Jump to content

"Bruks"dobbelrifle i eit moderat kaliber og eit kommande blyforbud?


magnum_mauser

Recommended Posts

Guttedrømmen når det gjelder våpen har bestandig vert drilling og dobbeltrifle. Drilling har eg hatt bruksområder til, og har derfor realisert den draumen. Men dobbeltrifle har eg aldri hatt eit skikkeleg bruksområde til, og derfor har det ikkje vert eit tema. Eg jakter primært hjort og har fram til dei seinare år jakta mykje i snaufjell der det som regel blir liggande skyting og hold frå 100 meter og oppover. Men dei seinare åra har eg fått nye jaktområder og jakter derfor mykje i glissen furuskog, smygjakt med skytestokk og hold under 100 meter - og i dag er derfor dobbeltrifle noko eg kan forsvare å vurdere. Dobbeltrifla er kort, hendig, relativt lett og ein har moglegheit til raskt oppfølgingsskudd om nødvendig.

 

Den optimale dobbeltrifla i forhold til ''guttedrømmen'' er ei sideligger, men då skulle den også vert i eit litt grovare kaliber. Skal eg gå for ei slik rifle, blir det eit reint bruksvåpen med eigargleda som bonus - derfor er eg ikkje fastlåst på sideligger. Eg følger med på bruktmarkdedet, men eg ser det er som regel frå 9.3 og oppover som selgast. Eg vil ikkje ha sopass reklylsterke våpen, av den enkle grunn at ein 9.3 har sopass med fråspark at eg må begynnne å tenke meg om når eg skyter - hvis ikkje får eg kikkertsikte i pannebrasken. Eg har både 9.3, 338 og 416 frå før, og handterer desse godt, men reklylen er av ein slik grad at ein må ha det i betraktning når ein skyter og det ønsker eg ikkje i eit slikt våpen - eg vil ha eit ''standard'' kaliber som kan skytast med uten at rekylen er noko som må takast høgde for.

 

Eg har eit alternativ, som er ei Beretta o/u i 3006, der forhandleren skal lodde opp igjen pipene og kan regulere børsa til den ammunisjonen eg tenker å bruke. Og slik eg har forstått det, bør ein tenke at eit kommande blyforbud er ein realitet. Ein kan sjølvsagt hamstre kuler og jakte ''ulovleg'' med desse, men eg invisterer ikkje penger i noko som eg ikkje kan bruke med ''ryggen fri''. Forhandleren meinte dette ikkje skulle bli eit problem, han kunne regulere rifla til ei blyfri jaktkule med avlastningsriller, som f.ex Barnes x - og meinte dette ville bli problemfritt.

 

Kva meiner folket ein bør gjere? Er det feil å tenke dobbeltrifle i dagens samfunn, der vi mest truleg er i slutten av tidsregninga for blyholdige kuler? Og hvis ein tenker at det går bra og ein kan regulere eit våpen for ''framtidens'' kuler og leve greit med det. Er det greit å tenke ei Beretta i 3006, eller bør eg vente/leite litt lenger og forsøke å finne ei rifle frå ein meir annerkjent tysk produsent?

 

Eg har ikkje tenkt å bruke eit statsbudsjett på ei slik rifle, men eg ønsker heller ikkje å kjøpe ei Baikal til 5000. 

Link to comment
Share on other sites

Var innom disse tankene selv før jeg handlet en dobbelrifle i 9,3x74.

Konklusjonen min ble å ikke ta sorger på forskudd, jeg ville ha en slik rifle. Og et europeisk blyforbud vil garantert gjøre at noen kommer med løsninger på det evt kuleproblemet.

Ikke tror jeg en dobbelrifle av noenlunde moderne produksjon går i oppløsning om vi skyter Barnes osv heller.

 

Selv en i norsk sammenheng dyr dobbelrifle koster mindre en verditakst på en ny  blikkasse med hjul og motor.

 

Og et lite ekornlager av favorittkulene har vi vel alle 😎

 

 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Denne Krieghoffen til 20K har justerbare piper i 30-06.

I tillegg følger det med haglepiper i 20-76 i Bøhler antinit stål som du bare får i Beretta SO6 idag.

Krieghoff har fortsatt råemner til kombiløp i 16 og 6,5x57R med det kostet ca 50K ferdig tilpasset for ca 10 år siden.

Nytt bakskjefte og ny kikkert på denne så har man utstyr i luxusklassen til en "rimelig" penge..

 

https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=168885989 

Edited by Torf
  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...