Jump to content

Grillpølser med ost, ein ny vri....


Mauser68

Recommended Posts

Ja, då var det haust og tid for litt kjøtt relaterte ting igjen.. Desverre so har jakta vore litt amputert i år, det blei ingen hjortejakt i år og elgjakta som me kjøpte, den vart resultatlaus, delvis grunna at ein ikkje var kjent i området, men mest ekstremt dårlig vær og uhelldige omstendigheiter.. So viltkjøtt har det desverre ikkje blitt eit gram av i år..

 

Men då blei jo det ekstra stas å få kjøpa seg eit flott lam på 25 kg og litt nykverna kjøttdeig frå eit lokalt slakteri her i bygda. Har lenge tenkt tanken å lage steikjepølser med ost og i år, fant eg ut at det skulle eg jaggu lage meg..

 

Kjøpte inn ein Jarlsberg ost, 2 familieribber på tilbud og litt lurium og gjekk til verks med arbeidet..

 

Først finkutta eg Jarlsberg osten med det nye kjøkkenleiketøyet mitt, ein keramisk kniv frå Kyocera.

Pylsing2012_1.JPG

 

Her er det flotte lammet som eg kjøpe, flott størrelse og passelig med fett på.

Pylsing2012_2.JPG

 

Her då svinekjøtt, lammekjøtt og svor klar til å kvernast opp. til høgre er penn og papir, alt blir grundig notert, slik at ein har oppskrifta.

Pylsing2012_3.JPG

 

Her er alt sammen kverna sammen og eg har målt opp krydder og salt, som skal blandast saman til ein seig deig.

Pylsing2012_4.JPG

 

Her er deigen blanda godt saman, det luktar himmelsk og godt av deigen, mmhhhmmm.. :)

Pylsing2012_5.JPG

 

So er det å tre på med tarm på pylsetuten og kjøra igang, dette er fåretarm til grillpølsestørrelsen.

Pylsing2012_6.JPG

 

Her er då resultatet av ein heil tarmlengde, desverre var det ein skade på tarmen, som gjorde at eg fekk eit brudd i lenkja. I tillegg var eg litt for raus med deigen i pølsa, slik at den blei faktisk litt for hard, men når det går eit år mellom kvar gong, so skjer ting, gong på gong.

Pylsing2012_7.JPG

 

Her er pølsene ferdig snurra og lagt i kjelen. Eg trekker pølsene før eg deler dei opp og fryser dei ned. Har ikkje blitt heilt kompis med den fåretarmen, lura på om eg må melda meg opp som vikar hjå ein lokal kjøttindustri til sommaren, slik at eg får treninga.. :)

Pylsing2012_8.JPG

 

So var det tomt for fåretarm og svinetarmen måtte fram i dagslyset, desse må ein knyta saman i endane..

Pylsing2012_9.JPG

 

Heldigvis har eg med meg ein kjekk lærling på kjøkkenet, mellomste jento mi, sett pris på slikt arbeid og er ikkje vanskjeleg å be akkurat. Pølsestapparen er so lang, at det er slitsomt i lengda å sveive og ta i mot åleine, so det er veldig godt å få litt hjelp. :)

Pylsing2012_10.JPG

 

Her er første runden med pølse som me skulle ha til middag, pølsa er trekt i ca 25 minutter, avkjølt og eg har trekt av skinnet på den, slik at den er klar til steiking.

Pylsing2012_11.JPG

 

Her er ferdig middag med potetstappe, surkål og litt Ravigotte saus, som erstattning for sennep. Eg var tom for godsennepen og den litt søte Ravigotte sausen, den er faktisk ein heilt grei erstatter..

Pylsing2012_12.JPG

 

Og pølsa var faktisk veldig god. Eg er litt småsur på meg sjølv, fordi for å få tida til å klaffe, måtte eg då trekke pølser samtidig som eg laga nye pølser. Dette kræsja litt med tida og det faktum at det begynte å fosskoke eit par gonger, slik at skinnet gjekk til helsiken på ein del av pølsene og verdifull kraft og ost, blei kokt rett ut i vatnet i kjelen.. Dette gjorde at resultatet blei litt dårlig på denne runden her, men neste gong, så blir det tidligare på dag med å gjere sånt arbeid og så får eg passe på panna, slik at sånne ting ikkje skjer. Ellers så er smaken topp, kanskje litt lite fett i pølsa, så den er litt tørr, men alt i alt, godkjent pølse.. :)

Link to comment
Share on other sites

Svoren er kokt ja, ca 1.5 -2 timer, sånn at den er møyr og sånn at den går an å tygge i pølsen, uten at du kjenner at det er seig svor du tygg på. Svoren tilsett eg fordi at den for det første er masse bra bindestoff i, altså kan eg bruke mindre potetmjøl, sånn at konsistensen ikkje blir sånn sprettball aktig..

For det andre, så er ribbene full av den, og det er litt forjævlig å berre kaste den, så lenge den går an å nyttes..

 

Nei på fåretarm, så snurrer du kun rundt pølsene 3-4-5 gonger, sånn at du får den "snurren" i mellom pølsene, sånn som du får på wienerpølser og andre, som du må kutte mellom pølsene.. Det betyr mindre arbeid, men til gjengjeld, så må du passe på å enten koke pølsene og la dei tørke litt, før du kutter mellom dei, eller berre henge dei rå opp til tørk.. Når tarmen mellom pølsene er tørka, så holder dei på plass deigen. Det einaste er hvis du koker dei hardt, då kan du få deigen til å tyte ut mellom pølsene.. Eg har hatt litt blanda hell med dette, så har ikkje heilt blitt "venn" med den tarmen enno.. :)

 

Her er den typen pølsestapper eg har, det er ein Tre Spade, 6.5 liter..

http://www.nessemaskin.no/shop_files/shop_popup.php?Artikkelnr=1331-20600

Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Oppskrifta er notert ja, litt usikker på om dette blir eit forestående kommersielt produkt, så litt usikker på om den kjem ut her. Men det er brukt cayennepepper, hvitløk, meriam, pepper, salt og muskat i den. Så litt spesiell blei den.

Med pølser så er dett viktig å prøve ut litt forskjellige ting av krydder som du likar og trur kan passe med det kjøtet . Det viktige er å ha nok salt, spekk og bindemiddel, so kan du variere ganske fritt ellers.. Viktig å notere ned kva du har i deigen og gje den ein sluttkommetar med eventuelle endringar til neste pølseprosjekt.

Link to comment
Share on other sites

Grillpølser 2012-12-05

Ostepølser

0,6 kg hjortekjøt

0,5kg villsaukjøt

0,45 kg svinespekk

0,1 kg bacon

2 toppa spiseskjeier salt

0,5 strøkne spiseskjeier finmalt pepper

1,5 supertoppa spiseskjeier potetmel

0,4 liter kraft eller vann

2 egg

Ein god neve finhakka sjarlottløk

Ein god neve jarlsbergost terninger

 

Resultat: saftige, kjenner litt til bacon , hint av lam. Veldig god.

 

 

Chilli pølser

0,45kg hjortekjøt

0,6kg villsaukjøt

1,1 kg svineavskjær

3 toppa spiseskjeier salt

1 strøkne spiseskjeier finmalt pepper

2 supertoppa spiseskjeier potetmel

0,4 liter kraft eller vann

2 egg

Ein god neve finhakka sjarlottløk

Ca 4 finhakke små sterke chili, innvandrerbutikk.

 

resultat.:kjenner smaken av lam, passe chili smak,

forbedring: meir hjort , mindre lam, litt bacon og spekk.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...