Jump to content

Kulaogkrut

Members
  • Posts

    45
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Kulaogkrut

  1. Kulaogkrut

    Sauer 100

    Gratulera med ei nydelig børse. Den kjem du til å få mykje glede av!
  2. Har den så langt bak som råd ja. Eg må det skal eg klare å få rett fokus i kikarten. Uansett så er det ikkje mange mm klaring mellom løp og låskasse...
  3. Nei, har tilsvarande montasje til Zeiss 1.5-6x42 HT. Det blir ikkje mykje rom mellom løp og kikkert på min Sauer 101 Forstår eigenteleg ikkje kvifor folk kjøper ringmontasje når dei kan få skinne. Det er jo på alle måtar betre, sterkare, raskare og ta av og på, ingen lause skruer +++
  4. Godkveld! Skinnemontasje på Sauer/Sako går som gull det. Berre sleng på Weaver basar og Recknagel montasje. Fjellstøtt. Har det sjølv og går aldri tilbake til ringar. Her er recknagel til sauer 202. Vakkert er det og....
  5. Kulaogkrut

    Jaktbil

    Det heiter ikkje jaktbil, det heiter jakttraktor. Nei frå spøk til alvor. Hilux, amarok, navara osv er alle gode jaktbilar. Har køyrd mykje rart oppigjennom åra. Likte spesielet godt Amarok. Hendig bil med god automatkasse, skikkleg krabbegir og sterk motor. Ittileg er det eit stort lasteplan til å hive dyra oppå
  6. Ok. Ein fin fin ladning dette då. Kult å kunne oppnå 800m/sek med denne korte pipa mi
  7. Nokon som kunne tasta denne inn i QL? Sauer 6.5x55 50cm løp Lapua Naturalis 140gr VV N560 48gr Remington 9 1/2 Norma 1gongs Kva vert hastigheit? Klar over at eg er over maks ifølgje VV sine ladetabellar. Kva seier QL?
  8. Var no ute ein tur då. Sat midt oppå haugen som vist i innlegget mitt tidlegare. Det funka bra det. Fekk ein rev pluss ein hjort inn mot med, men det var ALT for mykje skog av typen tettvoks gran rundt meg som gjorde at å skyte var heller vanskeleg. Fekk reven heilt innpå 15m før den for vidare. Det er for kupert her, slik at eg ikkje ser dyra. Rå opplevelse. Men har ikkje gidt opp. Har funne meg ein ny plass og der skal eg leggje ut åte! Åtevarslar vert kjøpt i kveld! So, no skal eg få hal på han!
  9. Hei! Skal prøve ut revejakt for første gong imorgon. Gler meg! Eg skal bruke lokk for å få reven til meg. No set og ser litt på terrenget eg har til rådigheit og trur eg har funne meg ein fin plass. På sjølve flata er det litt skog av typen bjørk. Det er ganske opent inne i bjørkeskogen. Eg tenkjer å sitje slik at eg ser oppover lida, som vil vere rett austover. Det er flatt og opent ut til cirka 100m ifrå der eg sit. Den pylseforma figuren er ei lita myr. Sør for posten er det gran 100m rett sør. Nordafor er det ein slak skråning NV frå posten. Skråningen er grankledd. Rett vest er det eit stup cirka 30m ifrå der eg hadde planlagt å sitje. Nord-aust er det ei flate som strekker seg omlag 200m med delvis åpen skog. Her kan reven også godt kome, men håpar igrunn at reven kjem ifrå sør-aust og går rett på meg. Har de på kammeret nokon formeiining om dette? Er eg rett plassert? Vinden tek eg sjølvsagt høgde for på staden (det er meldt 3`m/s frå søraust)
  10. Er MANGE trådar om disse børsene etterkvart. Bruk søkeverktøyet oppe til høgre Hadde eg kjøpt nytt i denne klassene igjen hadde eg godt for det same som eg har, Sauer 101 xt m/justerbar kolbe. Grunn = fantastisk presisjon, god sikring, glatt bolt, 5 skot boksmagasin, ok vekt og plyndrefunksjon (sikring på mens ein kan føre bolten). Børsa har igrunn alt eg krever av ei bruksbørse. Har aldri skote med Tikka T3, men har kjent, og både finish, bolt og sikring er langt ifrå det same. Sauer 100 er ein mindre påkosta versjon av 100 serien til Sauer. Sjølv hadde eg aldri vore i tvil om kva som hadde vore det rette valget her
  11. Har sauer 101 og den samlar rundt 15mm med heimelaga Lapua Scenar 9g. Kan sikkert få endå betre vist eg tuklar litt meir med ladninga Av fabrikkammo samlar Rekrutt, Oryx, Naturalis og Accubond bra (betre enn 30mm) i børsa mi. Rart børsa ikkje samlar betre. Har du sjekka at kolbeskruene er tilskrudde? Prøvd med noko anna enn PPU?
  12. Du skal forvente betre enn 30mm(3cm) på 100m. Rart at den ikkje samlar med PPU, då det skal vere heilt kurant? Men betre enn 30mm må no PPU også klare
  13. Tenker sjølvsagt utan luftmotstand, og det skal berre vere med fall ja. Har du ein funksjon for dette?
  14. Hei! Nokon her som er gode i mattematikk og klarar å lage ein likning for grafen til ein kulebane? Altså vil få fram i GeoGebra kulebanen til ladninga mi, der y-aksen vert kor høgt eg løpet er frå bakken når eg skyt og x-aksen er kor mange meter kula går. Sant etter 100m har kula fallt x cm ifrå x høgd. Nokon som forstår kva eg meiner?
  15. Meget bra skreve, her er det mykje å lære for alle jegarar!
  16. Tja. Altså det er mogleg, men at det er og anbefale er vell å ta litt hardt i. Har sjølv ein 6.5x55 Sauer 101 xt/justerbar og ny Hausken JD184 demper. Har skote både heimeladd og fabrikkammo. Det er betraklig mindre lyd med 100grs Rekrutt enn det er med 156grs ORYX. Skyter mest heimeladd 139grs Scenar og då brukar eg ALLTID høyrselsvern, men ikkje på jakt. Det høyrest ut som om demparen tek vekk veldig mykje av lyden. Samanlikna med Sauer 202`en eg har, som er utan lyddempar, er det som natt og dag. Men ja. Veit ikkje heilt kva eg skal seie her. Det er vell igrunn ei personleg vuderingssak. Eg har iallefall enda opp med å bruke hørselvern så mykje som råd. Mitt råd til deg er å prøve riggen og sjølv finne ut om du synast det er ok eller ikkje. Uansett, pass opp for tinitus, det er no J.......p
  17. Hei! Vurderer kjøp av eit såkalla "smygjaktsikte" til bruk på hjortejakt. Eg er med eit jaktlag som driv med såkalla toppjakt. Stien til og frå postane er både glatt og bratt, slik at skli/fall faren er stor. Har pr. dags dato ein Zeiss 1.5-6x42 med hurtigmontasje som hovudsikte. Den kan eg ta av og på utan treffpunktforandring iløpet av sekundar. Eg ynskjer eit sikte eg kan hive på iløpet av sekundar og som har same treffpunkt som min store kikkert. Siktet skal brukast til smyg til og frå post og litt smygjakt på bøen. Siktet treng ikkje ha forstørring og bør vere lett. Det skal monterast på ein S 101 med weaver basar. Såg for meg noko alla aimpoint micro, z-point, docter osv. Nokon som har erfaring med aimpoint, z-point eller doctor. Z-point er mest fristande for øyeblikket.
  18. På min S 101 m/justerbar kolbe i 6.5x55 SE har eg 50cm løp. Utan demparen på kjennast børsa veldig baktung ut, men med ein gong demparen sklir på vert alt mykje meir balansert. Ein vanleg dag på skytebanen har børsa ei samling på 15mm(liggjande med reim) Dette er med heimerulla Lapua Scenar 139 kuler og ein god dose N560. Det er heilt utruleg kva denne børsa kan prestere til å vere ei "billigbørse", noko eg for all der ikkje vile sagt at den er. Den er vell så god, vist ikkje betre enn mine 202`ar. Kom litt off topic no. Grunnen til at eg ynskjer meir demping er at eg ofte jaktar på tronge plassar som under berghyller eller inne i dalsøkk og slikt og då vert lyden MYKJE høgare enn når ein skyt på flate bøen. For all del, Hausken Jakt 184 er ein rå dempar, men den er jo også eit kompromiss mellom vekt og demping. Kunne godt tenkt meg litt meir demping, men ikkje særleg mykje meir vekt. På nettsida står det at Jakt 184 XTRM veg 350gram. Nokon som kan bekrefte dette? Heftig pris til berre å vere litt hønsenetting ja....
  19. Takker! Det oppklarte mykje for meg!
  20. Eg også lurar på det same. Min Zeiss 1,5-6x42 har skinnemontasje og oppå står det "Zeiss Diavari VM 1.5-6x42 T*. Står VM for victory og skinnemontasje eller berre for skinnemontasje. Er dette ein Victory eller ikkje?
×
×
  • Create New...