Jump to content

Hjortetrekk

Members
  • Posts

    666
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Hjortetrekk

  1. Litt offtopic men må berre kommentere det likevel. Var ein tanke som slo meg når eg las innlegga: Sannsynligheten for å skyte mora frå kalven er også større under jag enn jakt på bøen, da kalven ofte velger å stå igjen. På måneskinnsjakt på bøen har man mykje bedre tid oversikt til å avgjere om det er ei gjeldskolle eller ikkje, sjølv om man også da kan ta feil. Berre ein av MANGE grunner til å ikkje forby kveld/morgen/ måneskinnsjakt på bøen... Så til problemstillinga. Har blitt meir og meir negativ innstilt til det nye forslaget om jakt fra 1 sept. Liker ikkje tanken på at man kan risikere å uroe kolle med kalv kort tid etter fødsel under f. eks eit jag. Kvart år har vi skutt kalver ned mot 12 kg både i slutten av september og starten av oktober. Blir KVALM berre med tanken!!
  2. Har blitt oppfostra strengt med at man ikkje skyter mora frå kalven, men det er på hjortejakt. Dette er noke eg har fortsatt med etter eg starta med reinsjakt. Men det er naturlig nok vanskeligere å skille ei kalvelaus simle frå ein flokk enn på hjortejakt, og man kan derfor ta feil. Men kjem aldri til å skyte bevist om eg veit at ho har kalv. Grunnen er at det er umulig å seie om kalven har slutta suge melk, og kalven treng sårt dette for å få ein naturlig beinbygning og vekst. At kalven likevel kan klare seg vinteren er ikkje god nok grunn for meg. I 2011 har ikkje alle "nok tid" til å leite etter ei gjeldssimle. Kanskje dei berre har satt av ei langhelg og dei føler tidsramma er stram nok slik som den er. Har man ikkje tid til å prioritere reinsjakta bør man kanskje heller ikkje søke om løyve heller...
  3. I fjor tok eg seks lakser på samme dag. Største på 7,3 kg. Fem av desse blei tatt på gulp. den til no einaste laksen på land i år var også tatt på gulp. Så ja, det er ingen grunn til at det ikkje skal funke like godt på ørreten SItter dessuten mykje bedre på kroken enn vanlig mark, og du sparer noken liv i samme slengen
  4. Meiner å hugse at det var større aktivitet på tråden på samme tid i fjor Tipper fleire her har gjort nye forbredelser i terrenget, tatt nye bilder, vært på skytebana og brent av litt krutt, eller kanskje er midt i et byggeprosjekt av ny akthytte??
  5. Kontakt "Breens jaktutstyr". Dei er ileverandører av Lafayette
  6. Dadden: Har du en ekstra til salgs? For meg hørtes det ut som drømmedressen!!
  7. Har en Jegma bukse. Veldig godt fornøyd med den. Er på jakt etter ei jakke med høg krage i halsen. Liker dessuten å jakte med gamlemotens klær so lenge det lar seg gjere. Treng ikkje alltid gore tex
  8. Det som er bra med denne utfordringa er at dei som faktisk synes liggande blir ein for enkel sak kvart år, kan få muligheten til å strekke seg enda lenger og bli ein bedre skytter. Å takle presset er jo god trening. Det finst faktisk mange der ute som ikkje risikerer stort ved å skyte på vilt i ståande stilling fordi dei enkelt og greit har lært seg å mestre det. Det er som ein stjerneelev som sitter i klassa og kjeder seg, fordi han ikkje får nok utfordringer av læreren... Ein på kongelaget på landsskytterstevne kan jo velge mellom høyre og venstre hjertekammer fordi han er god
  9. Hadde ein morsom og gledelig opplevelse i går kveld. Har nettopp flytta inn i ny leilighet sammen med madamen og jenta på 8 mnd. Berre for to dager sida faktisk. Bur midt i eit bustadfelt med mange nye leiligheter i nabofeltet, men med skogen som nærmeste nabo og barnehagen 100 meter unna. Så til poenget...Hadde lovet kona å ta inn vogna i bua før eg skulle legge meg, og klokka passerte fort midnatt før eg kom meg opp av sofaen og ut. Da eg hadde passert så vidt eine hushjørne blei eg var ein bevegelse i grøftekanten rett ved sida av barnehagen. Tenkte først at det måtte være en katt, men bevegelsen fanga meir interesse og eg blei ståande heilt stille ute i den lyse sommarnatta og stirre ned mot barnehagen. Og joda, antagelsen satt langt inne, men det stemte: Reven kom luskande oppover i retning meg, sjølvsikker og bestemt i blikket gjekk han sikk-sakk med snuten klistra ned i jorda. Han gjekk vidare inn til husveggen til naboen som er under 30 meter unna. Det var ein voksen fin rev uten tegn til skabb. Då han skifta retning, forsøkte eg å plystre på han, men gjekk berre rolig ned til barnehagen igjen. Ein morsom opplevelse mellom all flyttinga dei siste dagane. Var kan skjen nervepirrande historie å fortelle, men ville likevel dele den med kammerfolket, og ikkje kona som nok berre vil rynke på nasa og tenke "å nei, blir det jakting i nabolaget også no da..." Ha ein fin dag alle saman!
  10. Ein landsomfattande undersøkelse av nettopp dette spørsmålet hadde tatt livet av all synsinga.
  11. Har skøte 11 hjort med oryx til no, og det blir garantert ikkje dei siste med den kula. I motsetning til deg rp15oryx så har eg ved fleire anledninger opplevd at også denne kula har splintra og snitta vomma, nok til at noko av gassen har sila ut. Dette har skjedd ved lungeskudd langt bak. Ein får ikkje i poser og sekk, men man er heller ikkje langt unna med oryx- kula. Er hundrevis av kuler eg ikkje har testa, men har testa dei flesta tradisjonelle som lapua mega, nosler partition, accobound, elite og fusion. Er heller ingen ekspert på dette feltet, men snakker berre ut fra erfaring. Har ellers nokre kompiser som har passert tresifra hjort og enda ikkje passert 30 år, og dei har den samme oppfatninga. Kula oppfører seg forskjellig fra hjort til hjort er min erfaring. Men generelt fine sårkanaler og mindre blodsøl enn partition.
  12. Ok. Har også kort på Forolhogna, men lenger vest (Kvikne, Grønntjønna området). Blir stas
  13. Ertshus93: Kor på Forelhogna har du fått kort?
  14. Det var vel meg ja, men eg meiner ikkje at man ikkje lenger behøver å tenke på vindretninga. Det eg meinte er at hvis ein støter på ein hjortebukk i brunst og vinden ikkje er like stabil, kan luktestoffet gjere bukken usikker på kva han lukter. Har ved fleire anledninger i den mest intense brunsten opplevd at bukken ikkje har stukket av sjølv om eg var overbevist om at han lukta meg. Det er nettopp da eg tenker at luktestoffet kan være til hjelp ved at bukken ikkje stikker av gårde med ein gong. Også ein kamerat av meg brukte dette stoffet i ein brunstdam. Då kom det ei kolle og satte snuten ned i dammen akkurat der det var lagt ut. Men om ho hadde komt uansett er jo ikkje godt å vite. Har ikkje brukt dette stoffet sida då eg hadde mine fyrste turar som 16 åring. Men har lyst å eksprimentere meir med dette framover. Det er jo mange i USA som meiner at det funker. Kven viste at lokking av rev blei ein "idrett" i Norge for 10 år sida?
  15. Spennande endringer på gang. Kunne likt å høyrt fleire begrunnelser fra DN om kvifor ein skal begynne å skyte koller og kalver allereie frå 01. sept. At trekkmønsteret er einaste argument er etter mi meining for tynt grunnlag. Kvifor ikkje konsentrere seg om fjorsdyr og bukker opp til 3,5 år frå 01 sept, mens kalvane kan få tid til å vekse utover i september? I utggangspunktet er vel eg ein av dei konservative her fordi eg synes jakttidene er fine slik dei er no fra 10 sept- 23 des. Men ser absolutt fordelen med å plukke ut dei nevnte dyra allereie fra 01 sept, men ikkje koller og kalva! Men eg har tatt feil før. Var veldig skeptisk då forslaget om jakt til jul blei innført. I dag ser eg at det var ein nødvendighet i mange storvald. Men ansvaret for human jakt står framleis på jegeren uavhengig av jakttidene. Kjem det mykje snø i desember, er det eit moralsk ansvar å la børsa stå igjen i skapet.
  16. Er heilt eining i at ei slik ordning hadde fungert best med seriøse jaktvald, men når kommuna skal begynne å velge ut dei "rette" valda til å drive eigen- kontrollert forvaltning trur eg det vil oppstå mange konflikter. Hvilke kriterier skal ligge til grunn for å få ei slik ordning? Ein over snittet høg slaktevekt over lengre tid? evt stor andel store bukkar etter fleire års sparing? Det vil uansett ikkje bli rett fordi hjorten er og blir eit trekkdyr noko forskning viser. Eg meiner at ein betre kommunikasjon mellom storvalda og kommuna gjennom heile sesongen kan være nøkkelen. Med ein jevnlig rapportering til kommuna av kva dyr som blir observert og skutt undervegs, kan man kommuna gje gode råd om kva dyr ein bør ta ut basert på kva som er observert fram til da.
  17. Kven skal i tilfelle avgjere kven som utøver god forvaltning? og korleis?
  18. Flott at dokke får til ein slik sunn forvalting. Problemet slik eg ser det er jo at dei dyra dokke sparer, trekker til andre områder kor det ikkje blir prioritert samme forvaltning, og då er jo noke av poenget vekke...
  19. Er det noken som har fått kort på Forelhogna i området rundt Grøntjønnan (Kvikne)? Har fått kort der, men er ikkje avgjort enda om eg skal ha lisjbukk, simle eller kalv... Blir fjerde året på rad med kort i samme området. Heilt klart ikkje den villaste stammen å jakte på men kjøttet er like godt og like morro er det kvar gong Var med ein gong på Dovrefjell, nærmare bestemt kring Åmotsdalen og Snøhetta. Det blei dyr siste dagen der også, men var heilt klart meir utfordrande å stille seg innpå der enn hognareinen ja...
  20. Ja, det er eg heilt enig i. Men ikkje i like stor grad som ein med stor pupill, men det blir jo aldri diskutert her...
  21. Det er ikkje rart at det kjem fram forskjellige meininger om skumringsegenskapane til dei forskjellige merkene. HighPower forsøker å forklare poenget med at det er øyet som ser som avgjer kor godt du ser gjennom siktet. Ein som er i 20 åra (med ein pupillåpning på nærmare 7mm) vil ha mykje større nytte av eit sikte med stor lysåpning enn ein i 50-60 åra (med 3-4mm). Når ingen poengterer dette kan denne tråden diskuteres i det uendelige basert på egne personlige erfaringer som er null verdt når ein ikkje tek i betrakting alderen på personen som tester siktet.
  22. Interessant å samanlikne Stranda og Sykkylven kommune som er nabokommuner. Ser at dokke ikkje har 1,5 åringer hodyr som eget felt, men er slått saman med hind...Viss eg slår saman fjorsdyr (hodyr) med hind (slik dokke har gjort) også på Stranda blir det sjåande slik ut: Sykkylven: 44% hind Stranda: 37% hind Sykkylven: 18% (antall 70) eldre bukk Stranda: 23% (antall 97) eldre bukk Tydelig at man skyter fleire eldre bukkar i Stranda kommune ja...
  23. Her er fellingsresultat for Stranda kommune: https://www.stranda.kommune.no/Filnedla ... FilId=1604
  24. Det er viktig for meg å få fram at vi ikkje er trofejegere noken av oss på storvaldet. Terrenget er veldig krevande i form av at det er bratt og ulent. Det er dessuten er typisk bukketerreng, og dette året blei det observert stor andel bukkar sammenligna med tidligare år. Vi har derfor heller ikkje den samme moglegheita til å plukke ut dyr på bøen slik ein kan gjere mange andre stader. Vi skaut 14/16 dyr og mangla to koller. Derfor blei det sjåande litt skeivt ut dette året, sjølv om vi holdt oss innafor bukkekvota. Neste år har storvaldet bestemt at det blir prioritert hodyr i større grad, sjølv om vi får tildelt like mange bukkeløyver som i fjor. Men det er alltid utfordrande å få dette til når vi er fleire forskjellige jaktlag på eit storvald. Men med en felles forståelse og god kommunikasjon mellom grunneigarane er dette likevel fullt mogleg, men det krever godt sammarbeid. Korleis har vårtellinga vært rundt omkring da? Har ikkje tala foran meg enda, men det ryktes om nok eit rekord år i heimbygda. Hjortetrekk
  25. Å begrunne optikkens kvalitet utfra en tur i butikken blir for meg bare tull Har selv hatt gleden av å bruke dette siktet til skumringsjakt på hjort, reinsjakt og bukkejakt i fem sesonger og er kjempefornøyd. Linsene er av meget god kvalitet. Har sammenlignet dette siktet med både zeiss victory, swarovski, kahles og schmidt & Bender i både gråvèr og skumring, og er mektig imponert. Har heller ingen problemer med å finne siktebildet, og øyeavstanden er perfekt også for grovkalibrer. Hjortetrekk
×
×
  • Create New...