Jump to content

skarivar

Members
  • Posts

    34
  • Joined

  • Last visited

skarivar's Achievements

Apprentice

Apprentice (3/17)

  • First Post
  • Collaborator
  • Conversation Starter
  • Week One Done
  • One Month Later

Recent Badges

0

Reputation

  1. Har ikkje moteke mail frå styret, og har hørt rykter om at det er gjennomført et skyteledarkurs. Skulle absolutt skutt inn rifla for jakt snarast, men veit ikkje heilt korleis eg skal gå fram. Syns infoen ut er minimal..Nåken som veit om det framleis er lov å skyte dersom du er heilt åleine på bana, eller om kravet om skyteledar gjeld uansett? Og i såfall om det er utarbeida en plan over tider skyteledarar er tilstades?
  2. Har gått til innkjøp av spottekikkert, og har gått meg litt fast i jungelen av stativ. Ønsker eit stativ som er lite, stabilt og ikkje alt for tungt. Bruksområdet er først og fremst langhold og spotting av hjort, så det blir ein del bæring. Har tidlegare erfaring med ein ats 80. Denne var utstyrt med eit lite solid stativ med jordspyd, og det er noko slikt eg har sett for meg. Håpar nokon her veit om eit stativ som kunne vere bra for mitt bruk. Treng ikkje vere høgare enn til sittande bruk.
  3. Vortex viper pst ffp. Er gjort diverse tester her på kammeret om du søker litt rundt.
  4. Merkar ein del treffpunktendring etter ein del skyting, men det gjer vel alle rifler når dei vert heite? Er eigentleg miragen som set naturlige pausar for skytinga. Skyt med maxim dempar, og merkar fort når børsa er klar for nedkjøling. Såg tidlegare i tråden litt diskusjon angåande spesialpiper. Skyt jamt samlingar under 10mm i mi originale pipe i 6,5, så presisjonen i ei original blaserpipe er det iallefall ikkje noko å seie på.
  5. hei. har skutt ein del med vortex no, og vil gjerne anbefale denne. Har også skutt noko med sightron, men meinar at det er eit krav med ffp på denne type kikkertar. Vortexen har ikkje optikken til swarovski, men den er eit godt verktøy med gode og presise klikk til å skyte godt på lange hold. zerostop er også ein fordel for vortex framfor sightron.
  6. Har nettopp bygd meg ein slik: http://ladeboken.tripod.com/Ladebenk.htm. Denne er i utgangspunktet meininga å konstruere enten links eller rechts, men går naturligvis an å improvisere. Benken vart iallefall dønn solid, og behagelig å skyte frå.
  7. Har jakta med Meopta r1 i nokre år no og er strålande fornøgd. Her ser du hjorten lenge før du greier å sjå han med augene, er såpass lyssterk at den nesten er skummel å jakte med sidan ein har så god sikt på dyra lenge etter at det er forsvarleg å løyse skudd. Eg har retikkel tysk 4, og synes denne personlig har litt for tjukt kors. Ypperlig til storvilt, men til rype osv. på lengt hold er den litt i tjukkaste laget. skal du ha eit allroundsikte ville eg gått for eit tynnare retikkel. Prisen er heller ikkje ei ulempe akkurat. Mange fine bruktkupp også
  8. TaKK for svar Bromle! skal prøvast:)
  9. God dag! Er ein ivrig jeger på 20 år som heilt fram til no har kunna jakta alt frå rype til hjort berre ved å opne døra på garden heime. Startar no på studie i Trondheim, og grøssar ved tanken på å bu i ein by der det kan verte vanskelegare å kunne pleie lidenskapen for jakt. Har jakta på det meste med både fjør og pels og alt er av interresse. Har bil så har moglegheit til å reise eit stykke frå byen. Ser at det ligg mange områder med jaktkort på inatur.no, men utan nødvendig rekognosering synes eg det er vanskeleg å vite kva ein skal slå inn på. Er primært på utkikk etter skogsfugl, hare, and, due, men også rådyr og predatorjakt er av interresse. Håpar at einkvann her på kammeret kan kome med tips om gode jaktområde.
  10. Hei! for nokre år sidan var eg i akkurat samme situasjon, og den første storviltrifla skulle skaffast. Tenkte då at det beste var å gå for ei heilt ny og moderne rifle og at ein heller kunne spare noko på optikken. I seinare tid har eg innsett at det ofte dukkar opp meget mykje våpen for pengane på finn.no, og finn du eit brukt våpen i grei avstand som du kan klå på og kanskje testskyte før kjøp, så er dette den beste måten å handle våpen på for å få mykje for pengane. Har jaktinteressa starta å få fotfeste, så kjøp noko skikkeleg når du først er i gang.
  11. Fikk prøveskyte redring for eit par veker sidan. Eg personleg synest at ringen vart litt overdreven og det vart lett at det meste av fokuset vart lagt på sjølve ringen. Mulig dette berre er ei vanesak.. i dei fleste støkkjaktsituasjonar må som regel hagla kastast opp og trykkast av så fort at ein ikkje rekk å bruke siktet i noka vesentlig grad, så for min del har ikkje redring-siktet noka nytteverdi. På ei anna side såg eg fleire små gutar som traff på nesten kvar leirdue med redringsiktet, så for skyttarar som skyt lite med hagle, vil sikkert siktet vere ei god hjelp.
  12. hei! har leita ei stund etter en butikk i Noreg som har eit godt utvalg i preparat til utstopping. er det slik at ein må prøve seg i utlandet for å få eit godt utvalg? har sjekka med bioprep, men ser ikkje ut som dei har auger ol. nokon som veit kvar ein kan få tak i dette?
  13. Jernia i stryn har eiga jaktavdeling, men er ikkje akkurat så rimelig... I ålesund driv svein dalen ei jaktforretning. veit han har bra utvalg av ammunisjon til rifle, mulig at han også har til pistol. har fått kjøpt relativt rimelige haglepatroner der
  14. Art: raudrev Antal: 3 Våpen:.223, 50 gr v-max Art: kråke Antal:5 Våpen: hagle Art: måse Antal: 24 Våpen: hagle sum: 88 kommune: volda
  15. Boka Prepareringsteknikk av Ole Mauseth gir ei meget god innføring i det meste som har med preparering og utstopping å gjere. boka omhandlar både preparering av skinn og utstopping av fugl og pattedyr. Har akkurat lest denne, og anbefalar den på det sterkaste
×
×
  • Create New...