Jump to content

LabRat

Members
  • Posts

    581
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by LabRat

  1. No veit eg ikkje kva du har på golvet, men min ladebenk skal stå på ei bod der eg legger fliser. Har vannboren varme så er ikkje aktuelt med noko som går ned i golvet. Eg tenker eg limer den fast med Tec7 i tillegg til ein vinkel eller tre rett i stenderverk. Dersom du har mindre solid golv, slik som parkett eller laminat ville eg ikkje limt noko fast. Du vil vel berre løfte golvet trur eg. Eg skal i alle fall feste min godt sidan den minste svikt i benken resulterar i mykje momentsvikt i pressa. Lykke til
  2. Hei, Eg har skaffa meg Williams sikter til min Marlin i 45/70. av denne typen http://www.midwaynorge.com/apps/eproductpage.exe/showproduct?SaleItemID=945296 Etter første testing vikar det som framsiktet er for høgt. Utan at eg har sjekka altfor mykje på nettet lurer eg på om nokon veit kvar eg kan få tak i eit utval av framsikter som er litt lavare ? Må eg kanskje bytte til ein helt anna innfesting i front på løpet sidan den orginale er ganske høg ? Takker for hjelp.
  3. Berre å slenge ut ideer. Snart er huset mitt ferdig og da har eg eit kott på 4kvadrat som skal bli laderom. Einaste eg har på plass så langt er ladebenken som allerede står klar. Så tips er noko eg og andre setter stor pris på. Har lada opp ein del ammo slik at eg ikkje trenger stresse dette.
  4. God Jul frå Austevoll som er triveleg snødekt for anledninga:)
  5. Som Shadob seier er dette tillatt, men eg vil ikkje anbefale det til banevåpen. Eg bruker det sjølv på fleire feltvåpen, men må innrømme at samlingane var betre før med svarte sikter. Du finner kanskje siktene litt tidlegare, men det er og lettare å jukse sidan siktene ser ut som dei er linjert utan at det nødvendisvis er 100 % tilfelle. Så til felt vil eg seie greit nok og til tider ganske bra, men på bane ville eg ikkje gjort dette. No er det sikkert andre baneskyttarar på kammeret som kan meir om dette enn meg, men eg personleg meier at det er rolegare med svarte sikter. Eg legg heller fokus på å holde våpen korrekt i handa og stilling. Min erfaring er at om dette er feil har eg sjeldan tid til å korrigere siktebildet uansett om siktene er svarte eller fiberoptisk. Ø
  6. fin pakke her http://www.jaktfall.no/index.php?nr=90&case=4&id=951&idkategori=607&startrow=
  7. LabRat

    Whisky

    Eigentleg er det litt merkeleg at destilleriet ikkje tynner ned cask strenght.. er vel klor i vatnet dei fleste tynner den ut med heime ( om dei bruker springvatn ). Det kan ikkje vere bra. Men på den andre sida er Arran fin å sippe til heilt bar og. Utruleg flott smak.
  8. Det er ikkje faktorkrav til revolver
  9. Akkurat. Kanskje me bør prøve noko andre kuler, men eg syns det er merkeleg at hylsene har ein tendens til å sitte fast med 14,2 grain N110 og utan å nå noko meir enn knappe 1100 fps. Det med Winchester 158 grain som eg oppfatter som ei god kule bl.anna i min 686. Som sagt så fekk me jo fiocci fabrikk opp i 1350 fps utan særleg klebing. ladeboken har til dømes 14,5 grain som startladning på ei tilsvarende kule..
  10. Hmm.. Eg ser da meir i retning størst mulig i kassen sjølvsagt. Kan jo vere eg må gå runden i år med Glocken likevel. Får bruke litt tid på dette. No som eg er kompis med siktene på Glocken ( nesten ) blir det kanskje betre enn det eg presterte i Larvik på akkurat spesialpistol for glocken mangler ikkje akkurat på presisjon den heller. Om eg kan konkurrere med Evert er vel heller usikkert. Kanskje me må ty til "dirty" triks.. røykteppe eller noko slikt. Eller lure han til å tru at det er noko anna enn .22 som gjelder
  11. Men, om me så skal fokusere ørlite på 1911 til spesialfelt.. Sidan eg kun har testa ein liten glock ( 26 ) i 9mm i denne størrelsen lurer eg på korleis 45 vil vere ? ( har ein 45 govenment ) Leiker sjølv med tanken om å pensjonere Glocken til fordel for ein 1911 løysing i 9mm eller 45. ( må seie at tankane øyeklikkleg går til 45, STI eller Kimber i første omgang ) Hassel.. du seier at din ikkje vinner NM. Eg oppfatter deg som ein god skytter, men er det våpenet du meiner eller at det er for mykje rekyl til å hamle opp med .22 karane ?
  12. Låner denne tråden litt sidan den handler om 357 og Colt. Jobber med å lage til ein ladning til ein King Cobra som skal holde til Mag1. Har til no brukt tre forskjellige kuler, partizan, Winchester JHP og Archipelago. Alle 158 grain. Problemet er at hylsene kleber for mykje i kammeret, sjølv med ladningar som eg meiner er langt fra maks. Eg har og forsøkt fleire hylsetypar, men kun ein type krutt. N110. Referansen er min 686 som fint takler f.eks 15,2 grain bak Win 158 JHP. Denne passerer da godt 1300 fps satt til ca 40mm. Bruker eg denne ladninga i Colten får eg ikkje ut hylsene utan å bruke litt makt. Heilt ned mot 14,6 har dei ein tendens til å sitte fast i colten. ( her holder den marginalt faktor, bør ha 14,8 ) Partizan 158 og 15 grain N110 er gløymesak. Og det er i grunn litt merkeleg. ( syns eg ) Tønna på Colten skal vere rein i tilfelle forrige eigar har brukt mykje 38 i den utan grundig puss. Det var ein av mine teoriar. Hylsene som er i bruk er hovudsakleg starline som kjem frå min 686. Kan det vere at den har litt rommare kammer og har strekt hylsene ? Kanskje eg burde bruke hylser som kjem fra colten ? Kan det vere ein årsak ? Det skal og seiast at eg ikkje har fått sjekka om det er eit eller fleire kammer hylsene fester seg i. har ikkje tenkt over det i farten. Me testa og noko Fiocci fabrikk for nokon dagar sidan. 158 grain SP. denne satt litt og hadde hastighet over 1350 om eg ikkje hugser feil. Så.. kan 15 grain N110 bak ein 158 grain kule satt til normal lengde ( 40- 40,5mm ) vere maks eller over maks i denne revolvaren ? Det syns eg er merkeleg i tilfelle.
  13. Dette må da vere eit bra midt i mellom alternativ. http://www.finn.no/finn/viewimage?finnkode=20045473&reference=3/200/454/73_162653764.jpg&adheading=Pistol+22+cal+Beretta&adTypeId=67&areaId=4265
  14. Clarry Haglund http://home.broadpark.no/~trudlang/leadbull.html
  15. Me har og disktutert dette før i denne tråden. Sjølv om det gjelder rifle er det som nevnt same prinsippet. http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=31&t=20674&hilit=skyting+nedoverbakke
  16. LabRat

    Whisky

    dette fatet skulle vere utsolgt, men det var ein igjen når eg gikk på tirsdag Veldig grei pris for ei slik flaske om den er så bra som lova.
  17. LabRat

    Whisky

    Fant meg ei flaske med The Arran Single Cask Burbon edition på polet forrige dagen. Den er eg veldig spent på. fat 673 for dei som kjenner saken.
  18. Me lager og sylte som er ein variant av det du lager Mauser, men for saltsmak så har me faktisk heile pølsa i saltlake. Ligger ofte i "vedlikeholds" lake i jul/romjul.
  19. er alle desse forskjellige ? min 607 har ein skrue under, men denne fungerer kun som ein låsing for bolten som går inn i ramma til låsehrndelen Bolten kan bevege seg fritt nokre millimeter. Så eg kan ikkje justere kor hardt min hendel skal stramme saman våpenet. men eg har opplevd at våpenet har demontert under skyting dersom eg har gløymt å sjekke
  20. Ja, da blir jo saken ein anna. Det er heller ikkje sjeldan me finner flasker som folk har plassert opp vollen eller overbygg til standplass. Ein skjønner ikkje heilt hensikt med sandvoll da vil eg påstå.
  21. nei, da er me nok i grunn einige skal du sjå. Dessutan trur eg ikkje at diskusjonen er på rett grunnlag uansett. Sjølv om ein person begynner med å legge siktepunktet sitt høgt for å senke, mykje likt ein skiskytter er topppunktet sjeldan over kviten på blinken. Det er i alle fall mitt intrykk. Det er vel grenser for kor lang vegen skal vere. eg må i alle fall løfte høgt på vår 25m bane for å treffe over vollen.. Håper me får noko meir info i denne saken. kjekt å fått ein forklaring på kva som eigentleg skjedde.
  22. jo, greit nok.. eg vil kanskje stekke det så langt at våpenet 45 grader ut fra kroppen er definert som mot målet i pistolskyting ? Det er jo kun i denne posisjonen det er ladd.. Til Høggern: Vil og meine at det er litt forskjell på å skyte med rifle og pistol.. kanskje bortsett frå ag3.. tek du fingeren vekk frå avtrekker mellom skudd på stangskyting ( om ein bruker AG ) ? Men alt dette er i grunn litt OT sidan eg ikkje snakker om å sikte over "vollen"
  23. Er det verkeleg mange baneskyttere som tar fingeren vekk frå avtrekkeren mellom kvart skudd i duellskyting f.eks ? ned i bakken er hos oss definert som sikker retning, sjølv om det er ubehageleg når nokon skyter i grusen. Kan nå ikkje hugse å ha sett nokon som helst bli diskvalifisert på feltskyting ( eller bane for den del ) for å trekke revolveren inn til kula før ild eller legge fingeren på avtrekkeren på pistolen. Det er jo faktisk definert som minuspoeng dersom ein skyter før ild, men etter klar.. ikkje diskvalifisering. Ein bør kanskje ikkje ta heilt av her. Å ta inn til trykkpunktet før løft vil eg nesten påstå er vanleg, og nesten nødvendig ved hurtigskyting. Men det kan jo vere eg som trener for lite eller er for dårleg skytter.
  24. Eg tok dremelen og ein passande stålbørste og polerte opp kammeret mitt. Fungerte fint i mitt tilfelle.
×
×
  • Create New...