Jump to content

Jakt i Namibia?No med bilder.


magnumlars

Recommended Posts

Neste veke reiser eg nedover til Namibia på jobb ein måneds tid. Kunne i den samanheng tenkt meg å forlenga turen nokre dagar med litt jakting.

 

Nokon som veit om muligheter for ei slik "hoppe på" jakt med muligheter for å låne/leige våpen?

Edited by Guest
Link to comment
Share on other sites

Hei.

Hvor er i landet skal du opholde deg?

Jeg var i Namibia tidligere i år.

Jaktet på en plass ca 2 timer med bil nordom Windhoeck.

Skikkelig seriøs plass, med muligheter for å låne våpen.

Fine trofè, utsøkt mat og innkvartering.

Vet ikke hvordan det er med jakten der nå, men hvis du sender meg en pm, så kan jeg sette deg i kontakt med agenten deres i Norge.

Link to comment
Share on other sites

Neste veke reiser eg nedover til Namibia på jobb ein måneds tid. Kunne i den samanheng tenkt meg å forlenga turen nokre dagar med litt jakting.

 

Nokon som veit om muligheter for ei slik "hoppe på" jakt med muligheter for å låne/leige våpen?

 

Tar du kontakt med outfitter/jaktfirma i Namibia hvor du ønsker å jakte, vet jeg fra før at det har latt seg ordne.

Du betaler dagrater og trofeavgifter slik som jaktfirmaet har for sin jakt.

Link to comment
Share on other sites

Ja Namibia var virkelig et flott sted.

Jeg har kun vært nedover til afrika en gang, men kammeraten som jeg reiste sammen med har vært i forskjellige afrikanske land en rekke ganger, med blanede følelser, men han skal tilbake til det samme stedet neste år også.

 

Tror det var bare et par-tre timer ut til kysten der jeg var.

Link to comment
Share on other sites

Lykke til! berre " LITT" misunneleg

 

 

methusalem

 

 

Er ikkje sikkert du er like missunnelig på resten av reisa! Eg skal love deg at det er langt frå bra for blodtrykket å prøve å halde kustus på ein heil bøling med hottentottar. På ein plass der kun eit fåtall kjenner til openbare ting som f.eks tyngdekrafta er det ikkje bere bere å få til noko :D

Link to comment
Share on other sites

  • 4 weeks later...
  • 5 weeks later...

Tenkte eg kunne legge ved litt bilder frå jakta eg hadde i Namibia i midten av Desember.

 

Som sagt var eg i Walvis Bay nokre veker, ein kystby omtrent rett vest for hovedstaden Windhoek. Det var i tankane mine heilt frå begynnelsen å kanske jakte litt før eg skulle ta fatt på turen heim igjen. Det er jo ikkje kvar dag ein får mulighet til å jakte i Afrika med gratis businessklassebillett tur/retur :D

 

Tilfeldighetene ville det slik at ein samarbeidspartnar hjå eit lokalt firma kom frå ein farm der det var mulighet for jakt. Broren til denne karen jobba som PH i RSA, men var no heime på familiefarmen på sommarferie. Broren ville meir enn gjerne vere behjelpelig med jaktfeberen min og dermed var det duka for jakt.

 

Etter ein kjøretur på 900km var eg endelig framme på farmen der eg vart motteken av Johan Jenkins som skulle vere min vert dei neste dagane. På denne farmen er det sau som er hovedgeskjeften og alle område er derfor inngjerda med vanlig netting for tamfe. Dette medfører at større antiloper som Kudu i prinsippet er frittlevande. Denne farmen var på 160000mål, og husa 6000 sau.Ganske bra dimensjonar etter norsk standard.

 

DSCF1376.jpg

 

Store vidder for ein norsk småbrukar:

 

DSCF1414.jpg

 

Første dag byrja med jakt på Springbuck.

 

DSCF1412.jpg

DSCF1418.jpg

 

På ettermiddagen føreslo Johan at vi tok ein tur til nabofarmen å såg etter Kudu. Vi var heldige, etter ein times tid oppdaga vi ein flokk på 10-12 dyr med blant anna eit par yngre hanndyr. Vi lukkast å komme inn på ca 100 meters hold og eg fekk løyst skot på det dyret som såg ut til å ha størst horn. Eg var trygg på skuddet, so vi fulgte etter flokken og klarte å komme på skothold eit stykke unda. Her fekk eg igjen sjangsen på eit hanndyr som vart skoten på omlag 150 meters hold. Det var eit godt treff bak bogen, kanskje litt lavt. Etter nervepirrande snik gjennom busker å kratt fekk vi auge på bukken på ca 40 meters hold. Vi såg kun horna og toppen av hodet som stakk opp av sivet. Men eg såg tydelig at dyret såg rett mot oss og la korset på siktet slik at eg ville treffe nakken. Men dyret hadde tydeligvis ikkje lagt heilt rett mot oss so bukken var raskt på beina. Men etter 2 gode treff med 30-06`en i maskinrommet måtte den legge inn årane. Ikkje noko stort trofedyr, men ein spennande jaktopplevelse.

 

DSCF1384.jpg

 

DSCF1391.jpg

 

Den neste dagen vart det jakta etter meir Springbuck. Vi prøvde og å finne nokre store kuduoksar som var observert nokre dagar tidlegare,utan hell. Den siste dagen gjekk med til å jakte Oryx. Dette var også på ein av nabofarmane. Før vi reiste ut i felten gav eigaren av farmen beskjed om at han ville ha 2 springbuck, og som vanlig her nede er det kun hode eller nakkeskudd som er tolerert so lenge det er "matdyr". Som sagt så gjort, etter postering og driv med ein svart bondegutt til hest vart første dyr skote på omlag 100 meter, og som ønsket var i nakken. Her brukte eg cull-rifla til Johan, ei Remington 700 i 223 rem lada med Sierre Blitzking. Serdeles effektivt verktøy for hovudskot. Neste dyr fekk og ei 223 kule i nakken. Vi hadde ikkje avstandsmålar, men vi var einige om at avstanden var ca 300 meter.

 

 

DSCF1423.jpg

DSCF1426.jpg

 

Vi lukkast etter ein heil dag å komme på skothold av ein flokk med Oryx, og eg skaut ein yngre bukk. Desverre hadde kameraet mitt lagt på røret og var out of order.

 

Alt i alt masse moro på 3 dagar i Afrika som resulterte i 1 Oryx, 2 Kudu og 9 springbuck:D

Link to comment
Share on other sites

Kjempegreier å kunne ha betalt reise (t.o.m. buisnessclass)/opphold - og skyte masse dyr 8):D

 

Det er bare så synd at man ikke får lov å jakte med "kortsnuttvåpen" der :( .

 

SA er jo således greit.

Zimbabwe også - hvis man betaler etter visumkjøpet.

Mozambique er sånn bob-bob.

 

Spania er det lovlig - men svinedyrt.

Australia er det også lovlig - men du får ikke inn ditt eget våpen (og jeg lader/skyter ikke 1000-vis av skudd for å låne et :roll: )

 

Hvis noen på tråden - har andre opplysninger/tips om hvor man kan jakte med "korte" - er jeg takknemlig for svar :)

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...