Jump to content

Terje338

Members
  • Posts

    232
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Terje338

  1. Terje338

    Beretta 71

    Er det noen som vet om 71 passer i hylster for cheeta,ppk o.l?
  2. Om der har vore for lite krutt i patrona vil dette gi lite trykk i hylsa. Dermed vil du kunne sjå forskjell på denne tomhylsa mot dei andre tomhylsene. Spesielt tennhetta ofte vise kor stort trykk det har vore i hylsa. Har du tomhylsa og samanligne med dei andre?
  3. caveman, Napp ut ein av dei norma patronene med raud spiss, tak noko bilder av kula for så og sag den opp på langs. Vi vil da sjå kva kule det er. Som du beskriver må det enten vere ein eller annen hornady kule, eller så er det ein nosler bal tip. Ballistic tip har ein forholdsvis tynn mantel og ein tjukk flat kobber botn, med ein liten boattail.
  4. Kanskje at Norma har levert Hornady kule der det burde vere ein Nosler accubond?
  5. Takker Poacher for ein spennende og interesann reiseskildring. Kjekt og lese ein reiseskildring som er skreve fra hjertet utan sensur for det kritiske publikum, kjente at jakt og skytelysten berre strøyma på når ej las artikkelen. Det var også kjekt og lese at den ombygde "banemsauaren" var eit dugande jaktvåpen Igjen, tusen takk for at vi får lese ein så fin reseskildring.
  6. Ser at det blir diskutert jaktstart av gås og at gåsen trekker tidligere og tidligere i ettersommaren. No legger gåsa egg allereie under ein veke etter at den har komt på tilhaldstaden. Kva blir det neste? at gåsa blir utviklet med kengru pung og kjem med klekte eg når dei er kommet på plass på våren? Eg har sett ein klart forverring med hausttrekket etter at bøndene har fått startet i jun/juli månad etter skadegås, og dette ha gjort at den ordinære jakten er heilt øydelagt/umulig. Personlig synest eg at jakt på "fjøsgås" er mykje kjedligere og mindre utfordrande en jakt i strandsonen og i myrane. Syest at den skadefellings jakta for bøndene skulle ha vore forbode, og at om gåsebestanden skulle reduserast burde dette gjerast med meir organisert "fri" jakt med kanskje skuddpremie på gås og eggeplukking. Eg trur at om ein fri jakten foregikk også på våren kunne kanskje trenden på gåsetrekket snu i ein meir positiv retning. Den siste årene har eg sett at grågåsa overvintrer ute på øyene her, og dette trur eg kommer av at etter at jegerane har fått jaktet nokre ganger i august så er dei fleste lei, og dermed får grågåsa vere i fred utan noko stor fare på og bli jaktet på. For min del er vårjakt omtrent berre positivt i forhold til haustjakt. Vårjakten slipper ein mygg, lite eller fraværende med flått, pollen allergi er ikkje noko problemer på våren, muligheitene for mørning av gåsekjøt er mykje lettere på våren da fluger ikkje er eit problem og at tempraturen er lavere. At vi jegere har lite andre ting og jakte på på våren er og eit + for vårjakt på gås.
  7. Noko av det beste du kan lade opp til gåsejakt med 6.5x55 er 100grains scenar kula. Du klarer fint 1000-1050m/s med denne kula og gir meget god presisjon i dei riflene eg har testet denne i. Skadene kula gjer i viltet er omtrent middels, og eg synest den bør gjer så mykje skade for og vere brukandes. Lite rekyl og meget flat kulebane saman med lite vindavdrift gjer at dette er nok ein av dei beste kombinasjonene som du kan bruke på gåsa.
  8. takker for tips så langt. Vil ikkje desse V blinkene kunne gi rikosjetter lettere ut til siden en med ein flat skive? Eg har aldri opplevd at det har kome rikosjetter tilbake til skytter ved skyting på vanlige gonger. Ein ser kor spruten av kulen går etter treffet, da marken opp under slike gonger er skoret av slike splintrer av kulen. Har du bilder av desse vinkeljern skivene? er dette biter som står opp på noko som ein må skyte ned, eller er det fallfigurer som bikker over etter treff? har fått sveisa på ein 10mm 15cm rund testskive som eg skal prøve og sjå om den virker både med 22lr og 9mm. er ein 15cm skive på 10meter+ for lett/vansklig på ei feltløype? Har prøvd og søkt litt, men kan ikkje finne mykje bilder og info av andre feltløyper.
  9. Hei, Fikk beskjed om at det var krav om at fallfigurene måtte ha ein minimumsavstand på minst 10meter for og vere lovlig. Dermed vil mange/alle fallfigurene som Vestnes pistolklubb vere for små på den avstanden. Tok på mej litt jobb om og omarbeide/ lage nye fallfigurer til feltløypa. Sidan vi skal forandre på feltbana kunne det ha vore svært kjekt med noko innspel og tips på korleis konstruere diverse stålblinker og anna morro felt blinker. Er det nokon som har bilder av enkle fallfigurer som blir brukt til felt? Kva matrialer bør brukast til blinkene? Merker at det stiller mykje mindre krav til matrial tjukkelse og kvalitet på pistolblinker i forhold til rifleblinker. Så eg trur vanlig konstruksjonstål kan brukast til pistol. Terje
  10. Fikk løyven for m&r i går, og blir vel ein tur ut og sjå etter dyr snart. Sendte inn nokre kjever for i fjor, men har ikkje registrert at eg har fått betalt for dei. Er det nokon som har motatt betaling for 2008 kjevene?
  11. Skal sjå at det er enkleste, beste og billigaste og kjøpe traktorseter og modifisere desse til og passe til båt. Synest at du virkelig bør vurdere og få til noko demping på setene om du skal bruke båten i litt grov sjø. Etter litt insats på søkefronten har eg funne nokre aktuelle traktorsete som eg kjem til og sjå nærmare på. Økonomideler har billige seter inne med demping, og slik eg forstår prislistene så er det billigere og kjøpe eit dempet sete på økonomideler og kaste sete og montere dempingen på det orginale båtsete. likte godt ein dempet fot frå K&M manufacturing den ser ut til og vere meir tilpasset og bruke i båt da denne har ein gumme kappe rundt innmaten: http://www.tractorseats.com/p-24736-sus ... nical.aspx http://www.tractorseats.com/images/PDFSpecs/P6086.PDF Ein pris på 189USD er heller ikkje så gale. Takker for tipset angåande Aluminums anode på aluminiumsbåt. Vurderer og sette på ein ekstra anode på Busteren da idag er det berre anoder på utenbordsmotoren. Men ifølge svigerfar så er ikkje det bra og ha for mykje anoder på båten og, skulle kun vere nok anode til at det vanligvis holder akkurat til kvar gong båten er oppe for puss.
  12. Hei, Spennende prosjekt du har på gang her og kjekt og sjå utviklingen i prosjektet ditt. Holder skjølv og modifiserer litt ein Buster xxl der eg blant annet ønsker noko dempet stolstativ. Har du bestemt deg kva stoler du skal bruke på båten din? Holdt på og undersøker forskjellige dempet stoler og kom over noko på youtube: Desse: http://www.smoothmovesseats.com/index.html Kunne dette ha vore noko? vurderer og prøve denne stolstativen skjølv på Busteren, men må undersøke om det er plass til den da den bygger ut litt i bakant. Har du tenkt på om du skal ha offeranode på båten? sink? kva plassering?
  13. Nei, 338LM er ein større og kraftigere patron en 338win mag. Om eg ikkje husker mykje gale så leverer ei 338LM patron ca 100m/s meir utgangshastigheit i forhold til ein 338win mag med tilsvarandes kule.
  14. Bruker idag kun N-11 til og lade 308win ladninger i min TRG rifle. På N-11 boksane står 168gr sierra mk max ladninga til 46gr med ein hastigheit til 858m/s. Har ikkje lada 150gr lockbase i 308win men har lada 150gr sierra mk, 155gr lapua scenar og diverse tyngre greier med N-11 kruttet. Har vore opp i 47gr N-11 med den 155scenar kula og fått ca 900m/s utan spesielt med overtrykktegn. Dagens goladninger er: 165gr Nosler Accubound, 45gr N-11, set 74.5mm,fed 210match,lapua hylser, ca 835m/s 155 Lapua scenar, 44gr N-11, set 74mm, fed 210match, lapua hylser, ca 830m/s 167gr Lapua scenar, 45gr N-11, set 72mm, fed 210mach, lapua hylser, ca 830m/s 185gr Lapua mega, 45gr N-11, set 69.2mm, fed 210match, lapua hylser, ca 800m/s Merk, TRG-22 riflene kan ein sette kulene lengre ut før kula er bort i bommane en mange andre rifler, så set lengdene passer sikkert ikkje til andre rifler. Tar ikkje ej mykje feil så har dei fleste 308win rifler max patronlengd som går nedi magasinet på 72mm mens TRG`n har 75mm. Har samanligna litt N-150 kruttet mon N-11 kruttet(den lotten ej har) og eg kunne brukt desse krutta om kvarandre utan og merke noko forskjell på trykk, presisjon, hastigheit.
  15. Leita opp nokre gamle ladedata fra 2002 da eg dreiv og eksprementerte på forskjellige 243win ladninger. Lada mest med winchester hylser(dette er hylser med stort volum så med lapua hylser så reduserte eg ladningane med 0.5-1grain). Lapua og Sako hylser er ca 175grains med tennhette, og winchester hylser er ca 10gr lettere ca 165grains med tennhette. Ofte så oplevte eg at tyngre kuler fra (90-100gr) likte godt krutt som N-140. Ladninger som 100gr Lapua "mega", win hylser, fed 210tennhette, og 34gr N-140 samlet godt. Mine favoritt ladninger var: N-4 50grains, Sierra MK 70gr, Ga 1060m/s, denne kula brukte eg lenge til gåsejakt og la ned over 100gås med den ladninga. Ekspandsjonstest i våte tlf kataloger ved munningshastigheit 2 1/2tlf kat og hadde ein restvektpå 5-10%. N-140 38gr, 80gr Nosler BT, win hylser, fed 210.( ga omtrent 920m/s utgangshastigheit). samlet oftast innenfor 1" på 200meter 3skot. Ladninga var brukt til gås og ga god effekt. ekspansjonstest i våte tlf kataloger og penetrerte 3 1/2 katalog ved munningshastigheit og kulen hadde ein restvekt på 18grains. I den andre tlf katalogen var det ca eit 2 1/2" ekspandert hol. N-15 50grains, 87gr Hornady V-max, win hylser, fed 210( ga 1010m/s) merk dette er ein kraftig ladning og med tanke på lott variasjonane på N-15krutt så anbefaler eg og starte lavere. N-140 46grains, 58gr Hornady V-max, win hylser, fed 210, (ga 1150m/s) Testet Lapua 90gr Scenar, win hylser, fed 210 tennhetter, N-140 (testet 37, 37.5,38gr) 37.5gr samlet best. Testet Lapua 90gr scenar, win hylser, Federal 210tennhetter, N-160(testet 44,45,46,46.5,47gr) 46.5gr satt eg som max ifølge trykkring på hylsa. 44gr ladninga var den beste 3skot samlinga som eg har skote med dette løpet da 3skot sat i eit lite ovalt hol. Mine private settlengder for forskjellige kuler, og trur alle lengdene er med ca 1mm friflukt. patronlengder Kulelengder 70gr Sierra Mk=66.8mm 21.2mm 75gr Speer HP= 66mm 21.6mm 75gr Hornady HP= 68mm 21.45mm 80gr Hornady FMJ= 67mm 21.6mm 80gr Nosler BT= 69.5mm 24.9mm 85gr Speer BT= 67.8mm 23.56mm 87gr Hornady HP= 69mm 90gr Lapua scenar= 71.5mm 90gr Lapua FMJ=(fabrikk ammo 67.75mm) 69mm 25mm 90gr Lapua lockbase= 70mm 90gr Nosler BT= 69.5mm 27.2mm 100gr Sierra BT= 67.2mm 27.3mm 100gr lapua mega= 68mm 26.1mm 105gr lapua scenar= 71.5mm 31.6mm
  16. Synest ikkje at ladningane til Frode virka så urovekkende harde ut eg. Mannen har no eit 28" løp border pipe som er av svært godt merke. Har skjølv lada 155scenar til over 900m/s i min TRG med 26" pipe, og har ein kompis som har testa litt N-550 i TRG`n og fått 900+ m/s utan overtrykk. Får du 155scenar kula til og samle godt er nok det den beste kula til langhold. Har lest at også tunge kuler som 208gr? A-max kan fungere i ein 308win og vil gi lite vindavdrift, men kulebana blir veldig krum.
  17. Eg lader mest med CCI hylser men og noko starline, og merker ikkje den heilt store forskjellen. Synest einaste at hettelommene på noko av dei CCI hylsene er litt store slik at tennhetten sitter noko laust. Men har ikkje oppstått noko problemer av den grunn.
  18. Tenkte 300kr for ein slik sikringsarm. Det er ein del "pøte" arbeid med desse sikringarmene da der er mange vinkler og ta hensyn til, freser dei serrarerte sporene ein og ein, lakkering og diverse. Er du forsatt intresert så kan du sende ein PM så tar vi det der.
  19. Vil også støtte tipset om og bytte pipe på den du allerede har. Da vil du få ein meget god rifle med eit nytt og du kan putte på match løp av ypperste klasse. Dette er av 2 enkle grunner, du kommer rimelig ut av det økomomisk. Trenger ikkje og tenke på verken og kjøpe ny rifle eller og selge den gamle. Og den viktigeste grunnen: Ein selger ikkje våpen, iallefall ikkje utan ein må. Har ikkje solgt så mange våpen enda, men har savnet alle ej har solgt. Med og kun kjøpe nytt løp i den gamle vil du ha retrett muligheiter seinare om du ønsker og bruke 243win kaliberet igjen.
  20. Etter eit par øl ein kveld gjekk ej inn på hobbyrommet igjen for og svi av litt kveldstid tok ej og prøvde og lage ein ny versjon av gummiføtter på TRG tofoten, Tidligere har eg laga 2 versjoner av gummiføttene som var nokre gummiklosser som ein skrudde opp under tofoten, den første med vanlige skruer og den andre med ein vingemutter. Det ej ikkje likte med desse løsningene var at ein måtte borre eit hol i tofot beinet for og få festet gummien, så denne gangen laga ej ein "slip on modell" som kan låsast fast med 2 små umbrakoskruer som ein ikkje trenger verktøy for og skrue inn. Her er eit par bilder av "prototype modellen" Fordelen med og ha ein slik gummisko til og tre på tofoten er at noko ganger ønsker ein og skyte på steinete underlag, eller du ønsker og sette rifla ifra dej på stuegolvet eller liknende. Da er desse skoa raske og enkle og ta på. Om det skulle vere ønske og prøve ein slik sikringsarm så har eg 2stk "prototype" utgave liggende om nokon ønsker og prøve desse. Ser slik ut:
  21. Selfølgelig så skyter ej ikkje slik såkalla forsvarets miljøammo i min pistol, slikt svinerier vil ej ikkje bruke. Så no når eg veit at det var bufferen som var problemet og ikkje at ammoen min som var for svakt lada så skal ej prøve og lade mej litt lengre ned.
  22. Da har ej vore på skyting og har fått testa litt meir pistolen. Tok vekk den gummi bufferen, og da fungerte pistolen 100% Testa med både 124gr og 4.6gr P-4, forsvarsammo og CCI blazer 115gr alt fungerte bra. Registrerte at den CCI ammoen virka hardare og skyte med en den forsvarsammoen. Får likt treffpungt med desse skota. Skal prøve og få lada opp litt ammo som er ein gammal glock ladning ej har brukt tidligere med 3.6gr p-4 bak ei 147gr frontier kule. Den ga ein langsom rekyl i glocken, og kan tenke mej at den gir lite rekyl i targetmasteren og.
  23. Hei, Tenkte og gjennoplive ein gammal tråd som virket svært intresann. Lørdag startet vi og bygge ein skikkelig kråkefelle og har så langt laga sidene på fellen. Vi valgte og lage den 3meter lang, 2.5meter høg og 2.5m brei. skal prøve og lage denne i monduler som ein skrur saman for enklere transport av fellen. Vi ønsker og redusere kråke og ravnebestanden i området da desse er ein stor trussel for villsau lamma våre. Desse fuglene er utulig utspekulert og jakter særdeles effektivt på dei nyfødde lamma. Søyer med 2 lam er mest utsatt da dei har problemer med med desse effektive/groteske jegerene. Der har blant anna vore observert at kråke/ravn står opp på søya under lamminga og hakker i hjel lammet før det er ute. Så no vil vi prøve og få has på desse glupske saudemordarane, og vi håper på ein kråkefelle vil gje best effekt for og redusere bestanden av kråke/ravn. Er det noko som har tips om korleis stigen bør vere for mest effekt? Der er også store forekomster av havørn i område, og ønsker ikkje og få slike inn i fella. Vi har planer om og egne fella med hjorte slakte afall, kanskje ein kobbe skrått, husholdningavfall og lignende. Er der noko spesielle teknikker for og få mykje fugl på kort tid? Kan tenke meg at siden ravn/kråke samlast i store flokker på bestemte plasser om kvelden for overnatting, så kan det sikkert vere lurt og ha open felle første døgnet. Da vil dei kråkene/ravnane ete sej mette og når kvelden kjem trekke mot overnattingstedet og der fortelle alle andre fuglane om den store matforekomsten nede i fella. Neste dag er fella stengt/lada og med litt akkedering så klarer dei og finne ut korleis dei klarer og komme seg ned i fella, og alle fuglene i området går rett i fella for eit stormåltid, og ein stor fangst er sikret. Er det slik framgangsmåte som kan vere lursat eller fungerer det like godt og lade den opp fra første dag? Kva store fangster kan ein rekne med og få på snitt med ei slik felle, og kor ofte bør ein tømme/sjå etter denne fella? Terje
  24. Bruker ei fiskeveske fra biltema og er godt fornøgd med den. Den blir brukt til både småbesøk på skytebana, gåsejakt, hjortejakt og diverse andre ting. Når ein får ein slik veske til omtrent 100kr så har eg selfølgelig 2stk
  25. Da har ej fått prøvd nokre flytedresser og har komt opp med nokre konklusjoner. Mustad Viking 2 delt: Den var ca 3.3kg. Virka solid, sterkt ytterstoff, hadde mange gode løysninger men og nokre løysninger som virker billige og litt dårlige. Hetta var stor og kanskje litt for stor, og bremmen kom kanskje litt langt ned i synsfeltet. Dressen føltest god på, men synest at den gjorde meg litt for lite "spretten" i den dressen men kan sikkert passe bra til og kun stå på dekket på ein båt og fiske avslappende time etter time utan og fryse. Trur det var at jakka var så lang at den nesten kom ned på knea mine som gjorde dressen så tung og gå/springe i. I og med at ej ønsker ein dress som ej lett kan bevege meg i, og kanskje gå litt på land med så var denne ikkje noko for mej. Regatta Basic 955: Lett ca 1.8kg. Savnet flis for i hette kragen, og kunne godt ha tenkt mej eit meir solid belte rundt livet da denne modellen leverest med strikk belte. Regatta Coastline 953: Lett ca 1.8kg. Har flis i kragen men også her savnet ej eit meir solid belte en det strikkbeltet. Regatta Activ 911: Lett ca 2kg. Likte denne best av alle Regatta dressene med godt belte rundt livet og flis på innsiden av kragen. Den føltest og kjentest lett ut på, hadde lufting under armene som ein kunne opne/stenge med glidelås. Til felles med alle Regatta dressene var: At dei hadde glidelås for lufting under armene. At dei for min kropp/smak hadde litt for mykje stoff i armene, så draktene føltest litt for romslig her, og dermed trekte dette ned noko på den gode bevelgelse friheit følelsen. Kinetic - Wavecruiser X8: Tung ca 5kg. Dressen har flis i kragen og har bukseseler som hjelper og få ned vektsfølesen. God justerbar stramming rundt knærne, godt magebelte(med ein slags ryggstøtte i baken). Armene hadde betre passform en Regatta(ikkje så romslig)og hadde mykje betre tetting i handleddet en Regatta sine modeller. Denne drakta føltest mest ut som ein flytedrakt etter dei ej så langt har prøvd på både godt og vondt, og hadde vel valgt denne om ej viste ej skulle ramle på sjøen midtfjords og måtte ligge og drive og vente på hjelp. Ein kjente godt dei fyldige flyteelementene i dressen, og har ein følelse at denne vil vere varm i bruk. Har endå ikkje funne ein klar favoritt da dei fleste har sine klare fordeler og ulemper, men ut fra kva ej ser på bilde så ser dei Fladen dressene gode ut og ser ut til at desse har slankere armer en kva Regatta har.
×
×
  • Create New...