Jump to content

Mauser68

Members
  • Posts

    9,474
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Mauser68

  1. Nei det er eg ikkje sikkker på, men eg pleier å jakte i eit visst område kvar helg, dvs at då får den 5-6 dager kviletid mellom 1 eller 2 økter.. Edit : Ein del av det du beskriver kan også ha med gjere at hjorten har full kontroll på at du kjem inn i området, kveld etter kveld. Og så har du vinden, den kan væra ugrei enkelte plassar, dvs at den kan råke dyrene, sjølv om ikkje du trur det og du testar vindretningen...
  2. Ja det gjera den, samma og hvis du går mykje å kikker i terrenget før jakta begynner.
  3. Jepp, det er det. Men det er 2 ting du må huske på du må skjære vekk alt fettet ( og ein del av billig kjøttet er masse fett i ) for du kan aldri erstatte spekkmengden med fårefett, det er nesten talg og blir liggande i ganen din, etter kvar pølse... Det andre er at det er at du må enten lage ei rein lammepølse med stort sett reint lammekjøtt ellers så må du ha helst under 20% får i pølsene i lag med storfe og svin. Fåresmaken er forholdsvis pregende, liker du den så er det greitt med større mengder i, men min erfaring er at dei pølsene som er for mykje fårekjøtt i, blir ein fortere lei av også.. Men det er min smak og ein del andre eg har snakka med, ikkje nødvendigvis din smak. Men eit tips er det iallefall..
  4. He, he, takk for det folkens.. Det var absolutt verdt ein 26 mils kjøretur det måltidet der ja..
  5. I sommarferien i år, så fekk eg ein veldig god opplevelse, dvs mange gode opplevelsar, men spesielt den eine sitt godt igjen i eit matvraks hukommelse. Me var nokon dagar borte hjå svigereinna mi austafjells og i den forbindelse so var det planen at eg skulle ta med meg hjortesteik bortover, for svigerinna mi er så glad i viltmiddager. Dessverre so gløymte fruen min og fortelle meg dette og me ankom svigerinna mi sitt hus uten.. Eg skjønte fort at ho blei litt skuffa og satte meg i sving og kontakta Bamrud, for å høyre om ikkje han hadde litt igjen i fryseboksen sin. Det hadde han og på ønskelista stod det rådyrlår eller elgsteik.. Fekk melding litt utpå kvelden om at 1 stk rådyrlår låg i kjølskapet til tining.. Starta ein rundtur på 26 mil, for å hente det, samt å reise innom Kongsberg våpenmuseum, ein liten tur på skytebanen med Dr.Balder, Gravningsmyhr og Hoffvoff ( var ein kammerbruker til der, men huska ikkje nicket igjen) Vel heime hos svigerinna, så fekk låret kvile til neste dag, sausa det godt inn med salt og pepper. Eg hadde faktisk ikkje prøvd å heilsteike rådyrlår før, så bestemte meg for å langtidssteike det. Laga til ein marinade av viltkrydder, pepper, rødvin og kryddermiks.. Sausa inn rådyrlåret med dette, skrudde termostaten på 60 grader, inni med rådyrlåret og så reiste me på badestranda. Etter ein flott dag på badestranda og at kokken hadde fått seg ein boks pils, så starta eg med å steike bacon og champignon.. Fant ut at eg ville ha ein stuing, så litt kremfløyte blei tilsatt Sjekka steiketermometeret og helte av skyet til sausen, kjernetemperatur var knappe 55 grader etter ca 8.5 time.. Laga ein god saus på steikesjyet, hadde i litt rødvin og krema den også med kremfløyte Lot steika få litt varmluft og høgare temperatur på slutten og rett før servering, so såg den sånn ut. Vertskapet skjønte ikkje heilt poenget med langtidssteiking og stussa veldig på den lave temperaturen.. Men etter ein lite test av kjernen i mesterverket so fekk tonen ein annan lyd.. Skjærte opp låret og la dette på serveringsfat. Fant ein grei vin til maten, den var det vertskapet som kom med og den var heilt grei den Saman med Amandine poteter, smørdampa brokkoli og tyttebærsyltetøy, så blei dette høgdepunktet av middager i ferien.. Vil retta ein stor takk til gode Kammerater som stiller opp i ein nødsituasjon, tusen takk for hjelpa og for eit fantastis rådyrlår Bamrud..
  6. Mauser68

    Labam6.JPG

    From the album: Hobby

  7. Mauser68

    Labam7.JPG

    From the album: Hobby

  8. Mauser68

    Labam8.JPG

    From the album: Hobby

  9. Mauser68

    Labam9.JPG

    From the album: Hobby

  10. Mauser68

    Labam10.JPG

    From the album: Hobby

  11. Mauser68

    Labam1.JPG

    From the album: Hobby

  12. Mauser68

    Labam2.JPG

    From the album: Hobby

  13. Mauser68

    Labam3.JPG

    From the album: Hobby

  14. Mauser68

    Labam4.JPG

    From the album: Hobby

  15. Mauser68

    Labam5.JPG

    From the album: Hobby

  16. Du får vente til du får eit par år til på baken og kanskje får ein dårlig høst, der du trakker i dagevis kanskje fleire veker, uten ein eineste fugl.. Så skal eg spørre deg igjen, om du ikkje hadde skutt i samme situasjon.. På ein gitt avstand, så hadde du kanskje tatt alle 3 på et skudd, så hadde du hatt 1 skudd i backup i tilfelle ein av dei prøvde å stikke seg vekk.. Tross alt, skyte stillestående fugl på bakken, er langt meir riktig ( liker ikkje heilt å plassere ordet humant her) og langt betre sjanse for minimal skadeskyting, enn å skyte etter fugl i flukt.. Sjansen for at du får tak i fuglen, hvis den er skadeskutt er også større, om den sitter på bakken, enn om den f.eks skulle få kaste seg ned ein plass frå lufta, 3-400 meter frå der du traff den. Enkelte har heller ikkje bikkje til å finne igjen fuglen med... Så spør du meg, så er det spørsmålet ditt så inni granskauen dumt og det vitner om at enkelte har ekstremt lite å finne på, når dei må grave i media, sluke alt rått og servere det her på forumet for diskusjon..
  17. Mulig du har fått kuldeforkortning på kjøttet, men la det henge under hyppig kontroll, skjær det ned og ta ein test på det.. Er det gått til helsiken, så har du grunnlaget for mange kg med prima kjøttkaker..
  18. Gratulerer med flott elg. Hjelpte deg litt med bildet ditt her, for å få det fram i tråden..
  19. Det der veit du veldig godt er reinspikka løgn, sender deg ein PM med litt opplysende info angående den saken der.. Ja jøss, kor blei det av Poacher ? Har du mista telefon nummeret hans, så kan eg sende det til deg.. Edit : Men eg er heilt einig om det både Ranger og du Vektor her etterspør, info frå NOJS har det blitt veldig lite av, der får eg håpe at det blir ein ordning på...
  20. Slaktinga gjekk jo rimelig kjapt, men kvaliteten var ikkje akkurat så veldig mykje å skryte av.. Med den behandlinga der, så er det ein del som går vekk, hinner blir kutta opp osv.. Men tempoet skal han ha skryt for..
  21. Stekt fisk er sjelden problem her i huset iallefall.. Sild og makrell, er litt hard å fordøye for den eine av ungene.. Steikt lyr og breiflabb( definitivt fisk nr.1. og 2. her i huset ), laks, sei, torsk, lange, flyndre, stort sett det meste av fisk som er steikt går ned. Pale derimot er ikkje så veldig populært. Kokt torsk liker også alle untatt den eine av ungene. Salte og peppre fisken, rull i kveitemjøl, så steikes i smør eller margarin, bruker som regel steikesjyet og heller 1 rømmeboks oppi og freser den gyllen, så har ein også ein kanongod saus på fisken.. Gulerøtter som er kokt med smør, salt, pepper og ein liten dæsj sukker i, det er kanon til fisk. Det samme med smørdampa nykål eller hodekål.. Ungene er som regel veldig ivrige på fiske og når fangsten er der, spesielt om dei tar den sjølv, så er det ikkje problem å få dei til å ete den.. Men små brunørret eller sild, pir, med masse av små tynne bein, det er lite populært..
  22. Nei men viltfett har ikkje den egenskapen svinespekk har og den kan gje ein smak som ikkje er heilt optimal..
  23. Du må fjerne alt hjortefettet som du kan få vekk, hjortefett er ikkje særlig å ha i verken kjøttdeig eller pølser. Spesielt det fettet på bukkene er dårlig, det er nesten talg.. Bruk kun svinespekk i pølser og kjøttdeig, i pølser så bør du ha 25-30 % spekk for å få pølsene saftige og fine..
  24. Vanlige pølser av kroktarm av svin, pleiar eg å trekke i ca 22-23 minuttar.. Det er i frå rå tilstand og kjøleskapstemperatur.. Hvis du får samme problemet etter å ha trekt pølsa di i over den tida der, så mistenkjer eg enten at det ikkje er skikkelig elta sammen før du har fått deigen i tarmen, ellers så har du nok bomma litt med bindestoffet.. Elting er veldig viktig, du må få elta salt og krydder i deigen til den er skikkelig seig og hard å elte, det samme etter du eventuelt har spedd deigen med kraft også..
  25. Icom IC-F3022 eller W-Com WH2.
×
×
  • Create New...