Jump to content

skjarlie

Members
  • Posts

    214
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by skjarlie

  1. fort gjort å bli hekta når ein først har ei Auto-5 Greit å ha litt å velge mellom Var ein tur på rypejakt i helga, var ikkje så lange turen, og vart ikkje nokon skotsjangsar. Men var mest for turen sin del, og været var nydeleg Har og nokon betre bilete av 1922 modellen som eg tok tidlegare
  2. Flotte hagler Culot! Speed load er genialt
  3. Snakka med posten, dei sender ikkje våpen utanlands. Må prøve å finne ein annan transportør. Viss nokon har nokon tips til transportør som sender våpendelar er det berre å sei i frå!
  4. Hei! Har kjøpt og importert eit hagleløp frå frankrike, men må sende dette tilbake for reperasjon på garantien (feil på løpet). Sendte dette med posten, og ser at sendinga har blitt stoppa i tollen, og vert sendt tilbake til meg, grunna "Sendingen inneholder en forbudt vare og er returnert til avsender" Hadde fylt ut riktig skjema frå politiet (mellombels utførsel av våpen), samt vedlagt kopi av våpenkort. Er det nokon som har gjort dette før som veit korleis ein skal gjere det? Skal prøve å få tak i tolletaten i morgon, og høyre om det er dei eller posten som har stoppa det.
  5. Har og montert mcarbo fjærsettet på min M60. Avtrekket var som tusserud beskriver så tungt at det ikkje gjekk av med vekta på våpenet med kikkert. Blei veldig bra med fjærsettet. Ikkje var det veldig dyrt heller, anbefalast
  6. Har ei marlin M60 (lik, berre med røyrmagasin). God presisjon og har ikkje hatt noko problem med den. Har hatt den i 15 år. fungerer like bra fortsatt. Treng ein puss for å fjerne kruttslam innimellom. Avtrekket var veldig tungt orginalt.
  7. Har ein Meopta meopro HD 10X32, veldig fornøgd med den! Godt bilete og synsfelt, samt liten og lett å ha med seg. Zeiss conquest HD er og i samme prisklasse, og skal være veldig god. Har ikkje prøvd Doctor sine handkikkertar.
  8. Har rifle, hagle og 22. i halvauto som ikkje er links og den einaste eg har fått noko i augene av er 22en, når den var begynnt å bli alt for skitten. Men mogleg det er forskjell på våpen. Viss det skulle skje noko som sender hylserestar ut så er det nok ikkje noko særleg å ha utkastet på feil side nei.
  9. Mi erfaring er at det ikkje er nødvendig. Det bør gå an å snu sikringa for links.
  10. Ganske sikker på at det er nordskog som er importør endå, fekk i allefall beskjed om det når eg spurte forhandlar no i vår. Er vel ikkje så mange hagler i kaliber 16 i produksjon no for tida nei, men er kanskje på veg tilbake? Browning må vel ha sett eit marked for det sidan dei lagar nye A5 i dette kaliberet.
  11. Stemmer det, har sett at den har komt for salg i usa. Viktig å merke seg at det einaste den nye A5 hagla har til felles med Auto-5 er namnet (auto-5 har ofte blitt kalla A5), og at den har rett avsluttning på låsekassa. den nye A5 er vel basert på Benelli? Nordskog er importør for browning i norge, men dei er ikkje så lette å få tak i. Ville heller satsa på å ta det gjennom ein forhandlar.
  12. Denne sida du har funne? http://www.stockandforendforshotgun.com fant den sjølv for ei stund sidan. Dei selger til og med det engelske skjeftet. går an å bestille cast-on/cast-off, samt forskjellig fall på kolbane og. Fant eit bilete av dei forskjellige forskjefta der, og 3-shot varianten ser ut til å ha samme lengde fram til "stoppen" for løpsringen, som du sa så måtte det vore forskjellige fjærer viss løpsringen var nærmare kassa. så då må det rett og slett være ein feilproduksjon av hastingsløpet mitt.
  13. Stemmer det, skal være eit lite mellomrom der. Field service manualen er kjekk å ha, det meste står ganske bra forklart der.
  14. Gjorde nettopp dette for nokon veker sidan, og fekk samme problemet som deg. Du må skru av plata som avtrekkarane står på, den går og lenger fram. Skal være to skruar på undersida.
  15. hehe, artig sak det der har gått med litt tre til det forskjeftet Trur du skal leite lenge for å få tak i ein.
  16. Får håpe det ordnar seg Du ser ikkje kor tjukk spaceren bør være ved å sjå om barrel extention kanten står likt med kanten på låskassa? eller gjer den ikkje det på kal 16 modellane?
  17. Ja, tenkte faktisk på det. Men dei blir hovudsakleg solgt i USA. Løpet er merka med Hastings, som er namnet på distributøren i USA. Og har skjønt det slik at 3-skudds varianten er veldig skjelden der. fant lengdeforskjellen på forskjeftet mellom 3 og 5 skudds, og det er 3,17 cm. så det stemmer ikkje heilt med dei 2 cm løpet er for kort heller. Har vore mykje styr med detta løpet ja, skal bli glad når alt fungerer som det skal
  18. Fekk løpet frå verney carron i forrige veke. Prøvde om det passa i haglene, gjekk ikkje rett inn utan modifikasjonar. Kunne sjå at ejektordelen som står på løpet var for høg, og tok i bolten. Tenkte at dette fiksa eg raskt sjølv, og slipte den ned med ein bandslipar. Då gjekk bolten på plass i begge haglene. bolten låste seg heilt perfekt. nye løpet (ejektoren var lik 1970 hagla, men ørlite grann høgre en den og) frå 1922 hagla Men, så tenkte eg at eg skulle teste om den lada om ved å trykke ned løpet. Trykte ned løpet heilt, men bolten låste seg ikkje i bakre posisjon. Begynnte å samanlikne løpa, og ringen som går øve magasinet er 2 cm lengre bak på det nye løpet. når fjæra då er samantrykkt er ikkje løpet langt nok bak til å låse bolten. I tillegg stoppar ikkje løpet der det skal mot forskjeftet, men slår inn i bakkant av det i staden. studerte ein del på løpet, og når eg la det på bordet med skinna ned var løpsringen faktisk skeiv i tillegg! nye løpet øverst nye løpet gamle løpet Såg for meg at det kom til å bli eit helvette å få sendt eit hagleløp fram/tilbake til frankrike, så leverte det til børsemakar. Me sjekka med vater, og løpsringen var veldig skeiv. Løpsringen såg ut til å være limt på løpet. Han satsa på å få tatt det i neste veke. Må rett å slett være ein grov feilmontering av dei som satte sammen løpet. Har ein mistanke om at det var fordi løpsringen var skeiv at ejektoren ikkje gjekk forbi bolten og.
  19. Ok, det er notert Var ein tur på rypejakt med nye hagla forrige helg, vart berre ei rype, men såg no litt fugl. fin tur var det i allefall
  20. Den sida har eg ikkje sett! Fekk opp pris på frakt når eg la det i handlevogna, så dei sender nok til norge. Spørs om det blir speedload på gamlehagla og, greitt å ha likt på begge kostar litt då, ca 1500 for 2 p. carrieren. sjekka ikkje dei andre delane.
  21. Har hatt denne i nokon år no, og er veldig fornøgd med den! Behageleg å bære, og veldig flate reimer som er kjekt på jakt. Rypenettet skal eg ikkje uttale meg om, då eg aldri har brukt det. http://www.fjallraven.no/friluft-lappland-35
  22. Det går av å ettermontere speed-load Hassel. Du treng 50440-B1111064 – 2 Piece Carrier Assembly 12ga 50467-B1111107 – Carrier Spring 50537-B1111269 Carrier Latch 50540-B1111277 Carrier Latch Spring Problemet blir å få tak i delane. Midwestgunworks har dei, men sender Ikkje utanlands. Brownells har Ikkje 2-piece carrier, som er hovudkomponenten.
  23. Bra video om Auto-5, greit å sjå denne før demontering. Er og ein del bra tips om kva deler som er utsatt for å bli øydelagt.
  24. Får ein "ikkje for bruk" når våpen blir erverva som arv?
  25. Då vart det ei bestilling hos brownells.no. Måtte ha ny rekylfjær, då den orginale frå 1922 var 3-4 cm kortare enn den eg hadde i 1970 hagla. Bestillte like godt friksjonsringfjær, magasinfjær og boltfjær. Då får me tru det er 100 år til neste gang dei må skiftast
×
×
  • Create New...