Jump to content

Papi

Members
  • Posts

    222
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Papi

  1. Papi

    Glock-praten

    http://www.glockstore.com/dawson-precis ... ck-magwell" target="_blank Der du har bestilt deler? Er det nokon problem å bestille herfrå?
  2. Papi

    Glock-praten

    Er vel ikkje nokon her som tilfeldigvis har eit Dawson Precision fiberoptisk justerbart skur, og ein original extended slide release til ein 4. generasjons G17?
  3. Fantastisk. Rett og slett fantastiske historier frå verklegheita. Tommel opp!
  4. Noko som kanskje bør nevnast, er at våpenet må ver i eit kurant kaliber for det programmet/programma klubben skyt, og ikkje minst, har anleiing til å skyte, samt at bana det evt. skal skytast på, er godkjent for det aktuelle kaliberet. Vil forøvrig gjerne kome med mi meining, kjøp med hjartet, hjernen føl etter før eler sidan likevel. Eg starta med ein .22 pistol, ein god ein, og kjøpte meg seinare i større kaliber, og angrar ikkje. Utruleg greitt å kunne skyte mykje, for å lære å skyte godt. Edit: Er sikkert nokre baner ute i bygdene som ikkje er godkjent for særleg meir enn 9x19, som også ikkje har tilgong til utebane. Dette er tilfellet i min klubb, innandørs har ikkje vi lov å skyte meir enn .38, men vi arbeid med planleggjing og tilretteleggjing av utebane, så vi innvilg også høgre kaliber.
  5. Papi

    Glock 19 og g23

    http://www.glockmeister.com/GlockUpperSwapsbyModel.asp Der ser du kva du kan bytte/må bytte.
  6. Flotte greier, kjempebra med innspel! Oppdatert.
  7. Eg er aktiv på fleire fora, og på eit anna forum, airsoftguns.info, er det også alltid ein pågåande diskusjon og rådgjeving i forhold til støvler og sko, ikkje berre til asfaltbruk, men også til bruk i skog, mark, fjell og vidder. Her har eg prøvd å samle opp nokon som er nevnt. Om folk har forslag til andre støvlar/sko til skog, mark, fjell og vidde-bruk, kom gjerne med dei, og gjerne nokre få, subjektive ord, om parets eigenskapar. Skal prøve å halde denne løpande oppdatert. ___ Konkrete modellar nevnt så longt: - 5.11: Grei pris, mjuke og behagelige såler, toler ein støyt, er varme, er med glidelås. - Adidas GSG: Dårlige sko vinteren, de blir kalde. Er goretex, har ein tendens til å verte våte. Vår-/sommar-/haust-sko. /// Middels stiv. Veldig små i størrelsen. Helt grei støvel, finnes etter min mening mye som er bedre. Tørker middels fort. - Alfa Bever Pro: Brede såler, gore-tex, og godt fora, gode vinterstøvler, også brukbare sommaren trass at dei kan verte varme. Gode i vått veir og hausten. "...er et helvete å få tørket dem om vinteren når de fyrst har blitt våte(...)". - Alfa Jegerstøvel: God vinterstøvel. /// Det du burde tenke på er hvordan foten din er. Alfa og Viking f.eks har brede såler. Lowa igjen har smalere såler, og passer dermed ikke like godt på store fotsåler eller platte føtter. Det burde du forhøre deg litt hos forhandler, eller lese deg opp litt om på nett om. Mange tenker at "hey, jeg har hørt at det merket skal være bra, da er det bra til meg også". FEIL. Når skoen skal brukes til sånt bruk burde sålen passe foten din, hvis ikke kan du fort få problemer - Alfa M77: Nokre få produksjonsbatcher med dårleg såle. Skal du ha M77, KJØP ORIGINAL ALFA. - Crispi Besseggen: Utruleg komfortable, og stive med god støtte. - Crispi Swat Evo GTX: - Haix Gebirgsjägerstøvler: Gode å gå i, gode å stå i. Avstiver veldig godt, men ikke for mye. De har goretex og sånn, så de er vanntette. Litt små i størrelsen sammenliknet med M77 - selv skulle jeg kanskje hatt en halv størrelse større enn jeg har nå. Gode såler med godt grep på snø og sånn, i motsetning til de vanlige Bundeswehr-støvlene. De er kanskje litt tunge. - Lowa Renegade GTX: Gode året rundt. - Magnum Elite Force WPI - Magnum Spider 8.1 - Oakley Assault SI: "God vinterstøvel. Avviser snø veldig godt, har godt grep. Myk, men med god støtte. Utrolig behagelige når de er ordentlig gått inn. Holder leeenge med godt vedlikehold - brukte mine daglig på jobb i fire+ år. Tørker sakte." "kan bare anbefale Oakly assualt SI boots, uffattlig bra komfor og de sitter som støpt, etter et spill med de i små vått vær og en total plumping i sump men var varm på beina og kjente at de ble litt våte først ( naturlig for jeg var over kanten med vann ) og så tørka de fort inni og alt var kult for resten av spillet ( har også med vilje gått i vanndammer på spill og annet for og se hvor bra de tålte det og er dypt overasket over hvor mye mer behaglig disse er i forhold mine Alfa m77 støvler ) :)" - Salomon Quest 4D: Utrolig god støvel, akkurat passe stiv, kjennes som en joggesko, og støtter godt. Særdeles vannavvisende. Ganske må i størrelsen, kan godt gå opp en størrelse eller to. Tørker fort. - Salomon XA Pro 3D Mid GTX: De veier litt over 400 gram. Tror jeg har tracka ca. 700 km med mine, de holdt tett den første sesongen, dvs. ca 400 km. Har brukt de mest i høyfjellsterreng med lett sekk, med lettvektsgamasjer så går det helt fint å krysse små bekker og ikke altfor våre myrer. Har også noen turer med tung sekk på fjellvandring i Sverige. Savnet ikke mer støtte, men jeg kombinerte med et par solide lærsko da vi gikk gjennom våtere områder. De funker også fint som joggesko. Er også brukt om vinteren, det går helt fint så lenge man går eller springer. Har gått med de ned mot minus tretti, da ble det småkjølig etter en time Hvis man vender seg til å bruke sko uten for mye sidestøtte så blir anklene sterke. Har også brukt et par Asics GTX sko, men de er for lave. Negativt er at de kanskje er litt for lave og at mønsteret i sålen burde ha vært grovere. - Scarpa Kailash GTX: - Timberland gore-tex (ymse): - Varg Isogaisa: - Vasque Wasatch GTX: Behagelige, vanntette, og gjer god støtte. - Viking Hunter Pro: "Har de siste 3 sesongene brukt Viking Hunter Pro som vinter og senhøst sko, blir nok mange fler. Er veldig fornøyd, de holder meg varm og er tette. Jeg er nøye med å smørede inn med fett da det trengs, og de holder like godt som da de var nye. Eneste minuset er at de er tunge, men det gjør ikke stort." - Viking Tyin GTX: ___ Har prøvd å skrive nokre få ord som er nevnt i tråden om dei det vart nevnt noko om, anna enn at dei var gode eller dårlige. Om folk har fleire stikkord å kome med om kvar enkelt sko/støvel, puttar eg desse inn etterkvat som dei kjem. Lagt til: 19.03.2014: Salomon XA Pro 3D Mid GTX 20.03.2014: Vasque Wasatch GTX, Viking Hunter Pro
  8. Unødvendig sitering av innlegget over er fjernet. Kjell Olav Stemmer, ser at dette står under pkt. 3.11.1. Då kan ein person som har fått godkjent ervervstillatelse få låne, med utlånserklæring, rett og slett eit handvåpen, uavhengig av kaliber eller funksjon. Då er det avklart, tusen takk begge to for gode svar, eg set umåååtelig stor pris på dette!
  9. Om ein vil låne ut ein pistol, er det eit krav at den som låner må ha våpenkort på eit tilsvarande våpen, eller er det mogleg å låne også med godkjent ervervstillatelse for det aktuelle kaliberet? Døme: Eg har ein Glock 17, 9mm. Ein kompis send ein open søknad på ein 9mm pistol, og får denne godkjent attende. Kan han då låne min Glock 17, med grunnlag i denne tillatelsen? Eller må han ha kjøpt seg ein pistol, i 9mm, fått våpenkort, for så å låne min Glock? Eg vil ikkje ha synsing, vil gjerne ha folk som veit dette klart.
  10. Papi

    Glock-praten

    Mykje av grunnen til .22-kitet, er jo også at det skal ver rimelig i drift. CCI Standard kjem her i området på 50 øre patrona, som er.. Ganske kurant for vårt vedkomande. Forøvrig mellombels status, ein feilmating på 210 patroner i dag. Two thumbs up! Får jeg lov å sitere deg i signaturen min, Papi? Haha, heilt greit det!
  11. Papi

    Glock-praten

    Utan å rette ein peikefingjer mot nokon, trur eg at nokon blandar mellom den/dei originale pistolen/-ane, samt .22-konverteringssett til Glock her. Original Glock er vel så pålitelig som ein får det, eg har hatt blanda drops gjennom min Glock, konsekvent INGEN feil med den overhodet. Greitt nok, eg har berre skote 800 patroner gjennom min G17, men læll... Stemmer både og, føler eg. Du har i utgongspunktet tre som marknadsfører .22-sett til Glock, Tactical Solutions (TSG-22), Advantage Arms, samt UHL WS-17. - TSG-22 er visstnok ingenting å satse på, det einaste positive eg har høyrt, er prisen, at den er såpass låg. Likevel suger dette settet balle. - Advantage Arms-settet skal ver veldig, veldig bra, for ein grei penge, men eg har ikkje funnen nokon som sel dette til 4. generasjons Glock her på berge. Ein får tak i til 3. generasjon, men dette går ikkje overeinsmed 4. generasjon, og dei som har hatt 3. generasjonssettet inne, får ikkje tak i til 4. generasjon. - UHL WS-17 er eit sett eg har høyrt svært lite om, finn ikkje eingong filmar om det på nettet. Tenkte difor at eg ville prøve dette settet, dei hos Huntershouse tykkjer det fungerte bra for dei, så eg tenkte at eg kunne no prøve. I verste fall har eg brukt pengar på noko som ikkje fungerar optimalt, men det kan eg heller leve med. I beste fall hadde eg eit godt treningsverkty som eg kan trene med innandørs på bana vår med restrikasjonar, på vinterstid, og andre baner der det er restriksjonar, samt at eg får trent mykje for ein mindre sum penge over nokre år. Førebels fungerar UHL-settet heilt ok, det er ikkje perfekt, men eg føler at eg kanskje kan gjer andre ein teneste ved å kjøpe dette, og prøve. Kanskje det går seg endå betre til, kanskje ikkje, men det finn vi utav etterkvart, håpar eg.
  12. Papi

    Glock-praten

    Prøvar å ta ting for kva det er. Greit, det kosta litt, til sjuande og sist, men skulle vi vore økonomisk fornuftige, hadde nok verken eg, eller vi andre skote så mykje at det gjer noko. Det ga iallefall meg fridomen til å skyte Glock innandørs på skytebana vår (restriksjonar opp til .38), så eg er nøgd førebels. Det blir nok ein orden på dette også, berre eg får skikkelige sikter til den snart.
  13. Papi

    Glock-praten

    Det optimale hadde sjølvsagt vore om det hadde vore null feil overhodet, men eg forventa ikkje at det skal fungere perfekt, Glock er Glock, alt anna er.. Ikkje Glock. Kan iallefall sei at etter "standby-kommandoen er gjeven, og det piper i timeren, har eg blitt longt flinkare til å handtere feil no enn tidlegare.
  14. Papi

    Glock-praten

    Er det nokon som har Dawson Precision .300" høgt fiberoptisk korn, samt tilsvarande DP justerbart skur med fo-stavar til salgs? Har funne ut at eg treng sårt til .22-settet mitt. Førebels status på .22-settet mitt; Eg diggar det. Utruleg fint å kunne trene på trekk, avtrekk, mål- og magasinskifte, for 1/3-del av prisen for 9mm-patroner. Sjølvsagt erstattar ikkje .22-settet å skyte med 9mm fullt ut, men for min del føler eg det er viktig med mengdetrening, og der kjem verkleg konverteringssettet til sin rett. Eg skal innrøme at eg vart sterkt bekymra då eg den fyrste kvelden hadde minst ein malfunction (matefeil, failure to strike, og utkastarfeil) per ti skot, men no i kveld vart det fyrt av ca. 260 skot, der eg fekk berre rundt sju feil overhodet. Inkludert kveldens skot, har settet no fått 810 kuler gjennom seg, og eg er meir nøgd, og ikkje minst mindre bekymra no, enn fyrste kvelden. Eg kjem nok til å lage ein liten review av settet om nokre tusen skot til, tenkjer eg.
  15. Flotte greier, tusen hjartleg takk for alle innspel, dette set både eg, og klubben stor pris på. Takk så mykje, og om de har meir godord og forslag å kome med, brinng itt ånn! Dæven, eg likar dette forumet.
  16. Vi er ein pistolklubb i indre Nordfjord, Sogn og Fjordane, som har ein 25-meters innandørs skytebane som vi skyt i heile året, som er begrensa opp til .38. Vi har i det små begynt å skyte på eit grustak, der vi i samråd med grunneigar har kome fram til at vi ynskjer å gjere dette til ein fast skytebane for våre aktivitetar, der vi kan skyte med grovare kaliber, og ha stevne-aktivitet på lokalnivå. Spørsmålet mitt er, korleis går vi fram for å få godkjent dette? Snakkar vi direkte med politiet for ein synfaring? Kva lover og reglar i forhold til temaet burde vi lese oss opp på? All hjelp vert sett stor pris på.
  17. Papi

    Glock-praten

    Føreløpig er det gått 300 patroner gjennom settet, og eg skal innrøme at førebels er eg nøgd. Litt matefeil innimellom (mater ikkje patron inn i kammeret), men det førekjem sjeldnare no enn i starten. Største problemet i starten var at tomhylsa ikkje vart hiven skikkelig ut, så då kom den i klem då sliden lukka seg, men det skjer omtrent ikkje overhodet no lengre. Skaut hundre patroner gjennom i kveld, og fekk vel berre rundt ti matefeil på desse hundre. Torsdag, då eg fyrst testa settet, hadde eg forskjellige matefeil per tre-fire patroner... Går ut ifra at det var dette han kjøpte. http://www.huntershouse.dk/kat143-Glock ... WS-17.html" target="_blank" target="_blank Står på nettsiden at magasinet holder 15 skudd. Moe linka riktig, og ja, det går 15 patroner i magasinet.
  18. Papi

    Glock-praten

    Då har eg ein månads tid etter betaling til HH (to dagar frå HH til den norske tollen, og dermed 26 dagar frå den kom til Noreg, til den kom til meg........) har eg fått UHL sin .22-topp til min G17. Hadde ein liten "break in" av settet i går, kranglete i starten, men etter rundt 150 patroner begynte den å løyse seg opp litt. Ventar no på nye DP-sikter som er like 9mm-toppen min, så eg får same siktebiletet, så får vi sjå om det er noko å samle på, dette her.
  19. Eg ynskjer å kjøpe meg ein rangebag til mine kortpanger, som kan ta alt frå magasin, våpen, hylser, ammunisjon, briller, hørslevern, the works, gjerne med mange små lommer til å ha alt smårusk som du ikkje veit om du får bruk for, men likevel tek med. Til no har eg brukt ein ryggsekk eller koffert, og det har funka godt, men vil ha noko litt meir.. retta mot dette. Litt våpen, forskjellige kaliber, fører til litt utstyr og så vidare, you kknow how the story goes. 5.11 Range Ready Bag er eit alternativ eg har sett på, kva andre alternativ fins der ute?
  20. PVAS meinar eg skal ha denne inne.
  21. Papi

    Glock-praten

    Eg har kjøpt meg eit .22-vekselsett for G17 (og tilsvarande) frå Danmark. UHL heiter det visstnok, Jørgen på Huntershouse som anbefalte dette, han brukar det visstnok sjølv på ein av sine Glockar. Hadde i utgongspunktet lyst på AA sitt kit, men det var klin umogleg å oppdrive her til 4. generasjon, har vore i kontakt med Bogstad om dette. Mitt sett ligg i tullen no, så håpar at resterande papirarbeid går fort. Føler eg treng mengdetreninga att med denne pistolen, og vi kan ikkje skyte 9mm på bana vår. Gler meg som ein drittunge tilå bli ferdig med dynamisk-kurset, så eg får kome meg rundt på stevner.
  22. Papi

    Glock-praten

    Nokon som har erfaring med .22-vekselsett til Glock her? Eller er det kun 9mm-ish som blir brukt til mengdetrening?
  23. Eg prøvar å lage til litt produktomtaler, og ser at desse ikkje kjem opp i venstre sida av forumet, på skjermen. Hadde vore kjekt om desse kom opp der også, slik at folk kanskje fatta interesse for desse trådane. Eg ser nedover at svært få av desse trådane har nokon svar i seg, kanskje det har noko med mangelen på denne "opp-poppinga" å gjer? Eg veit sjølv at eg får mykje meir giv, og mykje meir att for å bruke litt tid på å skrive slike omtaler, om ein får litt kritikk/skryt for det ein skriv, og kanskje innspel som ein sjølv ikkje har tenkt på. Er det ein grunn til at desse ikkje kjem opp på sida?
  24. Produsent, og modell? Double Alpha Academy PDR Low-Ride holster. Mitt var kjøpt som ein pakkedeal frå DAA, til min start innanfor IPSC. Link til konkret produkt: http://www.doublealpha.biz/ipsc-holster ... de_Holster" target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank Kva fulgte med? Hylster med ymse smådelar til justering. Kjøpt hos, og pris? Ca. 70 Euro, om ein kjøper det frå DAA sine heimesider. Vil forøvrig sei at det gjekk SNYTA kjapt å få det tilsendt frå Nederland. Bruk? Ein kan sei at hylsteret består av tre deler; sjølve hylsteret, ein justeringsskinne, og beltefestet. Dette i sin sameining gjer at ein i hovudsak kan justere hylsteret til mange små personlige preferansar. Hylsteret er laga av kydex, med ein foring i skinn. På denne måten sparar ein finishen, men det vert naturleg nok litt meir friksjon. I tillegg er det ein justeringsskrue for å tighte/løyse opp sidlengs friksjon. Denne kan du skrue for hand. Er endå ein skrue her også, som ein må bruke stjarnejarn til. Justeringsskinna festar du fyrst i hylsteret. Her kan du justere tiltinga på pistolen, om du vil trekke den rett ovanfrå, eller vil tilte den nokre få grader fram- eller bakover. Då tightar ein med tre skruar med stjarnehovud. Verkar tight og fin, med solide skruar og masse. Beltefestet er finurleg. Her er det siste ein må justere på. Her kan du justere om du vil ha beltet "høgt" eller "lågt", samt at du kan skifte ut "spaceren", til ein som er tynnare. Det er denne som er "i" beltefestet. Under beltehempene, ser ein kor skinna på hylsteret skal. Her er det mange forskjellige justeringsmoglegheiter. Det går i utgongspunktet to skruar "nede" i skinna, samt ein litt lengre skrue under der beltet blir, for å justere sidlengs justering ut eller inn frå kroppen. Her er det også litt justeringsmoglegheiter for den som ynskjer dette. Siste kommentar? Eg har .300" høgt framsikte på min Glock 17. Dette vert eit problem i tenestehylster, men det er meget god klaring på dette konkuransehylsteret. Elles kan det verte litt trongt i beltefestet, men ein har moglegheit til å skifte ut "plastspaceren" til ein tynnare, noko som føl med i pakken. Føl med litt reservedeler også. Eg kjøpte ein DAA-belte i same pakken, noko som gjorde at det var umåtelig trongt, men det er vel slik det skal vere. Verkar solid, og ein har litt justeringsmoglegheiter for å kome inn i dette. Likevel ikkje for avansert for ein som er fersk innan dette. (ved bruk av eit breiare belte, kan ein bruke det plastinnlegget som ein ser på papiret, framfor det breie som per no står i beltefesta i dei andre bileta)
  25. Kva er kjøpt? Maglula UpLula, 9mm til .45-patroner. Desse får du forøvrig tak i til alt frå .22 til .223-patroner. No har dei også begynt å levere uplula i rosa, kult! Link til konkret produkt: http://www.maglula.com/PistolMagLoaders/UpLULA%E2%84%A29mmto45ACPmags.aspx Kva fulgte med? Ingenting anna, hurtigladaren er ein enkel einheit. Kjøpt hos, og pris? Desse kan bestillast kvar som helst. Eg fekk min som ein del av ein hylster- og magasintaskeløysing, men prisane varierar alt frå ca. 200 kroner og oppover. Bruk? Lås opp, ta ladaren i høgre handa, "tre" den utanpå eit magasin, klem til og press ned, legg i ein patron, og løys opp neven. Gjer dette til du har lada opp ynskja antal patroner. (Passar også til fleire størrelsar på magasina, Glock-magasinet her er pressa lengst mogleg ned, og til venstre i uplulaen) Siste kommentar? Såre tomlar? INGEN problem! Maglula Uplula er vel det fyrste du bør kjøpe deg om du har ein 9mm eller større, etter at du har kjøpt pistol, magasin, og ammunisjon. For oss som har pistolar med stor magasinkapasitet, kan sjølve ladinga i seg sjølv verte eit problem, men her har du løysinga på alle slike problem. Bye-bye, såre tomlar!
×
×
  • Create New...