Jump to content

LabRat

Members
  • Posts

    581
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by LabRat

  1. Det er planen, men det er litt begrensa med tid før Nm. I tillegg trudde eg faktisk at dette var i boks, men men. Eg har vel nokre kuler liggande og siste løysing er vel å skru ned siktet og bruke fabrikk WC..
  2. Utan bruk av anna enn ein stødig posisjon og anlegg holder den vel 10 - 12 cm på 15m Det er som oftast ein eller 2 som drar ut samlinga litt. Saken er at eg samanliknar den med 686 som lett leverer betre, kanskje det er litt urettferdig Men som me har nevt kan det vel vere litt vansklegare å skyte med ein liten revolver. Eg skal ta å teste litt meir nøye før eg forkaster ladningane. Eg fylte jo den forrige feltløypa med den så det er ikkje altfor gale, men det er jo dette med psyken da..
  3. Kombinasjon av frihand og anlegg. kan jo vere at det rett og slett er eg som forventar for mykje av denne vetle revolvaren. 686 er det ingen problem med. Skal vel ikkje så mykje til for å vippe denne litt ut.
  4. No har eg testa spesialrevolveren min ein del og eg kan ikkje seie at eg er heilt happy med presisjonen enda. Alt fra raske til slappe ladningar med 105 grain kula. kan det vere at denne revolveren ( Smith 14-3 kappa til litt over 2 tommer ) ikkje liker lette kuler ? Trudde eit svakt øyeblikk at dette var ein super kombinasjon. Trur eg må teste litt med tyngre kuler for å sjekke om det er meg det er noko gale med. Andre som har erfaring med 105 grain i spesialrevoler og evt kva hastighet er ønskeleg ? Trudde eg var i mål rundt 750 fps, men det er ikkje stabil presisjon.
  5. Du er herved arrestert. Resonnementet ditt er i utgangspunktet korrekt, men du går i den vanlige fella. Ved 45 graders vinkel er tyngdekraftens komponent vinkelrett på fartsretningen ikke 50 %, men sinus til 45 grader = 0,707, dvs. ca 71 %. For øvrig virker det som om det er én av debattantene som har full forståelse av temaet. Takker for den korreksjon, var kanskje litt rask med den siste. Vart berre veldig frista til å slenge den på .. Men har tru på at det er dekomponering som er sakens kjerne
  6. Må vere enig meg m67. I desse tilfeller vil tyngdekraften bli "dekomponert" I eine ytterpunkt når ein skyter 90 grader opp vil tyndekraften kun bli brukt til å bremse kule. Endrer ikkje kulebane ved skyting i 0 grader ( rett fram ) vil du ha maks effekt av tyngdekraft til å endre kulenbane. Alt mellom dette vil tyngekraften bli dekomponert, dvs fordelt Teoretisk da 50 % tyngdekraft til å endre kulebane ved 45 grader vinkel.. Dette er i alle fall min enkle forklaring på saken. Arrester den som vil Eg som nesten skyter kun håndvåpen bryr meg ikkje så mykje om dette...
  7. Kan og bekrefte mykje lik holdning desverre.. Sjølv liker eg å skyte litt i løpet av året for å kunne vere litt meir sikker på at skuddet sitter der det skal om eg først finner ein hjort. Eg var medlem i lokalt skytterlag og spurte fint om eg kunne vere med på ein standard treningskveld dersom det var ein ledig standplass.. Dersom det kom nokon som skulle trene DFS skyting så kunne eg gå vekk. Det er jo ikkje alltid at det er flust av jegerskyting eller at det alltid passer. Trudde ikkje det skulle vere noko problem så lenge eg følger anvisninger til standplassleder. Men neida, hadde eg ikkje Sauer trengte eg ikkje komme. Det var kun Sauer dei brukte på trening. Må seie at om det er denne holdninga dei har til alle er det kanskje ikkje merkeleg at folk knapt får levert sine 30 obligatoriske skudd i løpet av året. Ein blir kanskje litt matt av slik holdning. På den andre sidan kan eg og fortelle at eg har funne ein anna DFS klubb som har ein heilt anna holdning. Der får eg trene så mykje eg vil når det er ledig standplass. Heldigvis er ikkje alle like.
  8. Du kan vel kanskje vurdere å skifte til necksizer om du lader til same rifle heile tida ? Da treng du ikkje smørning.
  9. pokker Fulmen, det var ein god ide. Kvifor har eg ikkje tenkt så enkelt når eg sitter å lader 32 acp og forbanner krymp og setting i samme die. Godt at nokon kan sjå løysingar for meg når eg er heilt ute sjølv
  10. Fint. Ein anna plass eg leste i regelverket sto det at eg kunne levere inn ammo til testing. Ammo skal jo demonterast og prosjektil skal vegast. Der sto det og at nokon patroner vart skutt over kronograf, men eg såg ingen plass at det var mitt våpen som skulle brukast. Takker..
  11. Hei, Kom til å tenke på ein sak når det gjelder faktorkrav. Er det slik at mine patroner må holde faktor i eit vilkårlig testvåpen ? Slik at om eg lader .44 magnumpatroner med 240 grain kule og rett over 300 i faktor er det vel ikkje sikkert at denne blir godkjent i eit anna våpen ? ( eg bruker ein 10" SBH ) Burde eg legge inn ein større margin ? Veldig kjedeleg å bli diska for ein filleting.
  12. takker. Men er det korrekt det eg konkluderte med på bane ? Er det nok å skyte klassekrav ein gong pr sesong ? Nokon seier at du må skyte over 2 gonger i løpet av året
  13. Eg skyter 1911, 45acp i mil felt ja. Det er vel den som fungerer best tett etter revolveren. Funksjoneringsfeil er alltid ein reel faktor så eg bruker stort sett same mønster uansett.
  14. Da har eg søkt litt sjølv og lest i NSF lover. Fant denne oversikten med merke og opprykkskrav http://www.skyting.no/files/%7B29077001-D288-4B0E-A29D-8EA60C360B16%7D.pdf Slik eg no har forstått dette er det nok å skyte kravet ein gong i løpet av sesongen for å endre klasse neste sesong. Du må og skyte deg ned igjen. Deltar du ikkje ein sesong blir du ståande med same klasse. Er dette korrekt oppfatta ? feltskyting er vel litt andre reglar, men fant dei ikkje i farten. Sikkert mykje same prinsipp, men prosent av toppscore.
  15. Ser det står litt om dette tema på Kammeret. Søkte og littt på nettet og fant knapt ei liste med nokre poengkrav for dei forskjellige øvelsane. Da først og fremst baneprogram, men gjerne og felt. Kunne nokon tatt seg tid til å sette opp ein enkel oversikt om korleis ein kvalifiserer til dei forskjellige klassane og kva krav som gjelder ? Er det nok å nå denne poengsum ein gong pr sesong, sei at ein har "flaks" og skyter seg opp ein klasse eller må ein halde over ein viss sum fleire gonger pr sesong ? Takker for innspel.
  16. Det er vel ikkje noko rett eller gale i feltskyting. Målet er å få ut alle skudd og at dei er plassert i blinkane. Finner du noko som fungerer trenger du vel strengt tatt ikkje å få godkjenning for prosedyrem Mange liker faktisk å halde tett på sin taktikk.. For min del er det veldig tilfeldig, men pleier alltid å legge ein plan. Eg hadde ein periode ( er vel inne i den enda når eg skyter fin ) der eg ikkje stolte på funksjoneringa til våpenet og da pleide eg alltid å skyte flest mulig blinkar før eg satte "ekstraskudd". Dette for å sikre eit poeng eller 2 ekstra dersom eg fekk ein forkiling/klikk eg ikkje klarte å korrigere. Sjølvsagt skal våpenet fungere, men det er kjedeleg å sette 4 av 6 skudd i den første av tre blinker, så klikker våpenet. Da koster feilen 4 i staden for 2 poeng.
  17. No er eg ikkje noko ekspert, men reknar med at du velger ut 6 blinker å skyter dine 6 skudd i desse. Du kan altså ekskludere eit mål utan i miste poeng.
  18. LabRat

    Pannekaker

    Seint svar, men her er ei som skal fungere. 4dl mjøl ½ ts salt 3,5 dl kefir 1 ts natron 1 egg Sikt mel, salt og natron. Visp saman egg og kefir og spe blandinga i melet og bland godt. Ei pannekake 2 ss røre. Etes saman med lønnesirup og bacon
  19. Reknar med du har sett denne tråden: http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=38&t=14230&p=217285#p217285 Her er nokre bilder av hagla mi som på langt nær kan samanlignast med ein drilling Uansett, dersom finishen på metallet er bra i utgangspunktet villle eg kanskje valgt svart blank Duracoate. Min er lakka med svart matt.
  20. Eg har gjort det veldig enkelt. Demontert og avfeitta med bracleen frå CRC. ( Clas ) Det viktige er å komme ned i porene på metallet og at den ikkje etterlater noko rester. Eit bad er vel eigentleg å fortrekke, men eg brukte spray. Brukte og ein billig airbrush frå Clas til 149 kroner eller noko slikt. Du trenger sjølvsagt ein kompressor. Fint sandpapir til å gå over delene med, men dette skal ikkje vere nødvendig på parkeriserte eller brunerte deler. Eg brukte og litt stålull. Så er det å rigge seg til med stativ og diverse oppheng for at dette skal vere enklast mogeleg. Lakke deler med mange lag. Etter min erfaring kan du lakke forsiktig til du får ei fuktig overflate ( du vil sjå kva eg meiner ) Så lar du den delen vere nokre minutt mens du lakkerer noko anna. Du har kanskje 4 - 5 deler til lakking så da blir det ein fin sirkel. Slik forsetter du til du meiner du har lagt på nok. Den dekker bra og det er i grunn berre å prøve seg fram. Eg likte å stille sprøyta slik at eg var ca 10 -15 cm frå emnet og likevel la den igjen ei god fuktig stripe med lakk. Duracote er veldig dryg og ein dose ( ca 13-14 ml ) holder veldig lenge. Så lar eg delene støvtørke og baker dei for enkelhets skyld i bakerovn i en time. 40 - 45 min. Kjerringa ser litt dumt på meg, men det er i grunn ikkje noko nytt. Ho meinte i alle fall at eg var den einaste i nabolaget som hadde steikt hagla med varmluft.. Pass på at du ikkje tek i delene med fingrane sjølv om det er støvtørt. Bruk gummihansker sidan olje eller feitt kan påverke finish fram til delene er ferdig herda. Monterte min 24 timer etter baking. Eit tips er å lakkere noko heilt anna første gang. Det er så mykje lakk i boksen at du lett kan sløse vekk ein dose på trening.
  21. Da har eg lagt inn litt erfaringer i denne tråden http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=38&t=14230&p=217125#p217125
  22. Da kan eg legge inn nokre bilder av mine beskjedne erfaringer med Duracoate. Hovudsakleg skulle eg lakke brukshagla for å takle sjø litt betre. Dette er ei 870 Pumpehagle med trekolbe. Eg lakka alt av deler utanom avtrekk. Fikk litt til overs Så eg lakka ein eldre blankslitt Glock 26. Banka av siktene først, men lakka framsiktet og sidan det var litt slitt. Fekk ein ørliten skade i finish sidan eg måtte lime det på igjen.. jaja.. skader får den før eller seinare uansett. Enda meir til overs.. ( og ja, eg brukte maske. Har ikkje blitt avhengig av dampen.. Det var rett og slett kjekt ) Tenkte at da skal FASen rett og slett få ein liten oppussing. Grepet på denne såg ut som ein gammal stubbe med masse formtre på.. Lakka grep og front på den. No er eg berre veldig spent på slitestyrken til dette stoffet.. Her er resultatet ( ser det er litt fingermerker på bildene )
  23. LabRat

    Glock - topp

    From the album: Håndvåpen

    Etter Duracoate
  24. LabRat

    870 låsekasse

    From the album: Hagle

    Duracoate
  25. LabRat

    870

    From the album: Hagle

    870 Super magnum ( ikkje syntetisk ) behandla med Duracoate
×
×
  • Create New...