Jump to content

volvobrage

Members
  • Posts

    666
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by volvobrage

  1. Ka lim kan ein bruke for og lime ein kloss fast i skallen då?
  2. Har hørt at kron er 3-4 taggar i toppen mens kapital er 5 -->.. Savner bilder her, ingen som jaktar?Eller legger folk kun ut på facebook?
  3. Då er jakta over for min del..Trist, men samtidig skal det bli godt og sove lenge ein lørdag:p Har ikkje gjort det sidan 8. september.. Siste dagen gjekk vi i grom lia for andre gang i år..Forrige gang var det ikkje så mykje dyr sjølv om vi skaut 5 dyr så var spent på dagen! Hadde vært på post i 20 min når ein spissbukk kjem trekkande forbi Plystrer på den, den stoppar og får ett skudd midt i bogen.. Etter litt hører eg to skudd frå posten litt bortafor, to skudd frå ein post enda lenger vekke og til slutt eit skudd på posten atmed meg..Då kjem det beskjed på radioen at vi må gi oss, har fått 8 dyr og er 12 mann Det blei skutt kalv på ein post, kolle og kalv, kolle og 2 bukkar og fjorkolle + spissbukken min Han som skaut to bukkar og kolla hadde 9 andre dyr innpå posten sin Så hadde det vært første dagen kunne det blitt ein skikkeleg masaker der Utsikta, til venstre ser vi inn i "hoveddalen" der vi jaktar:) Posten min var rett over kanten der det sitter to folk:)Var ei lita myr der Ser at det er gromlia, fant 9 hodeskallar på veg frå min post til ein post i andre enden Den minste bukken som blei skutt..9 taggar, ca 80kg Den andre var litt større..Har vært 12 taggar(eine krona var vekke) og ca 90 - 95kg Spissbukken min Dyr nr. 15 i år, har vært eit fantastisk år! Skudd inn Ut rett bak bogen Vært mykje preik om bildemotiv i tråden her så prøvde ta eit fint bilde av eine kolla som blei skutt..Syns det blei stilig! Kolla på siste bildet var veldig stor og hadde ein stor bukkekalv.. 10 månar til neste gang, blir lenge og vente! Lykke til videre til andre som fortsatt har dyr igjen på kvota
  4. Var avgårde på jakt på lørdagen igjen:) Når vi sto framme i dalen kom det ein bukk springande over bøen litt lenger framme Han var blitt skremt fram av ein bonde som var på andre sida av dalen..Brodern gav meg rifla og eg la på sprang framover..Rakk han akkurat før han skulle over vegen og inn i skogen! Eks 12 taggar med stolt skyttar:) Har fått skikkeleg pryl i høst! I tillegg til den knekte gevir stanga og dei to knekte taggane hadde han tre blåmerker og eit kutt oppå nasa.. Fortsatt svart og god!Geviret blir tatt vare på, er jubileumshjort nummer 40 Blei ikkje nåke dyr på jaga ellers..Såg mykje men var mykje tull i jaget med misforståelsar, osv..Men det gjer ingenting med sånt vær Hadde eit spennande stopp i jaget, artig når ein får vente litt på sånne plassar Ferdig slakta..Kunne nok blitt ein skikkeleg rugg, tennene var heilt strøkne(nesten ikkje brune eingang ) så han var nok ikkje så gammal..Men vegde ca 100kg no etter brunsten, det er bra!Min tyngste hjort til no, har skutt ein med mykje finare gevir men den var rundt 90kg.. Har jo hatt mykje tull med fusion kulene tidligare i år..Federal premium har gjort ein god jobb til no, heilt klart verdt dei ekstra kronene!
  5. Eg har lurt på sein brunst..Her begynte den seint i oktober og varte 1,5 - 2 veker med dårlig brøling og lite aktivitet.. Skaut ein kalv for to veker sida med kvite prikkar som vegde kansje 15kg så den har jo blitt født rimeleg seint
  6. Bestanden er grei den håper eg Vi merka nedgang, men det har heile tida vært målet..Men hjorten trekker litt vekk fra området her etter brunsten og når snøen kjem virker det sånn..Så vanskeleg og sei før våren kjem Kan skrive litt "historie" frå då eg begynte og jakte for 5 år sidan 5 år sidan: Telte over 120 dyr på hjortetellingane om våren og fekk utdelt 72 løyver. vi skaut alle dei 4 år sidan: Telte 160 dyr(meir ein året før sjølv etter og ha tatt ut 72 dyr ) fekk 72 løyver igjen og fylte alle 3 år sidan: Telte vel ca 80 dyr og søkte om 36 løyver. Fekk utdelt 50(av einelleranna merkeleg grunn) men vi valgte og skyte 36 dyr I fjor: Talte nett under 100 dyr og fekk 50 løyver. Skaut 47 og gav oss sidan snøen var komt og gamlingane blei frostige I år: Talte 108 dyr på tellinga og søkte om 50 løyver men fekk 60..Har skutt 41 til no og trur nok vi gir oss snart!Er minka på hjorten no etterkvert Fått litt gode bukkeresultat av nedskytinga, har skutt nåken fine bukkar siste 2 åra Rett før og under den tida vi hadde veldig mange dyr var det mykje småtteri og nåken heilt greie bukkar..No veit vi om to STORE kara både i kropp og gevir Blir spennade og sjå korleis hjortetellinga blir til neste år!Har skutt mange koller uten kalv i år desverre:(Og veldig mange små bukkar, men virkar som det er ein del av dei enda..Så håper alle blir eininge om og fylle dei siste kvotene med småbukkar e.l og ikkje meir koller.. Er det nedskyting som er grunnen til at deke merker nedgang eller er det andre ting trur du?
  7. Ja kunne nok gjort seg med ei kurs:)Eg følte eg lærte eindel på feltkontrollørkurset(kunne ikkje mykje frå før av) men er ikkje alltid ein kan praktisere alt..Også når det er 3 - 4 mann som står rundt deg og har gjort sånn og sånn i så og så mange år er det ikkje alltid ein "får lov" og gjere det på sin måte:p Men reinsligheten syns eg har blitt bedre siste åra, folk er meir oppmerksomme på og vaske/tørke av kniv og hender mellom forskjellige delar av slakteprossesen..Hadde parteringskurs for litt sida med ein i jaktlage som har jobba i kjøttbutikk så det er jo ein god start:) Greit og kunne dele opp ting og så ikkje det blir side med 1/2 ytrefilet f.eks:p
  8. Hehe, det er det nok heilt sikkert Vi er tre stykker som har tatt feltkontrollørkurs og lært eindel der:)Men går ofte litt fort i svingane i skogen, er sånn vi alltid har gjort det så.. Dyra vi skyter på bøen og skal selge blir behandla med meir "omhu"
  9. Eg er ikkje så veldig inne på kulevekt og slikt, men gjekk for 180 sidan eg alltid har hatt det og bruker det på treningsskudd:) Her er reportasjen søstra mi laga om jakta: http://magasinetvinkel.wordpress.com/20 ... nterriket/
  10. Takk for det! Ja månejakta var ein heilt utruleg opplevelse Skaut min første hjort i måneskinn i fjor, men då var det ikkje i nærheten så fantastiske forhold!var heilt magisk Hehe, jakte med gamlefar var gøy!Han har vært utruleg snill mot meg på jakt og..Første to åra eg gjekk med han fekk eg skyte alle dyra vi hadde sjangs på..Åra etterpå gav han alltid vekk postar til meg eller brodern så han har ikkje skutt så mange hjortar dei siste åra heller..Så artig og få lokka han med ut i måneskinnet, spesielt når han fekk skutt eit dyr! Bruker no federal premium 180 grains Dei som har oransj tupp og sølvfarga patronar..Veldig fornøgd med dei!Kan ikkje sammenlignast med fusion i det heile tatt.. Har hatt utgangshol på størrelse med 1,5 femkroning og minimalt med snacks innafor bogen, osv..Eine dyret eg skaut var det litt griseri men det var fordi eg hadde eit forferdeleg avtrekk på første skudd, blei usikker og skaut eit til..Begge to sto omtrent i samme hol i bogen så blei dobbelt opp Ellers er det som natt og dag!Kulene er dyre, men syns heilt klart det er verdt det
  11. Her kjem litt bilder:) I helga skaut eg ein spissbukk på post!Var utruleg artig i snøen:)Søstra mi var med og tok bilder til ein reportasje ho skal lage.. Eit bilde ho tok rett etter skuddet:) Små gevir, men var heilt ok kropp på den:) God og svart under! Skudd inn Skudd ut Slakting av spissbukken på gang:)Blei kun den på lørdagen Eg og ein kompis som aldri hadde vært på måneskinnsjakt for ut lørdags kveld Kvart på tolv skaut han denna bukken Perfekt skudd rett igjennom begge bogane Så var eg og pappa ute mandags kveld i måneskinnet Heilt fantastiske forhold då!Var nesten dagslys når vi fekk månen på rett side.. Sneik oss opp til ein stor bø..Der såg vi kolle, kalv og eit dyr langt vekke og ein STOR bukk som gjekk ganske muren vi sneik oss langs..Når vi kom nærmare var bukken vekke og dyra som var langt ute var ikkje trekt inn på bøen Kom oss nåken meter lengre fram og plutseleg sto det fire dyr der den store bukken hadde vært først!Vi gjekk litt ilag før pappa sneik seg fram aleine..Han var overaskande stille og tålmodig! Når han var komt dit vi avtalte og kom seg over muren satt han og sikta litt før han vinka ned til meg..Såg over muren og der kom det ein liten bukk gåande kansje 20 meter ifra oss! Vi skal ikkje skyte bukkar på bøen men denna var så liten at eg ga tegn på at vi skulle ta sjangsen..Ingen som seier nåke på dei små bukkane Han skaut aldri og plutseleg sprang den litt bortover bøen..Reiste meg litt så eg fekk hove over kanten og der gjekk det kolle, kalv og to små bukkar rett under oss:p Pappa sikta på kalven men fekk ikkje inn skudd...Så etter 10 min kom det ein liten bukk til trekkande bort! Etter 5 min til fekk pappa skutt kalven..Dyra sprang litt rundt, kolla var mest urolig men ville ikkje reise frå kalven..Så eg fekk inn skudd på den Bukkane gjekk og lukta på dei døde dyra og tok det heilt med ro når det plutseleg kjem ein bukk til mot oss Litt større denna gangen..Gjekk rundt der i sikkert 10 min før vi røyste oss og då for dei Angra etterpå at vi skaut kolle og kalv og ikkje to bukkar isteden..Greit og få ut småbukkar, spesielt når vi har skutt så mange koller uten kalv i år Men gjort er gjort.. Kolla og kalven, 55kg og 25kg Det var ein fantastisk spennande opplevelse:)Har ikkje jakta med pappa på 3 år heller, sida eg begynte aleine..Hans første i år, første i måneskinn(etter 30 år med jakt) og første med rifla til bestefar som vi har pussa opp i år og bygd om til jaktrifle:)
  12. Gratulerer med den første hjorten! Litt av ein deby må eg sei Tøff post!Kunne veldig gjerne tenkt meg og postert med trekkruter ein gang, men litt vanskeleg når vi jaktar i jaktlag.. Kor tung var den?Får du poengsjekka geviret?
  13. Heilt eining, derfor eg skreiv som eg gjorde i innlegget over:) Har ein gjort alt etter boka og var så uheldig og ikkje fant dyret er det berre og komme seg videre..Trist og kjedeleg, men det skjer!
  14. God instilling, gjort er gjort..Kan ikkje tenke på sånt sjølv om det er ein veldig trist og kjedeleg sak..Dumt og la det øydelegge framtidig jakt!Har ein kar her i jaktlaget som hadde eit bomskudd for ca ein måne sida, har ikkje dukka opp på jakt sida:(Veit ikkje om det henger i sammen men trist viss det gjer det..Det kan skje den beste! ALLE kjem borti nåke sånt iløpet av jakta!Eg har vært heldig og unngå det til no..Men så har eg berre jakta i 5 år og skyter under 1/3 av så mange som knut erik gjer i året! Lykke til videre i jakta!
  15. Har du tankar om skuddet traff sidan du er negativ til og finne dyret? Ein kompis skaut ein liten bukk fredags kveld..Traff litt høgt, mellom rygg og innvollar..Hadde sneia toppen på lungene så dei fant han tilslutt med hund, men hadde sprunge 300 - 400 meter inn i skogen!
  16. Du har skrivd lavaste vekt/gevir forhold:)Men korleis går det i forhold til alder?Ein kompis skaut ein 12 taggar på 60 kg i helga..Veldig tynne, korte stenger..Men som sagt 12 taggar på geviret
  17. Forferdeleg sak! Nåken er jo så uheldige og skyter seg sjølv, men når andre skyter folk med uhell går det meir ein ett liv tapt..Blir nok aldri seg sjølv igjen etter denna episoden For 15 - 20 år sida var det ein som skaut sonen sin i samme området som denna ulykka her..Han tok livet sitt nåken år seinare
  18. Trist sak i Masfjorden:(Er ikkje så langt frå her eg bur, kjenner mange som jakter i nabovalda..Spent på kva som har skjedd, er desverre ikkje første gang det skjer jaktulykke der.. Skaut ei spissbukk på post idag:)Fantastisk gøy i snøen! Kom nett inn frå måneskinnsjakt og, var tenkt og skyte sjølv men tok med ein nabo som var litt gira så han fekk skyte:)Blei ein liten seks taggar! Kjem bilder og referat i nærmaste framtid
  19. Kom nett igjen frå 50+ årsdag til svigrfar..Tok ein kikkertrunde her og såg no, 16 hjortar på bøane rett utafor huset her:)Kolle og kqlv 60 - 80 meter ifra der eg sto med kikkerte...Skulle holdt meg heime idag og vært på jakt ja!
  20. Må sei meg eining med deg..Eg er for og spare store bukkar og bygge opp ein god bukkestamme i Norge, men det må vel gå an og skyte litt store bukkar av og til fordiom..Såg ein som hadde skutt to flotte 14 taggara på facebook og fekk refs i hytt og pine..Forklarte seg med at detta var dei første skikkelege bukkane han hadde skutt etter x antall hjort og over 20 år(meiner eg og huske) på jakt!!Men fortsatt var det fult i tullingar som skulle kritisere:p Syns det er dumt det har blitt sånn.. Som du seier, det er ei slags drivkraft og gå i håp om og skyte ein fin bukk ein dag:)
  21. Jeg håper i det lengste at denne bukken ikke er skutt i Norge. Hjelpes... Gi i såfall den jegeren hjelp... Haha:p Detta bildet låg ute og(Håper det er greit eg legger det ut her)..Kan jo være ein spøk då for alt eg veit..Men ser jo ut som det er samme gevira som ligger avkappa viss du ser på høgre krone på dei tre små taggane
  22. Eventuelt ikkje ødelagt eit så flott gevir i første omgang:p Gitt det vekk til nåken som vil ha det, e.l..
  23. Fant bilde på facebook av ein 19 taggar som var skutt.. http://www.hyperfileshare.com/viewimage ... e=07859dd3 Sto at han først kappa av horna men ombestemte seg og kasta dei og
  24. Meldt opplett lørdagsnett heime, det + fullmåne kan bli bra!
  25. Ja den var veldig flott!:)Er ikkje ofte vi skyter sånne her.. Brunsten har vel vart ca 1 måne no, har begynt og dabbe av igjen..Så han har nok kjørt seg bra ja:p Var svart heilt fram til der buken går opp igjen + litt oppover der og hadde 3 "blåmerker" i lår og sideregion, sikkert etter slossing..
×
×
  • Create New...