Jump to content

flanged

Members
  • Posts

    3,403
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by flanged

  1. Produsenten (LB) vil ikkje at nokre skal tukle/modifisere fellane sine når dei kjem ut frå garasjen hans og ut i butikkane. Eg har sjølv sett korleis desse fellane blir kontrollert, og metoden er på ingen måte verd hans eige garanti stempel. No må vi òg huske på at desse fellane blir montert saman manuelt, og menneskelege feil skjer. Desse fellane har vist seg å fungere mykje betre etter modifisering. Minkfellene skal eg vere samd med deg i, dei er gode. Dette blir skulda "ledetuten" som eliminerer éit kvart feilslag viss fjørene er nye....kanskje mårfella skulle hatt noko liknande !? Utvalg..slike sammensetninger av merkte menneske smakar surt, berre i namnet....men ein TYPE GODKJENNING stiller eg meg 100% bak. Noko slikt skulle absolutt vore på banen for mange år sidan. Det finst mange "uavhengige" og dugelege fangstfolk som kunne teke på seg denne jobben i Noreg. Testa fellane kvar for seg og konkludert kva for ein feller som tilfredstiller kravet til ei god slagfelle.
  2. Kva for fløytar brukar de no på denne tida ? Kor intenst lokkar de ?
  3. @knutis er ikkje og somlar seg bort på viddene her @donner. Vi har inga godkjenning stempel her i Noreg på slagfeller, berre éit krav på korleis mekanismen skal fungere. Éit anna krav er at han skal vere kraftig nok til å drepe humant. Syningfella har til trass for kva du eller nokre andre seier bevist ved bilete, at han fungerer dårleg. Så ord mot bildebevis er slåande ! Om nokre syningfeller fungerer tilfredstillende kan òg hende.
  4. Noreg slå i hel ein 1000år gammal tradisjon og fangstkultur med éit pennestrøk. Nokre meiner nok dette var ein bra idé, medan andre godt kunne tenkt seg nokre minutt med bødleren i ein bakgate ! Eg har tidlegare hatt dialog med DN om båsfangst av rødrev (forsking retta), den dialogen kjem aldri i livet igjen. Korleis det går med Vestmann kjenner eg ikkje til, men håpar inderleg det går framover.
  5. No er det forholdsvis mange kaliber som ikkje er hyllevare @Erikr men folk handlar slike kaliber likevel. Tenk på alle flanged-kaliber til brekkvåpen o.l. Likar mykje 300wsm pga den korte kassa ! Satsar som skildra på å kome igang med lading
  6. Som skildra tidlegare, har eg valt å gå for ein 300 wsm. Blir eg ikkje nøgt, så sel eg han Gleder meg til mange timar på skyttebanen, der avstandar og kular/krutt skal utprøvast. Har skaffa meg ein lade-fadder, så ting ser igrunn lyst ut
  7. Må ærleg innrømme at denne jaktformen blir meir og meir interessant Slik jakt er "nestan" gratis og virkar utruleg spennande. Sidan vi allereie har ein tråd om åtejakt, vil det passe med ein tråd om lokkejakt ! Ideén bak denne tråden er å få eit oversyn over dei revane de skyt ved hjelp av lokk i 2013. Tenkte òg eg skulle lage ei liste etterkvart som viser dokumenterte fangstar, men då må det leggjast ut bilete... Bruk òg tråden til "alt om lokkejakt etter rev"
  8. Eg er ikkje 100% sikker, men meiner at synt-stokken til 85 M er hol og ikkje solid som 75 M ! Viss det er tilfellet opplyser Sako at ei rifle i 300 wsm vegar 3 kg (85 M) Kkc sin stokk veg 1110g og kikkerten 640g. I tillegg kjem tofot... Eg regnar no med at det blir ein 300 wsm, og dermed mitt første magnumkaliber i skapet. Blir eg ikkje nøgt, kan han alltids seljast eller blir gjeve bort ! Takk for alle innspill folkens
  9. Dine måleenheter gjev meg beklageleg lita hjelp Sauer 150, sidan eg ikkje lader sjølv. Ser no at med ein veksande våpengarderobe byrd hjemmelading meir og meir prioriterast Kvifor eg vil ha ei rifle til er igrunnen fordi eg kan, og har ledig kapasitet ! Veit ikkje kor tung riggen blir, men det blir ein Sako med kkc stokk og Swarovski sikte. Eg veit ikkje kor lange skuddavstandene pleier å vere i utlandet, men ser og les at dei varierer med mange meter. (ofte langt) Det hadde då vore greitt med éit kaliber som skyt forholdsvis flatt ut mot 350-450 m. Sidan eg likar Sako svært godt, og sidan dei kamrer for begge kalibera ville eg høyre kva de meiner om dette.
  10. Eg bestilte ein 300 H&H i fjor, men har ikkje korkje fått noko børse eller fått noko melding om korleis det ligg ann med han Søknaden har no gått ut på dato, og det blir ikkje levert nokre ny ...
  11. Fleire gode argument her Ynskjet er som sagt å ha éit kaliber med nok trøkk etter storvilt på lengre hold. Nokså flat kulebane er òg éit ynskje. De som legg igjen ei avstemming kan godt skrive kvifor òg, ingen skal hengje nokre for det
  12. Hei, Grev og spør litt no, men eg har avgjort meg for å investere i éit av desse 2 kalibera. Kva for ein av desse meiner de eignar seg best til storviltjakt, både her heime og høyfjellsjakt i utlandet der avstandane kan bli lange. (ibex, moose, caribou, o.l) Eg har riflar i 9.3 og 6.5x55, men vil ha ein i mellom til slik jakt som nemnt
  13. Sit igjen med heilt lik oppfattelse, ein ser godt kva for ein mår som ikkje omkom umiddelbart i ei felle. Litt treig avtrekker er ofte årsaka til at måren kjem litt langt inn i fella før han utløysast. Bra fangst olaf12
  14. Eg hadde eigenleg gledt meg til litt harajakt no på nyåret, men Statskog har innført båndtvang etter nyttår, såg det vart det ikkje noko av
  15. Kor mykje kan eg kappe éit 22-250 løp før gjenging og montering av dempar ? Ps: Vil ikkje ha munning flammar !
  16. Eg brukte og kjem nok vidare til å bruke ein Sako M85 med Z6i 2.5-15x56. Kaliberet er 6.5x55 og patronen ein ferdigrulla Norma Nosler Partition med 9,0 gr kule.
  17. Godt det er fleire som siklar på ein Sako i dette kaliberet Sjølv kunne eg tenkt meg ein KKC stokk til denne. På heimesida til Sako står det SM, er ikkje det kort bolt med medium kasse ? Magasin kapasiteten er opplyst til 4+1.
  18. Takk for gode svar Våpenet, om det blir 270 eller 300, er tenkt brukt til jakt der det blir skote på lengre hold. Har ikkje magnum kaliber frå før så difor ein del spm...
  19. Ser for meg at kassa blir ein god del breiare i våpen med wsm kaliber kontra "vanleg" magnum. Vil dette virke klumpete og slit desse kalibera meir på pipa/kassa enn andre kaliber ? (eg har sett på Sako som kamrer til begge wsm kalibera)
  20. Sit med nokre spurnader andsynes wsm i 270 og 300. Er det slik å forstå at 270 - 300 wsm berre er ein feit variant av 270 win og 300 wm og med same eigenskapar som desse i ei kort kasse ? Eg har lese at bolten kan "lugge" litt under skyting med wsm, kvifor ?
  21. Hei, Synst dette kaliberet blir meir og meir interessant til jakt på lengre hold. Her brukt (av kanskje kjentfolk) på hjortejakt i NZ. Ein jakt som lokkar utruleg mykje http://m.youtube.com/index?desktop_uri= ... AsjObzBsuY
  22. Ja, eg veit det er ei fordyra utgåve av Success Professional,- @Kolbe-Rolf Så på heimesida til Beveren Sport at denne Blaser modellen var og bestille. Dyrt ?? Tja, ein må betale for kvalitet, og stokken likte eg veldig godt. ( Eg har òg studert 303 Syncro XT, men det er ein annan tråd )
  23. Nokre her som har kjøpt ein R8 med denne stokken og kan fortelje litt om han ? Sjølv synest eg stokken ser tøff ut !
  24. flanged

    Sauer 303

    Eg kjem til å gå for 8x57 når eg handlar 303. Haldar i massevis til "jakta" mi
×
×
  • Create New...