Jump to content

Tilbereding av hane?


Xesray

Recommended Posts

Men dere forteller meg iikje kor lenge den bør koke da, e ikkje stekt bedre en kokt?

 

Begge deler.

 

Du startar med ein marinade av ein flaske (å jadda) raud vin, litt grovhakka lauk, gulrot og selleristang, pepperkorn og laurbærblad. Om du vil vera avansert kan du ha oppi ein slump med konjakk òg. Legg bitene av hane oppi marinaden over natta.

 

Ta opp og tørk godt av stykkene med hane. Dryss dei lett med mjøl og brun dei godt i olje. Slå over den silte marinaden. Surr i minimum to timar på langsom varme under lokk - ikkje koke! Berre syde forsiktig. Det kan godt ta lenger tid, så ta høgde for dette om du skal ha middag fem presis! Maten kan godt halde seg varm etter at hanen er ferdig surra. Til væska kan du tilsetja litt timian og laubærblada frå marinaden.

 

Garnityret er greit å gjera klart i forkant. Salt flesk skåre i store terningar og steikt gjennom, smålauk og små sopp surra mørt i smør.

 

Når hanen er mør (sjekk på låra med ein gaffel), ta ut bitane og legg i form. Sett inn i omn på sterk varme så det "sprør" seg opp litt og held seg varmt medan du gjer det andre ferdig: lag ein melbolle av ein spiseskjei eller to med mjøl knadd inn i mjukt smør med ein teskjei. Visp denne inn i sausen, smøret gjer at mjølet ikkje klumpar seg. Vend inn garnityret og la det surra vidare på svak varme, smak til med sausen. Legg hanestykkene på serveringsfat, plasser garnityret rundt om og hell over sausen. Friskklippa persille er fint oppå.

 

Klapp deg sjølv på ryggen, no er du ekte fransk husmor.

 

Eg tykkjer det beste til slikt berre er ekstra gode kokte poteter med persilledryss! Men god, luftig heimelaga potetmos er fint det òg.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...