Jump to content

Manof

Members
  • Posts

    114
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Manof

  1. Då er det så enkelt som at me er ueinige Det var eit generelt svar på eit generelt spørsmål. Dei fleste jaktskot i Noreg takast ikkje liggande med kvilepuls, god støtte, på stilleståande og ustressa vilt med full breiside og null kvist imellom skyttar og vilt. I alle fall der eg jaktar ligg me så og seie aldri. For mykje vegetasjon. Kan finne god støtte i eit tre, men dei fleste jaktskota går med støtte på knea. Så ja, påstanden min er framleis at dersom du ikkje greier det under perfekte førehald, let du vere på jakt.
  2. Det er ikkje akkurat slik at me snublar i hjort her langs kysten av Aust-Agder, men eg var heldig nok til å få felle min andre hjort no i år. Falt ein tidleg septembermorgon under posteringsjakt. Skaut min fyrste under jakt med hund i fjor, ca 300m unna der denne ramla.
  3. Det er den avstanden DU treff 99% av gongane under trening. Så blir det ei individuell vurdering på kor naturleg grense går innanfor dei rammene. Trening er optimale førehald, jakt er aldri det. Om det ikkje er uvanleg at du må gjere to forsøk på skyteprøva, er med andre ord 100m for langt for deg på jakt.
  4. Gamal tråd, men har ikkje vore aktiv på lenge Her er ein video av gjennomskyting på kanadisk elg https://www.youtube.com/watch?v=9kgthtzYbtQ
  5. Finland er absolutt eit spanande reisemål for oss som jaktar med bue! Kvithalehjort er jo ein ikonisk art for oss.
  6. Zeiss er best uansett:) SCHOTT lagar fantastisk glas, og Zeiss er meistrar til å gjere det glaset om til toppoptikk:) Ikkje for å starte (enno) ein sandkassekrangel om kva som er den beste optikken, men eg trur ein skal vere temmeleg korka for å nytte slike salgsargument som at meopta og diavari (håpar inderleg han meinte Classic Diavari og ikkje Victory Diavari) er same optikken. Om vedkomande heilt dønn ærleg meiner det, bør han få Zeiss til å lage eit par nye briller til han, slik at han kan få sjå forskjellen:)
  7. Zeiss sine glas er laga av SCHOTT Glas AG, som er eit selskap eigd av Zeiss. Etter kva eg har forstått, driv SCHOTT med ein del meir enn jaktoptikken me kjenner til, men eg finn det tvilsamt at Zeiss ville dele glas med ein konkurrent, i den grad meopta kan kallast ein konkurrent for Zeiss.
  8. Hei! Som namnet på posten skulle antyde, er eg på jakt etter beverjakt:) Bur i Vennesla, men farter stadig til Risør, så alt innan rimeleg rekkevidde er interessant:) Eg har ein god del erfaring med beverjakt, og har utdanning innan naturforvaltning. Har i utdannnga valt å fokusere ganske mykje på bever. Send meg ein PM om du har noko ledig:)
  9. Hei. Har ein gamal seig J... gåande på åta. Sleit med same reven siste del av sesongen i fjor. Problemet er at han er sporadisk innom åte, og har uforutsigbare nattevaner. Men ein tampong med revepiss ved åta før eg setter meg ut for natta bør vel gjere susen? Ville ikkje henge ut tidlegare, for er livredd for at han då kjem tidlegare på kvelden. Åta ligg 200m unna garden, så han kan sikkert stikke innom der på lyse dagen utan å verte sett. Sit i eit trekkfullt gamalt grisehus, så teknikken er å vere på plass før klokka 11-12, så eg slepp å fryse i for mange timar.
  10. Manof

    17hmr på rev.

    Til alle skeptikarar der ute:
  11. .17 er mindre og lettare kule. sannsynlegvis mitt valg av desse to. Skal nok ha ei cz 455 varmint i 17hmr, men denne vinteren held eg meg framleis til mi trufaste .223rem. Eg er av den oppfatning av alt av kuler over 300m/sek som stoppar i noko så lite som ein reveskrott absolutt har potensial til å lage helsikke den gonga dei ikkje gjer det.kuler som stoppar inni lagar ein del trykk, og dette kjem ut ein plass. Når eg skyt bever (så og seie aldri gjennomskyting) er som regel inngongsholet like stort som utgongsholet hadde vore om eg hadde nytta .308 og Oryx. Dette skuldast trykk innvendig. Jaktar du for skinn, ta hagla. Eg skyt med .223 som sagt, og gjennomskyting er vanlegare enn noko anna med kulene mine. Har sett kuler som har stoppa, og revar som er opprivne frå skuldra til låret. Alt imellom er vel vanleg med varmintkuler i småkaliber:)
  12. Me giftar oss til våren, og planlegg reise. Dei fleste reiser sørover, og får seg i det minste pelsdyr. Sjølv ville me gjere noko anna. Me skal til Skottland. Der skal me jakte råbukk fyrste halvdel av turen, for så å finne på noko anna resten. Det eg kunne tenke meg litt råd om, er dette med våpen i utlandet. Tenkte det ville vere tungvint å drasse på våpen den siste veka, så lurar på rett og slett å sende det heim med posten etter jakta er ferdig. Då saman med eventuelle gevir. Nokon som veit om dette i det heile er lov i storbritannia? Sist eg jakta i det området, hadde eg eit helsikke på flyplassen i Edinburgh, for dei meinte eg hadde gjort feil når eg pakka våpen og sluttstykke separat. Posten kunne spare meg for ei slik runde... Det siste eg treng her er synsing folkens. Her vil eg ha svar frå folk som veit, eller har erfaring med dette:) Ein viss diskusjon kring det er jo fint då.
  13. Hei! erfaren riflejeger søker rev- og beverjakt i eller rundt Vennesla. Kan vere Kristiansand, Iveland, vestlege birkenes etc. Er ikkje kresen på beverjakta, og når det kjem til revejakt, treng eg berre eit uthus, garasje, utedass eller liknande, med alt frå 30 til 150m open flate. Det ville sjølvsagt hjelpe om der var ein viss grad av revetrafikk i området;) Send gjerne PM
  14. Manof

    Buejakt

    Eg driv med bueskyting, og har lenge hatt lyst til å reise på jakttur. Eg har eit begrensa budsjett, og er ute etter konkrete operatørar eller reisemål som kan tilby billig buejakt med nokonlunde god sjanse for å lukkast. Eg har jo sett føre meg at Danmark og Åland ville vere greie reisemål, men Afrika er heller ikkje oversett. Eg ynskjer å jakte vilt frå rådyrs storleik og oppover. Utelukkar ikkje "jakt" i hegn i starten, for å få erfaring med å felle dyr med bue. Dette ville forhåpentleg vis minimere sjansen for dyreskjelven når eg på eit seinare tidspunkt verkeleg har betalt mykje for ein jakttur. Send gjerne PM med konkrete reisemål, eller tips om personar eg kan prate med om dette.
  15. Fobs ser ut til å vere bra, det eg har forsøkt det. Berre eitt problem. Om du skyt på same blink med meir enn 2-3 pilar skyt du dei til helsikke temmeleg lett. Så langt eg har forstått er dei ikkje lov til 3d i usa, då dei "blokkerar" pilar. Usikker på om det er slik at dei ikkje er lov, men kan skrive under på at dei blokkerar. Eit anna problem eg ser føre meg, er jaktrelatera. Sei at du skyt eit dyr, og får gjennomskot. Foben hoppar av, slik som han skal. Kor i alle dagar er pila? Ei løysing på dette måtte vere å ha nokre meter med lett og godt synleg tråd festa via brotstykke i foben og samla inni pila.
  16. eg må seie eg syntast Zeiss (og då sjølvsagt Victory) og Swarovski ligg temmeleg jamt eg. Det er iallefall ikkje så stor forskjell som prisforskjellen skulle tilseie. Det som gjer at eg heller mot zeiss, er den superkjappe servicen dei har om noko mot all forventning skulle gå gale.
  17. Jeg har patroner med bismuth i, er 12/76 46gr, 1 5/8 oz, størrelse 3. Tror du disse patronene gjør susen på en rev med vinterpels på 25meter? Takker for svar problemet med vismut er at det fragmenterar i bein, og det er lett. Det vil seie at skyt du frå sida, vil delar av lungane ligge trygt beskytta bak bogane. Har sjølv skote rev med ein gamal sideliggar og bly i storleik 5 (min fyrste rev), og den fann eg etter eit kort sprang, men vil ikkje anbefale for små hagl. Den store standarden til rev i blypatronar var gjerne #2 og #3, og ein bør to storleikar opp i lette material, samt begrense avstanden ytterlegare. Vismut er nok ikkje eit gunstig haglalternativ til hardført vilt uansett, så ville lagt nokre fleir kroner i patrona. Ein rev er vel verd det, og fortener noko betre enn det som "kanskje" drep umiddelbart. Gjer deg sjølv og reven ein teneste, og få tak på noko meir eigna. Og praktisk sett kan det løne seg med betre patronar. Hagle er eit våpen med begrensa rekkevidde. Med bly sa ein gjerne maks 25m. Noko lengre med dagens beste haglalternativ i magnum og tronge chokar som er godkjende for materialet, men det er ikkje noko vits i å velje ein patron som begrensar rekkevidda til hagla meir enn det den alt er, om du skjønar 25m ville vere drygt med vismut. Små haglstorleikar ville gi treff med mange hagl, men ikkje nok inntrenging. Store storleikar ville gi god inntrenging på avstand, men ikkje nok samling. Ein annan ting er sikting i mørkret med hagle. Dette må trenast på. Ofte opplever ein at ein med kornsikte havnar feil på skinna i mørkret. Møtte ein gamal revejeger som sa han hadde bruka å sikte slik at han så vidt såg noko snø mellom skinna og reven, og det fungera for han. Så såpass feil kan ein erfaren haglskyttar sikte med godhagla si som er godt tilpassa han, så fort mørkret kjem. Er det ei hagle du kjem til å nytte masse til rev, hadde eg vurdera kikkertmontasje. Mange som vert frista av redring og raudpunkt. Vel, no veit ikkje eg kva som gjeld for redring, men etter ein del prøving med doctersight i mørkret, veit eg at det er håplaust, då ein vert blenda totalt, sjølv om lyset er svakt. Det beste på hagle til rev, er rett og slett eit kikkertsikte. Har du tysk 4 medforstørrande retikkel, eller kikkert med fast forstørring og kraftig retikkel, treng du eigentleg ikkje den vesle raude prikken for å treffe. Der finnast rimelege sikte spesiallaga for hagle med grove retikkel. Berre sørg for at det er godt nok til å tole rekylen:)
  18. for å presisere: hastigheta er ikkje mykje høgare på magnum, men krutladninga er betre tilpassa dei tunge ladningane. Nyttar ein ei 42g ladning i 12/70 får ein mange hagl, men mindre hastighet enn ein ville ha med 36 eller 32g. I ei magnumpatron, vil ein kunne halde god fart på ein stor ladning.
  19. Store hagl har ein tendens til å samle meir enn små. Men blinken som skal treffast, er på storleik med ein liten tennisball, og med fleire hagl som treff reven, aukar sjansen for at det kjem eit par innanfor. Så eg ville jo seie at hagl 1-3 ville vere greitt. Tungsten er bra som bly det, men ikkje strekk haldet (grove hagl = få hagl, treng tett sverm for å drepe). Wingmaster HD er det beste som er laga, men er vel vanskeleg å oppdrive, då det ser ut til at det ikkje kjem meir til Noreg enn det som er her no. Som med alt som ikkje er rype, styr unna stål, vismut og sink;) Stål og vismut skulle duge med haglstorleik bb og oppover, men då i 12/76, 12/89 og 10/89, der ein ville få nok hagl med nok fart. Fylgjer du desse retningslinane, skulle du iallefall vere på den sikre sida.
  20. Det vil eg tru ja, for Nosler (reknar med du meiner partition, då du berre seier Nosler) er jo ei tolleg kjapt ekspanderande kule. Det framre kammeret ekspanderar raskt, medan det bakre er heilt, og "dyttar" kula gjennom dyret:) Skikkeleg knall og fall-kule det:) Vil tru det vart noko griseri. Men eg har hatt stort hell med .308w og Oryx. Det vert sjeldan meir enn ei femkroning ut. Lett å sy. Ein ting ein skal passe på som riflejeger etter bever, som og kom fram under studiet i Bø, er beverens utruleg robuste bogkule. Dei fekk inn ein skamskoten bever som hadde ei kule frå ein .270win "pakka rundt" kuleleddet i bogen. Det er ganske utruleg, men sant. Kula i leddet, som er perfekt rund, kan faktisk stoppe ei riflekule. Det eg har konkludera med når det gjeld skotplassering, er at med små kaliber og varmintkule, vil skot bak bogen gi best resultat. Då treff ein ganske sentralt i beveren, og energien spreiast ut i heile kroppen. Det kan og sjåast når ein opnar beveren. Alt over, og mykje under mellomgolvet, er berre saus. Dei beverane med minst krampe i heile studiet, vart faktisk skotne i magen (!) med varmint-kule. Det var sjølvsagt ikkje noko dei prøvde på, det var uhell som skjedde. Men beverane ramla i alle høve rett ned utan så mykje som eit spark, medan bever som vart skotne med perfekte hjernetreff og lungetreff kunne ha masse kramper. Så dei uheldige skota har bidratt til å syne ein omdiskutera ting heilt klårt: TRYKKET frå ei ekspanderande kule er sannsynlegvis like viktig for kjapp avliving og umiddelbar lamming av bever som utblødning er. Med ei eksploderande varmintkule sentralt i skrotten, er beveren daud føre han treff bakken. Skyt ein derimot med grovare kaliber og storviltkule, har eg som regel sett føre meg at skotplasseringa vert noko viktigare. Har sett skot med elgrifle mot bever der beveren har hoppa i vatnet og svømt eit par tak med lungetreff. Vil gjerne etterstrebe skot midt imellom frambeina og råke hjarte/lunge og sentralnervesystem. likar best at beveren står rett imot meg, eller rett ifrå meg og noko oppreist uansett om eg nyttar .223 eller .308. Tankene over er basera på fleire timers prat med førelesarane mine i Bø, som er av Europas framste beverekspertar, lesing av bøker og rapportar, og frå eiga erfaring med beverjakt, og frå disseksjon av bever.
  21. oioi. Ver forsiktig med hagle, og iallefall stålhagl. Sjølv i 12/89. Eit prosjekt utført ved høgskolen i Telemark der dei skulle gjere forsøk med ymse ammunisjon til bever (med bakgrunn i over 100 obduserte bevere) avslørte til dels store mengder hagl i fleire av dei. To av dei forskarane som utførte prosjektet veit eg personleg at jaktar masse bever sjølv, og har gjort dette i mange mange år. Etter funna deira, vil dei visstnok aldri nytte hagle til bever. Om du skulle ta sjansen, er det eit par ting som ville minimere sjansane for skamskyting: Hald deg innanfor 15m, nytt berre dei beste haglmateriala (dvs. gløym stål, sink og vismut, fokuser på hevi-shot, tungsten matrix etc.) i kraftige magnumpatronar. Og sist, men ikkje minst, ALDRI skyt med hagle mot bever i vatn. HEILE beveren bør vere ovanfor vatnet, slik at flest mogeleg hagl treff dyret. Hovudvekta av hagl må vere innan vitalt område, men jo fleir hagl som treff kroppen, jo betre er det. Ikkje alle hagla vil trenge djupt nok til å drepe. Gjer deg sjølv ei teneste. Nytt rifla. Vil du bevare skinnet, synte prosjektet ved HiT at beste ammunisjon var varmintkuler i .222, .223 og .22-250. Styr unna dei lettaste kulane, 50-55grs er meir enn lett nok til å stoppe inni. Ein får fullt brukbare rifler i desse kalibra for 3-4000kr. Eg veit av erfaring at ein bever skote med denne kombinasjonen, gjev mykje finare skinn enn ein som er skoten med store hagl på 15m.
  22. Hei! Treng ein åteplass i Vennesla-området. Gjerne retning Kr.Sand, og nær bussforbindelse. Stiller ikkje høge krav til skjul, for på den andre åta mi sit eg på ein trekkfull utedass. Denne åta ligg i Risør, så det er eit stykke å reise. Elles gjer eg lite av meg, og skyt med dempa rifle. Nokon som kan hjelpe ein desperat åtejeger?
  23. Nokon som har prøva denne? Bestilte denne og musefløyta til Primos. Lagar han greie harelydar og? det er dei lysaste harelydane som har funka for meg, så difor vart eg interessera i denne. Har i tillegg red river bandit, pee-wee, nordik pred. og crying bird. Nokre fleire tips?
  24. Nokon som har potensiell åteplass andre stader nær Kr.Sand?
×
×
  • Create New...