Jump to content

Eidfjording

Members
  • Posts

    58
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Eidfjording

  1. Tenkte ein del på det då eg sat på åta i natt. Eg har bardunert jaktbua mi ei høgspentmast, og berre nokre meter over bua heng 66kV. Har sjekka på nettet ang. magnetfelt rundt linjefasane, og bua mi burde etter det som står vore plassert minst 20m vekk frå linjene for å kome under kravet på 0,4 mikrotesla. Nokon som veit korleis eg kan løyse dette problemet? Og om det i heile tatt er vits i å gjere noko med, sidan eg berre søv der 2-3 dagar i veka. Har lest ein del om faradays bur, og det kunne jo kanskje vore ein ide og dekka bua med hønsenetting i forsøk på å skape eit sånt bur? Håpar på svar.
  2. Har ei BRNO ZKW 465 22 Hornet som eg lurar på om eg skal få brotsja opp til 22K Hornet. Ser det har vore diskutert tidlegare på forumet, men vart ikkje så veldig mykje klokare. Akkurat 22K Hornet finn eg lite om så blir nok ein del dumme spørsmål: - Er det slik at ein må skyteforme Hornet hylser om til K Hornet? - Finn ein ladedata i ladeboka til 22K Hornet? - Vinn ein mykje hastigheit ved å brotsje opp til K Hornet? - Er K Hornet eit kaliber som er kresen på valg av krutt og kuler? (Eg ladar sjølv) Nygjenga løp
  3. Kan du legge ved link?
  4. No er jaktbua straks ferdig. Åte ligg på rundt 60-70m. Eg har bestemt meg for å bruke kunstig lys og lurar difor på kva slags lyskastar som passar best av desse to: - http://www.jula.no/lyskaster-led-ip65-800-lm-427597 - http://www.jula.no/lyskaster-led-ip44-2400-lm-427599 Dersom nokon veit om andre ljoskastarar som egnar seg så skrik ut.
  5. Skal lade 22 Hornet i nærmaste framtid. Men er ingen butikkar som har tomhylser på lager!! Er det nokon som har ein minste aning om kvar eg kan finne tomhylser i 22 hornet?? Hjemmelading var tomme Midwaynorge var tomme Jaktogfriluft var tomme Og xxl har ikkje ..
  6. Treng tips til ljoskilde på åtet mitt. Åtet ligg 60-75m ifrå bua mi, og eg treng ein ljoskastar som kan gje brukande skyteljos. Kikarten på børsa mi er ein Zeiss classic 3-12x56. Tips?
  7. Hei. Har ein original Cz 452 Varmintstokk som eg ikkje har bruk for lenger. Kor stor verdi trur de denne stokken har? Stokken er strøken, men ein klarar så vidt å skimte noko riper i den. 1 år gamal og nesten ikkje brukt.
  8. Det er vel helst berre 2-3 av børsene som ligg på denne tråden som ser veldig "tactical" ut. Kvifor upraktisk??
  9. Flotte våpen! Ein skulle no tru at det var nokon her inne på kammeret som hadde ein gamal BRNO stokk å avsjå til deg Glenn_G
  10. Det er godt å vite at me har lysare tider i vente, og meir tid til skyting! Så du får ta kameraet ditt med deg og vise oss presisjon og ammotesting Flott børse!!
  11. Kom igjen folkens! FYLL TRÅDEN MED BILETE
  12. Ser at det er fleire som har prøvd å få til ein tråd der folk kan leggje inn bilete av børsene sine osv. Virkar ikkje heilt som at det er den heilt store interessa. Men eg prøvar likegodt eg og. Dette er ein tråd der folk kan leggje inn bilete av: - Børsene sine - Samlingane sine - Jakt med børsene deira - Prosjekt dei har hatt med børsene sine - Forskjellige typar ammunisjon som går godt i børsene sine - Skytetreningar For å få denne tråden litt i gang, kan eg likegodt leggje inn nokre bilete av salongen min. Kjøpte børsa sommaren 2010, bestilte ein Leupold VX-L 2.5-10x50 frå Statane, som eigentleg skulle på ein BRNO 22Hornet, men som av ein eller anna grunn havna på salongen. Deretter kjøpte eg ein A-tec Cmm-4 dempar, og fekk søskenbarnet mitt til å kappe og gjenge løpet for meg, så takk til han. Leitte lenge etter ein type ammunisjon som gjekk bra i børsa. Alt av remington gjekk mildt sagt rævdårleg, og CCI var i allefall ikkje noko å skryte av. Til slutt enda eg opp på Eley, fyrst Club (som gjekk heilt akseptabelt), etter ei stund fant eg Eley Sport Biathlon, som gjekk veldig veldig veldig tilfredstillande. Til holspiss brukte eg Eley Xtra Hollow, som og gjekk bra, men ikkje fullt så bra som Sport Biathlon. Er derfor og på utkikk etter ein slags "whisperizer" av eit eller anna slag, om nokon har tilgjengeleg. Bestilte etter ei stund stokk frå Boyd's. Stokken var god å halde i, men er ikkje heilt nøgd med utsjånaden, litt for mykje "american-style". Likar best trestokkar som ikkje er alt for originale. Kjem til å legge ut bilete av børsa slik den var før eg byrja å forandre på den. Må berre komme meg heim fyrst Testing av ammo i sommar. På denne blinken var børsa innskoten på 50m På 60 meter datt kula 2.2cm På 70 meter datt kula 6.3cm På 80 meter datt kula 11.5cm
  13. Eg meiner å hukse eg kappa løpet 7-8 cm. Børsa vart for det fyrste mykje tøffare, og lettare å ha med å gjere, ikkje framtung i det heile tatt. Dersom du skal på jakt med børsa, er Eley Subsonic Hollow Extra ein god patron. Samla nesten like bra som Eley Sport Biatlon, Hollow Extra er dyr, men ein bruker jo ikkje så mykje av jaktammunisjonen. Eg har skote store måsar med denne ammunisjonen og dei dett i smellen. Eley HSE oppe til høgre.
  14. Børsa mi, som er ein 452 varmint med kappa pipe og dempar, samlar svært tilfredstillande med Eley Biathlon Sport. Litt stiv pris, men likevel. Har akkuratt kjøpt 1000 SK standard, så gledar meg til å teste ut den nye ammunisjonen.
  15. Hoi. Fekk endeleg stokken i posten idag. Litt vel amerikansk tactical, men eg er vedig nøygd med resultatet!
  16. Hei. Var ute her ein kveld det var fullmåne, og eg reiste ut på eit jorde i 21.00 tida.. Hadde berre lokka 20 sekunder då eg høyrte ein røv gjøy/bjeffe 400 m på andre sida av jordet, heilt i skoggrensa. Den ville ikkje kome nærmare i det heile tatt. Sat å lokka i sikker 20 min, og røven gjøydde med. Nokon som har tips slik at eg kan få dei nærmare, og kvifor den berre sat der og gjøydde? Ein super opplevelse, sidan det er ein av dei fyrste responsane eg har fått under lokkejakt.
  17. Om natta kan reven gå opptil 2mil på leit etter mat. Så kven veit kor langt den kan ha gått, men dersom den har vore på åtet ditt, vil den truleg kome tilbake etter mat.
  18. Det er vanleg å drive jakt på rype med rifle/salong etter jol. Dei fleste går rundt i fjellet på ski/truger med kikart og saumfarar terrenget rundt seg. Når det gjeld denne typen jakt, kan det vere ein fordel med avstandsmålar
  19. Hoi. Fekk ny mail idag angåande stokken. Det var noko tull med bestillingen, så eg måtte bestille på nytt. Diverre så virkar det som om dei ikkje ville ta inn meir av denne stokken, så sørgjeleg nok ser det ut til at eg må slite med den originale og kjedelege stokken.
  20. Fekk vite at far min hadde ei BRNO ZKW 465 i 22Hornet for ei god stund sida. Den har stått innerst inne i eit gamalt kott her heime. Den ser slett ikkje galen ut, ein kan sjå at den har vore i bruk når ein ser på stokken. Men eg er veldig interessert i å ta denne med på revejakt og rypejakt. Det eg lurar på er om det er nokon som sel stokkar som passar desse børsene? Eg har og lyst å kappe løpet slik at eg kan bruke Hausken demparen min på børsa, men er det ein dum ting å gjere med tanke på kulehastigheit osv?
  21. Tactical, hadde du og utruleg lang ventetid på denne stokken?? Byrjar å verte lei no, har venta i 7 veker, og har ikkje hørt frå dei. Då eg bestilte fekk eg mail om at dei måtte stoppe litt med betalinga eller noko lignande fordi det kunne hende nokon kapra kortet mitt. Men eg trudde eg skulle få beskjed dersom det vart noko meir trøbbel... Eg fekk og beskjed om at stokken ikkje var på lager, og at det kunne ta 6 veker å vente, men no har det jo gått 7. Har du nokon formeiningar om detta, tactical?? Er litt frustrert no
  22. Tok meg ein tur på millitærutsalg i matfriminuttet idag. Plukka meg ut kvit vinterkamo, med finlandshette, hanskar, jakke og bukse. Skulle til å betale, men då klikka terminalen. Og kassemannen sa; Jaja, berre ta det og stikk du! Så det vart ikkje så himla dyrt
  23. Då er vinterjakta på rype godt i gang. Ha vore ein god del turar og det har resultert i masse flotte vinterkledde ryper Klarte å kikre opp ei rype på ei tue, og sneik meg innpå med salongen min. Ein CZ 452 Varmint med kappa løp og a-tec cmm6 toppa me ein leupold vx-l 3,5-10x50. Skaut den med eley subsonic hollow extra og den slokna med ei einaste gong. Problemet er at den ammunisjonen ikkje er berre berre å få tak i. Men eg har ein ammunisjon som heiter eley biathlon sport, og den samlar eineståande bra i børsa mi. Men er det nokon som veit korleis det går om eg skyt rypa med den ammunisjonen som ikkje er holspiss? Har mykje meir lyst å bruke den ammoen Her er den fyrste rypa eg skaut i vinter. Sist helg var eg og ein tur og då vart det 3stk. Var så forbanna kaldt at eg ikkje somla meg til å ta bilete. Mykje ryper i år!! Her viser treffpunktet med salongen på den eine rypa. Var veldig langt hold, så feilberegna og kula traff litt lågt. Nedfrosne ryper.
  24. Heihei Fant ut eg skulle satse litt på åtejakt i år. Fekk lånt meg eit gamalt og lite skulehus, laga ein revevarslar sjølv og fekk belysning på åte. Laga meg og ei skyteluke, og brukte mykje fisk og noko slakteavfall frå hjort, elg og reinsdyr eg har skote i år. Kjøtet frå storviltet forsvant fort til skogs då eg gløymte å knyte det fast, og det ikkje var kaldt nok til at det fraus fast. Så her om dagen fylte eg på att med fisk, og kasta vatn over slik at det fraus. Men då vart det sjølvsagt slik at det luktar ikkje ein døyt frå åtet. Kunne det vore ein idè å koke fiskeslammet og late det gjære nokre dagar? Sat forresten ei natt på åte no på laurdag. 05.00 peip revevarslaren, eg meinte eg såg noko bevege seg i skogen, men det var så vidt eg skimta det. Så det blei ikkje noko den natta. Er litt vanskeleg sidan åte ikkje er på eit jorde. Men i skogen i vegkanten. Har hogga ei gate slik at eg har fri sikt. Der åta er, har eg skoga ein 15x15m firkant.. Ville berre høyre om det var nokon som hadde nokre tips til meg, slik at eg kan få litt rev på åta. Var veldig aktivitet der før eg sat opp varslar, ljos og byrja å jobbe der. Det er rundt 20 dagar sidan. Håpar på positive tilbakemeldingar
×
×
  • Create New...