd nok. Det understreker biletet av DFS'arar som ikkje har trong til at laga skal bli større. Dagl stoppar ikkje der. Etter å ha kokettert over at han berre har erfaring frå 6-8 banar, forlanger han absolutt kunnskap for å kunna uttala seg med meir truverde enn han. Eg skal berre ikkje tru eg kan læra han noko. Den einaste som har teke opp skytebunaden i tråden er eg, så det er nok meg Dagl tillegger vankunna om at ein må ha skytedress i DFS. Eg som berre ærleg og redeleg peikar nase til utstyrshysteriet. Pingvindress er ikkje mitt omgrep, så eg er neppe åleine om å le. Klovnedress er jamvel eit ord Dagl sjølv trekker fram. Du skal ikkje le av oss. DFS sin likskap med Jante er det som er hovudproblemet, slik eg ser det. Skiljet oss/dei er uforenlig med DFS sin formålsparagraf, som er meint å inkludera alle. At jegerane er eit B-lag og aldri vil verta prioriterte i DFS, skuldast at dei er nedprioriterte i Skytterboka og skal salderast ved eventuelle interesse- eller ressurskonflikter. Dei brysame jegerane kan enkelt tuppast ut av DFS når krybba blir tom. Og ingen aktive skyttarar ser ut til å sjå problemet med det. Så lurer Jonasten på korfor jegerane ikkje skulle gjera dugnad? Det må dei berre gjera, men det forundrar meg at han forventer lik innsats av folk som har ulik verdi for skytterlaget. Noko anna vert det om jegerane vert inkluderte som likemenn, . Eg vert anklaga for å vera lite konstruktiv. Det vert etterspurt kva eg har gjort for mitt lag. For å vera ærleg: Ikkje stort. Ennå. Det tok meg over eit halvt år med mailar, telefonar, purringar, ymse bomturar (nei, det er ikkje ope for skyting kvar dag) og to personlege oppmøte for å verta medlem. Nettsida er eit virvar med styret frå 2009 lista opp under nyhende. Eg har prøvd å få vita meir om det lokale laget over ei vaffel og to (det skal dei ha), men vaffelduden visste ikkje meir enn meg. Så ber over med meg. For ein som ikkje er født inn i DFS som rekrutt, tek det litt tid å komma innføre. Og truleg fleire år før eg kan forandra noko. Medan eg i NSF har vorte geleida inn i dugnad frå første dag, har eg i DFS måtta kjempa med nebb og klør berre for å komma inn. Til slutt: Kor mange av dei 200.000 er interesserte i å vera med i DFS? Eg vil snu litt på spørsmålet: Kor mange av dei 200.000 veit om at DFS har program som er interessante for dei? La oss seia at DFS sentralt er villige til å gjera framstøyt mot denne gruppa. Sånn berre for å fortelja at det er noko som heiter jegerklasser, og at aller jegerar er hjarteleg velkomne. Skulle vel vera mogleg å legga ved slik informasjon ved utsending av den årlege jegeravgifta?
  19. Eg tenker på alle jegerane som betaler medlemskap for å kunna skyta opp "gratis". Det er desse som ber skytterlaga økonomisk. Desse vert sett ned på som nokre som er der fordi dei MÅ. Men kan det hende at motviljen deira skuldast andre ting? Hos oss er mi erfaring at ein jegar får lov å legga seg ned, skyta 3 5-skot-seriar, og så fint pakka saman. Jaktmessig relevante stillingar (kne/stå) er utelukka. Det same er trening om vintaren. Kor interessant trur du det er å ha mengdetreninga si der? For mange er DFS ein naudsynt spissrotgang for å tilfredsstilla kravet om oppskyting. Dugnad er arbeid ein gjer for organisasjonar ein kjenner eigarskap til. At jegerane ikkje står i kø for å delta i dugnad, burde ikkje forundra nokon. Dette er prisverdige tiltak, og det understreker eit viktig poeng. Det er der kor konkurranseskytterane og jegerane konkurrerer på likefot at den reelle inkluderinga finst. Dette gjer me i både jaktfelt og feltpistol. Du seier at de har prøvd med jegerklasse på bana. Kor lenge varte det forsøket og kor mykje vart det opplyst om? Det kostar jo ingen ting å ha jegerklassa til rådvelde kvar gong. Det er nemleg på bana potensialet i blanding av dei to gruppene ligg. Eg skreiv: Kan bare beklaga at du ikkje fatter den satiriske brodden her. I praksis skviser jo DFS ut alle andre enn dei aktive skyttarane. Skytebukse er såleis ein metafor for eit forelda, rigid og lite attraktivt regime. Og dette er ikkje tull. Ja vel er me mange, men kva er 5600 påmeldte til Oppdal mot snaue 200.000 påmeldte til jakta? Her er eit veldig potensial. Og DFS må nok mista nokre økonomikrykker før dei forsyner seg av dette potensialet.
  20. Nå gjer me framgang! Jamvel Hassel er samd i at det er lova som gjeld, og ikkje formuleringa på søknaden. Kan me då skrinleggja den famøse tvisten om ordlyden på søknadsskjemaet?
  21. Det er ingen som taler om å nytta våpenet etter "eget forgodt befinnende". Det er tale om å bruka våpen på lovleg vis, etter dei lovane som regulerer våpenbruk. Skal ei underskrift på eit skjema nekta deg å følga lova?
  22. @jonasten Eg er ikkje så dum som eg gjer meg, er sjølv medlem i DFS og skit i eige reir, det er nemleg på tide å byggja eit nytt. Du kjende kan hende på same varmen som ein stakkar jegar kjenner på når han møter den "aktive" skyttaren på DFS-bana snakka om jegerane som eit problem som kjem innom kvar haust og skyt sund blinkane? Den elitistiske haldninga og kontraproduktive samhandlinga med andre skyttarar, med manglande felles møtepunkt i konkurransar, sementerer skillet. Denne haldninga øydelegg for rekrutteringa, og med dei store midlane DFS har til rådvelde, er det ei skam at organisasjonen ikkje er meir utadretta. DFS er ein organisasjon i krise, men ikkje pga FD. Og så vil du attpåtil at eg skal seia sanninga med den rette "haldninga"? @ smaug Eg har ikkje snakka om å la andre bruke bana, men å laga nye DFS-program som gjer medlemsskap interessant også for folk som vil ut på lengre hald. DFS er så sidrompa at ein må bruka skytebukse for å passa inn. Slik som NJFF har laga programmet kulesti for å appellera meir til unge skytterar. Eg trur me er meir samde enn det kunne sjå ut som.
  23. Veit det, VeT|Us, men så er dei, som nemnt, i mindretal
  24. Og her er det springende punkt. Loven er en tillatelseslov, men det betyr ikke at hva den tillater kan begrenses i forskrifter og POD-bortforklaringer. Politimesteren er gitt myndighet til å innvilge, men ikke til å komme med ytterligere betingelser. Derfor kan ikke det famøse "løftet" være gyldig i begrensende betydning. Det later til at det er du, ikke jeg (som du antyder) som blander sammen lov, forskrift og rundskriv. Ingen må akseptere en bokstav i en forskrift som begrenser loven, for da overlater man den lovgivende makt til regjeringen. Utelukkende de formuleringene i forskriften som utfyller loven og er i dens ånd, er lovlige og forplikter oss. Og POD's bortforklaring er, som kjent, til innvortes bruk for byråkratiet, ikke en lovtekst som forplikter oss.
  25. Eller alle 200 betaler 1500 kvar og ingen betaling for oppskyting. Synet til høggern er typisk for gaukungementaliteten til banegutta i DFS, ein vil gjerne ha pengane til jegarane, men vil helst ikkje sjå dei. Attpåtil er desse i mindretal, desse som liker å kalla seg "aktive". Eit så lite mindretal at dei burde vera bekymra over kor lite utadretta verksemda deira eigentleg er. Kanskje Forsvarsdepartementet (FD) endeleg gjev desse "aktive" DFS'arane ein økonomisk grunn til å inkludera jaktskyttarane. Desse er det jo som i dag de facto utgjer den økonomiske ryggraden i DFS. Kva med å tillata jegerane å trena jamsides med dei "aktive". Haldningsendring må til: "Klikk på ein kikkert, du også!" Målsetninga med DFS er formelt å gjera folket i stand til å skyta, ikkje å gå i karnevalsklede og kjøpa unødig dyre våpen. Denne målsetninga har DFS svikta over så lang tid, at om FD ikkje lenger vil mata gaukungen, så er det faktisk berre god forvaltning. Men i staden for å grina over dette, bør me sjå på det som ein moglegheit. Me har liggande tallause DFS-banar kringom i landet. Mest alle av dei kan brukast meir. Med litt omstillingsvilje, kan DFS få større nedslagsfelt enn nokon gong. Kva med å inkludera også benkskyting og langhald? Sprita opp med nye konkurransar som langhald felt? Det er på tide å løysna på snippen. Det er gått litt tid sidan dioptaren vart oppfunnen, for å seie det slik.
×
×
  • Create New...