Jump to content

sunnfjording

Members
  • Posts

    132
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by sunnfjording

  1. Dette har eg opplevd sjølv også. Er både hundeeiger og har kaniner. For eit par år sidan kom ein Grønlandshund i nabolaget seg laus, og gjekk til angrep på mine kaniner. Desse var godt sikra i tidlegare revebur, men han klarte å få tak i beina og stresse fleire av dyra til døde. Eg var sjølv ikkje heime, men min mor gikk ut for å jage hunden og då viste han aggresvive tendensar mot ho også. Så å sei at det er eigar av burdyra som må sikre burforholda bedre meiner eg er berre tull. Ein slik type hund vil nesten alltid klare å øydelegge å komme seg inn. Dette vart politisak sidan hundeeigar ikkje viste velvilje. Fekk forsåvidt beskjed av lensmann om at vist det gjentok seg så var det berre å skyte bikkja. Det har gjentatt seg, og eg skaut ikkje bikkja. Er ikkje hunden sin feil, men uansvarlege hundeeigarar. Dette var ikkje meint som kritikk til trådstarter, men som svar på det enkelte skriver om å sette krav til betre sikring. For øvrig trur eg slike synspunkt berre gjer vondt verre for oss hundeeigarar.
  2. Er det ikkje slik det er idag då. Vestlandet skal vel ikkje ha ynglande bestandar av dei store rovdyra. Likevel er her ein god del gaupe og jerv. Dei skal ikkje vere her, men å få lov til å jakte dei utanom ordinær jakttid kan ein berre gløyme! Ser ikkje problemet med å få skyte store rovdyr som ikkje finst. Dei hadde eit møte her i området tidlegare i år der forvaltninga kom med bestandstal på kongeørn. Eg ser meir kongeørn på ein jakttur etter rypa enn det skal finnast i heile fylket i følge desse folka. Ellers syns eg det er eit fornuftig forslag. Gjeting kunne gjerne bytast mot jakt. Mange bønder som ville gått med på det. I tillegg kan ein ved tilsyn få tatt ut andre rovdyr som for eksempel rev. Her er stammen på full fart oppover og den tar mykje lam på våren.
  3. Trekket vart starta så seint på dagen at vi tok beina fatt. Utruleg flott tur.
  4. Bikkja skal selfølgeleg ikkje vere i band oppover trekket, og det er snakk om eit lite skitrekk tidleg på dagen før det blir mykje folk så trur ikkje det blir det store problemet.
  5. Har tenkt å gå ein lenger fjelltur i morgon, og for å gjere turen litt lettare har vi tenkt å ta eit skitrekk opp på fjellet. Vi skal ha med oss to hunder og lurer på om noken har eit forslag til ein god måte å få med seg bikkjene opp på? Er redd det blir for hardt å springe ved sidan av for dei. Det er snakk om ein Jamthund og ein svart elghund. Noken som har erfaringar med dette? Eller forslag til gode løysningar. Vi vurderer å ta skitrekket eit stykke også hoppe av når det blir for tungt for bikkjene.
  6. Kjønnsbestemme rev gjer du etter at du har gitt reven ei kule.
  7. Kor mykje trur dåke ei nesten ubrukt sauer sideligger hagle fra ca 1950 er verdt?
  8. Kor du såg gaupe då vest? Hadde vore å høyre om gaupeobservasjonar her i fylket. Har inntrykk av at det er ein stadig aukande stamme og at observasjonane vært fleire og fleire.
  9. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_ ... /1.7523032 Dette er ikkje akkuratt med på å gjere det enklare for hjorten. Syns generelt sett at det er altfor mange hundeeigarar som viser respekt for vilt og husdyr anten det er bandtvang eller ikkje. Med ein slik vinter som vi har her i fylket i år bør alle bruke hovudet og halde bikkja i band. Dei som ikkje klarar å kontrollere bikkja si og har hunder som gang på gang jagar hjort bør bøteleggast hardt eller så bør bikkja avlivast. Er lei av slike situasjonar. Før noken kastar seg over meg som hundehatar, så kan eg legge til at eg er sjølv hundeeigar, og prøver å ta konsekvensen av den tøffe vinteren for hjorten ved å ha hunden i band, og lufte den i områder som ikkje er vinteropphaldsplass for hjort.
  10. Støttast! Skotpremie er nok med på å kunne motivere til ekstra innsats!
  11. Jakt på brølande bukk i ekte vestlandsnatur. Det er fantastisk.
  12. Kvalpen er berre 5 mnd, men satser på å la han bli med på noken småturer no framover.
  13. Okay. Var det svaret eg ville ha Tar imot fleire innspel.
  14. Har ein svart elghund kvalp som eg begynner å bli gira på å ta med i skogen. Kor gammel bør ein bandhund vere før ein feller vilt for han?
  15. Skyt kalven først det er sikrast på alle måtar.
  16. Norrøna priser seg snart ut av markedet vist det fortsetter oppover no.
  17. Er ikkje rådyr her i det heile tatt. Så vi må få tak i litt rådyrjakt. Skogsfugl og anna er eventuelt bonusvilt.
  18. Har eit terreng sør i hallingdal på hand og lurer på korleis det er med rådyr i området? Eventuelt anna vilt som skogsfugl og hare?
  19. Utruleg triveleg hund å ha i hus. Roleg inne men full fres ute. No begynner vi snart så smått med sportreninga. Har allereie vore med ut å sett sine første hjort
  20. Lite aktivitet i den her tråden, så vi får prøve å skape litt aktivitet. Eg reiser nordover no i helga for å hente meg ein svart elghund hannkvalp på 11-12 veker. Han skal brukast primært som bandhund, men satser og på å få han godkjent som ettersøkshund. Har fått litt ulike råd med tanke på ferskspor kontra blodspor. Nokon seier eg skal holde meg heilt unna ferskspor til eg får han godkjent på blod, medan andre råder meg til å bruke mykje tid i skogen. Kva er kammerbrukarane si erfaring?
  21. Såg ei merka hjortekolle her for noken dagar sidan i Sunnfjord. Nummeret var 2036 eller 2038. Nokon som kjenner til denne? Fant den ikkje inne på hjortemerk sida.
  22. Takk for godt svar. Trur ein svarthund kvalp og buret vil holde seg under 8 kg, men er ikkje heilt sikker. Så det får eg sjekke opp i.
  23. Har booka plass med hund med Norwegian så det er i boks, men ingen av dei eg prata med kunne svare på kva slags bur eg måtte ha. Var tydelegvis ferievikarar eller noke for dei snakka knapt norsk. Syns det er dårleg at dei ikkje kan svare på kva bur som er godkjent. Dei sa maks vekta på hunden var 8 kg. Kvalpen er ein svart elghund på rundt 11 veker når eg henter den.
  24. Skal hente ein kvalp i slutten av månaden og lurer på kva type bur som er godkjent for å ha hunden med seg på fly? Hunden skal vere med inne i flyet.
  25. Eg og plasserer kula bak bogen ved sideskot på dyr i ro og legger meg ofte litt høgt i bogen. Har eit par ganger lagt meg lenger opp og nådd opp i ryggen på dyr i ro på korte hald. Veit om andre som praktiserer dette under måne/skumringsjakt og har gode erfaringar med slike skot. I mørket sit ofte skota litt lågare enn venta også. Norma granat er jo eit anna alternativ ja
×
×
  • Create New...