Jump to content

Papi

Members
  • Posts

    222
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Papi

  1. Har sett den, og cowboy-edition, og så bortetter... Skulle vore lovleg å hatt fleire. Mange fleire enn berre ein! CAS next kanskje...
  2. No har eg tenkt lengje på ein bøylerifle, og søknadspapira ligg og ventar på å bli fylt ut. På same måte som visse andre her, har eg ein forkjærligheit for kåbbåiar, kvegdriving, hestar, og ikkje minst våpen. Lengje har eg leita etter grunnar til å kjøpe meg ein slik bøylerifle, og dette vart ikkje lettare no. Føler på mange måtar at det ligg mellom .357, .44, eller .45-70. I utgongspunktet ville eg berre ha ein plinkerifle, men.... Eg bør jo ha ein grunn til å eige ein slik rifle.. Og hjort er det mest aktuelle å jakte på her. Dog... Ammunisjon kostar, og blir ikkje å lade sjølv med det fyrste. Revolvar i .357 har eg frå før av... Og ein evt. bøylerifle må ha sidemating av magasirøyr... Og oktagonalt løp er som ein struttande, fin bakende på ein motorsykkel.. Svært ynskjeleg med andre ord. Vanskelig, vanskelig...
  3. Er ikkje det kontoret i Sogndal du soknar til? Eg har ingen problem med kontoret der nede. Viser til at dei forskjellige våpna eg allereie har, ikkje kan nyttast i "nye" divisjonar/områder, så går det greit.
  4. Bumper denne. Har en pistol til salgs, og fikk umiddelbart en henvendelse fra söta bror. Hvordan går jeg fram? Det lokale lensmannskontoret henviste bare til politiet sine hjemmesider.
  5. Kjøpte du den ny? I så fall, skal det vere ein brukarmanual som tek føre seg akkurat det. Når det gjeld polering av avrtekk, som verkleg trengst, er det berre å sende den avgarde til baker'n. Ein kompis med akkurat same pistol, hadde litt tungt avtrekk, avgarde til bakaren bar det, og han fekk på lag ein ny pistol attende. Det som er spesielt med denne modellen, er at sleiden må "løftast opp" i bakre kant, sidan løpet ikkje er hengsla, men fast.
  6. All respekt for deg som svarar ordentlig utfyllande, audmjukt og med eit glimt i auget.
  7. Dei to bulkane framme kan borast ut med ein passande bor, evt. pussast ned innanfrå med ein drill med slipestein montert framme, ETTER at ein har "banka dei ut" med eit rør med litt mindre innardiemensjon enn magasintuba. Om ein borar hol, risikerar ein at det kan kome skit og rusk i tuba, dog veit eg ikkje om nokon som med vanleg bruk har hatt noko problem med dette. Med slipestein-metoden, vil godset bli noko tynnare, men du vil ikkje ha nokon hol av noko slag der. Same kva av metodane du nyttar, anbefalast det å lakke med tynn lakk der du har pussa, for å forhindre rust og korrosjon.
  8. Vi er ein klubb, der det under sist møte vart teke opp ein sak, som omhandla innkjøp av presse (9x19), og la ein eller to i klubben få ansvar for å lage patroner, og selgje til rimelig penge for klubben. Tanken bak er å få rimeligare ammunisjon, enn hos den lokale dealeren. Dette vart fremja som eit forslag frå to-tre av klubbmedlemmane. Alternativer: 1. Klubben kjøper ein presse, har den på sitt område, og medlemmer som kan å bruke den, får bruke den på eiga hand, på eige ansvar 2. Klubben kjøper presse, lar enkeltmedlemmar bruke den, og selgje til inntekt for klubben. (Dugnad opp mot rimeligare ammunisjon) 3. At desse som ynskjer å få rimeligare ammunisjon, kjøper på privaten på eiga hand, og styrer dette utanom klubben. 4. Klubben fiksar endå betre prisar med den lokale dealeren. 1 og 4 er dei mest aktuelle, ut frå det eg tenkjer i mitt hovud. Dette både forhald til tilverknad av ammunisjon for vidare salg, erstatningsplikt, og kompetanse til å nytte dei forskjellige tingja. Ingenting er bestemt på noko vis, men eg ynskjer tankar og fakta om temaet, som eg har oversett. Andre klubbar som har ladepresse ståande hos seg, korleis gjer de det? Har de ein ordning på dette? Ynskjer som sagt tankar i forhald til ovenforståande tema. Tankar?
  9. Papi Open høyrast ut som ein... Alternativ bar. Men jaggu trur eg ein har fått ein navn på eit stevne ja. Når den tid kjem, så treng eg nok både ein og to og tre RO'ar.. Eg håpar at eg med tid og stunder (om to-tre år) kan ha laga til ein liten stad ein kan ha L1 og L2-stevner, så då er det nok veldig aktuelt ja!
  10. Kan det vere at mange folk har område dei meinar er "godt nok" til deira bruk, men ikkje godt nok til å lage stevne på? Eller at det er "så mykje arbeid", at det er vanskleg å drage i gong eit stevne på ein stad? Sjølv starta eg nyleg med dynamisk. Få med grunneigarar i klubben, og få til ein kronerulling/dugnad til å lage to-tre voller, og tren og lag stevner der. Sjølv er eg grunneigar om ein stund, på ein gard med stort område, der eg ynskjer å lage to-tre voller slik at ein kan køyre minst to stager samstundes, når den tid kjem. Høver dårleg å lage slikt no når eg er student.
  11. Om ein får grunneigarar til å lage to-tre vollar på eit felt, så burde jo det halde til to stager samstundes. Få grunneigarane med, så ordnar banene seg. Det gjer det iallefall hos meg, når eg tek over garden.
  12. Eg var veldig nøgde med mine DP-sikter. Eg hadde også eit sett med fiberoptisk skur, som også gjorde mykje godt nytte for meg i dynamisk, dog gjekk eg over til svart serratert skur i kombinasjon med fiberoptisk korn, då det er det eg har på dei andre våpna mine. Funkar gull! Prøv gjerne forskjellige Glockar, alle har gjerne kvar sine typer sikter, og kombinasjonar av desse. Prøv og feil, det kostar nokre hundrelappar å kjøpe kvart sikte. Edit: Dog, vil eg ikkje anbefale det originale justerbare plast-skuret til Glock. Eg hadde det også, men det fungerte dårleg for meg, var mykje slark i det, og gjekk fort ut av stilling.
  13. Fortelje gjerne korleis dei funkar med både ymse pistol- og riflekaliber.
  14. Så, er det nokon som har fleire oppdateringar i forhald til denne saka?
  15. http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=15&t=98888 http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=15&t=98612 http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=15&t=98891 Ellers er LPA TTF36GL også veldig kurant.
  16. - Cobra: - Wilson Combat: - Chip McCormick: - Metalform: - Dawson: - Shooting Star: Nokon fleire? Edit: La til Shooting Star. Kom gjerne med korte kommentarar og erfaringar du har om dei forskjellige.
  17. Ifrå det store utland, kvar er det rimeligst å få taki P'1750 i dag?
  18. Den påverkar presisjonen - i positiv betydning? Korleis festar ein varmedekselet/railen? Boltast rett til pipa? Kvar er det mest fornuftig å kjøpe ein Hogue Overmolded til Mini-14 for tida?
  19. Papi

    1911-prosjekt

    Baker'n er iallefall aktiv endå, han ordna nye sikter på min R1 1911 rett før jul.
  20. Då eg kjøpte min mini 14, stod det på Strikeforce sin foldekoble, og eg fekk med den originale tre-stokken. I ettertid har eg kjøpt den originale synt-stokken, og Archangel Sparta. Min mini er tiltenkt i hovudsak DSSN, og er i så måte utforma til det bruk. Archangel Sparta er den eg har på no, og har vore mest komfortabel med, fordi eg kan justere kolbelengde og -høgde. I tillegg har eg grepet, som gjer at eg klarar å halde eit meir stødig grep på rifla under magasinskift. Elles tykkjer eg at stokken er tung, har unaudvendig "mykje" frontgrep som kan bli knotete å halde rundt, og eg likar ikkje tanken på at siktet kan bli mindre presist grunna festeløysinga på railen. Men den er jo tøff då.... Strikeforce sin solgde eg nesten umiddelbart. Fingerutskjæringane passa ikkje meg, kunne justere den i lengda, men foldekolba hadde ein ustabilitet frå ein heilt anna verden. Fekk aldri prøvd den med løpsmontert rail (hugsar ikkje merkje på den eg kjøpte, Hassel, help?), men det er ein løysing eg kunne tenkt meg no. Den originale stokken er "tung" (er ikkje SÅ tung, men merkbart tyngre enn syntstokken), og utruleg glatt, og føler eg ikkje får eit godt grep i høve til magasinskift med den. Betre grep (meir friksjon) på synstokken, og den er lett, noko eg likar godt, men problemet med begge stokkane er at eg får handledda bøyd på ein slik måte at det gjer vondt å skyte. Finst det tilsvarande originale stokkar, men somhar meir naturleg lengde og høgde på kolben? fem til ti centimeter i lengda, og nokre centimeter i høgda hadde hjulpe veldig. Av desse stokkane eg har hatt, har eg vore mest begeistra for Sparta-stokken, men den er tung. Blir like overaska kvar gong eg får prøvd ein mini med originalstokk og raudpunktsikte, over kor stor forskjell det er i vekt. Skulle ynskje det fantes ein tacticool stokk i tre. Det hadde vært'no d'!
  21. Har du nokon erfaringar med Tapco T6? Såg bileter av den no, og lurte på om det var mogleg å bruke det originale varmedekselet. Har per i dag Archangel Sparta, som eg er kjempenøgd med, men den er litt vel tung.
  22. Høhø, eg har seks haldarar på classic-riggen min, og sjølv då føler eg at det kan ver på grensa til tider. Har Nakling-haldarar, og kan ikkje anna enn å anbefale dei. Elles har eg eit Bladetech-hylster med offset-montasje, er godt nøgd med denne. Har DAA-belte, einaste eg føler er stivt nok. Om du er smal nok rundt magan, kan eg sende deg riggen min, så du får prøve den før du bestem deg for noko, då eg ikkje brukar den likevel for tida, sidan eg er student.
  23. Eg skyt i hovudsak .45 i DSSN, kva vil då løne seg? Dillon SD eller 650? Er jo då snakk om mange patroner helst. Eg har ein Lee Pro 1000 i 9x19, men eg har faktisk kun pakka den opp og sett den opp, endå ikkje kome så longt at eg har fått lødd opp endå...
  24. Papi

    1911-tråden

    Hehehe. Nei, er ikkje trimma, anna enn med ny spring-guide. Tenkte å prøve dette neste gong eg var heime, men takk! Dette er favoritt-pistolen, så vil jo den skal fungere ordentlig. Når vi likevel er inne på det; kva konverteringssett til .22 er det beste alternativet for 1911? Nokon som har erfaringar med slikt? Bror har ein GSG 1911 som eg brukar toppen til av og til, men vi har forskjellig siktepreferansar..
  25. Papi

    1911-tråden

    Eg har ein Remington R1 i .45. I det siste, når eg dreg attende sleiden, og slepp den fram att, samstundes som eg held inne grepssikringa blir hanen også spent ned. Nokon som veit kva som kan ver gale?
×
×
  • Create New...