Jump to content

tussehaugen

Members
  • Posts

    1,591
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    5

Everything posted by tussehaugen

  1. Ok? forklar. Ikkje fordi eg drar ditt svar i tvil, og vil kvervulere. Heller fordi eg antok at den MÅ innom ny rettsinstans før den evenutelt kan henlegges når det allerede er skrivd ut eit forelegg. Forstår som at stigen er ca slik: Forenkla forelegg - Forelegg - Tingrett- Lagmannsrett -Høyestrett. Og at ei avgjersle i det eine leddet må til neste for å kunne endres?
  2. Dette er dessverre heilt korrekt. Eg hadde ikkje vore i tvil,skal du anke så skaff ein advokat ASAP. Om ikkje så betal forelegget og avslutt! Økonomisk er det vel billigste å vedta, tipper advokathonorar ikkje blir dekka om du vinner her. Dette kan sikkert andre bekrefte eller avkrefte, eg kan eigentleg ikkje nok om dette. Prinsippielt så bør du ikkje vedta, det kan mulig bli konsekvneser mht. politiattester, ESTA søknader osv. og du kan bare vinne mht. dette. Om du har ei sak tør eg ikkje eingong gjette på ... Denne saken havner i tingretten om du ikkje vedtar, der vil du eventuelt bli dømt av våre "like". Meddommere er oppnemnt av kommunen og har neppe nokon som helst juridisk erfaring eller utdanning. Ein dyktig advokat vil kunne opplyse saka og snu utfallet. Om du sjølv prøver å kjøre saka så kan det gå bra om du har gjort heimeleksa di, sannsynligvis vil retten då støtte seg til forhåndsavgjørsla gjord av politiet i forbindelse med forelegget og du blir dømt på ny. Eg er absolutt ingen jursit, politi el. men forstår eit forelegg slik du har fått det presentert utan avhør el. som at saka var enkel og oversikteleg og har eit sikkert utfall. Det i tilleg til at både du og rettsvesenet skal slippe meire bryderi og styr med oppmøte til avhør osv. Rett og slett ein goodwill...
  3. @Prthhh Er inne på det eg ville framheve, verneverdien av villreinstammer med heller brokete genetikk...
  4. Sannhet med modifikasjoner. Min oldefar i lag med fleire henta finsk skogsrein og hadde tamrein drift på Hardangervidda. Det var fleire tamreinlag på Hardangervidda tidleg på 1900. Fleire tamreinlag mista flokken sin når dei blanda seg med villrein og endte opp i skifteretten. På setesdal/Ryfylkeheiene så reiste tamreinlaget rett og slett frå heile flokken. Dette var tidleg på 1980 tallet.
  5. Ja, det er to typer av denne sjukdommen, akkurat som hjå oss menneske. Hos mennesker er den smittsomme navngitt Creutzfeldt Jacobs, den som oppstår spontant og som ikkje er smittsom heiter Altzheimer, begge fører til demens og sikker død.
  6. Om du spoler tilbake i denne tråden så er det her grundig nemnt fleire ulike teorier som alle er plausible. Personleg så holder eg ein knapp på at det er ein av desse to som er mest sannsynlege. Når man så ser på kartet kvar CWD er påvist så er det eit par teorier som bemerker seg meire enn andre. Den eine er at det kjem frå utsetting av fjellrev fora opp på hundepellets der det fortsatt er tillat med protein frå slakteavfall og kadaver. Villreinen har god tilgang til pelletsen ettersom reven søler noko heftig. Kjøttbeinmjøl var årsak til BSE i UK som videre førte til Crausfeld Jacobs hos menneske. Den andre er kryssmitte frå sau med TSE/NOR98, ein sannsynleg smitterisiko som man finner masser av dokumentasjon på bak i denne tråden.
  7. F....n at man er student i tillegg til full jobb med totalt fravær av fritid når slik sjanser byr seg fram... Hadde blitt med tvert om det var lov å ta med ei lodden grå som er firebeint og vi var i 2024....
  8. Meget godt valg! Leica blir du garantert fornøygd med.
  9. Når det er skareføre så er det utfordrende å stille innpå, man vil sannsynligvis støkke. Hund vil oftest henge på og man ender fort opp med ein sårbeint hund som mulig må ha egenmelding i ei god veke ellert to. Jaktprøver på snøføre bruker å ta slike hensyn, det skal vere ein reell sjanse til å få poeng. Det å stille inn på ein los er alltid like spennande. Iblandt så kan man brase inn, normalen er at elgen er f...n så på alerten og det skal fint lite til før man støkker. Derfor har eg litt skråblikk på alle dei solskinnshistorier som dukker opp frå mange som driver med båndhundjakt på elg....
  10. Godt å vite, etter års bruk så har jeg ikke klart å oppdage dette
  11. Om eg skal svare bokstavelig på det du spør etter - Eit sett som skal brukes året gjennom 365 dager...? Håper det bare er ein leik med tanker og ikkje ein reell plan Då kan du bare droppe alt som finnes av fancy klær som skall, goretex, bomull osv. Ingen av dei vil vare så lenge utan at du blir våt og deretter iskald. Eg hadde rett og slett gått back to basic og satsa på vadmel. Du blir våt også med dette tøyet men du vil fortsatt ha eit plagg som holder deg varm. Når det er varmt så holder plagget deg kjølig. Prisen er lav, innafor ditt budsjett. Det er enkelt å reparere og det er lydlaust. Slitestyrke kan bli utfordring også for vadmel men kan enkelt lappes utan at det mister sine egenskaper slik alt anna vil gjere.
  12. Leica Magnus 1-6,3x24 Den er eg veldig fornøygd med. Veldig liten kresen på både avstand og plassering. Den har som få andre ekte 1x og du kan skyte med begge auger opne.
  13. Du har rett i dette men alder er ikkje nødvendigvis så viktig, kua må derimot bli stor nok og det vil såklart ta litt tid. Ei elgku vil ikkje produsere tvillinger før ho når ei viss vekt, husker ikkje lengre ca størrelse men dei må opp i det øvre sjikt. Tidlig kalving gir ein god start og ei ku vil i tidligere alder oppnå tilstrekkelig vekt til at ho vil bære fram tvillingkalver. Kjønnsbalanse med tidlig parring og tidlig kalving er altså meget viktig for å få fram ei stamme med god reproduksjon.
  14. Slik blir det når sauebønder trekker likheter frå fjøset rett ut i skogen utan å sette seg inn i realitetene. Også i dag møter man denne misoppfatning at ein okse feier over ein haug med kuer. Ein elg rekker ikkje å bedekke meire enn max to kuer i løpet av den fyrste brunsttid. Ei ku som ikkje har blitt satt kalv på vil komme i brunst på ny og på ny inntil den blir bedekt alt for seint. Kalving vil følgelig skje seint og små kalver møter vinteren. Elg er skapt slik at uansett tilgang på for i vinterhalvåret så vil den ikkje legge på seg ein einaste kg. Då vil den bare holde vekta eller gå ned i vekt om mattilgang er dårlig. Ideelt så skal det vere balanse mellom kjønn så det å felle hodyr er ikkje så farlig som mange hevder, det vil gje tidlig parring tidlig fødsel, kraftigere dyr som møter vinteren og kuer som bærer fram tvillingkalver i yngre alder ettersom høg nok vekt på ku oppnåes.
  15. Ettersom dette var reportasje frå VG der lågmål har ein eigen divisjon så blir eg ikkje overraska over tåpeligheten. Fordummande reportasje. Kun ein ting som var artig her og det var at ministeren blir avbilda med termisk sikte Forøvrig eit rifleoppsett kun ein minister har råd til med R8, FBT, Pulsar, Hausken...
  16. Dette er ikkje eit innlegg for å trolle, veit her blir skrik og hyl ut av det eg no skriver. Det er slik at forbud mot bruk av bly begrenser seg til 100 meter frå våtmarksområder, det er ingen ting som forbyr bruk av blyhagl utanfor denne definerte grensa. Altså om man har ein rådyrpost med ein skuddsektor godt utanfor denne definerte 100 metersona så kan man fortsatt heilt lovleg skyte med blyhagl. Ettersom blyfritt er tilnærma likestilt med hønsetenner så kan det vere fordel og ønskeleg å bruke denne type ammunisjon der lovverket faktisk krever det for å ikkje gå tom. Så vil sikkert no hylekoret formane meg om at det OGSÅ! er forbudt å bære blyhagl innanfor denne 100m sonen. Ja det er korrekt, men då har man ikkje lest tillegsteksten som forteller at det er den enkelte som skal bevise at man har til hensikt å bruke blyammunisjonen et annet sted og bare fraktet den gjennom våtmarksområdet. Altså er det ikkje hogget i stein at bly er totalt bannlyst å ha med seg innefor det definerte området. Det behøver vel ikke være verre enn at blyammunisjonen ligger godt nedpakket nederst i sekken og er utilgjengelig og blyfritt er det som er ladd opp samt lett tilgjengelig i slike områder. Når man er på post el. og i lovlig område så kan man pakke frem blyammo og spare på den blyfrie.
  17. Totalen for H.vidda - prøvetatte dyr i heile 2023 er 400. Det innbefatter alle dyr som er prøvetatt uavhengig av årsak. Mulig det tall Castor bruker? Man kan sortere ganske greit og finne tallgrunnlaget i Hjorteviltportalen
  18. Er vel kun mulig som såkalt opplæringsjakt for unge om personen er norsk, utlendinger som kan vise til at dei har jakttilatelse i sitt heimland kan du ta med.
  19. Ser på Hjorteviltportalen at det er innlevert 310 CWD prøver etter jakt på Hardangervidda. Det tilsvarer ein fellingsprosent på drøye 5% for årets jakt.
  20. Det er delvis av relevans for ettersøk og trening til ettersøk ettersom det då er unntak for båndtvangsregler. I denne tråd er det derimot OT og eg bare nemnte det slik at den interesserte sjølv kunne lese seg opp i lovendringer. Når man så blir utfordret så...
  21. Større endringer er dette som sikrer hundeiger trygg disponering av egen eller lånt/leid utmark når det ikke er ordinær båndtvang. §6 Kommunens myndighet til å innføre ekstraordinær båndtvang. Ny hundelov tillater kun dette i områder der husdyr normalt beiter og har rett til å beite. §14b og §15 Husdyreiger sin rett til å kreve/utføre avliving av hund som jager eller angriper beitedyr utenom båndtvang er begrenset til kun å gjelde i områder der husdyr beiter lovlig.
  22. 1,5 år... Unghund og heilt normalt. Jaktlyst er der så la den få sjansen til å bygge opp sjølvtillit. Ikkje la deg blinde av skrytehistorier der 7 mnd. gamle hvalper har los i timevis og er champion som 2 åring. Dette er like vanlig som hønsetenner. Bruk tid med hunden i skogen, konkludere kan du gjere når hunden er 5-6 år.
  23. Har HD-R i 10-42 og kan vel skrive under på at eg er fornøygd. Har hatt mit i nokre år, brukt den på reinsfjellet samt elg / hjortejakt i skoggrensa. Den har kun to minuser, pris og vekt.
×
×
  • Create New...