God dag!
Er ein ivrig jeger på 20 år som heilt fram til no har kunna jakta alt frå rype til hjort berre ved å opne døra
på garden heime. Startar no på studie i Trondheim, og grøssar ved tanken på å bu i ein by der det kan verte vanskelegare å kunne pleie lidenskapen for jakt. Har jakta på det meste med både fjør og pels og alt er av interresse. Har bil så har moglegheit til å reise eit stykke frå byen.
Ser at det ligg mange områder med jaktkort på inatur.no, men utan nødvendig rekognosering synes eg det er vanskeleg å vite kva ein skal slå inn på. Er primært på utkikk etter skogsfugl, hare, and, due, men også rådyr og predatorjakt er av interresse.
Håpar at einkvann her på kammeret kan kome med tips om gode jaktområde.