Jump to content

Manof

Members
  • Posts

    114
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Manof

  1. gløymde å seie at eg set pris på om eventuelle svar vert på PM:) Ha ein god dag!
  2. ballistic tip altså. Eg har vore skeptisk til den, pga ein noko tjukk messingbase. Har vore redd den ville sprenge seg igjennom uansett men mogeleg 22-250 gjer susen:)
  3. Hei! Nokon som har ein plass mellom Vennesla og Kr.Sand eg kunne fôra på reven i vinter? har for tida ikkje bil, så hadde vore finfint om det var ein plass det går buss. er på inga måte sær når det kjem til gluggefasilitetar. Einaste eg krevar av skjulet er at det er nokonlunde vind og vasstett:) Betalar gjerne for straum til lys på åta:)
  4. kva kule bør eg lade til rev i .223? har til no hatt gjennomskyting på alle revane mine, men vil prøve desse lettvektarane. Har ein 1/12 twist i ein Howa varmint, så er ikkje redd for dei lettaste kulane i kaliberet. av dei vurderte kulane, er samtlege mellom 30 og 35grains. Men kva for ein er mest effektiv med tanke på skinnbesparing? Eventuelt noko ladedata ute og går? Høyrer varmint grenaden er sær å lade?
  5. Morn folks! etter eit uheldig skot på rev sist veke, vart det i går sett opp lys på åta. 6w 480lumen LED arbeidslys (kjøpt på Jula) ca. 50m unna åta (og ja, på husvegg). Lagde ein fin glød i snøen, utan at det vart som høglys dag.har sjukt lyst til å sitte i natt. Kva er tidlegaste revefall de har hatt etter oppsetting av lys? dei har ikkje verka nemneverdig skeptiske hjå meg tidlegare år, men høyrer folk som seier dei set opp lys, og ikkje ser snurten av rev på vekesvis.
  6. noko slikt. Fekk ikkje heilt fatt på det nøyaktige talet, men burde stemme.
  7. Takk til Kjell Åge for hjelp med bileta:)
  8. Her kjem bileta! berre nokre få, men iallefall av dyra. Fyrste skotske bukk: Største bukk. Bronse? 349 gram etter nesten ei månads tørke: Synet som møtte Shaun når han kom for å sjekke til ein norsk jeger: Ferdig preparerte gevir:
  9. ja, skulle gjerne leggje ut bilete, men mobilen min (kameraet, videokameraet osv.) gjekk dundas der nede. Heldigvis har Shaun teke nokre bilete av bukkane, og eg rakk å ta nokre bilete frå fyrste terrenget som framleis ligg på minnekortet;) kjem bilete etterkvart som shaun får maila dei:) men fem bukker, der ein har ei viss sjanse på norsk bronse, på fem aktive jaktdager, det var det villaste eg har prøvd:)
  10. Endeleg var det min tur til å legge ut på mi fyrste jaktreise nokon gong! Hadde spart til dette ei stund. 25. mai fløy me til edinburgh, og dagen etter reiste eg til Yarrow utanfor selkirk. Då eg svingte inn til Whitehope Farm, Der Shaun og Tracy Ryde bur, var hjartet i vill gallopp. Eg skulle jakte åleine, utan guiding, og eg skulle bu i telt i skogar eg ikkje kjente til. Shaun var på utsida, og haldt på med å lesse nokre danskar inn i bilen for å ta dei med til skytebanen. Fekk hilst, meir rakk eg ikkje før eg vart geleida ned i ei bu der eg kunne lesse frå meg utstyr og proviant. Der møtte eg og Tracy. På kjøkkenet sat der to andre nordmenn og åt. Etter å ha terrorisert desse med ein haug med spørsmål, fann eg vegen inn i stoga der eg fekk slappe av i eit par timar før Shaun kom att. Etter å ha lessa bagasje, proviant og ATV på pickup'en til Shaun, la me i veg. Terrenget eg skulle jakte i fyrste delen av veka, heitt Hyndhope. Eit tett skogsterreng oppanfor landsbyen Ettrickbridge. Eg fekk utdelt ein blink til å skyte inn på, eit kart med kryss (observerte bukkar) på, og eit par siste tips. No var eg heilt åleine i skotsk utmark. fleire kilometer frå næraste hus. Fyrste kvelden jakta eg frå eit jakttårn der shaun hadde sett ein "very nice buck". Fyrste kvelden såg eg ingen ting. Neste morgon jakta eg meg rundt terrenget dels til fots, og dels med ATV. Denne og neste dagen såg eg ein del geiter. Sundags morgon skulle eg til eit område ein del vest for teltet. På veg over ei bru rett ved campen, fekk eg sjå eit dyr som beita i ein bekkedal. Eg køyrde hundre meter fram, parkerte, og smøyg meg ned mot bekkedalen. Vinden var elendig, men til mi store forskrekkelse stod framleis dyret der, 80 meter unna. BUKK! Sat meg ned på knea, og leverte eit kjapt skot idet bukken skulle til å gå inn i skogen. Den ramla som ein sekk. Den ettermiddagen skulle eg flyttast til eit nytt terreng. Vart møtt av ein smilande Shaun som gratulerte meg med bukken. Det nye terrenget heitt Bowerhouse. Eit terreng som var temmeleg nytt for Shaun. Det var langt meir opent enn det forrige. På veg inn inn såg me ein bukk som me forsøkte å stille inn på, men utan hell. Denne bukken skulle og få luire meg seinare i veka. Den kvelden kom eg gåande langs vegen ved eit stort plantefelt. Fekk sjå ein liten firetakkar på 155m. Denne fekk eit høgt bogskot frå same haldet, og gjekk rett ned. Mitt andre dyr den dagen! Morgonen etter jakta eg lenger borte, på eit plantefelt som låg oppe der tett skog møtar lynghei. Her fekk eg sjå ein bukk som jaga ei geit. Desse for inn og ut av buskane, utan å eigentleg presentere nokon god skotsjanse. Haldet var hundre meter. Men så fekk eg sjå han. Ein kjempebukk! denne hadde shaun prata om. Eg fekk sjå hovudet stikke fram frå buskane, og stirra på han i fem minutt. Plutseleg tok alle tre dyra beina fatt, og sprang vekk. Eg vart sittande noko fortvila att på posten eg hadde rydda i all hast. Eg venta eitt kvarter, og så bestemte eg meg for å returnere til campen, men heilt ut av det blå fekk eg sjå geita same plass som ho hadde stått tidlegare. Begge bukkane kom turande ut på flata rett etter. No stod alle dyra på ei rekke, hundre meter unna. Storbukken fekk ei kule høgt i bogen, og rett ned. Eg brukte sikkert eit kvarter på å finne han, for der var mykje busk. Når eg fann han betrakta ein stolt jeger byttet sitt med tårevått blikk. Kveldsøkta skaut eg ein 5-takkar, og morgonen etter fekk eg ein firetakkar. Sistnemnde var bukken eg såg saman med storbukken. Dette var ein flott tur, og eg bestemte meg for å gi meg med det eg til då hadde skote. Det passa akkurat med at Shaun hadde sagt han ville kome innom den dagen, så eg vart berre med han ned. Han var heilt i hundre då han såg dei fire bukkane eg hadde klart å leggje ned frå sundag til tysdag, og hadde store problem med å slutte å banne på beste skotske vis. Dette vart ein flott tur, som eg aldri kjem til å gløyme. Skulle gjerne ha skrive meir, men maskina klikkar for meg, så eg ser ikkje kva eg skriv.
  11. Og kan forresten informere om at sesongens 3. bever har stempla ut. Ein flott hannbever skoten heime i Aust-Agder på 55m. 19,5kg. Skoten med remington accutip 50gr i .223 rem. Ikkje ei krampetrekning, og eitt hol inn, ingen ut.
  12. Til deg som leiter etter skotplassering i vatn: det er berre ei gong iblant det er forsvarleg å skyte i vatn. Om du ligg godt over beveren i høgde er ein av dei. Ein vaksen bever som svømmer har berre ein liten del av hovudet over vatn, og den er vanskeleg å treffe. Vanlegaste feilen er å treffe for lågt, fordi halda ofte er korte, og fordi jegeren gløymer alt om sikteline/kulebane, og at det faktisk kan skilje 5 cm mellom desse på kortare hald enn rifla er skoten inn på. Treff ein for lågt, kan faktisk kula treffe beveren, eller skade den med trykket når den rikosjetterar, og du risikerar skadeskyting. Det er verkeleg ikkje noko problem å vente til den kjem på land. På land skal den uansett før eller seinare og det er då me har lukkast på bever JAKT. Når alt har klaffa. Bever skyting er noko anna.
  13. I går hadde eg den suraste opplevinga i mitt jegerliv. Var på beverjakt i Bøelva, og endeleg kom bever nr. to for sesongen på post. Eg skaut, og den fekk kramper. Krampane drog beveren ut i elva, og den gjekk med straumen. Vada så langt eg kunne etter den, men mangla eit par meter. Me var tre karar som fylgde med på beveren heilt til me mista han i mørket. Då beveren fylgde hovudstraumen i elva, tvilar eg på at han stoppa opp i ei bakevje. den gjekk nok utfor fossen, og ligg antakeleg i sagahølen no. Mange her som har mista bever? Følelsen ein sit med etter å ha skote eit dyr, og ikkje fått nytte av det, er ubeskriveleg.
  14. Ung svartbak i Sørfjorden i Risør det! Star Baikal ij-27 eller noko slikt. Kaliber tolv. Patrona var Nitedal stål. Var vel 16-17 år.
  15. kvar gong ein nyttar varmint-kule på bever, skal ein vere obs på eit par småting. 1. Det er ALLTID ei sjanse for at den går igjennom, og då vil du angre på at oryxen låg att heime, for einaste måten eit oryx-skot kan sjå styggare ut enn utgongsholet til ei varmint-kule, er om du skyt gjennom noko anna fyrst.. 2. Det er stort sett .224-kalibra (.223 rem, .222 rem osv.) som ein kan rekne med at kula stoppar. Hugs: aldri lettare varmintkule enn 50grs. Beveren er ein solid plugg. 3. For all del IKKJE skyt i bogen med varmint-kule. Treff du bog-kula/skulderkula på beveren, risikerar du stygg skadeskyting. I det studiet som det vart referert til tidlegare (som er utført ved Høgskolen i Telemark) Fekk dei inn ein bever som hadde vorte skote med varmint-kule i kaliber .270win. Kula traff bogkula, og resultatet vart skadeskyting. Om du vil kula skal stoppe i beveren, så unngå og skot mot nakke/hovud. Studier frå Høgskolen i Telemark, viser og at bever skote med varmint-kule døydde momentant sjølv ved treff i magen utan at kula var nær ryggraden. Dette er fyrste gong det er påvist at dyret døyr av sjokket, og ikkje blødninga. Eg tør ikkje oppfordre folk til mageskot, men sett kula rett bak bogen. Varmint-kule lagar suppe inni stort sett heile beveren om ein treff sentralt. 4. Du kan sjå bort ifrå å nytte kjøtet om du treff bak bogen. Brystkassa på ein bever er særs lita, samanlikna med kroppens storleik. 5. ver forsiktig om dyret står med baken til. Har sjølv sett kor lite penetrering ein får med varmint-kule i .223rem. For dei som skyt med .223, kan eg anbefale fabrikklada Remington Accutip 50 grs. Denne starta eg å bruke i fjor, og eg vil ikkje gå frå den med det fyrste.
  16. Vert ein ny tur i Bøelva i kveld. I går kveld vart eg avbroten av at politiet kom for å etterforske ein bil som stod med motoren igang på elvebredden. Tenker det sveiv eit par tanker i skallen på dei når dei fann ein bil med motoren igang rett ved sida av ein moped med tomt børsefutteral.... Men alt gjekk bra! dei skvatt litt når ein godt kamuflert og vel bevæpna kar steig fram frå posten sin, men me prata, og eg fekk gjeve frå meg ei forklåring på kva eg hadde sett i området den kvelden. Kan forresten sterkt anbefale moped som framkomstmiddel under jakt! det er ingen ting som slår det. Iallefall ikkje for meg som er student, og ikkje har råd til drivstofforbruket til ein pickup.
  17. I går ramla endeleg årets fyrste bever for meg. Ein liten fjorårsunge. Ei ho på 7,7kg. Antakeleg den minste eg har skote til no. Nytta dagen i dag på beverlaben til HiT, med flåing og prøvetaking. Det er spanande å få bidra med prøver til dei som har peiling på dette.
  18. Manof

    Minkjakt

    Hei! Bur ei mil ifrå Risør, og har alltid hatt lyst til å prøve minkjakt. Men eg har ikkje bikkje av rett slag. Er det mogeleg å jakte mink med åte? er det effektivt?
  19. For eit par år sidan kjøpte eg ei Howa 1500 varmint i orginalstokk (plast), kaliber .223 rem. Denne børsa er eg særs nøgd med, då presisjonen er heilt ufatteleg. Har sjølv skote tett ned mot dei lovte 10mm, og det med fabrikkammo. For tida sit det ein a-tec Tmm-5 på ho, og ein Caldwell XLA tofot m/vogge. Denne kombinasjonen har tatt nokre revar og beverar av dage, samt mengder med skjor, kråke, og andre fugl. Eit reindyrka varmint/pelsverkty dette her. Men vurderar å oppgradere noko. Ville eg vinne/risikere noko ved å frilegge løpet, eller å bedde? kva slags bedding? Vil treffpunktet endre seg noko større om eg skrur av løp/mekanisme med kikkert påmontert, og så pussar løpskanalen i framstokken? Skal sjølvsagt kontrollskyte, men har ikkje tid til å ligge på skytebanen i timesvis no i beverjakta. Håpar på kjapt svar
  20. Tusen takk for støtte:) Ja, det er rett som du seier. Å konsentrere seg om ungbeverar er viktig, og spare den drektige hoa. Men kjønns og aldersbedømming på bever er forferdeleg vrient før skotet går. Forskning ved HiT bekrefter og at det ikkje er stort som kan gjerast med dette i praksis. Men det har vist seg at hoa ofte er den som i gjennomsnitt kjem opp lengst frå hytta. Før trudde me motsatt. Vidare skal den drektige hoa ofte vere den som kjem ut fyrst. MEN, og det er eit stort men, dette er berre forskning, og ikkje den heilt sikre sanninga. Me kan prøve så godt me kan å bedømme storleiken på beveren som sit der, men det er særs vanskeleg å sjå om den er stor eller liten. Særleg om berre framkroppen er over vatnet, slik det ofte er når beveren et. Det tryggaste, er å rette avskytninga mot èin koloni i området, og på den måten berre risikere å ta ut ei ho. Dette er sjølvsagt ikkje tilfelle når me jaktar beveren som skadedyr. Då må me ta ut beveren uansett kjønn og alder. Men det er og viktig å tenke nøye igjennom om den beveren me jaktar som skadedyr eigentleg gjer så mykje skade at den bør tas. Ein bever som gjer betydeleg innhogg i produktiv skog ved å felle trær og demme opp slik at store område kjem under vatn, og som fører til økonomiske tap, bør tas. Men om det er ei stor elv eller eit vatn som beveren ikkje demmer i, og som han berre feller nokre tre i årleg for å ha mat, der gjer beveren oss berre ei teneste med å rydde skogen. I slike område er det viktig å tenke framtidig forvaltning, og unngå å skyte drektige hoar. For her gjeld same prinsipp som i andre former for jakt, nemmeleg at me skal hauste av overskotet. Gjer ein det, kan ein trygt rekne med å ha beverjakt i området så lenge det er mat nok til beveren. Så, driv vitug avskyting, kjenn området, og ikkje minst, kjenn beverkolonien godt. Godt forarbeid gjev ikkje berre tryggare avskytning, men og ein langt meir effektiv og artig jakt. Bruk hausten til dette arbeidet.
  21. Nei. Dette er ikkje ei bra kule for revejakt. Iallefall ikkje om ein ynskjer å ha skinnet. Veit dette av erfaring frå bruk av remington accutip 50 grs. omtrent same prosjektil. Den flyg rett igjennom, med håndflatestore hol på begge sidar. Gå for ei lettare kule til rev. Desse varmint-kulane i 50gr er derimot mitt fyrsteval på bever.
  22. har vore eit par turar her i Bø i Telemark, men isen ligg enno ganske tjukk. Vil berre ynskje alle god jakt, og oppfordre til forsiktig avskyting. Skyt heller fleire bevarar i ein koloni, enn å skyte nokre frå fleire koloniar. på den måten, unngår me å skyte mange drektige hoar, då det normalt berre er ei i kvar koloni.
  23. Hei! er student ved det same instituttet (inhm ved HiT) og som det vart nemnd tidlegare, har Frank Rosell god peil på dette med bever. MEN, når det gjeld beverJAKT, ville eg ha henvendt meg til Howard Parker, eller Frode Bergan ved same institutt. Frank jaktar ikkje bever (kameratane hans), men dei to andre er jamt å finne i vårskogen. Samandrag av denne rapporten var i Jakt og Fiske.
  24. FankenfankenfankenFANKEN!!!!! For ein irriterande natt. Satt oppe heile forbanna natta. Gjekk ut i glugga, var på plass klokka 23 etter ein god smygetur. Har hatt nokre "ups and downs" med rev på åta i år, men har tatt to. Reven har vore frå og til på åta. Uansett. Vart sittande fram til 0530 utan å ha sett så mykje som ei reverau. Så kom eg på at eg hadde red river bandit'n i lomma. Er vanlegvis ikkje fan av å lokke under åtejakt, men kva kunne vel skade etter ei så lang natt? VEL, lokka i 2 min, så kom reven i 120. den stoppa i brøkdelen av eit sekund. Dette var meir enn nok tid for meg til å skyte... og BOMME. For fyrste gong i mitt liv har eg bomma blankt på ein rev. Det der sugde. Kanskje er dømmekrafta noko redusert etter nesten sju timar sittande på ei bruskasse i eit iskaldt pumpehus langs jarnbanen ein plass i midt-telemark, men uansett, det der var dritt.. Nokon som har peil på kor long tid det tek før reven finn motet til å kome tilbake? Er klar over at det ikkje eigentleg finnast noko svar på det, men kor lenge sit ein slik støkk inne hjå gjennomsnittsreven?
  25. Manof

    Rådyrjakt

    Hei! erfaren jeger på desperat leiting etter rådyrjakt i agder eller telemark. Om det berre er areal nok til eitt dyr, i eit område med lite rådyr, er det bra nok for meg. Har ikkje skote mange rådyr, men har vore mykje på jakt. Er tålmodig, påliteleg, kunnskapsrik og brukbar skyttar. Studerar økologi og naturresursar på høgskolen i Telemark, så forvaltning og rett avskytning har eg peiling på. Er ute etter ei leigeavtale, gjerne over fleire år. Send meg gjerne ei PM. PS. er og interessert i anna jakt, særleg rev og bever. Med helsing Marius Monrad
×
×
  • Create New...