Jump to content

volvobrage

Members
  • Posts

    666
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by volvobrage

  1. Har bestilt meg Boyd stokk til 601 rifla mi no, det blir spennande!Pappa har Boyd stokk på mauseren sin, virkar som det er veldig bra kvalitet på stokkane:)
  2. Har ekstremt dårleg erfaring med Fusion, kaliber 308. Hadde fire dyr som blei skutt i bogen der det var hol i vomb og kutt overalt inni etter splintrar. Fann deler av kula overalt Gjekk over til federal premium etter det, koster skjorta men vanvittig fine slakt med det
  3. Hos oss hadde vi gode tellingar i år og Litt mindre ein i fjor, men tellingane var mykje tidlegare og så hadde forventa det. Dyra er vanvittig feite og store og så det lovar bra for slaktevektene og neste generasjons kalvar!
  4. Første hjortetellinga på Lørdag, det blir spennande og sjå korleis talla blir i forhold til i fjor
  5. Flott bukk superhansen! Kor i høyanger kommune blei bukken skutt?
  6. Det geviret du snakkar om blei funne i nabovaldet mitt:)Eine naboen min slår ein bø der ute rett atmed området det geviret blei funne, i vår fant han detta geviret der Det til venstre..Det til høgre blei funne ein anna plass i samme vald, så det er nok eindel store bukkar der i området:)Det minste hadde 7 taggar så det var eit ganske greit gevir..Men ingen sånne monsterbukkar har enda vært sett på jakt der, dei er nok flinke til og holde seg skjult! Geviret er ikkje av dei lengste, men det var utruleg grovt..Vekta på eine gevirstanga var 2,67kg for og være heilt nøyaktig:)
  7. Eit anna problem kan jo og være dei tullingane som deler ut kvotene..Vi har tellingar kvert år som vi sender inn til kommunen også søker vi om løyver etter korleis tellingane har vært Og dei tre siste åra har vi fått 10 løyver meir ein vi har søkt om, av ein eller anna merkeleg grunn:pVi har skutt det vi har søkt om sida det er det vi bestemte oss for, men skulle gjerne likt og visst kva grunnlag dei deler ut 10 ekstra kvoter for..Hadde det vært eit anna jaktlag hadde dei kansje skutt dei ekstra ti dyra uansett korleis det låg an med hjort
  8. Eg tenker det at dei som kansje har fått for høge kvoter men ikkje innser det sjølv har veldig lang tid og presse ut den siste kvota på..Viss kvota er kortare ser ein kansje meir kven som har riktige kvoter og ikkje? Det bør jo såklart lagast til i forhold til når hjorten er i området, men det er vel kansje umulig og få det til skikkeleg?
  9. Jakter i jaktlag der vi kun jakter lørdagane..Har hatt 50 dyr i år og i fjor og er nettopp ferdig i år.. Vi skyter bukkar tidlig, midt i jakta eller seint, alt etter når dei dukker opp på post Har opplevd ein gang at ein biff mamma lagde blei heilt ufatteleg seig og måtte forkastast(veit ikkje om det var ein bukk eller eit anna dyr), ellers har vi aldri hatt biff/steik/kjøttdeig som har vært seigt eller dårleg smak på..Og vi etter hjortekjøttdeig heile året istedenfor vanleg kjøttdeig og "finmiddag" av hjort sikkert 45 helger i året
  10. Litt bilder frå fellesjakta vår i skogen Første helga skaut eg ein kalv på post Hadde ein ganske håplaus post, men jaggu kom det kolle og kalv.. Den kvite flekken på bildet er vomba etter kalven, bildet er tatt fra posten min..Er ca. 30 meter bort dit..Kolla kom ut av skogen og stoppa opp når eg plystra, mens kalven såklart stoppa på feil plass..Sto lenge der som vomba ligger så eg sikta framfor i den opningen som er der og venta til den tok to steg fram..Den datt rett i bakken mens kolla for:) Her er kalven:)Gjekk bort etter eit par minutt og sjekka den, då låg den fortsatt og heiv etter pusten så skaut eit avlivningsskudd..Fekk litt dårleg samvittighet Derav det rare auget, hadde ikkje vært nødvendig for det var ett perfekt skudd og kula gjekk ut akkurat samme plass det gjekk inn på andre sida..Skuddet på bildet er inn Andre helga fekk vi 7 dyr der ein kar skaut 6 stykk på samme post Så det var ny rekord i jaktlaget!Nåken seier at bestefar skaut 7 stykk på ein post for lenge sida, men er for få folk til og bekrefte det så det gjelder ikkje Her er det slakting på gang den dagen Tredje helga(vi jakter kun lørdagane) måtte eg og jage..Kom over denna på veg til fjells På fjellet blei det berre skutt ett dyr, sjølv om vi såg over 20 dyr til sammen.dei sprang alle vegar og visste nøyaktig kor postane låg..Skaut to dyr på jaget og..Bukken som blei skutt på fjellet Kjem meir bilder etterkvert
  11. Hehe, artig historie Genialt og faktisk legge seg i skjul og sove under måneskinnsjakta, er jo mange plassar det er umuleg og snike seg innpå når det er så godt lys..Måneskinnsjakt er for meg den ultimate bøjakta, fantastisk spennande!Pappa har alltid være negativ til det, midt på natta, for lite lys, osv..Men etter eg fekk han med i fjor i heilt ultimate forhold med fullmåne og snø på bakken har han endra holdning:p Såg masse dyr den kvelden og han fekk skutt kalv og eg kolle så det var utruleg gøy:) Legger merke til at du blei blenda sjølv om du har lyddempar?Det har eg aldri vært ute for?
  12. Mykje teoriar og lite jakthistorier og bilder her i år
  13. Krona er flott ja!:)Geviret er grovt og har lange taggar og, men sjølve gevirstanga er ikkje så lang som den burde..Vekta på geviret er for øvrig 2,64kg Er funne eit gevir med enda fleire taggar i krona i samme området som detta for to år sidan, det som er omtalt i tråden her viewtopic.php?f=21&t=54298
  14. Eg la ut bilde av eit kjempeflott fallgevir som blei funne i området her i vår på første side:)Kan meddele at ingen har verken sett eller skutt bukken i høst så den lever nok videre i beste velgåande:) Vi har fått veldig mange store bukkar både i gevir og kroppstørrelse etterkvert:)Trur det er på grunn av at det har minka mykje på hjorten her(som heile tida har vært meininga), før såg vi stort sett kun småbukkar og nåken ok 12 taggara..Vi har og hatt veldig økt vekt på kalvar og koller i år:) Legger ut litt bilder fra jakta i høst som er over for min del med operert kne..Men må beklage at nåken av bilda er kjedelige baki traktorskuffer, osv var litt glømsk i høst så har ikkje fått tatt så mykje bilder som eg pleier Vi hadde bestemt oss for og skyte 15 av 50 dyr på bøen i år. Bøjakta starta vi 2.september så då var eg, brodern og ein kompis i full gang:)Første morningen skaut vi ein kver, her er kompisen min med ein kalv han skaut Eg med kalven hans og kolla eg skaut:) Og her har vi fått fjorkolla til brodern i skuffa og Andre morningen skaut eg kalv, spissbukk og ein liten bukk..Bukken hadde 6 taggar på ett kjempe stygt gevir og vegde 60kg så den var perfekt og skyte Spissbukken eg skaut trudde eg var ei fjorkolle til vi kom fram og såg på den, hadde to klumpar på hove og vegde berre 30kg..Med andre ord skrapdyr detta og Brodern skaut kolle og kalv:)Og han siste karen skaut ei fjorkolle så det var full klaff denna morningen Tredjmorningen skaut brodern ein kalv som gjekk aleine, mest sannsynleg kalven til kolla eg skaut første dagen sida den hadde melk i jura:(Så det var kjempe bra at den blei tatt! Kompisen vår skaut ein spissbukk og, som var den avsluttande hjorten på bøjakta:)Då hadde vi skutt 11 dyr på tre dagar så då hadde vi gjort ein god innsats:) Har litt bilder frå fellesjakta i skogen og, skal legge ut meir seinare:)Avslutter med to bilder av fallgeviret eg nevnte øverst i posten
  15. Hei! Lurer litt på kor folk kjøper knivblad? Sett innpå helle og brusletto sine sider, men ser ut som dei kun selger heilt enkle modellar? Takker for svar! mvh Brage
  16. Ein av grunnane til at eg spør om lønn er fordi ein bekjent har emne liggande, ferdig tørka:)Har ikkje tid og kappe emne sjølv når det tar så lang tid og tørke det.. Så kjem nok til og laminere det slik som 30lhmsa tipsar om:) Har du bilder/link til riflestokkar av alm?
  17. Takk for tipset, kul tråd med mykje gode råd!
  18. Igjen, tusen takk for ett kjempe bra svar! Går nok for laminering då for og safe som du seier:)Viss eg skulle få det til så er det jo gøy at den holder og!Skal lage ett prosjekt når eg begynner på stokken, greit og ha for og spør spørsmål undervegs i arbeidet:)
  19. Tusen takk for ett kjempe bra svar:) Så Almen bør laminerast viss den skal bli rifle stokk?Er det nok og sette på tvinger under laminering eller bør det leggast i press under x antall kilo?
  20. Hei! Har planar om og bygge min eigen riflestokk no sidan det er begrensa ka ein kan få tak i til rifla mi, og det er kjekt og prøve ut nåke nytt:) Er alm ein grei tresort og bygge på?Prøvde og søke litt her inne, men fant ikkje nåke konkret om alm. Takker for svar! mvh Brage
  21. Okei, takk for svar:)Hadde trudd den scora høgare men
  22. Flott bukk Mork! Spent på alderen, rosenkransane ser veldig kraftige ut på bildet vertfall?
  23. Litt opptopic for årets jakt, men nåken som veit kor mange poeng denna blei bedømt til? http://www.gd.no/nyheter/article6230648.ece
  24. Du har dårleg erfaring med Fusion du og ja! Skal legge ut nåken bilder ein dag:)Vi er godt igang i jaktlaget, tatt 29 av 50 dyr allerede! Eg har skutt 5 til no, neste helg blir det posting så satser på eit dyr eller to til då
  25. Skudd rett framifra inn mellom bogane er jo ekstremt effektivt, dyra dett som oftast rett ned av det..Men kan fort bli mykje gris og ødelagt kjøtt av det
×
×
  • Create New...