Jump to content

Pre`64

Members
  • Posts

    59
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Pre`64

  1. Pre`64

    ulovlig jakt

    - Fellingstidspunkt?
  2. Heilt enig med dette innlegget, einaste så ville eg endra "burde" til "skulle" All form for reaksjonsfilosofering i etterkant er feil...
  3. -Eies! Var det nokon tegn til tidlegare fysisk skade på bukken?
  4. I etterkant av ei alvorleg og tragisk hending som dette, er det ikkje alle ytringar som er like reflekterte, kanskje bør ting få tid til å roa seg før debatten vert teken opp. Når saka likevel er komen til torgs, vèl eg likevel å koma med mine kommentarar. Sikkerheitsplagg og fargar under jaktutøvinga er ikkje noko nytt fenomen, bruken av desse plagga har vore omdidkutert, men sakte og sikkert har det vorte meir og meir vanleg å iføra seg plagg med sterke fargar under organisert jakt. I dag er det naturleg for dei fleste å bruka slike plagg i situasjonar der fleire jegrar opererer i same området. Men det er også andre jaktsituasjonar der behovet ikkje er tilstades på same måten, då vil eit generelt påbod i mindre grad ha noko effekt, og i verste fall føra til svekka respekt for lovverket som regulerer jakta vår. Ansvaret for å vurdera om våpenet kan rettast mot eit "objekt" eller ikkje, påkviler eine og aleine den enkelte jeger og ingen annan. At signalfargar vil påverka ei slik vurdering er eg ikkje ueinig i, men ein må aldri koma dit at ansvaret for vurderinga vert overført til andre på bakgrunn av om den enkelte har signalfargar eller ikkje. Folk og dyr skal kunna føla seg trygge i skog og fjell medan jakt vert utøvd uansett om dei plukkar bær og sopp, fiskar, går på tur, eller driv ei eller annan form for jakt. Det vil ikkje vera tillitsvekkande om jegerstanden skulle pålegga alle andre brukarar av naturen å iføra seg signalfargar før dei inntek skog og fjell... Skilt som "jakt pågår, ferdsel på eige ansvar" osv. set ikkje jakt og jegrar i noko godt lys... Det som etter mitt syn trengs, er at det vert sett endå sterkare fokus på sikkerheit der skytevåpen er involvert. Dette gjeld generell handtering, sikker bakgrunn for skot, og ikkje minst kadaverdisiplin med tanke på å vera fullstendig sikker, før våpen vert retta mot dyr og skot avfyrt. - Ja til bruk av signalfargar, - ja til almenn ferdsel i skog og fjell, - ja til auka forus på sikkerhet, - tvilande til nytte og effekt av påbod...
  5. Om det er slik at ein som hundeeigar vurderer det som heilt uproblematisk å sleppa eigen hund, med formålet å driva jakttrening på andre sin eigedom, -utan fyrst å ha innhenta løyve, så har ein nok eit alt for lemfeldig forhold til lover og reglar... ( Det bør vera nokså godt dokumentert i denne tråden allereide ) Slik adferd tener ikkje hundesporten i det heile tatt, derimot så er det bensin på bålet for dei som ikkje likar hund, jakt, eller annan hundesport for den del. I lengda så vil slikt kun føra til at dei som driv med jakthundar på ein hensynsfull, og legal måte, får dårlegare betingelsar for sine aktivitetar. Det burde ikkje vera uoverkomeleg å kontakta grunneigar og innhenta løyve i forkant. ( Eg er ikkje grunneigar, men driv aktivt med jakthund )
  6. Her fins nok ingen enkel løysing... Å innføra ytterlegare begrensingar utover dagens system, som skal fordela avskytinga ihht. kjønn og alder vil etter mitt syn verta vanskeleg og truleg svært vanskeleg, for ikkje å seia umogleg å handtera. Eg tenkjer at så lenge presisjonen i avskytinga er så dårleg som han vitterleg er, så bør trykket heller leggast på det planet. ( kva som verkeleg vert fellt kontra tildeling og planverk med tanke på kjønn, alder, - ja sågar antal... ) Eg er fullt klar over at mange vald og planområder er vorte veldig flinke på dette området, men tør våga påstanden at me framleis har alt for mange som skyt første og beste dyr, - ofte kalvskoller, for etter at jakta er slutt, setja opp eit skjema som passar med tildeling. Forvaltningsmessig trur eg dette er eit langt større problem for ein bestand i minkande antal, enn tidspunktet for skyting av storbukk. Misforstå meg rett; tanken er besnærande den, og det er ubestrideleg at kvaliteten på bukkeslakta går dramatisk nedover etter brunsten, men eg tenkjer at ein slik regel ville berre vorte endå ein papirregel som ikkje let seg kontrollera, og som kun dei mest lovlydige ( og mest oppegåande? ) ville respektera. Det er nok ei kjennsgjerning at dei fleste jegrar ikkje har kjøtkvalitet som fyrste tanke, viss dei skulle få muligheten på storbukken på seinhausten. Så ærlege må me vel også vera
  7. Korleis praktiserer dei same kommunane når det gjeld offentlege ettersøk, altså søk der jaktlaget har gitt opp? Vert slike søk overtatt av det offentlege, og kven gjer jobben på vegne av kommunen? Ev. kva fullmakter får ekvipasjane som utfører desse ettersøka?
  8. Stussa litt på dette utsagnet,, Er det slik at lokal viltmyndighet gjer tillatelse til lysbruk under ordinære ettersøk? Altså ettersøk i regi av jaktlag og den ettersøksekvipasje / ring som jaktlaget har avtale med? I såfall trur eg dei tolkar lovverket nokså fritt..
  9. Har du muligheten, så er det såre enkelt å laga eigen tørrfisk, Men du må jo få tak i fisk då...
  10. Takk for tipset Veidinn! Boka er no bestilt, men eg er framleis int. i den norske boka...
  11. Det høyres ikkje urimeleg ut, men kva då i 6,5mm og 140grs blykuler? Vil det vera problem å stabilisera ei 140grs homogen kule i 6,5-06?
  12. Villreinjegeren; Kva kulevekt brukar du i 375" ? Kva tenkjer du om homogene kontra blykuler, er det spesielle hensyn med tanke på kulevekt / lengde, eks. 6,5mm som kan vera litt vrien?
  13. Ja, prøv det. Ein liten panelovn kan også gjera underverker i fuktig miljø..
  14. Er alle "homogene" jegrar reist på jakt eller? Var lite respons på denne...
  15. Løftar fram ein gammal tråd... Er det nokon som veit om eit eksemplar av denne: - Storvildjagt i Norge og Alaska 1926 ev. kan tenkja seg å selgja?
  16. Hei Jerognal. Eit heil spesifikt svar er vanskeleg å gje, men eg synes ikkje 70-80% høyres så gale ut. Eg har ofte ein fuktighet rundt desse verdiane, men eg har ekstra luftsirkulasjon i rommet i tillegg til aggregat. Men, det er slakta som gjer deg fasiten.. Viss ikkje du beheld hinnene på kjøtet etter innhenging på kjøl, så har du ikkje godt nok miljø... Fleire tiltak er mulig, -men kva temperatur har de i rommet? Om kva som er "rett fuktighet" meinar fylgjande; det bør vera så lav fuktighet at slakta beheld fine hinner, samt at lukta i rommet ikkje er vond, eg ser ikkje grunn for å minimalisera fuktinnhaldet utover dette, for då blir slakta unødig uttørka i løpet av modningsperioden med tilsvarande vekttap. Oppsummering: Trur ikkje at du bør henga deg opp i ein talverdi, prøv deg fram til det som passar i det aktuelle miljøet ( rommet ) Temperaturen er vesentleg, eg har 6-7 grader, det kombinert med kontroll på fuktigheten gjer at slakta fint kan henge 60-70 døgngrader, ja, lengre også når utgangspunktet ( slaktet ) er bra. Fuktigheita kan regulerast med avfukting, eller ei ekstern, ( termostatstyrt ) varmekilde som tvingar aggregatet til å gå meir enn det ellers ville gjort. Ev. lufting, men då er det veldig varierande effekt sidan utelufta ikkje alltid er tørr...
  17. Mulig svara på mine spørsmål fins i tråden allereide, men eg har ikkje lese alt difor; Tenkjer å erstatta dagens blyklumpar med homogene kuler, kan nokon med erfaring på desse kulene anbefala substitutt for fylgjande kaliber/ kuler? * 6,5-06, 140 grs A-frame / lapua mega * 30-06, 165 grs A-frame * 375 H&H, 300 grs A-frame Kan eg gå direkte på tilsvarande kulevekter, eller blir det problematisk med tanke på kulelengder osv? Kva for ei av Barnes kulene bør eg ev. gå for?
  18. Kva ynskjer du å få fram med dette utsagnet..? Generalisering rund eit viktig tema blir like feil uansett kva utgangspunkt ein har... Etter mitt syn er det bra at det har vorte sett ekstra fokus på skyting av mordyr frå kalv. Enno er det for mange jegrar som ikkje tek nok hensyn til dette, og let egoisme gå føre hensyn til viltet dei jaktar på. Det er ikkje noko nytt at lovverket har straffebestemmelsar mot inhuman jakt, ei heller at morlause kalvar har dårlege odds for overleving eller normal utvikling. Men med 10 dagar tidlegare jaktstart aukar sjansen for å påtreffa koller som har lagt kalvane frå seg, vidare kan desse døgna vera utslagsgjevande for kalven. Det er difor heilt på sin plass å vera ekstra forsiktig i forhold til å skyta på vaksne koller.
  19. Ja, se det. Her var det som forventa mykje håndfast regelverk.. Blir dette praktisert rundt om?
  20. Her er ei overskrift frå det store utland: http://www.dagbladet.no/2012/06/18/nyhe ... /22158269/ Spørsmålet som reiser seg er; Kva seier lovverket om plassering av viltkamera i utmark? Er dette klargjort, eller er det datatilsynet sine retningsliner som skal fylgjast? ( på beste måte )
  21. Er på utkikk etter ei / fleire vekter for veging av heile slakt / oppstykka delar. Ser at ABC fritid har to digitale modellar til ein rimeleg pris. ( 0-150 / 0-200kg ) Den minste skal ha 0,1kg oppløysing, kontra 0,5 kg på den største. Treng ikkje kirurgisk nøyaktighet, men funksjonelle og pålitelege vekter. Spørsmål: - Er desse nøyaktige også over tid? - Fungerer dei også på lettere deler? ( like nøyaktig ?)
  22. Eg ser at tråden omsider har livna til, - det var kjekt... Det var ikkje meininga å vera "mystisk" ved ikkje å skriva om eigne erfaringar, men heller eit forsøk på å unngå at tråden vart prega for mykje av eigne tankar. Eg vil nok også halda hundenasa fram som det viktigaste hjelpemiddelet, men eg kan godt innrømma at det gjer veldig godt å få synlege bekreftingar undervegs i sporet. På skotplassen er det jo alltid andre spor å finna så sant dyret er treft, med også der er det greit å finna det som er av blod synest eg. Om div. lykter og filter: Eg har sett og fått prøva diverse lykter / lysfilter som alle skulle vera til nytte ved påvisning av blod. Eg kan ikkje med god vilje seia at nokon av desse hadde særleg mykje for seg. Til no er ei halogenlampe med varmkvitt lys, mitt beste valg. ( treng ikkje diskutera lovlegheit av lysbruk her ) Om flytande stoff: Eg har prøvd eit slikt stoff som består av tablettar utblanda i vatn. Denne testen foregjekk slik: Storfeblod vart dusja / dropla på eit tydeleg definert område på innmark, deretter vart dette liggande nokre timar til mørkret kom. Det kan nevnast at det var mykje regn i perioden. Når mørkret kom vart foreskriven vassmengde og tablettar blanda ut og rista saman. Spente gjekk me til verket og spraya stoffet ut over "skotplassen" vår, reaksjonen kom umiddelbart; eit blå-kvitt lys flamma opp i graset for så å ebba ut etter nokre sekundar. Me prøvde ein ny dusj, med same resultat, -fantastisk...! Men så kom edruskapen over oss, og me fant ut at dette måtte kontrollerast. Me forflytta oss fleire titals meter unna ( i motbakke ) for så å spraya tilsvarande over eit reint område. Kort fortalt; reaksjonen var mykje den same, kanskje ein antydning meir blåleg lys, men alt for likt etter mi meining. I ettertid har eg fått fortalt at stoffet skal reagera med hemoglobinet i blodet, men at ymse bakteriar kan gje ei tilsvarande reaksjon, med eit meir blåleg lys... Ikkje veit eg, men personleg synest eg dette vart for usikkert. Eg skuldar å prøva på tørrare underlag, kanskje på skogsbotn, men eg må innrømma at eg er skeptisk... Andre erfaringar vil eg gjerne høyra om...
  23. På marknaden florerer det mange ulike fludium og hjelpemidlar for påvisning av blod i mørket. Eg har prøvd nokre av desse, og gjort meg opp mi eiga meining, - men kva er dine erfaringar med, og meiningar om nevnte artiklar?
  24. Svar i kortversjon kan kanskje vera; -verken eller.. Eg tenkjer at dette kan vera eit greit alternativ i enkelte tilfeller. Eks: i områder med lite reproduksjon, gjennomgåande ung bestand, og målsetning om å auka / bevara bestanden i området, då vil eit slikt verkemiddel vera funksjonelt. I andre tilfeller der bestanden skal reduserast vil det for så vidt ha ein effekt sidan du feller to dyr kontra eit, men samstundes vil det vera viktig å få teke ut ein del av dei stabile produksjonsdyra.. Med tanke på omsynet til human jaktutøvelse vil eit slikt verkemiddel kanskje ha ein positiv effekt, viss resultatet vert at ein reduserer antal morlause kalvar etter jakta, berre det er i og for seg eit vektig argument. Oppsummering: Eg er ikkje imot eit slikt verkemiddel viss det vert brukt fornuftig, og tilpassa lokale målsetningar.
×
×
  • Create New...