Jump to content

Silkesvarten

Members
  • Posts

    94
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Silkesvarten

  1. Eg har verken Sauer 200 STR eller Talley ringer, men eg ser at Talley sine basar har ei "nedfelling" slik at ringen vert låst i basen med tanke på rekyl. Det som eg kan tenka meg at kan gå er Rimfire Rings for CZ 452 European, 455, 512, 513 (11mm dovetail setup) : Talley Manufacturing dersom du skal nytta dei på 22 RL. Warne, Sportmacth, og sikkert fleire andre har ringar for 11mm svalehalespor med "rekylstopp".
  2. Voere Tirolerin 2,7 kg VOERE | Bolt Action Rifle Tirolerin Eg finn ingen norsk forhandlar.
  3. Silkesvarten

    Star Baikal

    Vi har diskuter liknande problemstillig før:
  4. Trur det vert litt knotete. Eg ville heller ha prøvd eit anna fabrikat. Vortex defender E10 skal passa 41,5-46mm. Vortex Optics - Vortex Defender Flip Cap Eyepiece, Linsebeskytter | Jaktfall.no Din jaktbutikk på nett. Av og til følger det med linsebeskyttere når ein kjøper nytt kikkartsikte. Eg har festa dei med ein strips til kikkar ten slik eg ikkje mister dei. Det er ein litt langsam måte å få kikkerten klar til bruk, men det er ikkje alle jaktformer som er like travel.
  5. Min Steiner Ranger 3-12x56 frå 2016. (Før dei fekk nytt navn som Steiner Ranger 4) har 44,3 mm, på den har eg ein Butler Creek størrelse 20. Den har eg merkeleg nok ikkje øydelagd enno, mine går lett i filler. Det er ting som kan tyda på at det er forskjell på Ranger og Ranger 4. Vekta er litt redusert, synsfeltet litt større, og utgangspupill litt mindre på Ranger 4 enn på Ranger. Linken din til Sportsbutikken viser data for den "gamle" Ranger, identiske data som min har. Linken din til Optics Trade viser data for den "nye" Ranger 4. Ut frå dette vil eg tru at du har 45,8 mm utvendig diameter på okkularet.
  6. Ser at XXL har inne basar til 100kr. Sikkert ikkje rett pris, men kven veit : Warne Basesett Max Stål S902/830M (2 STK) - Svart - Kikkertmontasje | XXL Dette er ringane som eg har : Warne RING MAX QR S.30 L 6S213ADL WARNE - Svart - Kikkertmontasje | XXL , dei kosta meir enn kva eg gav for rifla, men ein ny Mauser M12 trail kostar jo omlag 36000kr..... Kva kikkart skal du bruka ?
  7. Det ser ut som om M12 og moderne variantar av M98 kan bruka same base. Er diskutert litt i denne : Eg har montert Warne sine basar på min HV-mauser. Dei bygger omlag 4 mm, vidare er kikkerten montert i Warne sine lave QD montasjar, dei er 6 mm høge opp til underkant av kikkertens mellomrør. Dette fungerar ok, men ein svingmontasje er jo raskare å få av og på.
  8. Heilbeddar han løpskanalen 12 min ut i filmen ? Eller er det noko anna lurium han helt på med ?
  9. Ser at skytterlinken.no har desse til 7490 kr
  10. Den dyraste som ser nokelunde orginal ut som eg ser på finn.no kostar 4000 kr.
  11. Nei, med mine pupiller på omlag 4 mm i mørke er vel ikkje det akkurat logisk. Men eg opplever stor forskjell når eg har satt dei på 8 ganger forstørrelse og bytter mellom å sjå i dei.
  12. Trur at litt av forklaringa (utanom kvalitet i linser), ligg i at effektiv objektiv diameter ved minste forstørring er større på Zeiss: Effektiv objektiv diameter minimum forstørring Effektiv objektiv diameter maks forstørring Utgangpupill minimum forstørring Utgangpupill maks forstørring Zeiss HT 2,5-10x50 37,5 50 15 5 Steiner Ranger 4 3-12x56 28,5 56 9,5 4,7
  13. Eg har begge, for mine snart 60 år gamle auge er Zeiss Victory HT 2,5-x50 betre i dårleg lys enn Steiner Ranger 3-12x56.
  14. Eg er av den oppfatning at kammeret.no må vera ein av dei beste plassane. Dersom du les til auga blir stort og vått her inne, så er det nok forklart, eller linka til.
  15. Eg er usikker på om dei har rekylklakk. Baikalen som eg hadde dei montert på har skinna "åpning " bak, og ikkje framme som på di. Framre ring stod heilt framme på skinna, og vart låst fast der. Opplevde ikkje treffpunk endringar. Skifta seinare til ein EAW svingmontasje som nesten var dyrare enn børsa.
  16. Såg ikkje at du skulle har quck release. EAW og Warne har.
  17. Har brukt Sportmatch sine på ein kombi i 308 win. Det fungerte fint. Her er eit eksempel :Sportsmatch delt 1" med. dobbel skrue > Våpen-Søilen - Vestlandets største leverandør (vapen-soilen.no)
  18. Eg kjøpte min Steiner Ranger 3-12x56 i 2016. I forhold til pris er eg eigentleg godt nøgd. Den har tålt røff bruk i bratte vestlandslier. Eg opplever den som god optisk, men allt for tung. (705 gram). Det er og irriterande at den mangler automatisk slukking av lys. Har stort batteriforbruk sidan eg gløymer å skru av lyset når eg set rifla i våpenskapet. Klikkene er litt "slappe" så eg må sjå på skalaen når eg skrur.
  19. Skulle likt og vist om det ville blitt stor forskjell om ein hadde nytta ei tyngre kule.
  20. Eaw har ein front base med skruehol som liknar litt. Din ser flat ut under, medan denne ser bua ut på eit uskarpt bilde.
  21. Dersom Valmet 412 har 11mm spor er den make til Baikalen min. Eg har spandert EAW svingmontasje som er god og dyr. Ser i ettertid (15 år) at eg truleg kunne bruk Warne sine QD ringer Warne 30mm 3/8th inch/11mm Dovetail Quick Detach Medium Matt - Jaktdepotet for 11 mm spor. Har weaver utgåva av desse på ei boltrifle, og dei fungerer greit. Einaste negative er at det går ann å mista den blanke splinten på undersida. Prisen er mykje lågare enn svingmontasje.
  22. Meir info: greatestbinoculars: Leitz binuxit 8x30 binocular review
  23. Alltid morro å leita etter info om gamal optikk. Fann litt info her: Review: Classic 8x30 Porro binoculars (holgermerlitz.de) Ut frå kva eg kan sjå er det ein forløpar til Leica. Den vart produsert frå 1927 til 1962. Tippar ditt eksemplar er produsert mellom 1945 og 1950. (Dersom det er riktig at krigsproduksjon stoppa på serienummer 477xxx, og serienummer 617222 er frå tidleg 50 tal.)
×
×
  • Create New...