Jump to content

volvobrage

Members
  • Posts

    666
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by volvobrage

  1. Gamle mauseren til bestefar som eg og pappa har på deling Blei påmontert kikkert på den for 3 år sida. 6,5 kaliber. Har aldri møtt bestefar, men har hørt at vi er like blant anna på grunn av vår felles jaktavhengighet Skaut min første hjort med rifla i år, det var stas Blir kansje ein god del oppgraderingar på denna etterkvert
  2. Har ein hjortenakke i frysen frå ifjor, kan prøve få tak i noken bitar til men får neppe legge slakteavfall i frysen til mamma og pappa Er det samme ka ein brukar, f.eks lunge, lever, hjerte, osv?
  3. Takk for ett kjempe bra svar! Greit og ha ein viss peiling om når ein kan vente seg mest aktivitet
  4. Vurderer og kjøpe meg ein Ruger 10/22 til fulgesjakt og herjing på sjølvanvisar/bane Er det mykje som må gjerast for og få grei presisjon på ei sånn rifle? Takker for svar!
  5. To stykk eg skaut i sommar på lokkejakt :)Begge to var kvalpar. Eg og brodern lokka inn to til og men fekk ikkje skuddsjangs på dei. Beklager litt makabre bilder, skutt med blyspiss. Ein kompis som jakter hjort hos hos oss skaut denna første jaktdagen i år Låg og sov når han kom innpå den Har planar om og jakte litt rev på åte i vinter. Ka klokkeslett er det vanlegast at reven er på åtet og eter?
  6. Kult prosjekt, følger med her Har litt lyst og bygge ein M98 sjølv etterkvert, får sjå om det blir satt i gang eller berre blir med tanken Ser far din var børsemaker, er du det og eller?
  7. Einig i detta, syns det er litt dumt og forby det. Har skutt fleire dyr i nakken sjølv, med riktige tilstandar rundt skuddet kan det være eit godt valg syns eg Hodeskudd er jo litt på kanten, men er ein 100% sikker på skuddet er det jo veldig human avliving. Men faren for skadeskyting med vanvittig lidelse etterpå er stor på ett så lite mål. Aldri skutt dyr i hove sjølv. Ein i valdet skaut denna på post igår Vanvittig flott gevir, kraftige stenger og lange taggar. Tagg nr.2 på eine sida er litt liten men ellers er geviret utruleg jamt og fint og Men bukken var liten, ein plass mellom 90 og 100kg. Kansje det er denna som har tatt livet av den lille bukken vi fann tidligare i høst, har vertfall krone til og rekke inn til lungene:p
  8. Samme her, er ikkje høgda som gjer det umulig men terrenget. Bratt og ulendt terreng. Kom nett igjen fra jakt, hadde ein fin post i dag men blei ingen dyr på meg. Pappa skaut kolle og kalv på jag så det var gøy:) Dei blei faktisk dratt heile ned
  9. Den bukken brodern skaut som eg la ut bilde av tidligare drog vi heil ned. Då sleit vi berre av matrøret og tok ut vomba uten og opne framme. Ein erfaren slaktar som var med oss som sa dei gjorde alltid det på andre plassar han jakta, eg har ikkje vært med på det før
  10. Åpna for og få ut luft og matrør under vombing 95 prosent av dyra vi skyter blir vomba, flådd og patert på fjellet. Er ikkje berre berre og få hjorten ned vestlandslier.
  11. Det kan være, usikker på kor gammal den er?Den hadde litt tjukke rosenkransar, men veit ikkje om det går på alder eller berre størrelse på gevir? Hovet ligger til rensking, kan sjå om underkjevane er tilgjengelege snart og ta bilder av dei viss det går an og dømme utifra bilde. Eller må det tannsnitt til når dei blir over 3,5 år?
  12. Takk for det!Det er eit paradis og jakte i, heilt klart Det einaste negative er veldig bratte lier Men slitet er jo litt av morroa Bilder frå forrige Lørdag. Måtte holde oss nede i dalen sida det var mykje vind og regn. Begynte med at vi fant ein død bukk på veg til post. Fant ut den var stanga i hjel, mykje spor der den låg og ingen utgangshol så det kan ikkje være skudd. Hol og skrapestriper i lår. Hol rett bak bogen, mest sannsynleg dødsstikket. Må ha være bra lange taggar på han som angreip Var blitt kald og stiv, men har mest sannsynleg ikkje låge lenge sida alt var heilt intakt på den. Her er posten min, øverste post i jaget heilt oppunder ein hammar Bukken eg skaut kom heilt oppunder hammaren, men fekk ikkje skutt den før den var rett over meg, veldig nærmt hold. Her er bukken eg skaut 2,5 år, men berre stenger til gevir. Og liten kropp, tipper 50kg+. "Usmakeleg" poseringsbilde oppå hjorten:)Var vanskeleg og sitt i ulendt terreng og med dårleg kne. Brodern skaut ein fin bukk på post, 11 taggar:)Hadde tre i kver krone men den eine er så liten at den ikkje teller. Ein plass mellom 90 og 100kg
  13. Hadde første jakthelga vår forrige helg:) Magisk stemning då med fint vær!Synd det var total vindstille og dårleg jaktvær Her er eg vridd heilt til høgre på posten min. Heilt til venstre i bildet kom kolle og kalv opp. Kolle først såklart. Når eg prøvde snu meg sakte rundt bråstoppa kolla i skyteposisjon, men ville avvente for og sjå etter kalv. Etter 10sek snudde ho og sprang rett ut til sida, etterfølgt av kalv. Så eg var glad i ettertid at eg ikkje skaut Det blei berre ein spissbukk den dagen, eine naboposten min som skaut den På fredagen som var for eg ut på bøjakt. Gjekk opp på ein bø som ligger veldig skjult i skogen for og sette meg. Når eg kom dit var det såklart ein spissbukk der på feil side så eg fekk vinden feil på meg. Så den for fort Etter litt omflytting skaut eg ein 3,5 åring litt lenger nede i dalen. 70 kg og berre ein tagg i toppen på kver side, perfekt bukk og ta ut På lørdag som var var det litt bedre jaktvær med regn men fortsatt totalt vindstille. Då er det vanskeleg og få hjort! Eg skulle jage, men fekk ein "forpost" der eg skulle dekke ein fluktveg som dyra kunne springe opp med ein gang jaget starta. Satt litt feil der og fekk kolle, kalv og ein liten bukk rett på meg på 4 meters hold. Hadde ikkje sjangs og skyte så venta til dei trekte litt inn på myra eg dekka før eg plystra, men då var det full gass avgårde. Brodern fekk ein fin liten 10 taggar på post som han skaut
  14. Rekner med det er meg du sikter til med kalven? Venta som sagt ei stund den morningen, men fant ut det var lite vits og vente lenger sida alle dyra untatt spissbukken eg skaut for. Har lyst etter hjort fleire kveldar etter det og lagt meg ut ein kveld og sett etter kalven, ingen tegn til den. For alt eg veit kan ho ha mista kalven fra før?Viss ikkje blir den garantert skutt på fellesjakta seinare i høst då alle jaga våre dekker heile dalen. Når eg ikkje har sett noke på bøen verken på jakt eller lysing er det ikkje så mykje meir eg kan gjere då vi kun jaktar felles i skogen.
  15. Fortell ka du ser utifra bildene mine som tilseier at skrottane er "mishandla" Nei, ingen av dei som har flådd og slakta dei er super gode på slakting men og kalle slakta mishandla syns eg er ein sterk overdrivelse.
  16. Har aldri brydd oss om svangane(viss det er dei bak med låra f.eks du tenker på). Har heller ikkje fått noke spørsmål om det til firmaet vi selger dyra til. Har heller aldri fått klager på slaktet. Har skjært opp ei bog framme på kver dyr for utluftning på grunn av mykje blodsøl inni utgangsbogen. Ellers ser eg det er litt meir blod på slakta våre ein ditt, har vel ikkje noke og sei uansett?
  17. Her er bilder av stokken Utfresinga såg veldig bra ut, kjem til og pusse lett over sida det var litt grov overflate noken plassar. Utfrest framme for mindre vekt. Er to reimfester framme. Var mykje breiare grep framme ein på stokken til naboen min, trur ikkje det var sånn på dei gamle modellane. Veldig godt grep framme! Monterte rifla, glei rett i stokken. Utfresinga passar veldig fint utvendig og Alt i alt er eg veldig fornøgd med stokken, og den er billeg i forhold til kvaliteten!Er lever til børsemakar for og få laga til justerbar kinnstøtte, trur den blir veldig god og skyte med etter det
  18. Her kjem litt bilder frå jakta! Starter med to revar eg skaut på lokk i sommar, begge to var kvalpar Skyter med blyspiss, derav svære hol i buken. Første skuddet som gjekk i hjortejakta var ein rev og, denna gangen ein voksen Ein slektning som jaktar hos oss som skaut. Kvelden 1. september fekk eg skutt kolle og kalv Var kolle og kalv når eg sneik meg opp til bøen(ligger gjømt inni skogen) og kom ei kolle og ein kalv til mens eg prøvde snike meg innpå dei. Dessverre snudde vinden litt og dei fekk ferten av meg. Venta til skumringa og då kom det ei kolle med kalv innpå igjen Begge datt på ett skudd men avliva kolla sida ho heiv etter pusten når eg kom bort. Ferdig slakta 62 og 24 kilo. Tirsdags morning, 2. september skaut slektningen min ein spissbukk Full kontroll på 150 meters avstand, datt rett i bakken Tirsdags kveld fekk eg ein kalv Skaut den på eit beite langt framme i dalen. Var kolle, kalv og ein spissbukk der når eg kom. Sneik meg innpå dei men igjen snudde vinden før eg fekk skuddsjangse. Venta til skumringa no og plutseleg kom kolla og kalven innpå igjen Min hjort nr.50, det var litt stas! Brodern skaut ein spissbukk samme kveld, her henger kalven og spissbukken ilag ferdig slakta 48 og 26kg Vil sei det var fine kalvevekter, begge hadde kvite prikkar på seg. Onsdags morning skaut eg ei kolle og ein spissbukk Kolla hadde dessverre melk i jura Trudde det var eit fjordyr då ho gjekk heilt aleine sjølv om det var andre dyr på bøen. Alle dei andre kollene gjekk med kalv på bøen. Såg på ho i 5-10 minutt og bestemte meg for og skyte, angra etterpå. Satt ei stund og såg etter kalven men var ingenting og sjå. Plutseleg kom spissbukken gåande 300 meter vekke og gjekk rett mot meg. Skaut den på 50 meters hold Når vi skulle henge siste hjortane på kjølen tok slektningen min med seg hjortehjertene sida han skulle reise heim etterpå. Kjørte 1 mil med hjertene på taket, når han såg det skjønte han koffor fleire bilar kjørte forbi han i 50 sona Har skutt 7 av 10 dyr vi skal skyte på bøen. Dei resterande 30 dyra skal vi ta i skogen. Første fellesdag er kommande lørdag, gleder meg som ein unge!
  19. Boyd stokken min kom etter tre veker, må være bra det når dei sender frå USA Blei sendt dagen etter eg bestilte! Veldig flott finish på den og utfresinga er veldig bra. Rifla glei rett inn og det var fin klaring til løpet. Kan legge ut noken bilder i kveld eller i morra
  20. Godt jobba at du fant bukken!Må være deilig og kunne bruke lys på ettersøk?Hadde vel aldri funne den uten reknar eg med. Kor var den skutt på i forkant av ettersøket?
  21. Er vel kun hjortejakt som får ein til og våkne 04.30 når alarmen står på 05.00? Reiser ut om litt med ein kompis, satser på fangst! Lykke til alle andre!!
  22. Kul tråd med mykje bra arbeid! Laga meir kule ting i det siste?
  23. Stilig Mauser joakim222! Er det ein boyd stokk?Har du i så fall pussa vekk fabrikklakken og olja stokken istedenfor?Var kul finish på den:)
×
×
  • Create New...