Jump to content

Papi

Members
  • Posts

    222
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Papi

  1. Eg er ikkje den som skriv så fryktleg mykje her på kammeret, men dette tykte eg var særs hyggelig lesnad. Stå på, og for på motivasjon, dette er knall!
  2. Og DER er eg usamd, eg tykkjer avtrekket til M&P er betre enn Glock sitt, anytime. Poenget mitt er at det finst så utruleg mange tankar, preferansar, og slike ting som kjem i føringa av kva våpen du vel. Eg starta med Glock 17, følte meg betre med CZ75 SP01 Shadow i 9x19, og no skyt eg konsekvent kun Remington R1 1911 i .45 i Classic. Prøv, klå, sjå, prøv litt til, og finn noko DU finn fornuftig! Det er taktikult å skyte Glock, det er fornuftig å skyte CZ75 Shadow, men det er awesomt å skyte ein 1911 i .45.
  3. Papi

    1911-tråden

    Eg har også ein R1, med Wilson Combat forlengja rekylstang, og den fungerar gull. Har i tillegg Shootng Star classic 8rd. military magazines, og ikkje hatt matefeil med denne, fram til no, på noko vis, anna enn når eg er borti betjeningsorgana. Wilson Combat sleidestopp, venstresikring, og magasina. Har til no skote rundt 2000 skot med denne sidan eg kjøpte den, dog kjøpte eg den brukt.
  4. Eg berre kopierar det eg skreiv i ein annan tråd. Har ikkje redigert eller teke vekk frå den andre tråden, så eg berre klipp det inn her. Beklager om det ikkje er heilt etter det du ber om. Dog er det viktig åhugse på at dette er min erfaring. Per dags dato har eg prøvd forskjellige hylster; DAA PDR Low-Ride, DAA PDR-Pro, og Ghost ultimate-hylsteret. Skreiv ein liten omtale om PDR Low-Ride: viewtopic.php?f=97&t=99871 Eg begynte med PDR Low-Ride, kjempeflott hylster; MEN det stoffet på innsida av hylsteret hemma meg når eg skulle trekke. Sjølv etter fleire tusen trekk, tykte eg framleis at hylsteret "hang" att for mykje i beltet, trass i at eg hadde slakka strammeskruen så mykje som var fysisk mogleg før den datt av. Elles var eg nøgd med dette hylsteret, men innsida av dette hylsteret gjorde at eg gjekk over til PDR-Pro. Dette hylsteret har ikkje det same irriterande stoffet på innsida, og det var straks mykje lettare å trekkje. Pistolen vart litt meir oppskrapa, men det hadde eg ingen problem med, pistolar er forbruksvare. På dette hylsteret er også festet meir justerbart, dog kanskje verkar det litt meir "skralt" enn Low-Ride. Kjempegodt hylster, men følte framleis at eg måtte trekke pistolen opp rimelig longt før pistolen gjekk klar av hylsteret, så det enda som det gjorde, til neste pistol, kjøpte eg eit Ghost Ultimate. Ghost Ultimate er eg utruleg nøgd med på alle måtar, trekktida er kortare, bevegelsane mindre, og færre. Dog til neste pistol, vil eg sjekke kva moglegheiter eg har, kanskje eg likevel skal prøve meg på eit DAA speed-hylster. I forhold til kva rigg ein skal kjøpe seg... Alt av hylster kan ein få til alle våpen, om ein leitar godt nok. og tykkjer eg det viktigste er at ein prøvar dei forskjellige, så du ikkje endar opp med å ha ein heil haug med forskjellige hylster som du ikkje er nøgd med. Har du anleiinga, og gode nok venner, burde det ver mogleg å få låne rigg og våpen, teste nokre dagar, berre for å få ein liten feeling over kva som funkar. Til Shadowen i production, har eg DAA inner- og ytterbelte, CR-speed magasinhaldarar, den fremste med magnet, og Ghost ultimate hylster. Til 1911'n i classic, har eg kjøpt DAA inner- og ytterbelte, kjøpt Nakling-haldarar, og spekulerar på hylster. Men blir most likely eit speed-hylster av noko slag, føler desse er meir lettomsettelige når dei eingong skal selgjast att. Når det gjeld belte; CR-speed-belta er mjukare og mindre stive enn DAA sine. Einkompis har CR-speed, og han kunne tenkt seg eit DAA-belte, då stivheita er svært fin når ein har ein rigg som skal "være på plass" heile tida. Litt for mykje "wiggle-wiggle" i CR sitt belte.
  5. Stemmer, ta kontakt med forhandlar, så fiksar dei dette. Og GRS er forøvrig veldig kundevennlige uansett, så dette fiksar nok dei, om ikkje forhandlar vil ta det.
  6. Papi

    1911-tråden

    Då har bror min kjøpt seg ein GSG 1911 standard, i .22, og vil no ha seg ein 9x19 1911 også. Kva er det folk anbefalar av 9x19 1911? Det er litt som å kome med ein mellomtung Ninja, når alle andre i familien har fulleffektar.. Det får no berre våge seg. Han er bitt av 1911-basillen iallefall.
  7. Eg har; Ruger 5-skotsmagasin Ruger 20-skotsmagasin Promag 30-skotsmagasin Dei originale stålmagasina fungerar gull. Aldri hatt nokon form for problem med desse. Promag sine har derimot ein tendens til å ville "sprute ut" patronene ved handtering utanfor våpen, og i våpen. Leppene held tydeligvis ikkje godt på patronene om du har rundt 25-30 patroner i desse. Har også meir mateproblem med desse promag-greiene. Tanken med min Mini-14 er også å bruke den til dynamisk.
  8. Per dags dato har eg prøvd forskjellige hylster; DAA PDR Low-Ride, DAA PDR-Pro, og Ghost ultimate-hylsteret. Skreiv ein liten omtale om PDR Low-Ride: http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=97&t=99871 Eg begynte med PDR Low-Ride, kjempeflott hylster; MEN det stoffet på innsida av hylsteret hemma meg når eg skulle trekke. Sjølv etter fleire tusen trekk, tykte eg framleis at hylsteret "hang" att for mykje i beltet, trass i at eg hadde slakka strammeskruen så mykje som var fysisk mogleg før den datt av. Elles var eg nøgd med dette hylsteret, men innsida av dette hylsteret gjorde at eg gjekk over til PDR-Pro. Dette hylsteret har ikkje det same irriterande stoffet på innsida, og det var straks mykje lettare å trekkje. Pistolen vart litt meir oppskrapa, men det hadde eg ingen problem med, pistolar er forbruksvare. På dette hylsteret er også festet meir justerbart, dog kanskje verkar det litt meir "skralt" enn Low-Ride. Kjempegodt hylster, men følte framleis at eg måtte trekke pistolen opp rimelig longt før pistolen gjekk klar av hylsteret, så det enda som det gjorde, til neste pistol, kjøpte eg eit Ghost Ultimate. Ghost Ultimate er eg utruleg nøgd med på alle måtar, trekktida er kortare, bevegelsane mindre, og færre. Dog til neste pistol, vil eg sjekke kva moglegheiter eg har, kanskje eg likevel skal prøve meg på eit DAA speed-hylster. I forhold til kva rigg ein skal kjøpe seg... Alt av hylster kan ein få til alle våpen, om ein leitar godt nok. og tykkjer eg det viktigste er at ein prøvar dei forskjellige, så du ikkje endar opp med å ha ein heil haug med forskjellige hylster som du ikkje er nøgd med. Har du anleiinga, og gode nok venner, burde det ver mogleg å få låne rigg og våpen, teste nokre dagar, berre for å få ein liten feeling over kva som funkar. Til Shadowen i production, har eg DAA inner- og ytterbelte, CR-speed magasinhaldarar, den fremste med magnet, og Ghost ultimate hylster. Til 1911'n i classic, har eg kjøpt DAA inner- og ytterbelte, kjøpt Nakling-haldarar, og spekulerar på hylster. Men blir most likely eit speed-hylster av noko slag, føler desse er meir lettomsettelige når dei eingong skal selgjast att. Når det gjeld belte; CR-speed-belta er mjukare og mindre stive enn DAA sine. Einkompis har CR-speed, og han kunne tenkt seg eit DAA-belte, då stivheita er svært fin når ein har ein rigg som skal "være på plass" heile tida. Litt for mykje "wiggle-wiggle" i CR sitt belte.
  9. Fordi eg skal ha ein rigg for kvart våpen eg brukar. Eg har forskjellige magasinhaldarar og plassering på beltet for kvar av tingja, avhengig av antal magasin, så det er litt mindre stress å då berre bruke eit belte til kvart våpen. Aldri prøvd eit DAA-hylster, men er veldig nøgd med Ghost-hylsteret mitt. Burde prøvd DAA, men førebels er det lite anleiing til å kome seg rundt og prøve.
  10. Eg må kjøpe meg hylster til classic-riggen. Er godt nøgd med mitt Ghost The One-hylster til CZ'n, men er det nokon særskild forskjell mellom dei to hylstra, anna enn mangelen på barrel-support? Nokon tankar om dette?
  11. Papi

    1911-tråden

    Er det nokon som har kontaktinformasjon til Kåre Gårder/bakern? Mail evt.? Eg treng sårt skifte av skur på to våpen Edit: Då er Remingtonen på veg til baker'n for nytt justerbart skur!
  12. Om folk har bileter om sin Mini-14, post dei gjerne her! Mange andre våpen har dedikerte trådar, så tenkte det var på sin plass med ein her også. Har per dags dato ein 581-modell, med både original tre- og syntstokk, men har på ein Archangel Sparta-stokk på den no, då eg vil prøve den som dynamisk rifle. Har lyst å kjøpe den nye Precision-stokken som visstnok kjem ut i desse dagar. Går på skule i Nord-Trøndelag for tida, så får ikkje brukt mykje tid på våpna lengre, men skal fikse bileter så snart eg er heime att! Er det mogleg å få tak i M14-lookalike flammedempar til Mini-14 her til lands?
  13. Eg fekk innvilga .22-topp til min Glock 17, utan å ha riktige behovet for reservevåpen. Skreiv eit skriv i tillegg om at eg ville ha eit rimeligare alternativ til mengdetrening, med same pistolen, i eit mindre kaliber. Fekk telefon frå våpenkontoret, der eg avklarte i detalj kvifor, og dette var vel nok, så det fekk eg innvilga. Då med klubben sin velsignelse, og ein anna pistol i .22. Lærdomen? Velbegrunna grunngjeving, og litt audmjukheit.
  14. Papi

    1911-tråden

    Kven som har siktet med minst fiberoptikk, til Remington R1? Har vore plaga med fiberoptisk korn som har dekt for mykje av blinken på andre pistolar når eg siktar, og ynskjer noko mindre.
  15. Papi

    Ny Mini 14 kolbe.

    Eg har Archangel Sparta-stokken til min Mini-14, men fekk lyst på denne i grunn.. Nesten slik at ein burde spare gitt!
  16. Papi

    1911-tråden

    Frå R1 FAQ: "The 1911 R1 utilizes a standard Novak type front and rear sight cut. Other sight options available through outside sources will need to match this dovetail cut in order to be installed with as little potential for damage to the slide as possible." Eg har Novak natt-sikter per no, og vil ha fiberoptisk korn, og justerbart skur. Det originale kornet føl med, men er utan fiberoptikk, og ynskjer å ha moglegheita til å justere.
  17. Papi

    1911-tråden

    I forhold til sikter, hvilken "cut" er det som er på Remingtin R1? Er det noen form for standardisering på disse?
  18. Papi

    1911-tråden

    You can't beat a true classic. Min Remington R1 Enhanced i .45. Elskbar pistol, fått litt lettare oppgraderingar med seg då eg kjøpte den, og den fungerar GULL. No må eg berre konsentrere meg om å treffe noko, då sikta er way off. Forslag til justerbart skur? Føler meg rimelig klar for å stille i classic major, manglar berre eit hylster til pistolen no, reknar ikkje med at eg får bruke skulderhylsteret som fulgte med pistolen.
  19. Har handla fleire ting på forskjellige forum, både her og andre stadar, og har alltid gått inn for at eg skal betale forskot når eg skal kjøpe noko hos andre. Når eg skal selgje, likar eg å ver optimistisk og positiv til kjøpar, så så lengje det berre er snakk om nokre hundrelappar, kan eg godt sende i den tru at eg får pengane. Som sagt over, om nokon vil gjere seg til tjuvar for nokre hundrelappar, så for all del, det slår nok attende på dei. Det skal seiast at eg alltid har fått betalt, dog har det ein og annan gong teke litt lengre tid enn andre. Dog, i forhold til våpen, krev alltid godkjent søknad i henda før eg send avgarde noko. Dei kan ha sendt så mange pengar dei ville til meg, men ingenting vert sendt frå meg utan at godkjenninga er meg fysisk i hende og i orden. Forøvrig kan eg fortelje, om at her på Kammeret, når eg har kjøpt ting, har selgjar nesten alltid sendt avgarde det eg har kjøpt, før eg har betalt. DER snakkar vi om tillit, noko eg ynskjer og håpar ein fortset med her!
  20. Papi

    1911-tråden

    DÅ har eg sendt våpensøknad avgarde i posten, og betalt ein.... Passelig sum pengar for ein brukt Remington R1 Enhanced. Er blitt student no, så burde vel ikkje gjere dette, men.. Skitt au! Trur dette vert ein grei invistering for framtida! Gler meg til å få henta den!
  21. Maglula Uplula: http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=97&t=99868&hilit=%C3%A6rleg+fr%C3%A5+papi
  22. Finst det magasinhaldarar til Mini 30 og Mini 14, ala denne varianten som folk veit om, som faktisk passar? Vil gjerne ha ein haldar som eg kan ha i beltet, til eit magasin, som er komfy og praktisk, helst i kydex/hardplast.
  23. Eg har hatt min 12/70 R870 ein stund no. Kjøpte den original, hadde gått lite, og fungerte flott. Så kjem problema. Eg som alle andre har sett filmar, seriar, bileter av tøffe 870'r. Eg ville ha ein tøff ein. I utgongspunktet var det originale tre-settet bra, men det var "klassisk". Egville ha noko litt tøffare. Eg kjøpte fyrst Hogue Overmolded stock and forend for my shotgun. I was satisfied with the kit, altough the earlier problems, about the slippery surface of the wooden-parts, soon were almost a necessity. Hogue overmolded sit som limt til henda dine, så å til dømes å ha ein patron i venstre hand, for så å drage skjeftet attende, og smette i ein patroni kammeret, verka som eit problem. Funka feitt det kitet, men etter litt fekk eg tilbod om å kjøpe Magpul sitt sett. Per i dag står dette på. Eg monterte på ein sidesal med plass til seks patroner, forlengjar så eg kan ha fleire patroner i tuba, som er veldig kjekt på haglebana, og fiberoptisk sikte oppå lufterilla. Fordelen med Magpul-stokken, er at den er justerbar i den forstand at du kan tilpasse den med eit flat-skrujarn. VEldig kjekt å ha moglegheita. I tillegg kan du montere kolbeforhøgarar, originalt også Magpul, som kan hjelpe deg om du har behov for dette. Per i dag er det Magpul-settet eg har på no, og eg storkosar meg med den. Ja, den er tung, men det tykkjer ikkje er eit argument i grunn, sjølv på lengre turar. Det finst nok av andre ting ein kan slanke ned på, lengje før den tid. Eg storkosar meg med hagla, og vil tru at dei aller fleste som kjøper same hagla, også vil kose seg med den. Den får ned duene den også, den som toløparane.
  24. Hva finnes av gode montasjer til pistol? Hvilken fabrikanter er det som går igjen? I mitt hode tenker jeg da til pistol med utstyrsskinne i rammen, men også som er mulige å skru fast i siden på rammen. Og hva er det som går igjen av sikter? Bushnell TSR-25, Burris Fastfire, og Leupold Deltapoint er det jeg har kommet over. Hvilken andre finst det?
  25. Papi

    1911-tråden

    Jeg rant i overkant av 100 stk. 230 grains ball gjennom den forrige helg uten antydning til funksjonsfeil. (...) Set pris på fleire kommentarar etterkvart som du skyt den, eg er nemlig interessert i same pistolen, ser den kjem på ein grei pris heri Noreg, så spekulerar kraftig ja...
×
×
  • Create New...