Jump to content

Mauser sporter-skjefte anno 2020


Junell

Recommended Posts

Eg har eit gammelt mauserskjefte liggende. Det vart kjøpt for ein neve femtilapper og var tiltenkt ein skranglemauser i 7,92. Skjeftet er lett, kort og slankt, og eg liker forma veldig godt. Plana var å lime sprekker, tilpasse løpskanal  og bruke det omtrent som det er, men som med dei fleste slike prosjekt so har det blitt liggende i bua i påvente av ledig tid. Ein av grunnane til at det ikkje blir prioritert er at kolbekammen egentleg er litt i lavaste laget, det er jo lagd for opne sikter. 

 

Som eit alternativ har eg tenkt at eg kanskje kan låne meg ein skjeftefres/duplikator, lage ein kopi, endre vinkel på kolben og so bruke den som mal for å frese ut ein endeleg versjon. Sjølv om eg ikkje har slått heilt frå meg at det er eit godt alternativ har eg no begynt å leike med tanken på eit tredje alternativ. Scanne det eksisterende skjeftet, lage ein CAD-modell med dei endringane eg ønsker og ta resten i ein styrt fres. Eg har tilgang til det meste eg treng for å få det til, den største bøygen er å lage ein god modell frå scanninga og å få endringane på kolben til å harmonere med resten av skjeftet. Eg får til basisk CAD, men friforming av flater har eg knapt prøvd. 

 

Er dette eit prosjekt det kan være intressant å lese om? 

 

Her er skjeftet i si noværande form:

 

109828361_279886726433730_7344772049284630664_n.jpg.dda5b07226ab281531966c053212582b.jpg

110174113_304010770788570_8557290018151873977_n.jpg.5e5b88c3306a6b9d11bb6a7a46488128.jpg

109936444_1056875104708195_3873678426589570417_n.jpg.574f575c6a69ccc3ba82baebcd960115.jpg109693430_2735384173361616_2629658302068919792_n.jpg.c70c98ad50c3d7ede59c515a08ce23d0.jpg

 

Godt brukt. Nettskjæringa er nesten slitt bort enkelte plassar og sprekka som går frå bakre skjefteskrue stoppar ikkje før den nesten er ferdig med heile fortreet.

 

 

 

 

  • Like 9
Link to comment
Share on other sites

Mykje av motivasjonen for å scanne og lage ein modell er at eg har lyst å bli betre på modelleringsverktøy som takler friforming av flater. Om eg har eit fint prosjekt so blir forhåpentlegvis motivasjonen til å sette av tid større. Om eg kun ville hatt eit skjefte so hadde nok gått for eit anna alternativ. Eg kunne sikkert kjøpt eit skjefte, men so vidt meg bekjent finnes det relativt få ferdigskjefter som er nokolunde klassiske.

 

Uansett, eg fekk tatt eit kjapt scann tidlegare i dag. Scanneren eg har tilgang til er optisk, so den likar hverken veldig mørke eller veldig lyse flater. Meir opplyste folk kan heilt sikkert forklare korleis og kvifor langt betre enn meg, so eg står over å prøve.

 

Ein ting eg ikkje hadde tenkt på er at skjeftet er, vel, mørkt. Det frste scannet vart kun støy. Minimalt av flata vart med. For å fikse det kan ein øke lukketida eller gjere overflata lysere. Det finnes middel på sprayboks som gjer overflata lys og matt, som vanlegvis funkar bra. Etter ein runde med spray og maks lukketid gjekk scannet frå null til heilt OK.(Bilde 2 og 3 under.)

 

109924368_650426759155258_3726138005948638685_n.jpg.290f79803cfcbee0eeaf99bac6a6ede6.jpg

 

gom1.jpg.20b8aa81a13f7c85ef6ab27b99c935da.jpg

 

gom2.jpg.82baf33df980f2cff3c6d7a8bef76efa.jpg

 

Scanneren har òg rundmatingsbord. Eg satte opp skjeftet med kolben sentrert i arbeidsområdet til scanneren og stilte inn på 9 eksponeringer fordelt på 360 grader. Etter å ha gjort det snudde eg kolben opp-ned, altså med tåa opp, og gjentok. Det var nesten alt som trengtes for å få ei akseptabel flate frå kolben. Eg tok 3-4 ekstra eksponeringer for å få med nokre få blindsoner og å tette eit par hull.

 

På bildet under kan ein sjå ein del små runde klistremerker på skjeftet. Dei fungerar som referansepunkt for å orientere og sy sammen eksponeringane. Normalt er det meir arbeid å fjerne dei etter scanning enn å klistre dei fast. På eit gammelt skjefte som er fult av olje, smuss og (ekstreme mengder) scannespray var det ofte vanskeleg å finne plasser der dei ville henge fast i det heile tatt. Når eg i tillegg måtte supplere med meir spray so var det lett å spraye klistremerkene i tillegg til treverket, noko som gjorde at scanneren ikkje fant dei igjen. Då måtte dei tørkes av med ein vattpinne, noko som  førte til at dei kunne ramle av.

 

Når kolben var ferdig satte eg skjeftet på høykant og scanna del for del oppover mot pistolgrep, innfelling og fortre. Innfellinga var spesielt vanskeleg. Heldigvis er ikkje den kritisk. Etter at skjefteforma har blitt justert og retta på er det ganske grei skuring å modellere ny geometri for låsekassa. Fordelen med å ta dette for seg sjølv i etterkant er at ein kan lage eit lite bibliotek med innfellinger for forskjellige låsekasser. Når ein først legg so mykje arbeid i det er det greit å kunne bruke samme skjeftemodell til fleire våpen. Sånn i tilfelle.

 

Det vart ein del hull i flata og eg er usikker på om scannet faktisk vart bra nok. Eg har ikkje erfaring med etterbehandling av scanna modellar, so eg er spent på om det er mogleg å få til noko med det. Eller, eg er kanskje mest spent på om eg får til noko med det.

 

109706610_2687207711525917_5069627541572662243_n.jpg.f2e15841b53eab7776d0499729db3233.jpggom3.jpg.290bbd77a2e909129dd8ce1e8809731f.jpg

 

gom4.jpg.70cacfda70480db696c26c32fcecf6e0.jpg

 

 

 

 

Edited by Junell
  • Like 10
Link to comment
Share on other sites

  • 4 weeks later...
På 9.8.2020 den 22.58, Henrik123 skrev:

Kommet noe lengre?

 Njæ. Ikkje egentleg. Det slår meg at dette kanskje er eit skrekkeleg dårleg prosjekt å lage ein tråd av. Etter å ha scanna er neste punkt på lista å lage ein modell. Sidan eg ikkje er veldig dreven på det vil det truleg ta litt tid, og det blir ikkje veldig mange gode innlegg av at eg sit heime i sofaen og knotar med ei CAD-fil i nokre månader. Det hjelp heller ikkje på at det tidvis er antydningar til sol og plussgrader ute, so eg har stort sett pusla med andre ting. Dårleg fokus og lite framdrift, rett og slett.

 

Ein ting eg var litt bekymra for var om den planlagte opprettinga/hevinga av kolben kom til å øydelegge all estetikk. Eg har ikkje PC med scann og modellar for handa akkurat no, men eg fant eit gammelt bilde der eg hadde skrudd sammen stålet med skjeftet og hekta eit sikte i ein av basane, bare for å sjå om det passa sånn omtrentleg. 

 

117759459_1029721394149015_5511805207334053634_n.jpg.10437c05d5f7e04521682d3bb085bfa2.jpg

 

Plana er som sagt å endre vinkelen på kolben, for å få eit skjefte som er betre egna for bruk av kikkertsikte, grovt illustrert på det første bildet nedanfor. Eg reknar med at den mest naturlege plassen å gjere endringa er rett bak pistolgrepet. Ein ting det er lurt å ha fokus på er korleis linjene i skjeftet endar seg når kolben skal rettas ut. Ein grei regel er at linja i underkant av kolben skal ende opp i avtrekkeren, eller tangere med radien i pistolgrepet. Linja som følger underkant av pistolgrepet kan godt ende i kolbehælen. Om ein (grovt) skissar opp linjene på det eksisterende skjeftet, som på det nederste bildet, so ser ein at linja under kolben ender rett over radien til pistolgrepet. Når kolben blir retta ut vil linja peike meir mot avtrekkeren, noko som truleg vil sjå heilt OK ut. Det samme gjeld linja i underkant av pistolgrepet. På originalskjeftet ender denne eit godt stykke over hælen, so når kolben blir retta opp vil linja forhåpentlegvis ende ganske nær hælen.

 

Eg er i alle fall litt tryggare på at det kan gå å gjere endringar utan at det blir estetisk katastrofe.

 

117759459_1029721394149015_5511805207334053634_nyy.png.2b342da59f21cff1315a2e1cc64ca681.png

 

117759459_1029721394149015_5511805207334053634_nxx.png.8219126e47f924e6b399a68107d33431.png

 

 

 

 

Edited by Junell
  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...