Jump to content

Pre`64

Members
  • Posts

    59
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Pre`64

  1. Vinklinga om forvaltning og bestandsutvikling i denne tråden har fanga også mi interesse... Fyrst må eg seia at eg deler mange si oppfatning om at bestanden no er på retur, min påstand er at me såg toppen for 2-3 år sidan i mitt heimeområde. ( Midthordland ) Grunnen til dette treng ein ikkje dvela lenge ved; minstearealet er redusert kraftig to gonger i løpet av få år, og målsetninga bak dette er ein bestandsreduksjon på 30%. Bakgrunnen for tiltaka var ei undersøkjing der skadepress, og generelle problem med ein stor hjortebestand vart belyst, og konklusjonen vart som nevnt ein drastisk reduksjon. -Men eg er temmeleg usikker på om utfallet vil verta som forventa... Dyra har lagt seg til med gode vanar, samstundes har me ferre og ferre antal dekar med eng i god hevd, dette går tilbake år for år, med andre ord; presset på veldriven innmark vil auka sjølv om bestanden av hjort vert redusert. Truleg vil dei mest utsette bøndene verta påført betydeleg beiteskade så lenge det fins dyr att i området. Då spørs det om 30% vil utgjera ein målbar faktor i det heile.... Det eg er verkeleg uroa for er om lokal forvaltning klarar å monitorera utviklinga, og setja bremsane på tidsnok, til det er eg redd me veit for lite om lokale bestandar, utvikling og kva for andre faktorar som påverkar denne. ( kalde vintrar / endring i trekkmønster osv.) - Korleis veit ein at målet på 30% reduksjon er nådd når ein ikkje kjenner antalet i utgangspunktet...? - Kva med tilstøytande kommunar / områder, som har heilt andre målsetningar,men deler dei same dyra?
  2. Temaet er sikkert meir relevant for elg en for hjort som viltart, det er sistnevnte eg har mi erfaring frå, difor vert kanskje vinklinga litt annleis..? På vestlandet opplever me tilsvarande periodar som du beskriv, der viltet er meir aktive enn ellers i året. Mitt inntrykk er at dette er knytta til den adferden som dyret naturleg har på nevnte tider av året, td. forflytning mellom sommar / vinterområder, brunst og paring osv. I tillegg har ein registrert generell auka aktivitet rundt fullmåne. Dette kan vel lite påverkast frå menneskeleg hald, anna enn å ta ekstra hensyn i aktuelle område. kombinert med rydding av skog på mykje brukte kryssingspunkt. For hjorten sin del er dette med kryssing av veg eit mindre problem under jakt, då dyra normalt søkjer mot tettare, eller meir høgtliggande terreng når dei vert pressa. ( me har ikkje så mykje offentlege vegar som deler teigane heller ) Men har du inntrykk av at dyra lar seg pressa til å kryssa traffikert veg på dagtid viss dei har alternative ruter i skogen? ( eller er dette korridorar som dei ellers brukar mellom terrenga i nærområdet, med andre ord; foretrukne ruter? )
  3. Smevik: Kva er dine erfaringar med systemet så langt, er det td. tungt å spenna opp bolten? Ev. funksjonsproblem..?
  4. Kvaliteten på skjefta trur eg er heilt i toppen, men finishen på overflata er ein lakktype som vert sprøyta på. Dette medfører at stokken vert litt glatt når det regnar, samt at han lagar støy når du går gjennom tett buskas / gran / einer. Dette er såpass irriterande at eg er på leit etter eit belegg som kan "polstra" overflata på mine skjefter. Ser for meg tynne plater av neopren eller liknande, - gode tips..?
  5. Det ville nokså sikkert stått informasjon om dette på kortet viss fangst var innbefatta i jaktkortet. Eg er temmeleg sikker på at så ikkje er tilfelle, oftast er det vanskeleg nok å få grunneigarane med på ei fellesordning for jaktkort, om ikkje dette skulle inkludera fellefangst også. Det tryggaste ( og rette ) er å gjera direkte avtale med den enkelte grunneigaren, då er sjansen for å finna att fellene vesentleg større...
  6. Denne kjertelen skil ut eit bestemt stoff når dyra er skadde / alvorleg skremde. Det er vel derfor det kan ha noko for seg å opna kjertelen "mekanisk" ? At hunden klarar å fylgja sporet etter heile klauver er fint det, men eg antar at hunden har god hjelp av denne luktstrålen når det gjeld å isolera eit enkelt spor frå andre.
  7. Hei Jaktlykke! Ser at du har fått gode svar allerede, men eg trur kanskje det kan vera lurt å "introdusera" klauvskoa for hunden ved å kombinera desse med eit vanleg treningsspor i starten. Då vil du sannsynlegvis lesa ei endring i hundearbeidet / endra intensitet, ( ganske tydeleg ) samtidig som hunden får ei gradvis tilvenning til dette nye. Husk å gjera eit snitt mellom klauvene, slik at lukta i kjertlane der, vert frigjort. Når dette er gjort eit par gonger er det berre fantasien som set stoppar for variasjonane. Lykke til!
×
×
  • Create New...