Jump to content

sunnfjording

Members
  • Posts

    132
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by sunnfjording

  1. I år kjem eg til å prioritere vekk rypejakta, og heller satse på firbeint vilt.
  2. Jaktar sjølv i Fjaler og kan ikkje seie at stammen virkar noke mindre i år enn tidlegare. Har vore svært mykje dyr på innmarka, og også bra med dyr på fjellet. Så trur du kan glede deg til jakt i Hyllestad. Jakta til jul i heile fylket trur eg kjem til å gjere stor innhogg i bestanden. Månelys, snø og rundballer er ein skummel kombinasjon og når dyra i tillegg har samla seg kan enkelte vald fort ta ut svært mykje dyr som ikkje nødvendigvis har tilhold i deira terreng til vanleg.
  3. Ein eg kjenner har Muflon. Veldig vanskeleg å få nytt blod og nærmast håplaust å få flytte dyr over fylkesgrensene.
  4. Fekk eit telefonnummer ifjor av ein på sluttstykket, men det har eg selfølgeleg mista. Noken som kjenner til noken som slepper til folk på fuglejakt i området Sogndal, Hafslo, Kaupanger?
  5. Hadde ein tur i helga. Mykje snø, men overasskande bra med fugl, men fuglen var vanskeleg å komme på skothald av. Fekk 5 fjellryper på lørdagen.
  6. 0 i Sogn og Fjordane syns eg er rart. Høyrer jo ofte om gaupe observert både i Sunnfjord og ikkje minst i Sogn. Der ein også har fått fellingsløyve på gaupe.
  7. Er bilde tatt med Kårstad bygget ? Har gått fleire bukker av det kaliberet der i det siste.
  8. Lurer på å investere i eit nytt kamera til jakta. Vil ta litt bilde på hjortejakt og litt anna. Trenger eit kamera med god zoom sidan det ofte blir lange avstandar til hjorten. Ønsker også gjerne eit kamera som klarer å ta bilde i dårleg lys. (Det gamle Olympus kameraet mitt er ubrukeleg på det feltet.) Har sett på Fujifilm FinePix S1000FD, Nikon Coolpix P80, Panasonic DMC-FZ18 sort og Olympus SP-570.
  9. Jobber sjølv i sportsbutikk. Vil anbefale deg eit telt ifrå Hel Sport vist du er villig til å legge litt peng i det. Fjellheimen og Rondane er gode alternativ av telta i pro serien. Vil du legge enda meir pengar i det så ville eg gått for Fjellheimen X-trem. Då får du eit utruleg lett telt som tar lite plass, og er brukande heile året. Denne modellen har også gjorte det meget godt i tester. Du får 5 års garanti og heile 10 års garanti for levering av reservedeler noke som ofte er problem hos andre leverandørar. Som du sikkert skjønar er eg stor fan av denne modellen og vurderer sterkt og innvestere i eit slikt telt sjølv. Alternativt så får du også eit Norheim telt som heiter TY3. Det er utruleg mykje telt for pengane. Lav vekt, god duk og lite volum. Lykke til med telt kjøpet !
  10. Har spekulert på å kjøpe meg hund til neste vår/sommer. Hadde lenge tenkt på ein stående fuglehund, og då helst ein Breton. Men så har det seg sånn at eg også jakter mykje fjellrype (og der har eg forstått at ståande fuglehund ikkje alltid er like effektivt?), skogsfugl og hjort. I tillegg er det veldig mange terreng her på vestlandet der ein ikkje tillater bruk av ståande fuglehund, men det er gjerne lettere å få aksept for ein spaniel. Så no har eg begynnt å sjå litt på Engelsk Springer Spaniel. Lurer på om noken har erfaring med den som jakthund etter rype og skogsfugl ? Har skjønt at det er veldig gode ettersøkshunder på hjortevilt så der har jo den eit stor pluss. Men er dette ein vanskeleg hund å dressere som støtende hund ? Dei eksemplara eg har sett av denne rasen har jo i hovudsak vært reine familiehunder og har gjort meg litt skeptisk til spanielen som fuglehund. Skjønner at eg ikkje kan få alt i ein "pakke" men er intressert i ein hund eg kan ha med på mest muleg jakt og også ha litt utbytte av å ha med meg.
  11. Har telt opp kor mange rever medlemmane på kammeret har rapportert so langt i denne tråden og det er 26 stk. Vi får holde tellinga og sjå kor mange vi klarer før vi skriv ny jaktsesong på kalenderen.
  12. I natt datt årets første rev. Ein revekvalp som kom snusande ut på jordet og møtte ei haglladning.
  13. Vi har sett litt på norbotten og områda rundt Kiruna og Gallivare. Noken som har vore der ? Eventuelt korleis er fuglebestanden i Jamtland ?
  14. Når det gjelder kor vidt dei store rovdyra er farleg anbefaler eg boka "Drept av bjørn og ulv i Norge" av Astor Furseth der han tar for seg og beviser og sannsynleggjer fleire drap. Dette med at det ikkje er noken som er drept av dei store rovdyra i Norge dei siste 100 åra er eit latterleg argument. Kor mange store rovdyr har vi hatt? Ulvestammen har vore heilt vekke og vi har hatt minimalt med bjørn. Kor mange hadde døydd i trafikken om vi berre hadde hatt nokre hundre biler i Norge?
  15. Vest du skriver at 10 sauer vart tatt av bjørnen som herja i Sunnfjord. Det reelle talet er nok høgre, men det stemmer at det er 10-15 sauer som er funne og bevist drept av bjørnen. Kor mange ein ikkje har funne er ei anna sak. Ein av mange idiotiske utspel frå rovdyr forkjemparane i denne debatten kom frå Kurt Oddekalv. Han svarte i eit innlegg i lokalavisa Firda at grunnen til at sauene vart tatt av bjørn var at dei var for feite og var avla heilt vekk i frå det som høyrde til på fjellet og henviste til Dala sauen. Faktum er at bjørnen tok flest sauer av rasen Gammal norsk spæl som er den gamle lettbeinte sauen også av mange kalla villsau. Dette var fint illustrert i lokalavisa med eit bilde av ei søye med horn over kommentaren til Oddekalv. Så myten med at rovdyra kun tar dei moderne sauerasane er iallefall heilt feil ! Då denne bjørnen kunne velge og vrake blandt sauer av mange saueraser. Ellers er eg einig med Vest i at det blir altfor stort ramaskrik når det gjelder ulv i forhold til dei andre store rovdyra som gjer mykje større skade. Denne flått plaga og andre årsaker til høge tapstal som blir nemnd kjenner eg meg lite igjen i, og er født og oppvaksen med sau. At alveld har gjort innhogg enkelte plassar eg er klar over, og at dyr som kjem på rygg, hoggorm osv kan stå for ein del av tapstala. Laushundar står nok også bak ein del av sauene som dør på beite.
  16. ingen som har noke erfaringar å dele
  17. Trur reinsjeger har noke rett her, men i dei store byane og ellers der det er lang avstand til dei store rovdyra er folk mykje meir positivt innstilte til dei.
  18. Om det var politisk vilje til det i eit rikt land som Norge så har vi pengane og ressursane til å sette inn mottiltak mot dei store rovdyra for å sikre småfenæringa. Enten det er gjerde, gjetar eller andre løysningar, men så lenge effektivitets og kostnads krava er som dei er for norske bønder er det ikkje mulig. Stadig fleire bønder har full jobb utanfor gardsdrifta og då seier det seg sjølv at dei ikkje kan gjete dyra dagleg.
  19. Trur Fulmen er inne på noke vesentlig her, men eg trur folk kjem til å snu etterkvart som det blir meir og meir av dei store rovdyra og ein ser konsekvensane av å ha dei her. Er mange som faktisk er redde for å gå i skogen pga t.d bjørn. Vi såg det her i fylket når vi hadde ein slagbjørn her for nokre veker sidan. Populære turområder var tomme for folk, og sympatien for bøndene og redsla for bjørnen auka. Har prata med fleire som har innsett konsekvensane av bjørn i nærmiljøet og endra syn. Eg velger derfor å tru at når rovdyrbestanden har blitt stor nok og småfenæringa, hjorteviltbestandane er kraftig reduserte og nok hunder er spist så vil folk snu. I mine auge koster dei store rovdyra mykje meir enn dei smaker. Både i reine kroner og øre og i form av redusert livskvalitet for folk i distrikta. Vi må ha i bakhovudet at slik det er no er det ein veldig liten del av Norges befolkning som må betale prisen for ein aukande rovdyrbestand.
  20. Noken som veit om noken gode områder i Sverige med bra med skogsfugl/rype. Vi er ein kameratgjeng som har tenkt oss over i begynnelsen av september, men har aldri vore der før og ønsker gjerne tips om kor ein bør reise. Ønsker gjerne eit området med både rype og skogsfugl muligheter.Vi er ganske fleksible med tanke på reising så speler ikkje så mykje rolle kor det er i Sverige, men gjerne ikkje altfor langt ifrå Trondheim. Send det gjerne på PM vist du ikkje vil skrive det på åpent forum. På forhånd takk for eventuelle hjelpande svar
  21. Det burde på mange måter det, men på enkelte felt må ein overkøyre lokaldemokratiet, men om ein styrte på fylkeskommunalt nivå ville dette gått bra.
  22. ubegrunna angst ? Det er ikkje ubegrunna angst for ein bonde å bekymre seg for om sauene er drept av ulv, eller for ein harejeger om bikkja har hamna i ulvekjeften ! At folk er redde for ulven kan vere meir ubegrunna, men likevel er dei redde og dette reduserer vel livskvaliteten ! Når vi hadde besøk av ein bjørn her i fylket, som forøvrig vart skoten for ei tid tilbake. Såg vi at det var mange færre som gjekk turar i det som til vanleg er populære turområder, så det har nok ei klar innverknad.
  23. Det er rart at folk andre plasser skal bestemme kva som skal vandre rundt i skogane rundt omkring i norske bygder. Eg har trua på lokaldemokratiet og syns vi kunne hatt folkeavstemning i kvart fylke eventuelt kommune for og imot ulv, eventuelt dei store rovdyra generelt. At eg skal sitte på vestlandet og vere for ulv aust for Glomma blir å legge problemet på ein liten del av norges befolkning ! Nei la lokaldemokratiet seire og folk få bestemme om dei skal ha store rovdyr i nær området sitt !
×
×
  • Create New...