Jump to content

Manof

Members
  • Posts

    114
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Manof

  1. Hei! Eg jaktar i Bø i Telemark. Har til no fått fantastiske 1 due. Har ikkje lukkast med å finne dei beste jordene, for dei er gjerne opptekne. Er det nokon her som jaktar i Bø? Hadde et vore mogeleg å henge seg på ein tur iblant? Send meg gjerne melding. 41471066 eller skriv ein pm. Men sms er sikrast.
  2. Noko seint bilete av årets fyrste rev. Ung, Stygg og pistrete hannrev med mykje liggeskade på pelsen. ikkje skabb, då. det er jo eit bra teikn. denne ramla for min howa 1500 varmint i .223 og er den fyrste reven eg har tatt med rifle. Brukte fabrikkammo, remington UMC 45gr JHP. anbefaler IKKJE den kula. I det eine augeblikket sprenger han ei kråke totalt, så lagar han grovt hol i ei skjære, sprenger ei skjære, for så å berre pløye rett igjennom ein rev med utgangshol på storleik med ein 5-kroning. SÆRS varierande ekspansjon. den reven hadde aldri ramla rett ned om ikkje skotet var godt. Skrått inn framme, og gjennom heile maskineriet.
  3. Manof

    Bilde_0094.jpg

    From the album: Jakt

  4. Manof

    Bilde_0090.jpg

    From the album: Jakt

  5. eg ville IKKJE ha gått for noko mindre enn 50 gr til Bever. dette er solide kropper. me skaut ein bever med 50 eller 55 gr accutip (remington fabrikkammo) der skotet gjekk inn i kjeften og stoppa i halsen - perfekt skinn. andre rapporterer om heile og fine skinn. om me prater om ein knøttliten bever, er det mogeleg at 50gr gjev gjennomskyting, men har høyrd rapporter om finfine skinn med dei kulene. Om du treff bogkula med varmintkule, er det det same om du nyttar .222, 6,5x55 eller .270 win. då bråstoppar kula, og du har ein stygg skadeskyting. (Parker, Rosell)
  6. Min 223 er innskutt på rundt 180m og går midt i på 50m, ikkje noke problem å skute ned ein 1- kroning skjølv med 20* forstørrelse proves my point;)
  7. hei! nokon som har testa tunge varmintkuler i nokre av .224-kalibra til rev? helst .223 rem. er ute etter t.d 50 grains. kjøpte nokre 50 grains remington accutip, ei patron eg har bruka litt til kråke og bever. reknar med gjennomskyting (stoppa i beveren, men det er jo ein kraftplugg), men kor stort vert utgangsholet? Eg bør vel forsøke så godt som mogeleg å treffe forfrå?
  8. Her er det ein ting du skal vere særs oppmerksam på! eg har åta mi på 60-70 meter, og rifla er skoten inn på det haldet. Vær obs på at om du er skoten inn på lengre hald, vil treffpunktet på korte hald ligge nokre cm UNDER, pga. at siktet ligg over kulebanen. Få erfaring med korleis dette funkar med DI børse. då får du færre "uforklarlege" bom. aner ikkje noko som helst om ballistikken til 22wmr, men det eg har gjort eit par gonger med min 223, er å skyte inn nokre få cm høgare på 100m. då ligg kula omtrent midt i på 50 meter. nyttig med tanke på beverjakt og revejakt. står viltet på hundre m, legg ein berre opp til eit noko lågt treff. på femti er saken grei, og kjem han på lokken på lenger hald, kan ein som regel halde midt i ut til 200. dette må sjølvsagt testast NØYE i KVAR BØRSE då her kan variere litt. Kaliber er den største variablen, men høgde på kikkertmontasje er jo ikkje uviktig heller. test med ditt våpen, og finn ein måte du kan få mikkel på fleire avstander.
  9. ang. kikkert. Leupold og meopta funkar bra nok. eg har bestilt nytt leupold no. ventar det i posten i morgon. Leupold VX-3 3,5-10x50 illum. Duplex. er du perfeksjonist, kjøp zeiss, scmidt&bender eller swarovski. helst tre modellar av kvart merke, slik at du kan variere mellom værtypane
  10. klokka tolv i natt kom der ein svær fant. den klarte ein ufokusert jeger å støkke. men same feilen vart ikkje begått når der kom ein ungrev i morges klokka kvart på seks. den heng på brakkeveggen no, og representerer sesongstarten for min del:) ja, er klar over at det er både klein og sein start, men daud er han
  11. Manof

    Lokking av rev.

    får gjera det:) skal seie ifrå i god tid.
  12. Manof

    Lokking av rev.

    ja, pee-wee. med .10-membran. nyttar og ein slik strupelyd. i tillegg til det, går det jo og an å legge inn eit lågt "wææææ" med stemmen i pipa. morro å sjå at her er Åsdøler forresten:) har noko slekt der oppe.
  13. Manof

    Lokking av rev.

    morn. eg slit noko med å kome igang med lokkjakta mi, og lurar på om skrika mine funker. Las tidlegare her at det er dei lyse tonane som gjeld, så legg meg noko i retning av jackrabbit, med noko grovare innimellom. her er eit døme: Funkar dette? fint om dei her som har mykje erfaring er litt kritiske. PS dette er grunnskriket eg har nytta til no, kjenner til dei fleste variasjonane, men ville ikkje plage naboane når eg laga opptaket;)
  14. veit det har vorte publisera noko av folka her på instituttet. lurar på om det var i Jakt og Fiske.
  15. har nokon spørsmål! fyrst, åtejakt. gav opp åta eg hadde i seljord, og slang heller ut ei kjøtbite her i bø. meire fekk eg ikkje tenkt, full fart med rev med ein gong. har fora i snart ei veke no, og i natt hadde aktiviteten vore enorm (kom 1 cm snø, så spora var tydelege). i går knytt eg fast ei stokkand-ho til hovudåta, for å sikre at den ikkje forsvann. eg bestemte meg for å skyte på den bånnfrosne anda for å spre noko fjør og lukt i området. gjekk bort og sjekka at ho sat ekstra godt fast etterpå. når eg kom bort på åta i dag, hadde mikkel tatt tak i tauet, og gått tur med åta (som sat fastfrosen i bakken!) 5 meter mot skogkanten. det var ingen knute der anda ein gong hang, og tauet var ikkje bitt av. av anda fann eg 2 vinger og nokre få fjør. så i natt er det slutt for reven (forhåpentlegvis) men i den anledning, har eg eit par spm. har inga aning om kor tid på natta reven kjem fram her i området, for han var ikkje frampå når eg sat ute natt til i går. difor vil eg beskrive åteplassens beliggenhet: Me er i Bø kommune i Telemark. langs jarnbanen ligg der eit gamalt pumpehus, og 60 m frå dette, utpå eit lite tjern ligg åta mi. ei glissen kantsone med trær skil mot jordene opp mot garden som tjernet tilhøyrer. på høgre sida av åta ligg der glissen skog, som grenser mot jordene langs jarnbanen. på venstre, 300 m borte, ligg vegen, og eit byggefelt. bak meg ligg jarnbanen, og på andre sida av den, ligg utkanten av Bø sentrum. slik som det ser ut på revespora, kjem dei frå mi høgreside, og hovudvekta av reveaktivitet er på jordene der langs jarnbanesporet, og i den glisne skogen langsmed tjernet. deretter har han gått i fotspora mine, kryssa jarnbanelina til venstre for glugga, og tilsynelatande tatt ein trasketur i sentrum (er ein type park i sentrum som er forbundet med området eg jaktar i med ein islagt bekk). så det eg lurar på, er rett og slett om eg ville risikere stort om eg gjekk ut i pumpehuset 22.00? det er begrensa plass å sove der, så eg må sitje vaken. då fristar det ikkje sitje ved glugga frå 16.00-07.00. er klar over at eit åtekamera ville spare meg for ein del grubling;) så ein heilt annan ting. har testa noko lokking, men er i utprøvingsfasen. har crit'r call sin Pee-Wee, nordic predator pre-tuned, cryingbird og noko anna vas. det eg lurte på, er Pee-Wee'n. eg fekk med ein drøss membran, så eg lurte på kva membran folk har lukkast mest med? er ute etter faktiske erfaringer, og er fullt klar over infoen som kom fram på filmen til Lindroth og Åhlen;) forresten: ikkje kjøp crit'r call lokkane i Noreg! kjøp i USA! eg fekk Pee-Wee for omkring hundrelappen (mogeleg 150) ferdig importera. mot 300 i Steinkjer.
  16. uansett kaliber er det viktig å unngå bog-kula. Her har me eksempel på 6,5x55, 222, 223 og 270Win som har skadeskote bever med eit tilsynelatande perfekt bogtreff. kula har rett og slett stoppa i den vesle beinbiten. om den stoppar ein 300wm i "full pupp" er eg usikker på, men ikkje ta sjansen. då er skot i magen med varmintkule betre.
  17. tek sjølve sendinga long tid?
  18. hei! eg er vill etter å starte å lade sjølv, men har ikkje råd til å starte opp. er det nokon som lader .223 rem som kunne ha pressa ihop nokon revedødarar for meg? tenker 35gr. V-max eller 36gr. Barnes Varmint Grenade. send gjerne pm.
  19. mellom anna den studien eg har påstanden min frå, samt samtaler med H.Parker (eg studerer ved HiT) og eige erfaring.
  20. takk folkens! kor lang tid må eg reikne på levering?
  21. her om dagen bestilte eg eit leupold-sikte frå opticsplanet, men fekk beskjed om at dei ikkje fekk lov til å eksportere produkta til Leupold. har forsøkt theopticzone.com no. nokon med erfaring med dette? nokon som har kjøpt LEUPOLD frå the optic zone det siste året og vet det fungerar?
  22. forskning har vist at .224 kalibra med varmintkuler på 50-55 grs (iallefall over 50 grs) er bortimot optimalt på bever. med auka sikkerheit mht. rikosjett i vatn, heil pels, og ein bever som ligg daud på flekken med treff som utfordrer tidlegare teorier om hardskotne bevere, er ein .222-.223 optimalt på bever. om nokon er ute etter ytterlegare info om dette, send meg PM.
  23. hei! sit i nettbutikken www.theopticzone.com no, og skal til å bestille leupold vx-3 3.5-10x50, som eg skal bruke til noko ymse. vurderer å slenge på eit 4" sunshade-rør, men frykter dette vil øydelegge for lysinntak i samanheng med åtejakt om natta. nokon som har erfaringar?
×
×
  • Create New...