Jump to content

Eidfjording

Members
  • Posts

    58
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Eidfjording

  1. Funkar det ikkje med eit slags viltnett eller ein slags duk i nylon?? tenkte kanskje å prøve det. vil gjeren høyre forskjellige meiningar om dette
  2. har hatt mykje kjøt på åtet ei stund, sjekka åtet her om dagen og då vart alt forsvunne. kva kan eg gjere for at åtet ikkje skal forsvinne med ein gong??
  3. Eg har bestilt same stokken, berre i ein annan farge. Men det vart litt tull med pengeoverføring osv..Så eg ventar på at det skal skje noko snart. Men ein ting eg lurar veldig på, er om stokken er lakka tre elle om den er syntetisk
  4. Her er nokre bilete som har vorte tekne ut av stovevindauga. Eg bur i Eidfjord, her er det ikkje rådyrjakt, ikkje er det så altfor mykje rådyr heller. Men me har ein del. Den største bukken har eg hatt på 10m hald opp til fleire gonger, eine stanga er knekt. Men etter i fjor sommar har eg ikkje sett noko til den, har vel vorte skoten eller døydd av naturlege grunnar. Nokon som klarar å sjå om dette kunne vore ein medaljebukk?
  5. Då skal eg jammen bestille meg ein slik stokk Nokon som veit kor lenge ein må vente??
  6. Korleis trur de denne stokken vil passe på ein vanleg CZ 452 Varmint som ikkje er heildempa?? Denne stokken var som midt i blinken for meg, sidan det er den einaste stokken til 452 på markedet som er rimeleg!
  7. Heihei. Eg er då frå Eidfjord, nabobygda til Ulvik, eg har høyrt det er litt dårleg med rype på Osafjellet i Ulvik. Men i Eidfjord er det veldig bra med ryper, i allefall på statsalmenning, men der er det freda. På privatterrenga er det veldig forskjellig, men rypebestanden tek seg opp, og akkurat no er det ganske bra.
  8. Eg testa Eley Subsonic Hollow Xtra i går, og eg vart veldig imponert. Skaut 15 skot på 70m og det var eit lite hol med dia på 1,5cm. Så no har eg funne den riktige ammunisjonen til å bruke i jakta. + at lyden var knapt merkbar, tennstiften slo inn, og det var alt eg høyrte.
  9. Finst det ande plassar enn finn.no ein kan finne brukte sauer 200 str? Har leita meg halvt i hjel, men finn det nesten ingen plassar.
  10. Nokon som veit korleis CCI Standar Velocity oppfører seg i CZ Varmint? Og det er vel ikkje slik at f.eks. CCI std. går ulikt i forskjellige CZ varmint? På forhånd takk for svar
  11. Så det kan hende at ein type ammo går forskjellig i to heilt identiske rifler? Eg kunne tenkt meg og sluppe å kjøpt så mykje forskjellig ammunisjon for å teste... Eg vurderer sterkt storinnkjøp av CCi Standard Velocity.
  12. Hvor får man tak i enkeltmoduler til cmm 6 modellen? Har på lyst på litt fler moduler..
  13. Vurderer og kjøpe meg dette kikkertsiktet fra USA. Eg har sjekka litt rundt om og prisane ligg ned mot 680 dollar. Er det noen her som vet ei amerikansk nettside der de selger denne kikkerten til rundt 500-600 dollar?
  14. Er det nokon som har meiningar om Remington Thunderbolt i forhold til CCI Standard Velocity? Har handla meg ei CZ 452 Varmint og er ikkje heilt sikker på kva slags ammunisjon eg skal gjere storinnkjøp av..
  15. Men er det slik at det finst ein patron som går bra i alle CZ 452 Varmint, eller går alle rifler forskjellig ? Sjølv når dei er samme modell?
  16. Lurar på to ting, kan godt hende det er dumme spørsmål men.. Kvar er det mogleg å få tak i billeg CCI Standard Velocity? Har funne på Wingevåpen, men syntes det var litt dyrt.. Og er det med salong som med alle andre kaliber at om ein fyrst skyt med vanlig 22lr kule, og deretter holspiss, vil treffpunktet forandre seg?
  17. Hei! Eg går på Elektrolinja. No har me fått eit prosjekt der me kan lage kva me vil. Det eg tenkte eg skulle prøve meg på var å lage ein revevarslar. I dette prosjektet treng eg vel ein slags sensor. Er det nokon som veit om det finst noko teikningar til eit slikt prosjekt?
  18. Eidfjording

    Stokkolje

    No har eg hatt hagla mi nokre månadar, problemet er at stokken mister farge og vert nærmast kvit. Det eg lurte på¨var kva slags stokkolje eg burde bruke for å få stokken fin igjen slik at den ikkje sprekk?
  19. Har ikkje så masse å seie om du heng fella opp, musa kan jo klatre opp flate betongvegger...
  20. Har ein god plass eg ha fått mink i fella i mange år. Men den siste tida har det vorte umogleg, musa et opp åte med ei gong eg har plassert fella. Det er mildt sagt umogleg å få mink! Er det nokon som veit om måtar å halde musa vekke på? Om dette fortsetter spørst om eg gidd å setje ut noko meir feller...
  21. Klarer musa å koma seg inn i ei aasebø felle som heng lodrett på ei furustamme då?
  22. Hei! Prøvde meg for fyrste gong med mårfangst for nokre dagar sida. Eg såg ingen spor rundt der fella vart plassert men 100 meter lenger ned i lia var det eit trakk som eg trur var mår. Fella var ei aasebø felle med fiken dyppa i honning som åte ( er dette ein bra kombinasjon?) Eg er ikkje sikker på om det er mår i området men ein kompis hadde fanga ein for nokre år sidan i same område. Det eg var usikker på var om det hadde mykje å seie om eg tok på fella utan hanskar, om måren bryr seg veldig om menneskelukt? Skulle ikkje tru at det gjorde så mykje om eg tok litt på fella/åte med bare hender? Helsing ein som veldig gjerne vil ha svar
  23. Skal ein berre putte honningen i ein kjele og koke den opp?
  24. Brukte du teikningar fangstgutten? Isåfall, kan du sende dei til meg?
×
×
  • Create New...