Er du er på jakt etter eit knivblad, må du først finne deg ei smie og så ein smed. I dette tillfellet så er det Høvdingen. Han har smidd knivblad så lenge eg kan hugse.
Det første han gjer er å finne seg eit flatt jern, og det han brukar er 3mm tykt og 20mm brett.
Stål må ein og ha å legge i midten. Nå brukar han gamle Øbergfiler, bankar dei til og kappar dei til i passe stykker.
Neste trekk er å varme opp jernet, bøyge det til, og pusse det fritt for slagg. Så ha på boraks, dette er for å få sveise det sammen.
Stålet er lagt på plass, godt med Boraks inni og rundt.
Det er varmt i glohaugen, og kniven skal varmast opp til Boraksen smeltar og det er lyst gult, då er det klart for sveising. Det MÅ ikkje sprute av jernet, då har det blitt for varmt og kniven er ødelagt.
Nå må det bankast,for å få sveisen vellykka.
Tangen blir banka ut etter sveising.
Når tangen er ferdig og passe lang, kappast kniven frå resten av jernet og kniven formast til. Nå bjøndar det å sjå ut som ein kniv, og det ser ut som sveisinga gjekk bra.
Då er det bare å pusse bladet med smergel og setta på stempel før herding
Det er ein del hemmelighetar rundt smiing, og då særleg rundt herding. Alle dei gamle smedane hadde sin hemmelighet, og Høvdingen har sine. Det er først nå eg har fått sett på når han har herda og annløpt ein kniv.
Skal ikkje røpe dei her ,men herdevatnet blir bruka om att frå gang til gang(blir her oppbevara i eit gammalt mjølkespann) og skal vera ca 50 grader varmt.
Knivane blir lagt i eisa for sakte oppvarming. Når kniven har fått samme farge som glørne i eisa, skal den ned i vatnet. Det krevast nokre år som smed for og få dette inn i fingrane skjønte eg
Nesten varm nok, og snart klar for herdevatnet.
Ca 25 blad ferdig herda må pussast på nytt før anløping.
Anløpinga skjer i ein gammal kjøkkenkomfyr på 220 grader, og ligg der til dei har blitt kalde
Høvdingen likar best å slipe knivblada sine på Godlandsstein. Han har prøvd mykje anna, men synest den er best. Den er nesten utsliten nå så er det nokon som har ein til salgs så send meg ein PM.
Fint skille mellom jerrn og stål her (er arbeidskniven min)
Ferdig slipa og brynt. Du kan sjå så vidt at den har ein korngul farge i seg etter anløpinga. (Han har gløymt å pusse det vekk før sliping)
Og har du først eit kniv blad så kan du laga deg ein kniv. Her er dei 2 arbeidsknivane mine, den eine i dagleg bruk ute(den nederste)og den andre til kontor bruk