Jump to content

Papi

Members
  • Content Count

    222
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

1 Neutral

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

  1. Om du kjem over Nakling-utstyr, anbefalar eg verkleg at du får prøvd det, eller kjøpt. Har Nakling-magasinhaldarar til tre våpen, 1911, CZ75, samt SFP9, og er meget nøgd med desse. Held godt på magasina, er tynne, så ligg tett inntil beltet og kroppen, og enkelt å justere vinklinga på desse. Tipp-topp-tommel opp!
  2. Da vil jeg foreslå at vi tar "når liane grønkar som hagar, når det lavar av blomar på strå" "og når netter er ljose som dagar, kan han ingen stad venare sjå." - Viktig å ha ein trygg bakgrunn og ein long dag å gjere slikt på ja! Då vart det med ein Lee Classic Loader laga 78 nye patroner, og tjue av dei vart skotne i dag. Tok litt tid, men moro var det! 350 grs-kulene sparkar fint frå seg, med 48grs VV-N130 bak seg. Kulene er laga av ein av dei som tråler denne tråden jevnlig som bur nokre få mil frå meg, så er fint med kortreiste kuler. Følte at dette var litt puff i samanlikna med dei andre våpna mine, men ser at det framleis er litt lite puff samanlikna med eindel av det andre som blir linka til her, høhø..
  3. Vaquero, fantastisk fine! Kva sikte er det sidemonterte? Og ja, kanskje det er ein mod. 44 eg burde få meg etterkvart, men no kosar eg meg glugg ihel med innkjøp av ladeutstyr og lesing av ladetrådar om .45-70. Eg bør halde meg til så få hobbyar som råd er, men dei få kan bli rimelig dyre i drift læll. Godt frøkna har godkjent det pluss. Foxterrier, nydelig! Utruleg kor godt dei held seg! DoctorRoy, må vel bli eit bøylemøte ein dag tenkjer eg?
  4. Å vere bøylerifle-eigar er noko av det mest morosame nokontid. Fekk den tidlegare i veka, deretter har eg vore vekke på jobb, kom atende i går, og i dag skaut vi fyrste skota med den. Smila på dei som fekk prøve, beviste det meste. 300grs Fusion sparkar godt ifrå, og no har eg nokre 350 grs frå ein lokal kar, som skal eg bruke ferien til å løde på. Frøkna var den fyrste som fekk prøve, og ho registrerte umiddelbart at det var ein longt lettare sak enn både Saueren, og Mini-14'n, så denne fekk ho umiddelbart sansen for. Ho fekk stappa to i magasinrørert, tok ladegrep, sikta mot stålplata - "klank"! - treff på fyrste forsøk med Buckhorn-sikter. Bror, og to kompisar var også oppom og skaut jula inn, så det vart ein kostbar - men fantastisk moro oppleving. ETter at folka hadde reist til kvart sitt, tok eg meg ein kosestund i verkstaden, der eg fekk montert nytt Skinner messing-korn, istadenfor det originale. DEtte var i utgongspunktet tenkt til ein Cowboy-variant, men skitt au. Monterte denne på nyerifla, og ser at det ser ut som ein gammal amerikansk veteranbil med moderne felgjer. Det kan passe, men.. Men det ser noko spesielt ut. Det gjer det i dette tilfellet også, så eg skal gå over med dremel over kornet ein gong eg får anden over meg, så det passar litt betre med løpet. Fargekontrastane vart fine, men det er for mange konturar på kornet, som eg vil jevne ut litt. Då vert det nok bra! Sidan Buckhorn-siktet skulle vekk, og det skulle monterast eit skinner-sikte med diopter, ville eg ha moglegheita til å skifte ut diopteren. Då hadde eg også anleiinga til å kjøpe ein "filler", med gjengar for ein diopterskrue. Då fekk eg vekk baksiktet, og eg har alltid med meg to diopterar. I tillegg kan eg no bruke baksiktet utan diopterskruene, slik at eg i realiteten har moglegheita til å ha tre opningar i baksiktet. Her såg det noko finare ut enn kornet, men her vil eg nok også gå over med dremel, og gjere denne "filleren" litt meir diskret. Baksiktet er eit Skinner Alaskan. Ville ha svart base og gullfarga diopter, og det passa også perfekt på denne, med gullfarga avtrekkjar og gulldekorasjonane på sidene av kassa. Skal eg sikte inn på nytt, er eg avhengig av å ha med meg verktøy, men det får heller berre våge seg. Alt i alt ga desse tingja rifla ein litt annan sjarm, noko eg fell veldig for. I tillegg prøvde eg meg berre fram med nokre skinn-remser eg hadde liggjande, eg likte det, men eg vil ha meg ein større bøyle etterkvart, som eg kan bruke saman med litt tjukkare hanskar. DEt er riktignok ein stund framover i tid, men ting vart iallefall veldig bra etter min meining no. Ikkje perfekt, men longt betre! Skal etterkvart demontere og pusse andre deler innvendig for å få ein litt glattare gange i rifla, men det tek eg etterkvart. Alt til sin tid! Unnar alle ein bøylerifle, dette var jo fantastisk moro på alle måtar!
  5. 1500 stykker produsert, fem stykker kom til Noreg, og ein av dei kom til lille meg. Då kan eg endeleg med handa på hjartet seie at eg har fått meg ein bøylerifle i hus! Henta den i går, og har ikkje rekke over å skyte med den endå, då eg har lovd sambuaren å få dei fyrste skota med rifla. Eg la inn en bestilling på ein Cowboy i januar 2016, og kjøpte då også sikter frå Skinner-sights, meint til den. Cowboyen fekk eg jo aldri, men ser jo at sikta passar rett på denne også. Og sjølv om denne er ein Limited-edition, så har eg lyst å gjere den litt personleg, litt min. Då er jo tanken at det originale Buckhorn-siktet forsvinn, og i "gropa" har eg eit innlegg, der eg kan feste den andre disputerer eg også kjøpte, då eg kjøpte to stykker i forskjellige storleikar. Litt småtungt avtrekk, endå litt raklete i mekanismen, men med litt "bøyling" (no pun intended), så reknar eg med at den vil gå seg veldig til. Gler meg svært til å skyte jula inn i år!
  6. Då har eg vore innom den lokale dealer'n, Jernia Stryn i dag, og det er bekrefta; eg får diverre ikkje ein Marlin 1895 Cowboy. Bestilte i Januar, men leverandøren klarte ikkje å levere denne, så etter nokre utsetjingar, enda det med at den ikkje blir levert likevel. ....men... Og det er eit stort "men"... Vidar på Jernia, klarte å fikse meg ein liten kompensasjon. Eller, liten og liten... Han ringde meg ein dag, og fortalde at han hadde ein dårleg, og ein kanskje god nyhende. Marlinen kom ikkje som planlagt, men han kunne ordne ein annan bøylerifle til meg. "Jaja", tenkte eg, og tenkte at eg kom sikkert til å få kjøpe ein av dei andre han hadde inne, til ein litt rimeligare penge. Men nei, ikkje f"€n. Han gjorde det endå betre enn det. Han fekk fiksa meg ein Marlin 1895 Limited Edition istadenfor. Ein av 1500 stykker produsert i verda, og 5 av dei kjem til Noreg. Og eine kjem til lille meg. Var redd for å glede meg for mykje, om dette ikkje skulle gå likevel, men i dag var eg personleg nedom og tafsa på rifla, sidan eg eigentleg var på jobb. Og FOR ein rifle. Kanskje ikkje den mest eigna til skogsjakt, kanskje ikkje den som har lengst rekkjevidde, kanskje ikkje den som blir påverkja minst av ytre veir og vind, kanskje ikkje den med best avtrekk, kanskje ikkje den mest eigna til noko som helst i grunn, ifølgje av nokre av kompisane mine som er lettare... Pessimistiske til val av rifle, og kaliber.. Og eg har longt meir potente rifler til jakt enn dette. Men visst F skal dette jarnet brukast til jakt. Definetivt den rifla i skåpet mitt som kjem til å skape størst glis når den vert teken ut. Vart ingen bileter i dag då eg hadde betre ting å halde fingrane i (...no pun intended), men hentar ut rifla eingong før jul, og då vert det nok litt meir å sjå på ja....
  7. Den lokale jegar- og fiskeforeininga ser etter nye kastarar, då dei dei gamle knuser duer i hytt og gevær, og dei er begynt å bli nokre år gamle. Det er visstnok nokre gamle britiske kastarar, og ingen i klubben har dokumentasjon på kortid, korhen, ken med, eller pris for desse kastarane, så mogleg dei kjem til å bli solgt rimelig, om ingen kan ta service på desse. Uansett, vi ser jo likevel på nye kastarar, om ikkje anna enn for nyfikenheitsskuld i det minste, og difor lurer vi på, kva er det folk brukar rundtom, og kvifor? Vi har fylgjande krav til kastarar; - 230v-straumforsyning - kapasitet på rundt 180-250 duer - må kunne setjast på "random-mode", såvel som å sende ut i ein retning - 10.000-15.000 kroner Forslag å kome med her?
  8. Er det nokon av de bøyleriflefantastar som har ein eller annan formeining om Marlin 1895 .45-70 Limited Edition?
  9. Hadde Magpul-settet til min Remington 870. Prøvde å finne bileter, men eg hadde ingen. Eg tykte det var svært behagleg å skyte med dette settet, då eg er van med eit meir "rett" grep i forhald til rifle. Brukte denne ein stund, og var godt van med den, men solgte den fordi eg tykte den vart for tung for meg når eg storparten av tida skulle bere hagla. Merkjer den dag i dag, at når eg ber hagla med originalt tre-skjefte, at den er "mindre behagleg" å bere i med den i reim med løpet peika nedover, men like grei å skye som med Magpul-settet. Dog mykje lettare som for min del gjer den triveligare å skyte med. Magpul sitt sett var utruleg mykje enklare og kjekkare å bere på, og ikkje minst skyte med, men den gjorde hagla tung og mindre klassisk i mitt hovud, så eg lot den gå. Magpul-settet: Likte veldig godt fargen (grøn), moglegheita til å bruke ekstra "klosser" til å heve kinnstykke, og lengde-shims for å gjere kolba lengre. I tillegg likte eg grepet veldig godt, sjølv om eg opplevde det som noko "tynt". Det eg likte mindre godt, var at plasten på forskjeftet vart veldig glatt i fuktig veir, og at stokken var tung. Heilheitsinntrykket mitt med stokken var at hagla vart "omgjort" halvvegs til ein "rifle". Men skal eg ha ein rifle, har eg ein rifle... Men det er til MITT bruk.
  10. Eg trudde heimelading skulle bli billeg... But not anymore... Takk for link!
  11. Nokon som har erfaringar, på godt og vondt med denne rifla? Ser særskilt på rifle i 6,5x55.
  12. Ser jaktfall har tilbod på Razor. Eg er på jakt etter eit kombinert langhald/jakt-sikte, men klarar ikkje å finne noko nevneverdig informasjon i forhald til korleis dei nyaste PST'ane er i forhald til Razor HD gen. 1. Er dei nyaste PST'ane på høgde med tidleg Razor, eller kan eg likegjerne gå for PST? Kva forskjellar er det på desse to, sett i forhald til aktuelt produkt? (gammal Razor vs. nyare Viper)
  13. Papi

    6,5x55 eller 223 ?

    Om ein er på jakt etter ein boltrifle i .223, kva er dei meir fornuftige riflene der økonomi og presisjon møter kvarandre?
×
×
  • Create New...