Jump to content

Papi

Members
  • Posts

    222
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Papi

  1. Papi

    Pumpe-AR

    Er det nokon som forhandlar slike i Noreg eller importerar desse?
  2. Eg fekk innvilga ervervstillatelse på salong i fjor vår, og no har eg ENDLEG funne den salongen eg ville ha, så eg overførte pengar, og skulle sende søknaden i dag.. Skulle. No finn eg den ikkje att. Skal leite litt til, men i høve eg ikkje finn den att - korleis er praksisen på dette? Kva som skjer når eg gjer beskjed om at eg ikkje finn denne att? Blir tillatelsen annullert, eller kan dette ordnast på noko anna vis?
  3. Papi

    Glock-praten

    Nei, eg skal skyte production, men eg tek av denne kvar gong eg skal skyte prod. Grunnen til at eg vil ha ein slik ein, er fordi eg er opplæringsansvarleg i min klubb, og vi har folk med lettare funksjonshemmingar med oss, som vi prøvar å tilrettelegge litt for, slik at også desse skal få litt meir glede av sporten.
  4. Papi

    Glock-praten

    Eg vil ha ein "slide racker" for Glocken min. Er det nokon Glock-brukarar her som sel ein, eller veit om kvar eg kan få tak i, utan mykje stress? Ein av desse typane eg kunne tenkt meg.
  5. http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=43&t=77603&start=0 Beste oppskrifta ever.
  6. Papi

    Glock-praten

    Eg har aldri brydd meg med å ver så fryktleg nøyen på puss av Glock før, men temaet vart straks meir interessant ja. http://www.eyehandy.com/weapons/how-to-field-strip-and-clean-a-glock-with-ashley/
  7. Papi

    Hvilken hagle?

    Kva skal du bruke hagla til, og kva du føler for sjølv? Du kjøper ikkje ein pickup til bryllaupsbil, om du eigentleg vil ha ein stasjonsvogn som berre skal brukast til å frakte kids...
  8. Papi

    Glock-praten

    Kvifor heller G17 til production, istadenfor G19? Er det såpass stor forskjell på dei at det er meir gunstig med ein G17 framfor G19?
  9. Papi

    Glock-praten

    Eg har ikkje IPSC-kurs endå, men eghar ein Glock 17 gen. 4 som er tiltenkt formålet. Skifta ut til ein minus-connector for å få ned avtrekksvekta, og skifta ut siktene, men det er det. Kurs i slutten av Mars.
  10. Takk, kjekt å høyre! Bytta kun connectoren ja. Eg polerte riktignok ikkje min, men trur eg skal gjere dette også. Eg "slit" framleis litt med avtrekket med Glocken, men det har kome seg mykje sidan eg fekk denne spesifikke i hendene fyrste gongen. Verkleg verdt pengane, DET er det ingen tvil om!
  11. http://rugerforum.net/ruger-pistols/58269-sr-1911-adjustable-rear-sight.html Her er forslag, kvar du får tak i dei, kan nok ikkje eg hjelpe så mykje med.
  12. Har du sendt mail til Vidar om han kan lage nokon custom links-haldarar for deg?
  13. Dette tykte eg var utruleg spennande å følgje med på. Pøs på med bileter og framgongsmåte, så kanskje du inspirerar andre! Eg kjenner eg vert inspirert iallefall!
  14. Kva er kjøpt? Glock OEM minus-connector, 4,5 lbs (5 lbs i G17 gen. 4) Link til konkret produkt: http://eu.glock.com/english/index_options.htm Kva fulgte med? Connector. Kjøpt hos, og pris? Kjøpt hos PVAS, for 190 kroner. Montering? Ta av sliden, slik at du kun har ramma att. Med pistolen (gen. 4) fulgte det med eit verkty for å fjerne pinnen som held både triggerhousinga og evt. ekstra grep på plass. Har ikkje du dette verktyet, bruk noko anna som er smått, og litt spisst. Fjern pinnen. Når denne er vekke, løftar du opp triggerhousinga, so du får sjå connectoren, på pistolen sin høgre side. No er det berre å tviste, og vri FORSIKTIG, så du får eksponert connectoren på ein slik måte at du kan lirke den ut, bruk eit tynt flatt skrujarn til dette, gjerne eit elektrikar-jarn. Monter den nye connectoren, pass på at du ikkje bøyer noko, lirk ting på plass att, og det var det. Easy-peasy. (lirk forsiktig ut, trengst ikkje makt, men du får ikkje grep med fingrane/neglene) (sjekk oppe til høgre på connectoren, minus er ny, "rein" er den "gamle") (montert påatt) (done) Bruk? Merkbar forskjell frå den originale 5,5 lbs-connectoren. Med 5,5-connectoren, har du også ein veldig "skarp overgong" i det du trekk av. Tungt, og skarp overgong. Med denne minus-connectoren, kjem du rett over 2kg, som er målet for Production i mitt tilfelle med denne spesifikke pistolen. Avtrekket blir merkbart betre ved at du ikkje "vrir" pistolen i høgda/sidlengs, som ein ofte gjer med den originale connectoren. På den andre sida, blir avtrekket litt meir "ubestemmelig", og"ubestemmelig", i tillegg også litt "crunchy", men dette er kun vanesak. Verkleg verdt dei få kronene ein brukar på noko slikt, og det går fort å skifte denne ut også. Siste kommentar? Her er ein link til ein annan tråd på forumet, som angår dei forskjellige connectorane til Glock. Verdt å lese seg opp på om ein ikkje er så kjent med dette. http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=15&t=81019 Og igjen, for guds skuld, ikkje bøy noko når du har triggerhousinga eksponert. Just sayin'.
  15. Det er ikkje ofte eg kjøper nytt til nokon av våpna mine, så dei få gongane eg faktisk kjøper noko, kan eg lage ein liten kort gjennomgong av produkta, men då ynskjer eg innspel frå andre. Er det noko eg burde inkludere/ekskludere/gjere annsleis med desse reviewsa? Då set eg pris på å få høyre det.
  16. Det er ikkje ofte eg kjøper nytt til nokon av våpna mine, så dei få gongane eg faktisk kjøper noko, kan eg lage ein liten kort gjennomgong av produkta, men då ynskjer eg innspel frå andre. Er det noko eg burde inkludere/ekskludere/gjere annsleis med desse reviewsa? Då set eg pris på å få høyre det.
  17. Det er ikkje ofte eg kjøper nytt til nokon av våpna mine, så dei få gongane eg faktisk kjøper noko, kan eg lage ein liten kort gjennomgong av produkta, men då ynskjer eg innspel frå andre. Er det noko eg burde inkludere/ekskludere/gjere annsleis med desse reviewsa? Då set eg pris på å få høyre det.
  18. Kva er kjøpt? Dawson Precision svart og serratert justerbart baksikte til Glock Produsent, og modell? Dawson Black adjustable rear sights for Glock, all black, .125"n, requires .285" to .300" tall front For å ha eit tilsvarande framsikte som går overeins med dette siktet, treng du eit sikte som er .285-.300" høgt. (svart serratert) (undersida av siktet) Link til konkret produkt: https://www.dawsonprecision.com/ProductDetail.jsp?LISTID=80001764-1388518376"%20target="_blank"%20target="_blank Link til tilsvarande produkt med andre "bakender": https://www.dawsonprecision.com/CategoryProductList.jsp?cat=SIGHTS+REAR%3AGlock+Rear+Sights:Dawson+Glock+Adjustable+Rear+Sights"%20target="_blank"%20target="_blank Kva fulgte med? justerbart baksikte, DP flatskrujarn med lommeklips, frontsikteverkty, og strammenøkkel. Kjøpt hos, og pris? Kjøpt hos PVAS, for 959,-. Montering? Eg er såpass heldig at eg kjøpte meg eit siktejusteringsverkty for faste sikter, som også brukast til å ta ut/montere nytt sikte. Straightforward, dytt gamle ut, monter nytt i, og sentrer dette. Om du ikkje har dette, kan du feste sliden i eitkvart, sløydbenk eller liknande, ha gjerne tape på, så du ikkje skader/merkjer sliden. Når du har sentrert siktet i siktegropa, løys heilt ut høgdejusteringsskruen, skru den heilt ut, og flipp baksiktet framover. Då skal det openbare seg to skruar for deg, som du skal stramme, for å sørgje for at baksiktet sit GODT på. Ikkje overstram, då risikerar du å bøye verktyet ditt, HE-HE. Når du har stramma att, monter på skruet du skrudde heilt ut, og du er klar til å testskyte. Bruk? Fekk dette veldig nyleg (i går kveld...), så har berre skote rundt 200 patroner med dette nye oppsettet. For meg verkar dette kjempebra, baksiktet har markerte, gode klikk når du justerar i høgde, og til sida. Ergonomien er også utruleg mykje betre enn LPA sitt baksikte som eg hadde på tidlegare. Vart rett og slett overaska over kor mykje betre DP sitt sikte er i forhold til ladegrep, med LPA sitt sikte kutta eg meg opp fleire gonger ved ladegrep, det gjer eg ikkje no. Baksiktet er også breidare, så det fluktar betre med pistolen enn LPA sitt. (justering sidlengs på høgre sida av siktet) (DP fiberoptisk framsikte, og DP justerbart baksikte, i harmoni) Siste kommentar? Må brukast saman med eit tilsvarande høgt framsikte. For å gjer det enkelt, kjøpte eg DP sitt matchande framsikte i same slengen. Link til kort review: http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=15&t=98888&p=1022618#p1022618
  19. Kva er kjøpt? Dawson Precision fiberoptisk frontsikte til Glock-modeller. Produsent, og modell? Dawson Precision Glock Front-sight, .300" tall, .125" wide, Black serrated with red/green fiberoptic. Kan IKKJE brukast saman med originalt frontsikte. Sjå link under, toppen av sida, for samanlikning av dei forskjellige breiddene av frontsiktet. Link til konkret produkt: https://www.dawsonprecision.com/ProductDetail.jsp?LISTID=80001771-1388518377"%20target="_blank"%20target="_blank Kva fulgte med? Glock frontsikte med premontert raud fo-stav, samt ekstra grøn, og raude stavar, monteringsanvisning, samt monteringsverkty, eit enkelt skrujarn. Kjøpt hos, og pris? Kjøpt hos PVAS, for 469,-. Montering? Straight-forward, svært enkelt. Ta av slide, ta vekk recoilspringen og løpet, og du ser skrua du skal ta vekk. Bruk skrujarnet som fulgte med, skru ut, fest på det nye, og stram til. Legg det gamle siktet i posen til siktet du nett har bestilt, så du ikkje misser dette. Om du vil skifte ut det som allereie står på, treng du i tillegg ein lighter, og ein skarp kniv/barberblad. Bruk? - Hylstring: Du må enten modde det hylsteret du har, eller sørgje for at du kjøper eit hylster som aksepterar ein pistol med såpass høgt sikte. Reint utav boksen ser ikkje det stort ut, men eg måtte fjerne eindel plast frå Fobus-hylsteret mitt. I eit konkuransehylster med større "botn", skal ikkje dette vere noko problem. - Target acquisition: (dette er då meint i forhold til praktisk skyting) Med raud/grøn fiberstav, går det utruleg fort å finne målet ditt. Det er serratert flate med ein liten fiberprikk, og for mange som slit med reint svart sikte, eller svart sikte med kvit prikk, vil dette hjelpe utruleg når ein sikter med begge auger opne. Med det ikkje-dominante auget er det i grunn ingen problem, men du ser fort fordelen om du skyt med begge auger opne, og kroppen i tidlegare tilfeller har måtta "arbeide" for å bruke det dominante auget. Siste kommentar? I mitt tilfelle kunne eg tenkt meg at sjølve fiberprikken var ein smule mindre. Prikken er liten i utgongspunktet, men eg tykkjer at prikken vert litt dominerande i siktebiletet mitt. Fungerar kjempebra til prikkskyting, men kunne tenkt meg ein litt mindre prikk. For best mogleg bruk, bruk eit tilsvarande høgt baksikte. (Originalt sikte, med svarttusja prikk) (nytt sikte) (påmontert DP justerbart baksikte) Link til kortreview av justerbart baksikte: http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=15&t=98891&p=1022646#p1022646
  20. Kva er kjøpt? Justerbart baksikte til Glock. Produsent, og modell? LPA TPU32GL (Svart og serratert, kalla "target") Kva fulgte med? Justeringsverkty, og umbrakonøkkel Kjøpt hos, og pris? Kjøpt via min lokale forhandlar, men som igjen bestilte via Børselars. Betalte 990,- kroner. Montering? Monteringa gjekk kjapt, raskt og enkelt, då eg hadde ein baksiktepusher liggjande. Push ut det gamle siktet, legg nyesiktet i sporet, og push til midtre stilling. Då det var gjort, og eg var nøgd, kunne eg strame med umbrakonøkkelen, slik at siktet ikkje glei, og så kunne eg begynne å sikte meg inn. Bruk? Som ein ser, har siktet to skruar, ein for justering i høgda (mot klokka for oppover, med klokka for nedover), og ein skrue for sidevegsjustering (med klokka til høgre, mot klokka til venstre). Ganske enkelt og straightforward. Medfølgjande justeringsverkty gjer det enkelt å justere begge aksane, sidan skruehovuda er litt forskjellige i størrelse. Verktyet har tre forskjellige breidder på flatjarna sine. Veldig enkelt å feste ein tråd i verktyet også, så ein ikkje misser denne, då den er fort å misse. De som spelar gitar, veit kor fort det er å miste eit plekter. Siste kommentar? - Eg er lite flink til å skyte med Glock, så eg enda opp med å justere mykje mot høgre. Nokon vil kanskje kalle det overdrive mot høgre, men dette fungerar fint for meg. Med meir mengdetrening med Glocken, sidan det er LENGJE sidan sist eg skaut mykje med pistolen, vil eg nok klare tightare grupper, men no klarar eg alle innanfor 15 cm på 15 meter. Ingenting å skryte av, men her er det nok skyttaren som er problemet, IKKJE skyttaren. - Høgdejusteringsskruen kan verte distraherande for nokon. Den er ikkje framtredande, men når eg siktar med begge auga, vil denne kome ein smule til syne over venstre side av kløfta på siktet. Dette var til dels forstyrrande for meg, men ikkje verre enn at eg klarte greitt å skyte med det likevel. - Siktet byggjer "bakover" sliden, noko som øydelegg konturane til pistolen. På denne måten får man ein lengre distanse mellom siktene, for nokon er det positivt, for andre negativt. For meg og mitt konkrete formål med denne pistolen hadde det lite betydning, men for andre, kan det bety meir. - Har ikkje merkja noko til beveging av siktet i verken høgde, eller breidde, men no har eg kun skote nokre få hundre skot (ca. 500) gjennom pistolen med desse sikta, så det kan eg førebels ikkje uttale meg om. Til sjuande og sist; eg er nøgd med siktet, og det fungerte fint med originalt framsikte. No har eg uansett bestilt Dawson Precision justerbart baksikte, og fiberoptisk korn framme, så eg gler megtil å prøve dette. Dette kjøper eg rett og slett berre for å prøve fleire typer sikte, for å finne noko som passar meg litt betre. Beklager dei dårlige bileta, men denne gjennomgongen vart teke veldig på sparket, så spegelrefleksen vart liggjande att heime, til fordel for mobiltelefonkameret. Eg er forøvrig IKKJE bransjetilknytta på noko vis, eg er ein privatperson, som berre ynskjer å dele mine erfaringar.
  21. Du har vel i utgongspunktet tre forskjellige sett som er oppnåelige. TSG-22, Tactical Solutions: http://www.tacticalsol.com/tshome/tsg-22-conversion-for-glock-pistols Dette er vel rekna for å vere det dårligste settet _EVER_ til Glock. Gjennom fleire skriftlege reviews, samt videoar, syner det gong på gong at det er eit elendig kit, som har mange problem med å mate, med å kaste hylser, med feilanslag. Definetivt verdt å halde seg unna. Har forøvrig ikkje sett nokon her i Noreg selgje dette. Advantage Arms .22: http://www.advantagearms.com/mm5/merchant.mvc?Screen=CTGY&Store_Code=AASOS&Category_Code=GLK Dette er det som er rekna for å ver blant dei beste setta på marknaden, både gjennom skriftlige reviews, samt videoar. Ser ikkje mange av desse ha noko særleg feil på videoane på youtube, men det kan ikkje ver dekkjande for alt riktignok. Men eg har sett einsidig positive meiningar om dette settet. Her er det viktig å skilje mellom generasjon 1 til 3, for det er eit eige sett til generasjon 4, som ikkje går på dei tre føregåande. Eg har sett kun sett til dei tre fyrste generasjonane til sals her i Noreg, Intersport Bogstad, eg har sendt dei mail om dei også leverar til gen. 4, men har framleis ikkje fått noko svar. UHL, KK-Wechselsystem WS-17: http://www.uhl-gmbh.de/waffen/kk_wechsel/ws_17/ws_17.htm Huntershouse sin link til settet: http://www.huntershouse.dk/kat143-Glock/side7987-Veksels%C3%A6t-WS-17.html Vanskelig å finne noko informasjon om dette settet, er kun huntershouse.dk i Danmark som har hatt dette inne som eg har sett. Einaste tilbakemeldinga eg har sett om settet, var frå huntershouse sjølv. Jørgen har solgt settet i over femten år, og har hatt dette settet på sin eigen Glock i over tre år, utan nokon problem overhodet. Einaste "negative", var at ein måtte reinse gassystemet, per 250 skot. Dette er då det eg har lest meg opp på, håpar dette hjelper noko. Edit; Eg ynskjer meg konverteringssett sjølv til min Gen. 4 G17, eg har ingen erfaring med .22-sett til nokon Glock... Endå.
  22. Då har eg fått ordna meg eit justerbart baksikte. Etter ein stund svarte dei respektive sjappene, dog hadde eg då allereie fått ordna meg eit sikte frå Børselars, gjennom min lokale våpenpusher. Til seinare, for mitt eige vedkomande, kjem eg nok til å ta ein telefon før eg send mail. Har alltid hatt inntrykk av at det er greiast å nå gjennom via mail, slik at ein kan svare ved næraste anleiing, vi veit alle korleis det er å få telefonar når ein styrar på med andre ting, men føler kanskje det er mest hensiktsmessig å ta ein telefon i framtida.
  23. Tørrtrening er like viktig som j**king. Du kan berre gløyme å prestere på "bana" om du ikkje har førebudd deg eindel i førevegen. Dog klarar du deg sjølvsagt ikkje med tørrtrening aleine. Arenaer der du MÅ prestere, samt tørrtrening går som... Hand i hanske. Det er UTRULEG mykje godt lesestoff om dette emnet, særskilt på Brian Enos sine forum. Samtlige dedikerte og oppegåande, gode skyttarar vil nok sei at tørrtrening har vore viktig for deira framgong seiarar i sine respektive greiner, pistol, rifle, etc. Tørrtrenar ofte sjølv med mine våpen, og nei, eg er ikkje på noko pall, og er longt derfrå endå, men eg er definetivt ikkje på botnen. Mykje takka vere tørrtrening.
  24. Eg kjøpte meg mi fyrste hagle i vår, hadde open søknad, og då falt valet på ein R'870. Kvifor? Fordi eg fekk denf or ein rimelig pris, og den hadde gått svært lite. Eg har fikla med litt andre hagler, men ikkje nok til å uttale meg om desse, men Remingtonen kjem eg nok most likely ikkje til å kvitte meg med med det fyrste. Fantastisk bruksjarn, utruleg med utstyr i tillegg å få tak i. Bileta over er ikkje av min private hagle, det er bileter eg fann på nett, sidan eg ikkje er så begeistra for å ta bileter av mine eigne våpen. Men eg har alle desse kita, det originale, Hogue Overmolded, og Magpul sitt, samt ein sidesal til 6 patroner. Eg har brukt meir peng på tilbehøyr til hagla, enn sjølve hagla. Har knalla gjennom ganske mange patroner no etterkvart, og eg likar hagla berre meir og meir. I utgongspunktet trur eg det er liten forskjell på dei forskjellige pumpene, feelinga du får, samt driftssikkerheita på alle desse over er nok jamt over likt vil eg tru, ut frå mine kjentfolk sine erfaringar med sine respektable våpen. Trur det ofte til sjuande og sist er eit spørsmål om personlige preferansar. Nokon likar ZX6R, andre likar GSX-R, nokon likar GT-86, andre likar BRZ. Kom deg rundt, prøv, test, klå, leik deg, og finn noko som passar for DEG. Forslag er det mange av, søknadar er det berre ein av om gongen.
  25. PVAS og Børselars har ikkje svart på mailane eg har sendt, og Midway hadde ikkje dei sikta eg ynskja inne, og visste ikkjr når dei fekk dei. Eg ser forøvrig på alle moglegheiter om eg kan, trass i at eg meir enn gjerne kan kjøpe frå norske sjapper.
×
×
  • Create New...