Sjelden å sjå en så god tråd på kammeret.
Har lest i gjennom dei fleste betraktningane, og må seie meg enig med bla. C.E.A og skjørtejeger.
Men sit at med et spørsmål, og det er kva er lik forvaltning? der trur eg at mange blander korta fælt, for meg ville nok heller eit felles/lik mål oppnåelse gjennom forvaltninga vere vegen å gå.
Det målet må eller bør vel vere noke sliksom: At vi skal ha ei berekraftig hjortestamme med sunne og friske dyr i alle kategoriar.
Dette når vi ikkje om alle skal bruke samme malen for avskyting, der er altfor store lokale variasjonar sjølv på små avstandar til at det vil funke.
Mitt synspunkt på den beste avskytninga er difor at vi må vere forsiktig med å skyte vaksne hodyr, men er det altfor mykje dyr i eit område må det gjerast, kalv skal ikkje etter min meining gå att aleine så den må takast først.
Vis måtehald med bukke skyting, 1.5åringar bør vere tyngda av løyva (begge kjønn) enkelte område fritt antall.
berre ein ikkje går konsekvent etter spissbukkane då vert muligens rekruteringa til dei store litt skadelidane.
Utvida jakt mot vinteren......skeptisk, dyra må få fred.
Starte jakta på ungdyr tidligere???...
Det som er sikkert er at det eit vanskeligt og sårt tema, fasit fines så vidt meg bekjendt ikkje