Jump to content

flanged

Members
  • Posts

    3,403
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by flanged

  1. No er det berre å spenne fellane igjen ! Lukke til vidare ...
  2. Her byrja rakettsmellene allereie i går før det vart mørkt ! No sit eg inne på rommet til sonen min på 2 år som søv...greitt at pappa er tilstedet når kruttrøyken snart pregar gatene !
  3. flanged

    Godt nytt år!

    Godt nyttår folkens
  4. Så til min fortvilelse at Polar modellen ikkje er i produksjon lenger, og då er det vel førebels slutt på SS kasse frå Sauer i "billeg" utførelse, eller tek eg feil
  5. Håndtering av rekyl er ein treningsak, toler du treninga vil du takle grøvere rekyl etterkvart.
  6. Heym er flotte børsar @Kiwi, og eg skjønner godt at du vil ha kloa i ein slik Såvidt meg bekjent så er vell Heym den einaste produsenten du kan bestille i 450 NE over disk her i Noreg ! Biletet er saksa frå nettet, og denne PH'n er i 450/400.
  7. Kvifor akkurat Heym, @Kiwi ? Er det noko spesielt med dei sidan du har avgjort deg for produsent ? Lurar berre fordi marknaden i Noreg er veldig avgrensa på dobbelrifler i safari kaliber, og der spesielt Heym ! Edit: Ein ny 88B er frykteleg dyr, (kontra andre) og då snakkar eg om PH modellen som er fullt blotta av gravyre. Kvifor ikkje bruke kontaktane her inne (Purdey) som kan skaffe deg ein engelsk dobbel (brukt) til nestan same pris ?
  8. Predatorbekjempelse hjelper for dei som er makteslause, i dette tilfellet dverggås. http://www.naturoppsyn.no/content/50004 ... dverggjess
  9. I dag må de huske på å spenne ned fellane godtfolk, slik at regelverket for oss fangarar blir halde ! Ynskjer de God Jul og Godt Nyttår i hi og heimar
  10. Spennande. Alltid like moro når julenissen "trekkjer våpen".
  11. Kanskje det var litt varmare i fua og sitja på dyret kontra snøen
  12. Éit bilete til av same bukken. Dei gamle er enno eldst, og alt skryt til Otto-The Dog for fantastisk arbeid. Utan rutinen hans ville det ikkje vorte dyr forklarar skytteren
  13. Ja, det er det ! Eg har gjeve dykk informasjonen som eg sjølv har fått. Bukken er ikkje vege, men skyttar opplyser at han er stor i kroppen òg. Han er felt i Telemark, nærare avgjort Hovin i Tinn kommune. De får prøve å glede de over ein flott bukk då kanskje ?
  14. Dette er noko de byrd kontrollere på lik linje som fjører når de kjøper feller. Liten vits med kraftige fjører når resten av kvaliteten ikkje held mål. Sverger sjølv til Belisle. Han virkar solid der han skal vere solid ! Både fjørene og bøylene held lengre enn dei andre eg har prøvt... Feilslag blir opplevt med cb fellar, men som oftast blir skulda dette brukaren og ikkje fella ! For lite vandring til fjørene, dårleg fest felle, treg avtrekker, frose avtrekker, for langt sprik mellom utløserpinnene, rust, gamle fellar etc etc etc...
  15. Kvifor lurar du på det, skal du kjøpe kjøt ? Slapp heilt av, du er ikkje bedt til bords !
  16. Arbeidskollega Haugan med full klaff på storbukk i går. Bukken vart skutt etter 3t stålos med 6.5x55. Ei god bikkje heldt godt grep om bukken som berre rørde seg 5 m alle desse timane. Begge greinene på trofeet mæler over 1 meter, dei er mørke med 14 ljose og pene spissar. - Han skal bli bedømt og utstoppet.
  17. Dette er ikkje noko problem Aron1 Éit tips er å montere ein trekloss i botnen av fellehuset der du trer slagbøylene ned på kvar side. Denne treklossen bør vere så høg at han nestan treffar utløserpinnene når dei står normalt (ubøyd). Borr så éit hol på kvar side av klossen ca 3.5 cm inn ! Dette kan gjerast med éit 8mm trebor. Mæl deg inn og gjer det same gjennom taket på fellekassa slik at desse hola blir sentrert med klossen. Når du no monterer fella kan du ta ein kvist og trekkje frå toppen av fellehuset, gjennom slagbøylene og ned i klossen. Dette gjer felleåpningen betydeleg mindre, og måren blir tvinga gjennom avtrekkeren. Eg brukte denne fremgangsmåten den gongen eg fanga med 220 for å minske rammemålet på fellene.
  18. Herleg oppsummering og illustrert innlegg Perpålsa, slike gode innlegg har eg lengta etter her inne. Gratulerer så mykje med full klaff i år, og hunden din ser like nøgt ut som deg, ein flott hund forresten
  19. Det er akkurat slik eg kunne tenkt dette "oppsettet" villreinjegeren. Sjølvsagt er det her òg eit pris spurnader, vis differansen blir stor mellom montasje systemet. Takk for info og meiningar folkens, dei skal alle bli teke i betraktning når tida er inne. Eg er overtydt om at dette blir bra
  20. Sjølvsagt eit høve det òg, amatør. Kjenner godt til den montasjen frå ein drilling eg åtte. De nemner "høg montasje" (sving) og eventuelt påfølgjande problem med stokk/kinn kontakt. Eg har valt GRS stokk til Saueren. Årsaka til optik skifte blir skulda høvet til fleire kaliber i same kassa
  21. Takk for alle innspill folkens Den Saueren eg brukte på banen var ein Takedown med svingmontasje. Eigaren har ein Sauer 202 Elegance i tillegg, og han brukar same kikkertsikte på begge børsane. (har berre kjøpt lause ringar) Det heile virka utruleg enkelt og sikkert.
  22. Sjølvsagt har individet egenverdi Jenny, og dei fleste er så heldige at dei òg har nytteverdi i form av mat og pels
  23. Det er så mange lydar i skogen frå før så eg har aldri fokusert på dette om kleda bråkar litt ! Er meir påpasseleg med vind, kvist knekk, gå/posterar i siluett eller unaudsynte kjappe rørsler... Ein annan ting ein bør tenkja på når ein driv bandhundjakt, er tryggleik ! Dette spesielt om dykk er fleire i laget. Kan godt tenkja meg å døy på post eller i jakt, men ikkje bli drepe !!
  24. No har eg endeleg fått prøvt både Blaser og Sauer skikkeleg ! Etter fleire turar på skytebane, er valet teke på Sauer 202 til fordel for Blaser. Ikkje misforstå, Blaser er sikkert bra børsar det òg Trudde lengje at sikringa på Sauer ville skape problem med mine pølsefingre, men med litt trening så fekk eg det godt til sjølv med hanskar Kjem mest sannsynleg til å kjøpe ein i 6.5x55 først, slik at eg får selt min Sako i same kaliber... Kva for ein kikkertmontasje tilrår de når ein skal bruke ulike kikkertsikte på same kassa ? Er svingmontasje det rette valet ?
  25. Oi, her var det mange spurnaden. Får byrje med og gratulere med mår i fella Det er mykje mystikk rundt fangst, ein gjer alt riktig etter "boka" og enno smett han eine etter den andre måren forbi ! Sånn vil det di verre alltid vere med fangst, nokon mår vil rett og slett ikkje gå i, uansett kor mykje arbeid ein legger ned. Når dyppa du fellane dine i Speed Dip, og snakkar vi her om reine stålfeller utan trevirke o.l. ? Denne dye'n må avgasse seg eit bel før utsetting, gjerne fleire veker på sommaren. Renset du fellane først ? Viss du har gjort dette, så er det ingen feil med fella og vi kan utelukke han som årsak til lite fangst. Som åte fungerer generelt honningåter i mildvêr og kjøttåter i kaldt vêr. Luktestoff er ikkje åte, men ein duftatraktor som skapar interesse hos dyret. Når måren kjenner duftene, så vil han kome for å utforske dette. Viss åtet ditt då er bra, så går han som oftast i. Åter bør skiftast ut kvar veke i byrjinga av sesongen. Dette blir skulda mildvêret. I kulde periodar held åtet seg lengre ferskt, men honningåter fryser til ein klump som gjev dårleg, viss inga lukt. Nokre feller og felleset har på førehand avgjort kor mykje åte du kan ha. Kania, Aasbø, Hovden, Syning er typiske fellar kor åtekammeret er gjeve. Fleire og fleire brukar conibear variantar etter måren. Desse skal kasse si inn etter gjeldande regelverk, og her kan ein avgjere sjølv kor stort åtekammer ein vil ha. Sjølv brukar eg åter på storleik med ein tennisball ! Dette åtet er samansett av ulike søtsaker, kjøt, honning og anis. Sidan vi no er inne på åter, så gjev innforing før fangststart deg svar på kva for fellar måren vitjar. Feil plassering er ofte nøkkelen til dårleg fangst. Det å observere mykje mårspor tyder ikkje alltid på at det er mykje mår i skogen. Måren kan vere utruleg aktiv. Han kan vandre over store område og vitje mange felleset.
×
×
  • Create New...