Jump to content

sunnfjording

Members
  • Posts

    132
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by sunnfjording

  1. Noken som veit om det er mulig å finne fellingstal / statistikk over felt småvilt i kvar enkelt kommune på nettet? Finner ned til fylkesnivå, men eg er mest intressert i kommune for kommune. Sliter med å finne dette.
  2. http://www.firda.no/nyhende/article6008139.ece Endeleg litt fornuft. Kåre Lunde meiner direktoratet er fem år for seint ute. – Vi ser at hjortestammen er på retur, og har difor bremsa kraftig på avskytinga, seier Lunde. Det at stammen er på retur i store delar av fylket er iallefall heilt sikkert, og ei stadig auke i jakttidene kan umuleg vere fornuftig lenger. Eg ville heller ha korta ned jakttida i andre enden og slutta av 15 november eller 1 desember, men at nokre av storvalda tar ansvar er bra.
  3. Sjølv om eit eller to vald ynskjer å oppretthalde stammen så hjelper det ikkje når dyra går to steg ut av terrenget og så blir dei skotne. Eg syns forvaltninga må snu og ta meir vare på produksjonsdyr også i løyve tildelinga. Er fleire og fleire vald som leiger ut også, og her skyt dei ofte dei første dyra dei kjem over. Ettersøksprosenten i fleire sunnfjordskommunar er vesentleg høgre etter leigejegerar enn lokalejegerar. Dette har eg blitt fortalt at har med lita tid og at ein har berre den helga til hjortejakt og då må det smelle.
  4. Ja det er sant at mange storvald har hatt ei uttalt målsetning om å redusere hjortestammen. Det har dei no klart, og nedgang i bestanden har det vore i fleire år. (topp i 2008 der eg jaktar.) Så slik sett er nedgangen heilt i tråd med det eindel ynskjer. Eg har vore imot nedskytinga av hjortestammen heile vegen, og meiner ein må sjå på hjortestammen som ein ressurs og ikkje eit hinder! Dersom målet er å redusere og stabilisere stammen må ein også ha ei målsetting om kva nivå stammen skal vere på. Tilbake til 70, 80 eller 90 tals nivå? Eit argument for å auke løyve tildelingane kvart år har jo vore at kvotane har blitt fylt, men vi har også jakta lenger og lenger. Hadde vi hatt hjortejakt som på 90 talet med start 10 september og slutt 15 november med brunstfredning i oktober så trur ikkje eg fellingstala hadde vore så spreke mange plassar dei siste åra. Eg ynskjer å fjerne desemberjakta og heller starte 1 september.
  5. Ja det er mulig. Er mange som har blitt bekymra i år. Eg har iallefall alltid vore skeptisk til fri kalveskyting, og kritisk til den forvaltninga som har vore.
  6. Ja eg er med på den med at der er kun Border Collie ein kan stole på med sau, men sånn som svarthunden min treng eg ikkje vere redd for at skal komme seg laus ein tur. Han har fått nok pryl av sauene til å halde seg vekke. Ein kamerat av meg har ein setter, og denne går også godt ilag med sau utan at vi stolar på dei utan tilsyn.
  7. Fri kalveskyting er meir idioti frå dei som har fått for seg at hjorten er eit skadedyr! Er redd det er snakk om få år før stammen er tilbake på same nivå som på 80-talet.
  8. Kunne tenkt meg Vorsteher men når ein bur på eit bruk med sau og ynskjer å ha hunden laus er vel det ein dårleg kombinasjon? Lar det seg gjere å få Vorsteher til å gå i lag med sau? Ellers har eg sett at Setter og sau går fint, så det er vel det som kanskje er det tryggaste valet.
  9. No har ikkje eg jakta veldig mykje anna storvilt, men har fått inntrykk av at det å skyte rådyrgeit og produktive elgkuer er "fy fy". Når det kjem til hjorten derimot virker det som om mange skyt det første og det beste. Då gjerne kolle og kalv. Når hjortebestanden vart bygd opp på 70, 80 og 90 talet var det iallefall ikkje vaksne koller som vart felt. Skal vi få til ei bedre hjorteforvaltning må ein til å ta vare på dei vaksne hodyra. Hysteriet rundt bukkane har tatt heilt av. Altfor mykje fokus på storbukkar og trofe. Storvald med ambisjonar om å sjå ein bukk pr kolle og lignande. Det er galskap. For det første er bukkane mykje meir sky og meir forsiktige på bø, dei er vanskelegare å få på post under drivjakt og vanskelege å stille under smygjakt. Så den dagen ein ser ein bukk pr kolle har ein i realiteten fleire bukkar enn koller.
  10. Rein og elg tar ikkje frå folk livsgrunnlaget!
  11. Eg meinte ikkje at ulven ikkje kan leve der. Det kan den absolutt, men den vil komme i konflikt med mennesker pga. for lite villmark. Ulven er eit dyr som gjer stor skade på husdyr og vilt. Skal vi kunne ha ulv burde vi derfor ha samanhengande villmarksområder som ulven kan leve i utan å bli ei belastning for befolkninga i eit området som blir påtvunge ulv av storsamfunnet. Ja til lokaldemokrati. Eg skal ikkje sitte på Vestlandet og påtvinge folk på Austlandet ulv berre fordi den ikkje øydelegg noko for meg, og er eit staseleg dyr.
  12. Her kan ein sjå kor mykje villmark vi har igjen i landet. Derfor kan vi ikkje ha ulv i Noreg. Ulven krever store villmarksområder, noko vi ikkje har. Slutt med seigpininga av distrikta og skyt ned / vekk ulven igjen.
  13. Den eg har frå før er ganske dominant av seg. Er det bedre med tispe som nummer to eller kan det gå greit med ein hannhund? Har sett litt etter ein unghund, og vil helst ha ein hann til men er usikkert på korleis det vil gå å få dei til å gå i lag. Det er vel lettare om nummer to er ein kvalp? Er det ikkje mykje stress med tispe og hannhund i same hus under løpetid?
  14. Amen! Lenge sidan eg har lest eit innlegg eg kan seie meg so einig i. Eg har vore kritisk til bestandsplanar i området, men blitt beskylda av andre for å svartmale og vere pessimistisk. Eg skulle ønske dei hadde hatt rett, men ut ifrå det eg har observert i år er stammen på full fart nedover i dette området.
  15. Korleis er erfaringane med å ha fleire hunder samtidig? Kva er enklaste to av samme kjønn eller ein av kvar. Har ein svarthund no og leikar med tanken på å få tak i ein ståande fuglehund.
  16. Kva vald i Fjaler var det som hadde så mange løyver ? Eg pendlar dagleg gjennom gaular, fjaler og hyllestad og syns det har blitt vesentleg mindre hjort. Ofte eg køyrer heile turen uten å sjå eit dyr. Dette er unormalt i forhold til tidlegare år då det var nærmast eit unntak å køyre forbi ein bø utan dyr. Trur det er på tide å stoppe opp, og begynne å bruke hovudet. Det blir skote altfor mykje produksjonsdyr.
  17. Er nok mindre hjort der det blir beita med sau. Har likevel sett sau og hjort beite side ved side mange ganger. Har også tatt bilder der sau og hjort har gått side ved side.
  18. Har fått tips om at hunden vil være så gira i ein slik situasjon at det er berre å skyte. Er iallefall det eg kjem til å gjere over min i haust. Han var med litt ifjor haust, men då vart det ikkje felling, så i år er første skikkelege jakthausten. Han er 16 mnd, og reagerer ikkje lenger på skot, men har hatt han mykje med på skytebana i år.
  19. For min del og våre vald sin del spelar det ingen rolle. Vi skyter minimalt med kalv likevel. Trur likevel at kvotefri jakt på kalv vil føre til store uttak av kalv i enkelte områder, og då forsvinner tilveksten av fjordyr. For dei som leiger jakt og tenker kortsiktig blir det då fort til at dei skyter alle kalvane dei kjem over. Dette med beiteskade og skade på skog er jo greit, og eg har full forståelse for dei grunneigarane som slit med det. Det er likevel muleg innanfor dagens kvoter og system å redusere dette ved å skyte meir produksjonsdyr, og dermed få ned bestanden på den måten. Utan at vi treng kvotefri jakt på kalv. Eg vil heller ha tilbake ei friare avskyting der kvar enkelt står friare til å velje kva dyr ein vil ta ut av bestanden på sitt området. Ja til frie dyr !
  20. Eg er imot kvotefri jakt på kalv. Pendlar dagleg store avstandar i S og Fj og er overbevist om at stammen er på veg ned og det ganske drastisk mange plassar. Trur det er på tide å stoppe opp litt, og heller roe ned avskytinga ! Er jo blitt eit hylekor om for mykje hjort alle plassar. Folk eg pratar med som ikkje jaktar hjort har jo inntrykk av at hjortebestanden er på randen av katastrofe med masse sjukdom osv.
  21. Har ein Tikka t3 lite i 338 win mag og med demper er den som ein lett 30.06 !
  22. Det er vel litt drøyt, men er det ei bikkje som gjentatte ganger er etter bufe eller vilt og eigar får advarslar meiner eg det er eit greit siste alternativ!
  23. Du har tydeligvis ikke hatt 2 unger og 3 bikkjer i samme hus. Plutselig bestemmer en av ungene for at de skal ut og er litt slurvete med å lukke døra. Og vips har vi et stykk laika løs med 2 stk bassets i full los bak. Ingen av oss er mer enn mennesker, i vertfall ikke jeg og uhell skjer så lenge vi vil at bikkjene skal være en del av familien og ikke bare stå innesperra i en hundegård 24-7. Og verden er konstruert med en næringskjede, bikkjene står i dette tilfellet relativt høyt på den stigen. Litt under mennesket og ulven, men allikevel høyere enn både kaniner, sauer, katter og høns. Så derfor vil det fortsatt ryke både kaniner, sauer, katter og høns så lenge vi holder hunder med et snev av jaktinstinkt. "Don`t kill the messenger", er det er uttrykk som heter. Synes det passer bra til denne problemstillingen. Det trur eg du har heilt rett i at så lenge vi har bikkjer med jaktlyst vil slike uhell skje, men eg trur vi som hundeeigarar har mykje å tene på å jobbe seriøst med å unngå slike situasjonar! Når uhellet først er ute trur eg det er viktig å legge seg flat og finne ei god løysning. Problemet med mange hundeeigarar er at det skjer igjen og igjen og igjen. Og då landar eg på det siste alternativet: Pang!
×
×
  • Create New...