Jump to content

Bukkejakt i skottland.


Manof

Recommended Posts

Endeleg var det min tur til å legge ut på mi fyrste jaktreise nokon gong! Hadde spart til dette ei stund. 25. mai fløy me til edinburgh, og dagen etter reiste eg til Yarrow utanfor selkirk. Då eg svingte inn til Whitehope Farm, Der Shaun og Tracy Ryde bur, var hjartet i vill gallopp. Eg skulle jakte åleine, utan guiding, og eg skulle bu i telt i skogar eg ikkje kjente til. Shaun var på utsida, og haldt på med å lesse nokre danskar inn i bilen for å ta dei med til skytebanen. Fekk hilst, meir rakk eg ikkje før eg vart geleida ned i ei bu der eg kunne lesse frå meg utstyr og proviant. Der møtte eg og Tracy. På kjøkkenet sat der to andre nordmenn og åt. Etter å ha terrorisert desse med ein haug med spørsmål, fann eg vegen inn i stoga der eg fekk slappe av i eit par timar før Shaun kom att. Etter å ha lessa bagasje, proviant og ATV på pickup'en til Shaun, la me i veg. Terrenget eg skulle jakte i fyrste delen av veka, heitt Hyndhope. Eit tett skogsterreng oppanfor landsbyen Ettrickbridge. Eg fekk utdelt ein blink til å skyte inn på, eit kart med kryss (observerte bukkar) på, og eit par siste tips. No var eg heilt åleine i skotsk utmark. fleire kilometer frå næraste hus. Fyrste kvelden jakta eg frå eit jakttårn der shaun hadde sett ein "very nice buck". Fyrste kvelden såg eg ingen ting. Neste morgon jakta eg meg rundt terrenget dels til fots, og dels med ATV. Denne og neste dagen såg eg ein del geiter.

 

Sundags morgon skulle eg til eit område ein del vest for teltet. På veg over ei bru rett ved campen, fekk eg sjå eit dyr som beita i ein bekkedal. Eg køyrde hundre meter fram, parkerte, og smøyg meg ned mot bekkedalen. Vinden var elendig, men til mi store forskrekkelse stod framleis dyret der, 80 meter unna. BUKK! Sat meg ned på knea, og leverte eit kjapt skot idet bukken skulle til å gå inn i skogen. Den ramla som ein sekk.

 

Den ettermiddagen skulle eg flyttast til eit nytt terreng. Vart møtt av ein smilande Shaun som gratulerte meg med bukken. Det nye terrenget heitt Bowerhouse. Eit terreng som var temmeleg nytt for Shaun. Det var langt meir opent enn det forrige. På veg inn inn såg me ein bukk som me forsøkte å stille inn på, men utan hell. Denne bukken skulle og få luire meg seinare i veka. Den kvelden kom eg gåande langs vegen ved eit stort plantefelt. Fekk sjå ein liten firetakkar på 155m. Denne fekk eit høgt bogskot frå same haldet, og gjekk rett ned. Mitt andre dyr den dagen!

Morgonen etter jakta eg lenger borte, på eit plantefelt som låg oppe der tett skog møtar lynghei. Her fekk eg sjå ein bukk som jaga ei geit. Desse for inn og ut av buskane, utan å eigentleg presentere nokon god skotsjanse. Haldet var hundre meter. Men så fekk eg sjå han. Ein kjempebukk! denne hadde shaun prata om. Eg fekk sjå hovudet stikke fram frå buskane, og stirra på han i fem minutt. Plutseleg tok alle tre dyra beina fatt, og sprang vekk. Eg vart sittande noko fortvila att på posten eg hadde rydda i all hast. Eg venta eitt kvarter, og så bestemte eg meg for å returnere til campen, men heilt ut av det blå fekk eg sjå geita same plass som ho hadde stått tidlegare. Begge bukkane kom turande ut på flata rett etter. No stod alle dyra på ei rekke, hundre meter unna. Storbukken fekk ei kule høgt i bogen, og rett ned. Eg brukte sikkert eit kvarter på å finne han, for der var mykje busk. Når eg fann han betrakta ein stolt jeger byttet sitt med tårevått blikk.

 

Kveldsøkta skaut eg ein 5-takkar, og morgonen etter fekk eg ein firetakkar. Sistnemnde var bukken eg såg saman med storbukken.

 

Dette var ein flott tur, og eg bestemte meg for å gi meg med det eg til då hadde skote. Det passa akkurat med at Shaun hadde sagt han ville kome innom den dagen, så eg vart berre med han ned. Han var heilt i hundre då han såg dei fire bukkane eg hadde klart å leggje ned frå sundag til tysdag, og hadde store problem med å slutte å banne på beste skotske vis. Dette vart ein flott tur, som eg aldri kjem til å gløyme. Skulle gjerne ha skrive meir, men maskina klikkar for meg, så eg ser ikkje kva eg skriv.

Link to comment
Share on other sites

ja, skulle gjerne leggje ut bilete, men mobilen min (kameraet, videokameraet osv.) gjekk dundas der nede. Heldigvis har Shaun teke nokre bilete av bukkane, og eg rakk å ta nokre bilete frå fyrste terrenget som framleis ligg på minnekortet;) kjem bilete etterkvart som shaun får maila dei:) men fem bukker, der ein har ei viss sjanse på norsk bronse, på fem aktive jaktdager, det var det villaste eg har prøvd:)

Link to comment
Share on other sites

Det er samme Shaun og samme terreng.

 

Hva totalprisen blir avhenger av flere ting. For eksempel hvor billig flybillett og leiebil du greier å skaffe, om du jakter med eller uten guide (guiding anbefales på første turen), hvor mange bukker du skyter og hvor store de er og hva slags arrangement du har på kost og losji.

 

En sånn tur koster et eller annet sted mellom 12-15/16000 eller noe sånt.

Link to comment
Share on other sites

  • 3 weeks later...

Her kjem bileta!:) berre nokre få, men iallefall av dyra.

Fyrste skotske bukk:

 

5857000714_e101ea1182_b.jpg

 

Største bukk. Bronse? 349 gram etter nesten ei månads tørke:

5856447329_f7ab1e4937_b.jpg

 

 

Synet som møtte Shaun når han kom for å sjekke til ein norsk jeger:

5857002564_2a2874a47d_b.jpg

5856999724_12604a6994_b.jpg

 

Ferdig preparerte gevir:

5857000072_1479c925e3_b.jpg

Edited by Guest
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...