Jump to content

Silkesvarten

Members
  • Posts

    94
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Silkesvarten

  1. Hei. Har heller ikkje klart å finna brukane blad til buesag. Måtte bæra motorsaga (og verneutstyr) langt opp i lia når eg skulle rydda ein hjortepost. Derimot har eg ei teleskopsag kjøpt på felleskjøpet som har eit fantastisk blad. Der er tinnar i mange retningar, slik at ho sager både på skyv og drag. Dersom det eksisterar slike blad til buesag må jo det gi buesaga ein ny vår.
  2. Dersom du har frittliggande løp regulerar du med skruen i området under framre reimfeste. Då pressar du to skråflater mot kvarandre. Du må pårekna å skyta inn rifleløpet på nytt etter at løpa er nokolunde samskutt. Det er lurt å ta små justeringar i slengen, lag eit riss eller tusjmerke over skråflatene først, slik at du har mulighet for å ta deg inn igjen.
  3. Silkesvarten

    Kjøttsekk

    Hei. Er det nokon som har erfaring med Jerven Kjøttsekk eller Jakfall sin Bodybag/kjøttsekk ? Har i alle år slitt med å få hjort og reinslakt ned frå fjellet på ein nokonlunde hygenisk måte. Gamle laken renn blod rett igjennom, søppelsekkar er etterkvart så resirkulert at dei ikkje kan nyttast til anna enn søppel. Er desse kjøttsekkane noko og satsa på, eller er det berre 300gram dauvekt i sekken ? Jaktfall: http://www.jaktfall.no/index.php?nr=90& ... e=Bodybag/" target="_blank Kjøttsekk for reinsjegeren!&startrow=15 Jerven: https://jerven.secure.flexiweb.no/productview/20208839/" target="_blank
  4. Kva vart dommen ? Vi er nok mange med ombygde mauserar med M70 sikring som ventar i spenning.
  5. Får du spent opp mekanismen slik at du kan ta avtrekk ? Det er vel ein forutsetting at mekanismen er spent før ein kan sikra. Det som er rart er at det er forskjell på tomt kammer og patron i kammeret. Min første tanke er då at det må vera massiv drit i systemet ein eller annan plass.
  6. Hei. Har Baikalen, men i 12 / 308win. Min har topp presisjon, og eit bra avtrekk. Ser at mange slit med avtrekket på Baikalen. Trur nok at Baikalen i 223 har for slak riflestiging (1-12 ?) til ditt bruk. Lette raske kuler er ikkje optimalt på matvilt. Til skogsfugljakt ville eg nok valgt Sabattien i 20/22 hornet. Husk at på kombi vert ein avtagbar kikkartmontasje dyr, slik at sluttsummen består av meir enn våpenkjøpet. Dersom ein børsemakar i tilegg må fiksa på avtrekket er det ikkje sikkert at prisforsjellen vert avskrekkande.
  7. Hei. Dette er nok eit nermast håplaust prosjekt. Eg prøvde lenge, men ende opp med å kjøpa ein kombi. På baikal side heimesider står det at dobberifla kan leverast med kombi og hagleløp, og at kombien kan leverast med hagleløp. Hagla derimot kan berre leverast med hagleløp. I praksis er det uråd å få kjøpt anna enn heile våpen vest for Uralfjella. Litt synd, tenk å kunna kjøpa ei dobbelrifla for 8000kr og ekstra løpsett for omlag 2000kr stykket.
  8. Den skinna er i aluminium. Eg fekk problemer med mine basar i aluminium, og skifta til stål. Det fungerte rett nok i nesten 20 år, men plutseleg tok dei kvelden. Ken Farrel er vel eit alternativ i stål, om du vil ha heilskinne.
  9. Etter å ha forlest meg på Hanevik si bok om Norske militærgeværer er det ein ting som eg lurar fælt på. Det vert hevda at mange skyttara hadde ein Krag til banebruk og fint ver, og ein Mauser til feltskyting og vått ver. Dette grunna kragen sin leie tendens til treffpunktforandring med våte patroner. Kvifor var det ei allmenn oppfatning at Kragen hadde betre presisjon (i fint ver) enn Mauser M59/M67 ? Var det sluttstykkegangen ? Var det at Kragen alltid var i 6,5x55 og Mauseren var å få i kaliber 30 (eller 6,5)? Var det patriotisme ? Var Kragen produsert med betre passningar og var mindre slarkete enn ein Mauser ?
  10. Hei. Eg har ein slik. Gav 2500kr (brukt) for han for nokre år sidan. Er godt nøgd med siktet som er frå tidleg nittital. Dei slutta å produsera Vari-X III i 2004. Er ikkje så redd for å kjøpa brukt Leupold då det stort sett er livstidsgaranti på dei. På Leupold si heimesida ligg ein tabell som viser produksjons år ut frå bokstaven i serienummeret. Prefix: Suffix: E = 1974 A = 1993 F = 1975 B = 1994 G = 1976 C = 1995 H = 1977 D = 1996 J = 1978 E = 1997 K =1979 F = 1998 L = 1980 G = 1999 M = 1981 H = 2000 N = 1982 J = 2001 P = 1983 K = 2002 R = 1984 L = 2003 S = 1985 M = 2004 T = 1986 N = 2005 U = 1987 P = 2006 V = 1988 R = 2007 W = 1989 X = 1990 Y = 1991 Z = 1992
  11. Ifølge Lothar Walter sine heimesider ser ei orginal M98 K pipe slik ut ØD1 = 15,5mm ØD2 = 23mm ØD3 = 28,3mm G-Ø = 1.1" (12 Gang auf 1") L = 600mm
  12. Når eg tenker meg om så har 11mm sporet til Baikalen berre opning bak. Dvs ein må tre ringane inn frå baksida. Den fremste ringen stoppar då mot solid gods, og meira rekylstopp er vel ikkje turvande.
  13. Baikalen har 11mm spor. Stålmontasjar for salong passar, men dei bør ha ein eller annan form for rekylstopp for å vera stabile over tid. Sportmatch sine er brukande, og kostar omlag 300kr. I den andre enden av skalaen har du EAW sin svingmontasje for våpen med 11mm spor. Den kostar over 3500kr + montering (som lett kostar over 1200kr).
  14. No er mi intressa meir av teknisk art, eg vert nesten dårleg av politiske trådar. Det eg tenkte på var om andre har noko å bidra med her. Dvs at ein legger inn det ein veit om låsekassegjenger.
  15. Er det råd å få reparert denne tråden ? Har ein large ring mauser 1,1" gjenger med gjengestigning 12:1" ? xxxxx gjer ingen info.......
  16. På rifler med oppspennar, kan ein då låsa hevarmen på noko vis ? Eller vert det omtrent som midtstillinga på ei trepunkts sikring ?
  17. Har hatt ei slik i kaliber 12/76 sidan tidleg på åttitalet. Den har 91 cm langt løp, full trangboring, og er vanvittig tung. Den har utvendig hane, og er laga slik at avtrekkaren må vera inne heile tida medan hanen fell, for at tenn nåla skal koma fram. Med andre ord ein sikker konstruksjon. Det er særs krevjande å treffa ting som ikkje står i ro med med ei så lang og tung hagla. Eg har jakta og trent mykje med mi, men det har vorte meir bom en treff. Nokre ender og orrfuglar har ikkje vore etande grunna stjernetreff på for kort avstand. Truleg er hagla brukande til åtejakt på rev, men det har eg aldrig prøvd. Etter at blyhaglforbudet kom, har eg ikkje brukt mi, mest av di eg ikkje kan trena med stålhagl i ho.
×
×
  • Create New...