Jump to content

Papi

Members
  • Posts

    222
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Papi

  1. Eg går innpå videoane, og brukar http://savedeo.com/ til å lagre på dataen. Kjekt å ha på ein ekstern harddisk, veit aldri kortid ein vil sjå det att, og så finn du dei ikkje att.
  2. Om eg nokongong dreg til Texas, ikkje sjå vekk frå at eg spør om eg får kome på besøk, for det der oppsettet vil eg verkleg sjå. Ontopic; kor mykje kostar slike biometriske safer?
  3. Det tek lengre tid før du får den, etter at den kom til Noreg, enn det tok å få sendt den frå HH TIL Noreg. Berre å bu deg sjølv på venting, tru meg, det kan ta tid,opp til to-tre veker. Tok to dagar frå HH sendte den ut, til den kom til Noreg, for så å bruke nesten tre veker på å få den tilsendt til meg.
  4. @M67 Eg gløymde å leggje til ein lattermild smiley attåt førre melding, men uansett, eg er ikkje sikker, er på jobb no,skal sjekke dette når eg er attende frå jobb.
  5. Fordi det står i rekninga; "HARDOX SLITESTÅL 400 8 MM". Kanskje eg burde kjøpe 10mm neste gong...
  6. Eg kjøpte meg fire plater, 20 x 20 cm av Hardox 400, 8mm tjukke. På femti meter, klarar eg å lage gode bulkar med 55 grs. .223 S&B. Er dette riktig? Trudde dei sku tole litt meir...
  7. Papi

    1911-tråden

    Eg vil ha ein 1911-variant, i .45. Godkjent tillatelse på militærfelt, men skal brukast i hovudsak til classic, og koseskyting, for å trekkje fram smilet hos dei som ein sjeldan gong skyt overhodet, og som endå sjeldnare får anleiing til å prøve ein typisk "badass-pistol". "Alle" kjenner igjen ein 1911, og eg vil gje folk den kjensla av å verkleg føle seg litt.. Badass og priviligerte som får prøve ein. Kva alternativ har eg, i sjiktet frå fem, til femten tusen? Det blir ikkje ein pistol som blir skote så utruleg mykje med, men den skal jo tole å bli brukt, og presisjonsmessig burde den ver i orden. Moglegheiter for litt magasin, og litt lettare tuning etterkvart, eller gjerne ferdig tuna, er jo også greie kriteriar å ha i tankane. Grunnen til at eg spør, er at 1911-verden er for meg, som den var då eg begynte med bil. Det var ein heil, stor verden å ta tak i, og sjølv etter fleire år innan miljøet, spør eg framleis folk. Ja, eg kan godt få det inn med te-skei, berre det er på ein konstruktiv kritisk måte.
  8. Kor du har tenkt å handle frå? Har du vurdert andre alternativ også?
  9. Oppdatert fyrstepost med alternativ. Har lagt til Ultimak-railen. Nokon fleire? Høyrer at Amega Ranges og Ultimak er ofte valde.
  10. Eg vil kjøpe meg topprail til min ny-erverva Mini-14. Kva railer er det som er å anbefale? Til no har eg høyrt mykje bra om Ultimak og Amega. Nokon fleire? - Ultimak - Amega Ranges - SS&S
  11. Sidan eg ikkje fekk skrive lengre i emnefeltet, vart det litt kort. No har eg kjøpt meg ein Colt Trooper Mk. 3, i .357 Magnum. Hysterisk morosam sak, eg kjøpte den med ein i klubben, som skulle selgje den, og eg har alltid hatt lyst på ein slik, så då enda det med at eg kjøpte den. Fann ut at den er 48 år, så om to år vert det feiring. Uansett, eg fekk med både .38 special og .357 M-patroner. Dette blir ingen konkuranserevolvar, meir eit rekreasjonsvåpen, men eg vil jo kjenne potensialet på våpenet, og eg vil jo at den skal vare lengst mogleg. Den er kamra for .357M, men av dei patronane, kva bør eg velgje til presisjon? .357 Magnum er hysterisk morosamt å skyte med, og det er det som blir brukt til showoff, og når folk skal prøve. Den gjer eit lite spark i henda, og latterkicket og det gliset nybyrjarar får, når dei har prøvd fyrste skotet, er uforgløymeleg. Men i høve til presisjon, kva bør ein gå for? Eg ynskjer å gjere litt research før eg går amok på den lokale sjappa, så om folk har innspel, kom gjerne med dei.
  12. Går gjennom eindel av trådane, og ser at det er eindel revolvar-trådar innunder pistol-seksjonen. Er det mogleg å få ein dedikert revolvar-seksjon?
  13. Papi

    .22 lr

    Har 452, med gjenga løp, samt dempar. Fantastisk fin sak, utruleg god å ha til mengdetrening. Dette er då einaste salongen eg har hatt, men er utruleg nøgd med denne.
  14. Hehe, siste taler kan eg bekrefte. Kva stokkar er det som går att, for dei litt meir seriøse skyttarane, som set det praktiske framfor det taktiske?
  15. ...til hvilken forhold? Kan noen opplyse mer om dette? Til min skyting nå, både ute og inne, har jeg vært mest vant med gule glass, det har fungert i alle år, men etter en øyeoperasjon, har øynene vært mye mer ømfintelige for sterkt sollys, og jeg ser dårligere i mørket, men blir nærmest blendet av for eksempel lys i taket i tuneller o.l. Legen har ikke kunnet hjelpe meg her. Forslag? Og hva fungerer? Jeg vil ha noen nye briller, der jeg kan skifte ut glass for de forskjellige lysforhold. Disse må ha utskiftbare glass, og ikke minst tåle å bli litt misbrukt, da disse blir brukt til... Alt. I hovedsak skal disse brukes til skyting i tørt og røft klima, men også alternativ bruk, som bil- og sykkelkjøring under hjelm, i røft terreng o.l.
  16. Fann forøvrig også mykje god informasjon her, etter ein henvisning frå FB. http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=43&t=33302
  17. Hvor tykke må stålplater være for å holdes noenlunde intakte ved anslag, på 100, 200, 300 meter, og oppover? Aktuelle kaliber er .223/5.56, 6,5x55, .308/7,62x51, 30.06, .338 LM, typiske jakt-kaliber. Selvsagt regner jeg med de må byttes ut med tid og stunder, men ser gjerne at de varer lengst mulig.
  18. Har sjølv hatt nokre Fobus-hylster til mine våpen, og dei funkar kjempebra til det dei skal, halde pistolen i hylster når spring fram og attende overalt. Glocken min sat forøvrig godt fast i hylsteret sjølv då eg venda opp ned under ein rappelleringsøvelse. Sambandsradioen derimot... Til dynamisk kjøpte eg DAA PDR Low-Ride (http://www.doublealpha.biz/ipsc-holsters-rigs/holsters/PDR_Low_Ride_Holster), men stoffet inni hylsteret irriterte meg, då friksjonen var høgre enn ka som var ynskja for raske trekk. Til neste pistol vert det nok DAA PDR PRO (http://www.doublealpha.biz/ipsc-holsters-rigs/holsters/pdr-pro), som ikkje har dette stoffet. Det er glattare å trekkje, men likevel sit våpenet trygt forankra i hylsteret. Edit: Å varme opp, og "utvide" PDR Low-ride-hylsteret funkar også, gjorde det på min, men tykte framleis det var litt mykje friksjon i høve til raske trekk.
  19. PVAS har hatt inne tidlegare, samt Huntershouse i Danmark. PVAS er kjappe om dei har sikta inne på lager, ellers kan det ta nokre veker/månadar før dei får inn, men det er berre å ta ein mail til dei. HH er veldig kjappe, eg er meget nøgd etter å ha handla LPA-sikter hos dei.
  20. Papi

    Nytt løp Mini 14

    Mini-14 er ei av dei riflene eg opplev som er svært ettertrakta i utgongspunktet, men har eit rimelig frynsete rykte på seg for å ver vanskelige å gjere presise. Eg er ikkje kjent med konstruksjon og slike ting i forhold til Rugeren, så kan nokon forklare meg kvifor det er så særs vanskleg å få ein presis Ruger?
  21. Er heilt plant på min X-Esse Kurz iallefall.
  22. Vi har litt same problemet der den lokale NJFF-bana er, dog er dette ein bane som har vore her sidan rundt 1980-ish, og klagene kjem frå to hald, kommunen som har tilrettelagt tomter for hytteutbyggjing i umiddelbar (luftig) nærleik til bana dei siste åra, samt hytte-eigarane som har kjøpt og bygd hytter på desse tomtene. Nokon som har nokon tankar om kva ein kan gjer med slikt?
  23. Hadde du det berre i ein bøtte med vatn, eller med ein vaskar?
  24. For ein person som ikkje er van med Glock i utgongspunktet, kan nok generasjon 4 ver betre på fleire punkt. Betre rekylopptak, men det beste med pistolen, er vel backstrapsa som føl med, som du i større grad kan gjere pistolen "din" med. Det "nakne" grepet er "small", medan det føl med både medium og large utbyggjarar, med og utan beavertail. Den norske importøren har vel uansett slutta å selgje 3. generasjonen, til fordel for 4. generasjon.
×
×
  • Create New...