Jump to content

skjarlie

Members
  • Posts

    214
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by skjarlie

  1. Det er nok berre å halde utkikk på finn, og bruktlister hos butikkar. Er ikkje så mange som ligg til salgs til ei kvar tid, og ofte er dei hardt brukt. veit ikkje om eg har sett nokon i kaliber 20 til salgs, men det finst nok nokon i våpenskap rundt om kring Alternativet er jo å få importert frå utlandet. Litt meir arbeid med det, men det er forholdsvis grei skuring viss ein finn noko i europa, med nokon som ynskjer å eksportere.
  2. http://m.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=82107931 Godbit på finn, viss den er i like fin som på bileta. denne er godkjent for stål
  3. Kan og nemne at løpet er kamra i 12/65. For hagler i kaliber 16 er det mykje ombyggingar for å få den til å veksle med 70mm patronar sidan låskassa er lagd for 65mm. Men i kaliber 12 vart dei laga for 70mm til usa, så den einaste forskjellen er kammeret i løpet. Har testa løpet frå 70 modell hagla mi, og den passar rett i, og alt virkar som det skal
  4. Har fått sjekka litt på mi "nye" hagle, viste seg at det første 3 tallet i serienr eigentleg er eit 5 tal, så det er ein 1922 modell. Lite bilete her i tråden, så eg legger ved nokon. har sansen for den engelske stokken. Engelsk stokk var slik Auto-5 vart levert opprinneleg. Det var mest vanleg fram mot 2 verdskrig, men var visstnok tilgjengeleg etter også, ved spesialbestilling. lånte fjær og friksjonsring frå den andre auto-5en min, samt forskjefte og skaut ein runde på leirduer (med bismuth skot). hagla virka fint, hadde ein feilfunksjonering, var nok mangel på puss som gjorde det. tok den i frå kvarandre i går og gjekk øve med litt solvent for å renske opp sprekk i skjefte, prøver å lime denne utan refinishing. orginal kolbekappe, type 2 løpa var nummererte til låskassa før rundt 1950. samtlige skruar er og merkt med siste 3 siffer i serienummeret på hagla. Forskjefte er ikkje nummerlikt med våpenet, og er faktisk frå ei eldre hagle! firkanta fjær. vart skifta til rund i 1923. hul kolbe.
  5. prisen blir fort gløymt, hagla har du lenge Viss du lastar dei opp på jaktsidan.se, kan du høgreklikke på bilete, så velge kopier bildenettadresse, for så å legge dei ut her. Eventuellt kan du godt sende link til bileta på jaktsidan.se
  6. Har ikkje nokon sweet sixteen (desverre), men litt ned på denne sida ligg nokon bilete av utskjæringane i låskassa. http://www.shotgunworld.com/bbs/viewtop ... &start=220
  7. Stilig prosjekt! kolben blei veldig fin flammebjørk er jo noko utanom det vanlege og. Kor mange timar har du brukt på prosjektet? Har du tenkt å lage nettskjæring på kolben?
  8. Synst ikkje prisen var så gale nei, Dei må vel ha litt for arbeidet med eksporten og, reknar ikkje med at dei tjenar så mykje på det Ser dei kostar ca 4000 i USA (https://www.hastingsdistribution.com/in ... etail&p=62), etter det eg har funne på diverse forum skal det være gode løp kvalitetsmessig. Skal få ut nokon bilete og test når eg får det, men reknar med at det tek litt tid med frakt og tollen i Norge.
  9. Nesten 2 år sidan, så kanskje på tide med ei oppdatering. Kort fortalt så har winge våpen sagt i sidan eg bestillte løpet (november 2014) at dei skulle få det inn ved neste ordre frå verney carron. Har ringt med jamne mellomrom, utan å få noko meir spesifikt svar. I april i år fekk eg beskjed om at dei ikkje kunne skaffe det alikavel.. MEN, eg tok kontakt med verney carron, dei kunne eksportere løpet til meg direkte. Så eg sendte søknad til politiet om løp, med importtilatelse. Denne vart sendt til verney carron, og fekk i dag beskjed om at eksporttillatelsen var godkjent Så då er det berre å vente på at den kjem til tollen bestillte 76 cm løp med 3 chokar, betalte 4100, blir moms i tillegg, så prisen kjem på rett øve 5000 kr. Ellers har eg ei ny Auto 5 på veg i posten, 1912 modell med engelsk stokk har eg litt flaks passar løpet på denne og. haglene frå før 2 vk hadde nummererte løp til våpena, så det er ikkje 100% sikkert at det passar, men mest sansynleg.
  10. kikkerspesialisten sin database er grei å ha, dei har testa meopro kikkertane, og sikkert dei fleste andre som ligg i prissjiktet ditt https://www.kikkertspesialisten.no/kikkertdatabase/
  11. Har ein meopro HD 10x32. veldig fornøgd med den. God optisk, samt liten og lett
  12. skjarlie

    Ny jaktjakke

    som seawolf skriv kjem det veldig an på bruksområdet. Jerven mountainman er suveren i skikkeleg dritvær (i lag med lårings frå jerven), men den bråkar for mykje til snikjakt. Brukar jerven jakka på reinsjakt og drivjakt på hjort. viss det er fint vær eller stille brukar eg ein gore-tex dress.
  13. Ville ha sjekka med leverandør/produsent om dei selger linkssikringar. Har bytta til links på alle mine halvautovåpen.
  14. Nikon P-22 2-7x32, fornøgd med siktet, men litt klumpete med dei justerbare tårna. men er veldig greit for skyting på forskjellige avstandar. Leupold rimfire EFR var førstevalget når eg skulle kjøpe, men kosta nokon tusen for mykje.
  15. skjarlie

    Verney Carron

    Det var winge våpen tidlegare. ser dei ikkje har noko verney carron våpen lenger, bortsett frå dei som ligg på ryddesalg: http://www.wingevapen.no/index.php?do=c ... topcat=454 bestillte eit løp frå verney carron gjennom dei for 2 år sidan. Ringte og spurte etter det med jamne mellomrom før dei i april i år sa dei ikkje kunne skaffe det likevel. importerer det sjølv direkte frå verney carron no, det er ingen problem.
  16. Hvor finner du 3/4-12x50 til 3000kr? Da handler jeg nå. Ser 3-9x40 selges for den prisen, men det har jeg jo alt og vil ha noe med mere forstørring Var litt for rask der, såg ikkje du skulle ha 3-12
  17. Ville valgt Leupold i den prisklassen. VX-1 får du for 3000, fungerer fint til det aller meste av jakt, er lette og er mekanisk solide. Ikkje optimalt til skumringsjakt, men det seier vel seg sjølv. Har og erfaring med meopta og nikon, desse gjer og mykje kikkert for pengane.
  18. Skogsrifla: Browning Bar Safari mk2 308 win leupold standard super low montasje leupold european 1,25-4x20 med leupold alumina linsebeskyttarar
  19. Har ein jerven Mountain man jaktdress. Veldig fornøgd med den. God passform, og er regntett. Blir fuktig når ein går. Tørkar opp igjen viss ein sitter i ro ei stund. Dressen er fantastisk for jakt i dårleg vær, spesielt Over fleire dagar. Ikkje så bra til smygjakt i finvær, då den bråkar for mykje til det.
  20. Alle har vel si eiga meining om kva som er ufint på våpen, her er mine. - plastkolbar - dempar - tofot - for store kikkertsikte - for høgt monterte kikkertsikte - rustfrie våpen - kamuflasjeteip Alt har sin funksjon, men fint er det ikkje.
  21. Brukar narrow på goproen min på jakt, blir betre då, men bør fortsatt være innenfor ca 50 meter for at det skal være noko å sjå på
  22. Er slik i vårt terreng og (Sogn). Er dyr nede i dalen og, men ikkje så mykje som er vanleg. Hadde bra tellingar i vår. Er truleg på grunn av den seine sommaren i år. Det var ikkje begynnt å bli grønt på fjellet før juni, og er veldig godt beite der endå!
  23. Dei proppane såg jo ikkje så dumme ut! Bestillte eit par for å prøve i haust, går jo an til den prisen Blir fort litt lei av å gå med hørselvern ein heil dag på rypejakt.
  24. Er ikkje 40 liter litt lite til reinsjakt? viss ein skal bære ut dyr? Kjem jo veldig an på avstandar i terrenget og slikt.
  25. skjarlie

    Budsjett-kikkert

    Bror min kjøpte ein 3-9X40 når dei kom, då kosta dei rundt 1200, har stege litt i pris sidan det. Han har den endå, og er fornøgd med den Far min kjøpte ein 2-7x32 til ei rifle i fjor. Finner av og til gode brukte sikter på finn til ok pris innimellom. Zeiss, S&B, meopta meostar o.l til rundt 4-5 tusen på finn. men må gjerne leite ei stund.
×
×
  • Create New...