Jump to content

VestlandsJeger

Members
  • Posts

    4,237
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by VestlandsJeger

  1. Denne er ikkje mynta direkte på deg Flashman, men syns eg ser den holdninga her blant fleire. Med denne typen holdning mot DFS og utstyret der, so blir det inkonsekvent å forvente at ein ikkje skal møte skepsis den andre vegen, mot diverse heftige langholdsriggar, "tactical" riggar og alskens kaliber... Eg syns begge sider viser trangsynthet og mangel på forståelse, men det er no mi meining. Eg tar som regel feil.
  2. Einig med Villmainn; mark dersom temp og aktivitet er lav, gjerne med litt lang fortom (?) Eg har ikkje tørt å begynt som flugefiskar, av dei grunnane som Vilmainn nevnar Min personlege favoritt er noko so enkelt som spesial slukar. du kjem langt med blank med raude prikkar, svart med gule prikkar og eventuelt bronse og raud. Eg lika best 7 grams. Kjøp med ein 7 grams Aura og, når du først er på butikken. Oter er eit arti alternativ, men eg syns det blir litt "voldsomt" i små fjellvatn. Bruka det mest på større fjellvatn og i lavlandet.
  3. Har egentlig ikkje andre planer på rypefronten enn dei gode gamle fjella heime på grensa mellom Sunnfjord og Nordfjord. Ikkje akkurat veldig plenty med fugl, men finne alltids noke. Og so e det no arti å gå i same fjella og følge med på utviklinga mtp bestand. Og so e det no verdas vakraste fjell og då
  4. Utruleg flott hagle!!! Denna må du behandle bra. Trur eg ville ligge heilt unna stål, viss eg var deg. Greit å vere på den sikre sida, bruk vismut og slikt. Du kan jo få ein børsemakar til å sjå på den, og eventuelt trykkteste. Kostar litt, men greit å få fagfolk til å sjå på den dersom du skal bruke den ein del og samtidig holde den ei tid.
  5. Skjønna for so vidt kva du meinar, men å slå i bordet med 200 skot er vel omtrent akkurat i same gata som trådstartar sjokkerar deg med...
  6. Eg og stiller meg i rekka av dei som meinar at ein har alt å tjene på eit godt samarbeid med DFS. Den organisasjonen i denne samanhengen som har mest tradisjon, historie og tyngde å vise til, og det er nyttig i "kamp" med øvrigheita eller almuen Ser at der er ein del misnøye med DFS på kammeret, og var det på SL. No er eg både DFS- og jegerskytter, men eg kjenner meg ikkje igjen i den situasjonen som ofte blir skissert. Dei lag og baner eg har erfaring med, har eit meget godt samarbeid mellom DFS og jegerskyttarar. Og dei fleste eg har snakka med har like erfaringar. Sjølvagt er det ugreit at det blir konflikter rundt dette enkelte stader. Men når det fungerer bra i dei aller fleste tilfeller rundt om i landet. Derfor trur eg årsaka til dei konfliktane ligg i kvart enkelt tilfelle, eller enkeltpersonar der. Og ikkje eit generelt problem med DFS, NJFF eller andre landsdekkande organisasjonar. mine 2 cent
  7. Eg skjønnar skepsisen din i forhold til befolkninga sin ikkje-jaktande majoritet, Vingemutteren. Men eg trur det skal gå an å argumentere slik at det ikkje skal bli noko problem. Vi snakkar her om 3-4 dagar midt i romjula (syns fortsatt det skal vere fredning julehelga og nyttårshelga) so er å rekne som yrkedagar. Hvermannsen kan rusle i butikken og handle brød, gå på jernia og spør etter fustasjopphengforkoblinger, og til og med gå på polet og handle brennevin desse dagane. Mange er på jobb desse dagane. Då faller preget av heilagdag bort for min del, og dermed grunnlaget for fredninga. På den andre sida er det mange heilagdagar der det kanskje hadde vore naturleg med fredning, der det ikkje er det. Feks er julefredninga frå 24 til 31 des. So er det lov å jakte på 1.januar, dag so raud som nokon! Andre døme er palmesøndag?, himmelspretten og pinsehelga. Og 17.mai for den del. Eg byttar gjerne nokre dagar med jakt i romjula, la oss seie 27 - 30 des, mot fredning i pinse, himmelfart og 17.mai. Dette synest eg vitnar om ei lite gjennomtenkt greie, som er særdeles inkonsekvent. Om det er håp om å få endra på dette, gjenstår å sjå. Men eg trur ikkje vi skal la vere å ta opp kampen for å miste støtte, eller for å framstå som hillbillys. Eg for min del kunne gjerne tenkt meg å fått gått ein tur etter orrfugl eller rype i romjula. Ikkje det at det er so veldig viktig for meg, men det gjev sjølvsagt skogsturen ein ekstra dimensjon når børsa er med. Og det er jo ei tid når eg likavel er heime og har fri.
  8. Blir alltid storm i vassglas i sånne saker. Diverse dyr blir avliva i hopetall kvar einaste dag av ulike årsaker, men so snart dei er søte på bilde i avisa vert det full krangel. Spesielt dersom det i tillegg er ein offentleg instans inne i bildet. Ja, det fins solskinnshistorier om at det går bra å ta seg av slike foreldrelause dyr. Men har inntrykk av at det i dei fleste tilfeller går dårleg med slike. Syns det er heilt greit at det vart bestemt at dei skal avlivast. Utriveleg å både bestemme og utøve denne typen oppgåver, men er no ein gong ei av oppgåvene til viltnemda. Er i alle fall ikkje noko å lage nokon stor sak ut av etter mi meining.
  9. Har hatt ein Wave ein del år no, den første modellen som kom av dei. Ikkje vore knallhardt brukt, og har ikkje hatt andre modellar, so skal ikkje prøve meg ut på noko samanlikning med andre modellar. Men eg er i alle fall godt fornøgd med min. Hang i beltet eller vesten stort sett heile mi karriere i grønt, og vart brukt til alt mellom himmel og jord. Tanga er god å bruke då det er runde fine kantar på "handtaka" slik at ein kan legge litt makt i grepet utan at det gjer vondt i neven. Serratert knivblad lika eg ikkje, men heilt greit å smøre på brødskiva med... Lika spesielt godt det minste flattjernet (heite vel "skrutrekker" på austlandsk), det har eg brukt mykje.
  10. Oi! Dette var skikkeleg trist. Både TV-sporten og Skytesporten har vorte ein personligheit, ein talsmann og ei velkjent stemme fattigare! R.I.P, kondolerar til familien andre pårørande. VLJ
  11. Litt einig med trådstarter. Leser ein del reportasjer i jaktblada (snakka om Jakt, JEGER, Jakt&Fiske og Villmarksliv) og kjem til tider borti reportasjer som er veldig subjektive. Nokre er regelrett reinspikka propaganda for eine eller andre sida i ei sak eller debatt. På godt og vondt. Dette kjem vel av det at dei som skriv desse reportasjanse, ikkje har journalistikk som fag, men er meir "hobbyskribentar" med fagkunnskap på eit eller anna som er relatert til det dei skriv om. Dette er vel noko som ein berre må ta med i brekeninga når ein les desse blada. Er no litt av sjarmen og
  12. Vi tar den diskusjonen over ei øl eller to i morra vi, AF Trur eg veit om fleire som kan komme med råd og.
  13. Nettopp dette eg vil fram til. Samme reglane til etikk og varsomhet bør følgast uansett. Men no går vi litt OT, her.
  14. VestlandsJeger

    .

    Min påstand er at du skal no ikkje avskrive pumpene som gode jakthagler heller. Gode allroundegenskapar, tåler ein trøkk og rimelege. Til mange jegerar, spesielt oss som har nokre cm på strømpelesten og dermed litt lange armar, passar magasinhagler ganske bra. Vil påstå at pumper kan vere glimrande jakthagler, og fullt ut brukande til meir enn berre morro.
  15. Graahund: Innlegget mitt var ikkje mynta på deg, men generelt. Setter på ingen måte din kompetanse i tvil. Du har dine erfaringar. Andre har kanskje utelukkande gode erfaringar med agility på jakthundar, og då kan det vere heilt greit med agility, uten at dette går ut over nokon jaktegenskapar. Det kan vel og vere forskjell på agility og agility, på samme måte som det er forskjell på jakthund og jakthund. PS: Personleg kjem eg nok aldri til å drive med agility. Når bikkja mi kan "Sitt", "Dekk", "Bli", "Kom her", "NEI!", "Ver så god" og lyder navnet sitt so er egentlig eg fornøgd mtp dressur
  16. Meinar å ha lest ein plass at dei norske guttai Afghanistan brukar pumpe når dei gjennomsøker hus etc. Etter ein episode der dei vart angripne av ei rabiat bikkje som det fortsatt spant liv i etter ein magasin frå Glock'en. Då fann dei ut at det kunne vere ein fordel å ha med noko kraftigare...
  17. Uansett er det etter mi meining uakseptabelt å skyte dyr utanom jakttida, med mindre ein har ei eller annan form for dispansasjon. Dette gjelder etter mi meining uansett om det er snakk om elg, hjort, kråke, skjor eller gråtrast for den del.
  18. Det er vel sånn med jakthundar som med alt anna; ein blir meget prega av sine eigne erfaringar og teoriar, og til sine bekjente/sitt miljø. Uten at det eine nødvendigvis er meir riktig eller feil enn det andre.
  19. Graahund: Vi veit mykje, og vi lærer meir. Men det er fortsatt jækla mykje vi fortsatt ikkje veit. Hjort er fortsatt ikkje like mykje forska på som feks elg, villrein rovdyr etc. Det å forklare det fenomenet du nevnar, basert på dei opplysningane du nevnar, er vanskeleg. Det som er ganske klart er at potensialet for produksjon av hjort er større no enn det var for 40 år sidan. - Mindre husdyr i utmakra gjev meir tilgjengeleg beite til hjorten. - Mildare klima gjer til at vinteren ikkje begrensar på same måte som før, og primærproduksjonen blir nok litt større. - I tillegg har vi hatt ei "forsiktigheit" i forvaltning og løyvetildeling. Grunntanken har vore at vi i alle fall ikkje skulle skyte for mykje, og derfor har vi heller skote litt "for lite". Pluss ein heil masse andre årsaker, lokale tilpassingar og uforklarlige fenomen.
  20. No veit eg ikkje om det har skjedd noko dramatisk på Isle Royale siste åra, siste artikkel eg har tilgang på her og no er frå 2002. Bestanden har lege stabil i årevis på ca 20 dyr, og det har den stort sett gjort sidan kræsjet som kom etter at elgbestanden kræsja. Denne bestanden har, til tross for at den bygger på kun eit par, klart seg i ca 50 år no med berre indirkete tegn på innavlsdepresjon.
  21. Amen! Det er veldig lett å vere etterpåklok, og sitte å kritisere i ettertid når ting ikkje utviklar seg heilt som ein har tenkt. Naturen er dynamisk, stadig i endring. Der er mange kodar vi ikkje har knekt endå, og derfor klarar vi ikkje alltid å forklare kvifor endringar og syklusar oppstår. Oppfatninga om kva som er riktig og "god" forvaltning har heile tida endra seg, og vil fortsatt gjere det, i takt med at ny viten, nye holdningar og ny politikk kjem for dagen.
  22. No blir det forresten forska ganske mykje på hjortevilt, og det har det vore gjort tidlegare og. Forholdstal i forhold til rovvilt veit eg ikkje, men feks på hjort skjer det ein god del no. Merkelig. No kjenner eg til ein del hjorteviltforskerar og -forvalterar. Trur knapt eg veit om ein einaste som IKKJE er lidenskapelig storviltjeger...
  23. Ok, då har eg fått roa meg litt ned, og ikkje minst tatt ei øl. Registrera at trådstarter anmoder om sakeleg debatt, og argumenter frå "for"-sida i ulvedebatten, i og med at det er mangelvare her. Eg kan komme med ein del av dei mest sentrale og dei eg ser på som mest sakelege. Det skal nevnast at dette nødvendigvis ikkje er mine meiningar, men slik eg har tolka argumentasjonen til dei som er for ulv i norsk fauna. Det er derfor lite vits i å angripe meg på bakgrunn av det eg her skal liste opp. Og drit no for all del i argumentasjon og innlegg som går på personlege eigenskapar som bustad, geografisk tilknytting, utdanning/jobb hos meg eller andre debattantar! Slikt er lavmål og beviser berre at ein er tom for sakelege og relevante argument. Det som sannsynligvis er sjølve grunnsteinen i argumentasjonen for å beholde ulv i norsk fauna, går på natursyn. I tidlegare tider var det ei sterk ulvestamme i Noreg og Sverige. Den vart aktivt rydda ut av oss menneske tidlig på 1900-talet sånn ca. På 70-80 talet innvandra det på nytt ulv til Sør-Skandinavia, ulv som kom frå Russland. Det er mykje bråk om denne innvandringa, men inntil anna er bevist, so må vi ta utgangspunkt i at den innvandra naturleg. Etter at ulven reetablerte seg, har den formeira seg ganske kraftig, ei formeiring som og har skjedd naturleg. Mange vil derfor hevde at ulven høyrer heime i norsk fauna, og at den no har komme tilbake etter å ha vore vekke ei stund. (Genetisk opphav er i så måte irrelevant, genetikk er uansett ein dynamisk prosess, artar, rasar og andre genetiske særegenheter forsvinn og utviklar seg heile tida). Dette med å forsvinne frå områder og seinare reetablere seg til levedyktig bestand er ikkje noko særegent for ulven, rådyr og bever er andre døme. Ettersom ulven høyrer heime i norsk fauna, er det mange som meinar at vi mennekse ikkje har "rett" til å berre utrydde den, slik vi har gjort ein gang før. Vi gjorde det då, med den viten og det natursyn vi hadde den gang. Ny viten og nytt naturstyn tilseier at vi bør prøve å bevare naturen mest mulig sånn som den er, på godt og vondt. Rett og slett ikkje tukle med det som evolusjonen, Gud eller eventuelle andre har skapt. Her kjem det politisk vedtatte "føre var" prinsippet inn. Vi bør vere ytterst forsiktige med å heile tida tilpasse naturen til våre umiddelbare ønsker og behov. Økologien er so samansatt at mange av prosessane og samanhengane fortsatt er ukjende for mennesket. Det er derfor umulig å vite dei fulle konsekvensane av dei inngrep vi gjer i naturen. (Som eit eksempel kan eg nevne ein plass i Kina kor folk må pollinere epletrea for å få epleavlingar, fordi dei insekta som normalt har pollinert er utrydda. Då snakka vi om seigt og trasig arbeid...). Kvifor er ulven so sentral og "hellig"? Ulven er heilt klart ein karismatisk art som har mykje symbolikk med seg. Sterk, effektiv jeger med eit fantastisk sanseapparat og evnen til å ta ned bytte mykje større enn seg sjølv. Sånn sett kan ein likestille ulven med andre karismatiske dyr som løve, tiger, bjørn osv. I tillegg mykje mystikk, uling mot fullmånen osv. I mange kulturar, f.eks. Japan og ein del indianerkulturar, står ulven meget sterkt og blir verdsatt høgt. Vi er ikkje so langt vekke i vår kultur heller, med tanke på korleis vi dyrkar ulven sin nærmaste slektning som menneskets beste og mest lojale venn. Ulven er vidare eit symbol på villmark, noko vi får mindre og mindre av. For mange vil det å møte ulv i dens rette habitat ein opplevelse for livet. Berre det å vite at der er ulv i norsk natur, er faktisk med på å heve livskvaliteten til mange folk i Noreg. Sjølv om det er frustrerande for dei som blir råka av dei negative konsekvensane av ulven sin tilstadeværelse, so må ein hugse på at mesteparten av Noregs befolkning ikkje blir det. Noreg er på godt og vondt eit demokrati, som igjen betyr at alle har ei stemme, og den veg like tungt uansett om du har ulv i hagen eller om du bur i blokk i Groruddalen. Og fleirtalet av Noregs befolkning er fortsatt for ulv i norsk natur, sist eg sjekka. Det blir stilt spørsmål om det etiske og dyrevernmessige ved å beholde ein innavlsprega bestand av ulv i Sør-Skandinavia. Spørsmålet er for so vidt på sin plass, men er snudd på hovudet. Den uetiske handlinga består i å hindre innvandring til bestanden, slik som vi menneske i dag aktivt gjer. Det blir ikkje gjort noko aktiv handling for å beholde ulvestammen i Noreg og Sverige. Den formeirar og sprer seg sjølv. Dei aktive handlingane består i å skyte dei ulvane som kunne tilført nytt blod til stammen. Ok, det var i alle fall nokre av argumenta til "for ulv" sida. Egentlig er ulven berre ein liten del av eit større perspektiv om korleis vi ser på naturen og korleis vi skal eller skal ikkje forvalte den. Må igjen presisere at dette ikkje nødvendigvis er mine meiningar, men mine tolkingar av ein del argument eg har møtt på i ulvespørsmålet. Kunne skrive metervis om dette, og eg kunne lista opp minst like mykje arguemntasjon for kvifor ulven bør fjernast frå norsk fauna. Eg er fullstendig klar over at eg blir oppfatta som ulveforkjempar både her og på gamle SL. Sannheten er at eg sjølv enno ikkje har klart å finne noko klart standpunkt i saken. Men eg likar ein god diskusjon og eg er opptatt av at den diskusjonen skal skje på eit sakeleg grunnlag og eit fornuftig nivå. Og eg har ein skummel tendens til å stille meg i opposisjon til fleirtalet får å få fram den gode diskusjonen . Og her på Kammeret kan det virke som om fleirtalet er mot ulv, og derfor har nok eg argumentert mes mot ulv.
  24. Villreinjegeren: Ja, det vart stille. Til og med eg har av og til andre ting å gjere på ein tirsdags ettermiddag enn å følge slavisk med på kammeret Nei, eg er ikkje på Evenstad. Dersom du ser på "bosted" i profilen min ute på høgre kanten, so sit eg plassert midt i eit anna forskar-/utdanningsmiljø som du sikkert har minst like lite tiltru til som folket på Evenstad. Men no er vi komne til det punktet at debbatten begynner å gå på person meir enn sak. Det har eg særdeles dårlege erfaringar med i denne typen trådar, so eg stikke herved halen mellom beina og trekker meg ut. Det er uansett kanskje like greit, då det er fastslått at eg pga geografisk tilknytting tydeligvis ikkje har rett til å meine noko som helst, men mindre eg har "riktig" meining. Ta det på PM dersom det skulle vere noko meir.
  25. Villreinjegeren: Du seier tidlegare i tråden at du er fornærma over at du som jeger er blitt stigmatisert og stempla som illegal ulvejeger. Når ein tar det i betraktning blir det litt ironisk å lese korleis du omtalar forskerar, NINA,DN osv, og antydar at dei driv med faunakriminalitet og bevisst tilbakeholding av fakta. Er du inkonsekvent, eller gjeld det andre reglar for deg enn for andre? (Klarte ikkje å dy meg... )
×
×
  • Create New...