Jump to content

LabRat

Members
  • Posts

    581
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by LabRat

  1. Dette skal ikkje vere noko problem i heile tatt. Du vil vere hovudmedlem i ein av klubbane og sidemedlem i dei andre. Om eg ikkje hugsar feil kan du berre representere ein av klubbane pr år. Men du kan nok vere medlem i så mange du vil Ø
  2. Da har eg allerede fått hjelp. Utruleg kjapt !
  3. Hei Eg har nettopp kjøpt meg ei Star Magma presse og kom over ein problemstilling i går. Eg skulle size og smøre nokre 45 kuler med gas check og stempelet var rett og slett for lite. Fungerer heilt greit til dei fleste kuler utan GC, men no må eg ha eit som passer nøyaktig. Er det nokon som kan hjelpe til med å dreie nokon stempel til meg ? Her er bilde av stempelet saman med ei kule. http://www.magmaengineering.com/PDF/Star_sizer_bullet_punch_settings.pdf Nøyaktige mål kan eg sjølvsagt komme med, men det er ikkje store saken. Tipper gjengene er ca 12 mm. totallengde 5 cm. Heilt sylindrisk sak og heilt plant stempel. Mulig eg ønsker ein kant i front for å få press på GC heilt ut i kanten på kula. Eg betaler sjølvsagt.
  4. Ingen endringar så vidt eg veit. Kun våpen som blir brukt i klubbens program tom .460, men rifle er vel inntil vidare forbudt. Måtte sette opp nokre ekstra skilt sidan NRK og naboen hadde passert 3 stk på vegen opp og det tydlegvis ikkje var nok.
  5. No veit eg ikkje heilt korleis du holder dette våpenet, men eit god grep for mange på ein 1911 type pistol er å legge tommelen på sikringa når du skyter. Da får du og våpenet lavare i hånda. Når det gjelder demontering for puss så er det ingenting som blir øydelagt av fornuftig demontering.
  6. Hei. Trur nok du kan spare pengane dine på luftpistolen og heller vurdere ein brukt av bedre kvalitet. Så blir det litt hensikt med treninga. Dersom det kun er til leik finnes det vel billigare alternativ vil eg tru. Når det gjelder 22 så er kanskje Benelli ikkje den penaste, men fungerer bra og er enkel å bruke/vedlikehalde. Smithen er nok grei den, men etter min meining ikkje i same klasse som benelli.
  7. Har ikkje direkte erfaring i 40, men CBC fungerer fint i andre kaliber i alle fall. Alltid verdt å samle på
  8. Generelt sett går dette bra og tek ikkje så mykje lengre tid enn ein vanleg handel i norge. kanskje 2 - 3 veker. problemfritt vanlegvis
  9. Eg antok at du sto ute i litt vind. Derfor brukar eg sjølv ein krabbekokar
  10. For å halde smelta på ein høg nok temperatur trenger du nok litt meir futt enn 2,5 kw eller evt ha mindre i som nevnt. Er og enklare å smelte litt først å få opp tempen på dette før ein blander i nytt. kanskje til og med reinse ut litt slagg / drit om noko flyt opp. Skrap godt på sidene og botn. Hjulvekter smeltar på under 300, men trenger nok opp mot 340 som ein fin støypetemp, men det er heller ikkje anbefalt noko særleg over om du kun skal lage barrer. 5 kg bly trenger litt energi og litt trekk kjøler mykje Lykke til..
  11. Mykje mas om haglene da. Det står jo at det ikkje er lov å ha magasin montert med mulighet for meir enn 5 skudd i tillegg til det i kammeret. Ikkje bruk magasinforlenglese. Det er ulovleg.! min 870 er 4+1 frå fabrikken i alle fall og lovleg slik eg kan sjå. Ø
  12. Du skal skyte rimeleg langt og rimeleg bratt før ein treng å tenke på denne problemstilling i heile tatt om du skyt på hjort etter min meining.
  13. da har eg snakka med Clarry. Han var veldig grei og skulle presse nokre i .312 slik at eg får teste. Takk for hjelp.
  14. Nei det var ingenting. Kanskje dei har rota vekk kassetten. Fekk ikkje 100 % bekrefta når det skulle komme. Skal forsøke å sjekke opp.
  15. NRK var å filma oss på eit feltstevne i går. Kjem kanskje på Dagsrevyen i kveld. Veldig spent på kva vinkling som kjem. Me forsøkte i alle fall å oppføre oss så fint som mogeleg
  16. Hei. Eg sliter litt med presisjon i ein Beretta 81BB, 32 ACP. Får det ikkje heilt til å stemme og fekk slugga løpet i går. Det måler i overkant av .311 så eg lurte på om nokon har nokre blykuler i .312 som eg kan forsøke ? Så slepp eg kjøpe inn store kvanta for testing. Trenger ikkje meir enn ca 50 stk. Eg betaler sjølvsagt for kuler og porto Takk for hjelpen.
  17. Ser heller ikkje problemet her. I motsetning til f.eks praktisk skal det og framvisast tomt magasin før det blir pakka vekk. Er ikkje alltid behov for krisemaksimering.
  18. Her er ein ladning eg har testa Eg brukte Hornady sitt tips om å trimme ned dei hylsene eg brukar til denne kula. 2,040" Så da kan du bruke følgande data. Winchester Hornady FTX 325 Flextip Fed N133 55gr 65,7COL Lykke til
  19. Du hever pressa og skrur dia ned til hylseplata. Senk pressa og skru ned 3/4 runde eller noko slikt. Evt så mykje som du føler er nødvendig til dia bunner. Øystein
  20. Ikkje ein Guide Gun, men ein 1895. Er vel ganske likt. Om du kjøper Hornady sine FTX patroner på butikken er hylsene kortare enn vanleg. Dei har ein eigen infosak om dette på heimesida si.
  21. Einaste er at du antakeleg må trimme hylsene du har tenkt å bruke for å få korrekt patronlengde. Eg har laga til ein 15 / 20 stk som eg bruker til dette
  22. Om du tenker på Hornady sin Lever Evolution så har eg testa ekspansjon og nokre ladningar. Ikkje heilt i mål på presisjonstesting. Får gode hastigheter og den virkar som ei god kule. kanskje litt mykje ekspansjon, men bra restvekt. Einaste eg har registert så langt er at den traff betraktleg høgare på 100 m enn 350 grain blykule gjorde. Må komme meg ut ein dag å teste presisjon, men reknar i grunn med at den er god.
  23. Det vil vel alltid vere ein slik fokus i sånne saker, men det er jo enda enklare å skaffe seg ei jaktrifle enn ein pistol. Du får vel fleire halvautomatiske rifler med kun bestått teoriprøve. Treng vel ikkje skyte opp eingong. Elles einig i at det er feil fokus
×
×
  • Create New...