Jump to content

Langtidssteikt rådyrlår


Mauser68

Recommended Posts

I sommarferien i år, så fekk eg ein veldig god opplevelse, dvs mange gode opplevelsar, men spesielt den eine sitt godt igjen i eit matvraks hukommelse.

 

Me var nokon dagar borte hjå svigereinna mi austafjells og i den forbindelse so var det planen at eg skulle ta med meg hjortesteik bortover, for svigerinna mi er så glad i viltmiddager. Dessverre so gløymte fruen min og fortelle meg dette og me ankom svigerinna mi sitt hus uten.. Eg skjønte fort at ho blei litt skuffa og satte meg i sving og kontakta Bamrud, for å høyre om ikkje han hadde litt igjen i fryseboksen sin. Det hadde han og på ønskelista stod det rådyrlår eller elgsteik.. Fekk melding litt utpå kvelden om at 1 stk rådyrlår låg i kjølskapet til tining..

 

Starta ein rundtur på 26 mil, for å hente det, samt å reise innom Kongsberg våpenmuseum, ein liten tur på skytebanen med Dr.Balder, Gravningsmyhr og Hoffvoff ( var ein kammerbruker til der, men huska ikkje nicket igjen)

 

Vel heime hos svigerinna, så fekk låret kvile til neste dag, sausa det godt inn med salt og pepper.

Labam1.JPG

 

Eg hadde faktisk ikkje prøvd å heilsteike rådyrlår før, så bestemte meg for å langtidssteike det. Laga til ein marinade av viltkrydder, pepper, rødvin og kryddermiks.. Sausa inn rådyrlåret med dette, skrudde termostaten på 60 grader, inni med rådyrlåret og så reiste me på badestranda.

 

Labam2.JPG

 

Etter ein flott dag på badestranda og at kokken hadde fått seg ein boks pils, så starta eg med å steike bacon og champignon..

 

Labam3.JPG

 

Fant ut at eg ville ha ein stuing, så litt kremfløyte blei tilsatt

 

Labam4.JPG

 

Sjekka steiketermometeret og helte av skyet til sausen, kjernetemperatur var knappe 55 grader etter ca 8.5 time..

 

Labam5.JPG

 

Laga ein god saus på steikesjyet, hadde i litt rødvin og krema den også med kremfløyte

 

Labam6.JPG

 

Lot steika få litt varmluft og høgare temperatur på slutten og rett før servering, so såg den sånn ut. Vertskapet skjønte ikkje heilt poenget med langtidssteiking og stussa veldig på den lave temperaturen.. Men etter ein lite test av kjernen i mesterverket so fekk tonen ein annan lyd..

 

Labam7.JPG

 

Skjærte opp låret og la dette på serveringsfat.

 

Labam8.JPG

 

Fant ein grei vin til maten, den var det vertskapet som kom med og den var heilt grei den

 

Labam9.JPG

 

Saman med Amandine poteter, smørdampa brokkoli og tyttebærsyltetøy, så blei dette høgdepunktet av middager i ferien..

 

Labam10.JPG

 

 

Vil retta ein stor takk til gode Kammerater som stiller opp i ein nødsituasjon, tusen takk for hjelpa og for eit fantastis rådyrlår Bamrud..

Link to comment
Share on other sites

Guest graahund

Det ser godt ut, men tror jeg ville stekt det litt mer. Men, smak og behag kan ikke diskuteres. Skøyt en liten pinglebukk her tidligere og skal prøve og få fruen til og følge denne oppskriften, Men bare litt mer stekt. Ros skal du ha Mauser 68, mat kan du lage :clap: .

Link to comment
Share on other sites

  • 3 months later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...