Jump to content

Terje338

Members
  • Posts

    232
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Terje338

  1. Veit at blant anna kinnstykke innfestningen på Trg 21 er litt annleis en Trg22. På 21 er den meir usymerisk innfestningen.
  2. Ser at Sierra bullet har komt med ein oppgradert 155grain,168grain og 175grain matchking kule med plastikk tipp som har betydlig forbedra BC`n i forhold til dei gamlere utgavene. Trur dette kan bli vere spennande kuler og teste i 308 på litt lengre hold. https://www.sierrabullets.com/products/new.cfm
  3. Ser det står skreve i andre forum at det kan bli tenningsproblemer med små hetter i slike patroner når det er kaldt. Er det nokon som har erfaringer med dette? bruker skjølv cci 450 i 6mm br`n og har aldri hatt noko problemer med tenning skjølv i minusgrader. Men i ein 308win skal tennhetta få fyr i 10-20grain meir krutt en i ein 6mm br hylse.
  4. Testet ut med 6.5x55 tomhylser og ein dummy med 6.5grams scenar i øvste patron. Eg hadde problemer med å få 10 patroner ned i magasinet, men 9stk gjekk greit. Matinga såg ut til og fungere bra.
  5. Interesant vinkling det der Torf. Har liggende 6.5x55 hylser og meget mulig nokre 6.5mm 100gr scenar kule heime som eg kan lade opp nokre dummy kuler til magasin testing. Ser lapua oppgir 75mm som sett lengde for den 100gr kula, er det samme målet som rekrutt ammoen er i? eventuelt kunne du finne ut kva tatal lengden er?
  6. Satt og å smådrøymte om ei omkamring av TRG'n. Men kva får ein igjen? Med pipeskift, ladeutstyr og nye komponenter, kanskje til og med ein ny lyddemper så kjem morroa fort på 10-15000kr. Kva vil ein få med og skifte frå 308win til noko anna som går i kassa? Betre presisjon? Flatere kulebane? Mindre vindavdrift? Muligens litt men har det praktisk betydning for den bruken rifla blir brukt til... Ein kjedelig realitet er nok at for den prisen så får ein rimelig mykje ammo / ladekomponenter som ein kan skyte for. Om ein skal gå frå den enkle, presise, altetende 308win kamringen og prøve noko anna. Det er allrerie mange TRG rifler kamret for 6.5x47 patronen, kva om ein tok ein heilt ut med 260AI? Var akkurat ute på boda og fiska fram ein heimedreia dummy 260AI patron, og den mata fint opp frå TRG magasinet. 260AI er vel den patronen som vil gje mest yteelse i ein TRG-22 kasse med begrensning på max 75mm patronlengde i magasinet og rimelig trang utkasteropning.
  7. Har brukt TRG tofoten i ein del år og liker den godt, men den orginale tofoten synest eg har eit par irritasjonsmoment. Det som irriterer meg mest er at den mangler ein fjør som holder den svakt i senterposisjon, og dermed vil den lett skramle når ein bærer riflen. Har akkurat løyst det problemet med og lage ein holder som du erstatter kontramutteren på vuggeskruen med plass til 2stk fjører. Desse fjørene er tilpassa slik at dei er kunn i inngrep frå senter og mot kantring. Det andre Irritasjonsmomentet er nok at stålkløne kan vere litt brutal med stuegolvet om ein er så uhedig og sette ifrå seg riflen der. Men det kan og løysast med diverse løsninger. Tenkte på og teste ein ny variant av ein TRG lignende tofot, men kom over på TRG siden på FB at sein slik konstuksjon allereie er i produsjon. Synest denne ser meget spennandes ut og konstruktøren har plukket med seg det beste fra dei fleste tofot merkene og satt sammen ein skikkelig tofot. Her er linken til tofoten: http://eliteiron.com/bipod/
  8. Terje338

    Lyngbrenning

    Vi driver årlig med bråtebrenning for og stelle våre utmarksområder for våre villsauer. Man ser heilt klart ein rask positiv effekt for både planter og dyr med slik brenning. I tillegg til den positive effekten med bråtebrenning med tanke på planter og dyr vil også slik brenning ha ein prevantiv effekt på ukontrolerbare branner. Maskinene til bøndene klarer ikkje og utnytte landskapet slik som det vart gjort i gamledager, og i tillegg til mindre dyr på utmarksbeite og mindre behov til ved gror Norges land igjen. At landet no gror igjen av skog, gammal røsslyng og andre vekster gjer at når først ein brann no oppstår så vil dette medføre at brannen får herje fritt utan at vi kan påvirke brannen slik vi skulle ønske. Eg synest at ein burde tak lærdom av dei hendelsene som har vore den siste tiden og tenke meir på prevantivt arbeid slik som på bråtebrenning og skogrydding. Eit slikt arbeid hadde vi jegere og friluftfolk heilt klart fått stor nytte av, da vi hadde fått meir varierende og næringsrik fauna og lettere framkommeligheit i enkelte naturområder.
  9. Med riktig tilpassa montasje har du ca 140cm "opp" og ca 20cm ned og justere på.
  10. Ein spennende nyheit på kulefronten, og er spent på om den har fått eit meir vld utførelse en 167 og 185gr brødrene sine. Har du bilde av kule saman med eks 155scenar, 175smk og liknande?
  11. Godt du fann ut av det. N150 er eit krutt som passer 308 og TRG'n meget godt, og har brukt dette mykje skjølv. No bruker eg norma n11 med ein lott som er så godt som identisk med n150 kruttet. Fikk og meget fine samlinger med min TRG med accubound kula i 165grains, og synest den kula passer kaliberet bra. Er og fint at denne kula går likt med 155scenar og 167scenar ladningene.
  12. Ein er nok aldri 100% sikker på korleis kulen vil oppføre seg og kor den går etter treffer gåsa eller bakken. Marka er full av stein og ting som kan endre bane på kula. Det skumlaste og mest undervurderte kaliberet er 22lr, den gir rikosjer som kan gå alle veger. Mitt råd er iallefall og gjere dei tiltaka du kan for og unngå ein farlig rikosje skal gå mot folk/bebyggelse. Det beste og tryggeste kaliberet til slikt bruk er nok 17hmr. Den dreper gåsen effektivt opp til ca 100meter. Du nemnte du hadde 6.5x55, og da er nok og lade opp 95grains vmaxs kuler og skyte gåsa høgt så vil du unngå og skade brøstfiletene. Denne kula vil og ekspandere kraftigt og gi lite fare for rikosjer da fragmentene blir så små at desse vil ikkje gå så langt. På øya eg har vokse opp har det vore fleire tilfeller på tilreisende gåsejegere som har sendt kuler som har truffe hus. Så det er greit og kjenne omgivelsene og gjere det ein kan for at kulen blir knust under treffet.
  13. Hei Knut E. Fin video om lading og prøveskyting, og meget spennande tråd du har her. Det var to ting ej tenkte og spørre om. Smør ikkje du hylsehalsen inn og utvendig før heilpressing? Har du noko indikasjon på når du har oppnådd rett tempratur på hylsehalsen når du gløder?
  14. Kjøp med dej ein boks med kvit merkespray når du er der, den fungerer utulig bra til og flekke over gongene og tørker fort.
  15. Er det nokon som har sett ein skikkelig presisjonstest av denne rifla? Synest dette såg ut som ein spennende rifle, men er usikker på om presisjonen er god nok.
  16. Såg meget bra ut dette. Synest det hørest litt merkligt ut at ein bør pusse demperen for kvart 100skot. Veit iallefall på tyngre kaliber med hausken lignende dempere at og sause inn innmaten med noko wd-40 eller liknende og la det ligge litt og godgjere sej så er det mykje lettere og få demontert demperen. Og karbonrestene i ein demper for tyngre kaliber blir mykje hardare en i ein 22lr.
  17. Takker så mykje for gode råd. Det viste seg at den øvre kammen var ein smule skjeiv og at dette vart justert med og snurre på den eine av dei to "ekstrastrengene" ka dei no heiter... Fikk iallefall kammen bein. Samtidig justerte eg den fallhyllen slik at den dropper ned etter ca 2-3" fra fullt oppspent. Justerte så alt var i senter og tok ein ny papirtuning test. Alt vart mykje betre og hullene vart omtrent perfekte fra dei fleste avstandene mellom 1 til 12m. Synest og samlingane vart mykje betre en tidligere.
  18. Hei, Tok og gjorde eit nytt tune forsøk på bua mi igår der eg skaut igjennom papir på forskjellige avstander. I starten viste det seg at pilen ikkje gjekk beint, og reiv både i høgd og sidevegs. Etter kvart fikk eg somregel fine hol på nære avstander og diverse rivinger på avstander over 10meter. Det eg stussa på er at no er pilhyllen plassert ca 5mm til høgre i forhold til senterlinjen. Dette medfører at sikte og må justerast mykje den vegen og resultatet er at mykje av forsikte blir sjult av bue/buestrengen. Etter og ha prøvd og lest litt om dette på nettet kan det hørest ut som om med for mjuke piler så får ein at spissen river til høgre for fjørene. Buen er ein PSE vendetta skal vere innstilt til 50pund, ca 29.5" dralengde, PSE madness 200 piler med ca 29.5" og 30" pil lende og 100grains spisser. Ut frå tabellen for pilene har skal pilene vere innenfor kravet i spine tabellen: http://www.huntersfriend.com/ArrowHelp/ ... -chart.htm Kan det vere likevel at eg burde ha stivere piler? Er det vanlig at pilhyllen er 5mm til høgre fra senterlinjen som er oppmerket på buen?
  19. Fikk lada opp det "øydelagte" jetbeam batteriet og no fungerer det igjen Var ikkje klar over at det hadde ein slik beskyttelse som klippet straumen når volten vart under 2.8v Her må ej takke for opplysningane og eg har lært noko nytt idag og. Litt irriterende at eg kasta eit batteri som eg trudde var øydelagt, men trengte kun og ladast opp igjen.
  20. Beel, Dette hørtest logisk ut, og skal teste og lade opp det batteriet når ej kjem heim. Har lest at om ein får problemer med batteriene kan det oppstå eksplosjon om ein prøver og lade desse opp igjen, men det er nok andre problemer. Kanksje er det så enkelt at det einaste eg trenger og gjere er og lade opp igjen batteriet
  21. I haust så kjøpte ej mej ein JETBeam BC40 lykt. Synest lykten er meget god og er enkel i bruk. Liker godt funksjonen at ein veksler med høg og lav effekt med og vri på lyktehode. Saman med lykten kjøpte eg meg Jetbeam 18650 rechargeable Li-ion battery som eg bruker til lykten. Har enno ikkje brukt lykten så mykje at eg har måttet ladet opp igjen batteriene. Idag opplevde eg for andre gang at lykten slutter plutselig og lyse. Det viser sej og vere eit av batteriene som mister strumen og når ej måler volten viser denne 0v... Tipper dette tyder på at det har oppstått eit kontakt bråt inne i batteriet slik at det mister ledeevnen. Batteriet har på ingen måta korsluttet da det ikkje var noko varmgang. Har kastet det første batteriet og no ser det ut til at batteri nr 2 må samme vegen. Er desse 18650 batteriene av så dårlig kvalitet? eventuelt kva batteri merker er betre?
  22. Hei, Finnest det ein tabell eller program som viser pilfallet på ein bue?
  23. Nokon som har erfaring med denne matten fra Humlekjær: http://www.bueutstyr.no/viewdetail/SKYT ... ctid-25571 Går compound pilene langt inn?
  24. Hei, Såg igjennom kva vi hadde liggende og ej kan hjelpe dej med 30mm og 35mm rustfrie hydraulikk rør. Hadde og eit 32mm galv rør, men trur det er til og trekke kabler igjennom, og ikkje beregnet for trykk.
  25. Takker for svar. Kikker på eit Octane BantamWeight 4piler, synest det såg bra ut og skal vere svært lett. http://www.bowhunting.com/videos/bowhun ... quiver_485 http://www.bowhunting.com/blog/post/The ... arket.aspx Dette får ein kjøpt på e-bay for 90-100usd.
×
×
  • Create New...