Jump to content

flanged

Members
  • Posts

    3,403
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by flanged

  1. Då er det berre å ynskja ALLE lukke til denne sesongen Regnar med at nokre spenner fellane allereie i morgon eller i natt ! Mvh Bjørn.
  2. Kva med denne frå same butikk, er han noko særleg betre etter gjeldande lovverk ?
  3. Sant nok så har eg den boka, men eg synest oppskriftene er både få og lite innholdsrike.
  4. Hei, Hemmelighold er vel éit omgrep som høyrer godt heime i fangstmiljøene, men dristar meg til ein ny tråd om luktestoff. Slike ferdig fremstilla duftar er dyre viss fangstruta strekkjer seg til 40 fellesett av ulike slag og artar, så kvifor ikkje dra dette tilbake til røtene ... Mange gode luktestoff er vorte produsert fram på "kjøkkenbenken" gjennom historia. Sjølv er eg veldig fersk og interessert i framstilling av dei "gode duftar" men manglar her mykje kunnskap. Er det nokre som vil dele litt kokkekunst med oss eller sit på gode oppskrifter ?
  5. Eg pleier å vere raus med honningen under innfôring. Både trestokken/stammen og fella/kassa får rikelig med søtsaker. Dette gjer eg mest for å trekkje inn så mykje mår som mogleg før fangsten. Eigenleg er innfôringa den perioden som krev mest åte og tilsyn, med tanke på etterfylling og eventuelt flytting. Vêr ikkje redd her om mus spisar opp ein del åte under denne perioden, dei står òg på dietten til måren Når det gjeld luktestoff, så ser eg på det som eit hjelpemiddel til å trekkje inn mår frå éit større område eller vandrings mår. Sjølv brukar eg berre slikt stoff i/ved fella, og heller ikkje mykje av gongen. Eg pleier òg å hengje opp ein duevinge (innflagging) ved fellesettet, berre for å gjere måren nysgjerrig.
  6. Samd med @knutis at Duke sine CB er svake og at det finst fleire betre variantar der ute. Eg lagar kassane mine av finér og minknetting. Viss nokre er bekymra for lukta av finér, så brukar eg å gni inn kassane med jord, tørr maurtue og vrakhonning. Kassane hengjer ute heile året, blir berre skifta ut når dei er utslitne av vêr og elde.
  7. Eg ville gjørt følgjande med Syningfella ! 1) Kappa ned éit tre ca 1,5 meter opp ! 2) Borret hol i botnen av fella og skrudd fella fast oppå trestammen. 3) Montert ein skråstokk/stokken til oppgang som blir avslutta ca 20 cm frå felle opning. - Hugsar å hent løyve frå grunneier før eventuelt nedskjæring av tre. Dette er musesikkert... D.D - Ein Duke 155 er 15,5cm i saksa ! Viss du skal bruke han i ei kasse, må du påberegne litt større plass pga utløyser og vandring av fjørar...
  8. Håplause tilhøve for innfôring i områda mine om dagen Det blir sendt ut flomvarsel med jamne mellom rom, og med slikt regnfullt vêr så overlever åta toppen nokre få dagar. Regnar med at måren ligg under ei tjukk gran eller ein stein og forbanner dette vêret han òg ...
  9. Nybegynner felle kan vere så mangt, men feller som er enkle å betene klassifiserer eg som gode start feller.
  10. Dei gamle er enno eldst ! Fattern (71 år) med rådyr i dag, den første for drevertispe Rådyret sto stille på 130m med bredsiden til, 223 Rem og Zeiss gjorde susen saman med ein stødig kar til å vere pensjonist
  11. Hei @Ruubski, bra du har tenkt å få ut fellane i år òg Syningfella har vore diskutert før ! Les litt i denne tråden og lukke til under sesongen... viewtopic.php?f=112&t=33079
  12. Takker @maral, då veit eg kva eg må gjere ved flytransport
  13. Sidan du allereie har bygd deg ein custom 375 H&H, så hadde kanskje ein 300 H&H òg vore eit godt alternativ til 244 ? Her éit par matched custom prosjekt i 375 og 300.
  14. Eg fann ingen andre enn H&H som kan ha ferdig ammunisjon i dette kaliberet ! Uansett så er hjemmelading tingen, om du finn dei komponentane du treng....
  15. Han blir den same fella som eg har i "avataren" @fangstgutten Ein Gävleborgsfälla S 16 typegodkjente felle til mår frå Svenska Jägerförbundet.
  16. Sauna-børse er mykje betre enn Nazi-stål Neida, ein må sjå ann behovet ! Sjølv treng eg ikkje éit ekstra skap med ulike løp i ei rekkje kaliber, men ei eller tre gode riflar som eg kan byte på... Regnar med at trådstarter tenkjer det same ?
  17. Eg har ein Sako 85 Laminat SS i 6,5 som eg har brukt på hjortejakt i haust. Er godt nøgt med rifla etter kolben vart gjort om til justerbar. Har i grunn lyst på ein Sako 85 Varmint i 223 til rådyr og småviltet, men kjem til å bruke han eg har enn så lenge..
  18. Nøgt ! Fekk i dag mail frå Sverige med ein bekreftelse på at eg kunne bestille mårfeller og få sendt dei i posten. Blir nok ein del dyrare enn Belisle dette, men moro med noko anna òg
  19. Det er det som er det fine med fangst @Bluto, ein blir aldri utlært uansett kor lengje ein held på Eg har trua på talg frå elg, køyr på
  20. Ser at Jaktfall.no har hyggelege prisar på Fenn mk4 Desse må prøvast ... Brukar dere Dye òg på røyskatt fellene ? (dei som berre er i metall)
  21. Sit og ser ein del snutter på Youtube om weasel-trapping, og det freistar med slik fangst. I området rundt her eg bur, har eg ikkje observert mykje røyskattspor, men eg har sett dei nokre gonger på jobb langs jernbanen. Undrar på om beverkjøt kan brukast ? Luktestoff trur eg kjem til å bestille frå NW Trappers ... Trur nok eg kjem til å gå for Rapp Rottefelle i heimelaga felleboks, men har nokre av dykk prøvt Oneida Victor Conibear mod. 60 eller 50 til røyskatten ? (sjølvsagt den òg i felleboks)
  22. Tipset mitt er å bruke mykje tid til sporing. Ingen krysningspunkt = ingen mår ! Det virkar som om måren er veldig vanskeleg å lokke i fella meir enn nokre titalls meter. Ein stokkfella bør du ha mange år, og han er ikkje god å flytte på Med dette i bakhodet så byrd du bruke mykje tid til å finne éit slikt krysningspunkt hvor du kan fange mår kanskje éit titalls år. Slike krysningspunkter er skildra i fleire andre trådar, men hugsa at observering av mårspor på éit gjeve stad ikkje naudsynlegvis fastslår dette til slikt punkt ! Som regel må ein merke seg slike stader i terrenget og studer dei nøye heile vinteren og spesielt under vandringen. På denne måten kan du plassere/byggje ei god stokkfelle.
  23. Fint. Lurar i grunn på korleis dette siktet er eg òg. Kunne godt tenkt meg eit slikt sikte (matt) på ei dobbelrifle !
×
×
  • Create New...